Oppsummering etter seglinga med Visundlauget oktober 2007

Like dokumenter
Seiling med fembøring

6-åringar på skuleveg

GANGEN I ARBEIDET MED EI PRØVESEGLING. Av Jon Bojer Godal

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Taubruer. Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet

Go Pro-opptak frå Oselvar-NM

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Nybegynnerkurs Teoridel

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

REIP OG TAU. 2. Kva kalla ein slike tau, og nytta ein dette namnet same kva slag tre ein hadde tatt bast frå?

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Å løyse kvadratiske likningar

Vinterkurs 25/ Båthåndtering. V/ Jørn-Erik Ruud Marielle / Team Normar & Elling Rishoff Gode Venner.

2016 Det Norske Samlaget

Alt det lyse og alt det mørke

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

mmm...med SMAK på timeplanen

Lynkurs i seiling. Tur & Hav Arendals Seilforening

SIGNES VOTTAR. strikketeigen.com

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Modulhefte PROGRESJON I BARNEHAGEN

Månadsbrev for Blå, april 2016

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Biletbruk på nettet 1 2

På tur i åpen båt med fembøringen Braute - Brautemanualen -

Jon Fosse. For seint. Libretto

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

DATO: SAKSHANDSAMAR: Hans Kristian Stenby SAKA GJELD: Konseptrapport vaskehall og sterilsentral - Helse Bergen

Refleksjon og skriving

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Posisjonskort Blåne

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Veslefrikk. Mai Helsing Oddbjørg, Vibeke, Gunn-Iren og Elida

Daguerrotypi og visittkortet sin funksjon og oppbygging Håvard Hvoslef Kvalnes, 13HBMEDa,

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Taubruer. Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet

Kva er poenget? Kvifor har nokon utvikla sånne, her sør i området som har hatt råsegl fram til vår tid.

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Foredrag med Kjell Magnus Økland?

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Seilkurs for begynnere- del 4

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Definisjon av ulike ord i standarane.

1 Algebra og likningar

SJØPOSTEN OKTOBER Hei!

FANTASTISK FORTELJING

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

Stillheit i naturen. Innholdsfortegnelse. Side 1 / 6

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Sjekkliste for regatta-ansvarleg på Ran Eintypeserie 2015

RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

VEDTAK NR 11/13 I TVISTELØYSINGSNEMNDA. Tvisteløysingsnemnda heldt møte mandag den 4. mars 2013.

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst

Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Ferdsel på vatn kajakk

Dø D e n i D ø r a. leseserie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet. Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

TANKER VED MASTEN. TRIMMING AV RIGGEN.

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Fylkeskommunenes landssamarbeid. Eksamen FFA2001 Drift av fartøy. Programområde: Fiske og fangst. Nynorsk/Bokmål

Brukarrettleiing E-post lesar

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

FASADEENDRING. Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE

NATUR, MAT OG HELSE KAPITTEL 13 1 KVA VEIT DU? Skriv namn på fem bærtypar og fem fruktslag.

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Definisjonar: Kva slags gjerde og leveggar er søknadspliktige og kva typar er unntatt frå søknadsplikt?

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

SERVIETTBRETTING Visste du at serviettbretting har eksistert i over 500 år? Det finst over 50 forskjellige bretteteknikkar. Du må kunne minst tre av d

UNIVERSITETET I OSLO

Elevundersøkinga 2016

SAMARBEID HEIM OG SKULE

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

breivik sementvarer Forskalingsblokk og nopsastein frå Breivik kalkverk

Bestefars klokke. Bestefars klokke tikkar i rommet snart vil ho slå ein time er omme

Sol, sommer og seiling!

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Vintervèr i Eksingedalen

Det er mange måtar ein kan starte eit strikkeinga. Det er om å gjere å finne den beste måten å lage maskar på, til kvart enkelt strikkeprosjekt.

Transkript:

Oppsummering etter seglinga med Visundlauget 19.-21. oktober 2007 Først vil eg takke for dei fine dagane hjå dykk i haust. På grunn av dykk og turen til Kråkerøy har Østfold vorte meg ein kjær stad som får meg til å tenkje på grøderik jord, spanande historie, trivelege folk og ein fin øygard og skjergard. Eg vart også veldig begeistra for båten dykkar. Visund er ei perle, og de hadde gjort rett i å ta dykk lange turar langs kysten for eigen del, og for at fleire av oss kystbuarar skal få sjå og kanskje prøve båten dykkar. I dette skrivet har eg teke med ein del av dei tinga vi gjekk gjennom og somme ting de lurte på. Noko er også heilt sikkert velkjend stoff, men de får berre lese det de tykkjer er nyttig. Skrivet er meint som repetisjon av det vi var gjennom i løpet av kurset. Odd etterlyste mellom anna noko om heising av segl i hardt ver og vedlikehald. Både Odd, Rannveig og Eivind ynskte seg ein bolk om kommunikasjon om bord og standardiserte varsel. Henning, Liv og Per ville lære konkrete handgrep og prosedyrar. Henning ville lære seg fleire omgrep knytt til segling, og Liv hadde særleg ynskje om tips til segling med færing og barlasting. Eivind ville lære meir om trimming av segl, rigg og skrog. Eg har prøvd å skrive noko som femnar alle ynskje, men noko er sikkert litt lettvint behandla. Viss de har spørsmål eller kommentarar er de meir enn velkomne til å ringe 41147160 eller skrive til kjetil@nynorsk.no Varsel I den norske råsegltradisjonen er hierarkiet viska ut. Vi er i same båt. Vi skal overleve, og lagnaden er lik for alle. Høvedsmannen (mann i dette tilfellet tyder menneskje jmf. manneætta (menneskeheten) og man i skyldspråket engelsk) talar på vegne av livsdrifta i alle. Han kommanderer ikkje. Han varslar. Desse varsla bør vere standardiserte slik at ingen er i tvil om kva som skal gjerast, og korte for at reaksjonen skal kunne kome fort. Då eg var med dykk i haust arbeidde vi oss fram til slike funksjonelle varsel. Her fylgjer ei oversikt over desse varsla. Ta høgde for at eg kan hugse feil. Bli i så fall innbyrdes samde om kva de heller skal bruke. Ro ro. Viss det er naudsynt å presisere kven som skal ro seier vi til dømes: Ro overalt eller Styrbord ro. Slik presisering brukar vi også saman med dei etterfylgjande manøverane viss det ikkje er innlysande kven som skal gjere kva. Skåt skåt. 1 / 8

Hvil kvil på åra med bladet over vatnet. Gjerne i same høgd i der folk kan sjå oss. Stryk brems med bladet i vatnet. Godt rodd! Roinga er ferdig, pakk årene og gjer klar til neste steg (segling eller fortøying). Pass på at årene ligg ute av vegen og under alle tau. Vi har ikkje snakka om standardiserte varsel for fortøying. Her gjeld det heller å øve inn ei forståing av praktiske og sannsynlege måtar å fortøye ulike situasjonar. Høvedsmannen må tenkje framover og planleggje fortøyinga i god nok tid. Han må også taka høgde for at mannskapet skal ha tid til å gjere klar fendrar, fortøyingstau og ikkje minst anker/dregg med kjetting og lang nok tamp. Høvedsmannen må vere dyktig til å gjere seg forstått i stressa situasjonar med presise varsel om kva som skal gjerast. Dette gjeld også i andre situasjonar der standardvarsel manglar. Døme på varsel når vi nærmar oss ei ukjend uthavn i frisk bris, men smul sjø mot berget vi planlegg å ligge inntil: Gjer klar anker på styrbord. Klar med landtau og fendrar framme og atte på babord. Klar med to par årer attom mastra til å bremse og manøvrere når seglet kjem ned. Hald utkikk med botn og meld frå til kva retning vil skal styre for å unngå grunnstøyting. Det ser litt ureint ut på kartet. Klar med seilet halskaren som har hovudansvaret framom mastra sit på plassen sin med liket i nevane og svarar klar med seilet når han ser folk er klare. Så sant det er plass skal seglet alltid heisast med vinden frå sida (halvvind) slik at halskaren greier å halde seglet skjelvande ved å styre liket slik at det er lett å heise. Han får hjelp av brasen, slakk priar og skaut (skjøte). Halsen skal alltid vere fast når vi heisar segl. Rev seglet høveleg til vinden før de heisar det. Heis seil seglet skal opp så fort som mogleg og draget festast slik at bras, priar og skaut kan fylle seglet og gi båten fart og stabilitet. Det er viktig å forkorte tida ein ligg i ro. Rev seil draget lausnast og firast samstundes som bras, priar og skaut lausnast til seglet er skjelvande. Halskaren dreg seglet nedåt og set halsen fast, skautkaren (eller nokon som hjelper han) set skautet opp i høveleg klo. Viss priaren også kan hektast opp gjer midtromsmannen dette. Knyt revbanda. Heis seglet til framliket er godt stramt og råa peikar ned framme, set fast draget og fyll seglet med bras, priar og skaut. 2 / 8

Rev ut knyt laus revbanda. Løys skautet ut av kloa og gjer det klart. Hald seglet skjelvande. Slepp opp halsen samstundes som seglet heisast opp. Sett fast draget og fyll seglet. Ta i hop seglet skal ned. Fri skaut, priar, bras og boline. Halskaren riv seglet ned etter framliket. Midtromsmannen kastar seg på rakketrossa/nedhalaren. Dette skjer på få sekund. Det gjeld å vere klar. Halsen på babord/styrbord halskaren set halsen fast på losida. Viss ikkje høvedsmannen presiserer skal halskaren vurdere kor langt fram halsen skal stå. Viktig å få halsen godt nedåt på fremsten. (Lerretet under stikka) høvedsmannen vil at halsen skal så godt nedåt at ein snipp av sjølve seglduken kjem nedunder seglstikka. Ikkje mogleg på båtar med smett i staden for stikke. Hver til sitt høvedsmannen ser at ikkje alle er årvakne og oppmerksame på kva som snart skal skje. Alle passar oppgåvene sine. Pass på (vi går over) stagvending. Vi styrer opp i vinden medan vi flatar seglet med skaut, priar og bras. Seglet bakkar og legg seg på mastra. Når båten stoppar framdrifta gjennom vatnet legg vi styret om. La gå la gå bolina. Bras rundt. Sett ny hals. Fast halsen er fast. Høvedsmannen kvitterer med same Fast! Fyll seglet. Pass på, vi går under kuvending. Vi dreier unna vinden og fylgjer etter med å fri bolina, stikke i priar, skaut og bras. Når vi står rett unna frir vi halsen og set ny med ein gong. Fast. Vi held fram dreiinga og fylgjer med i bras, priar og skaut til vi er på kursen. 3 / 8

Sett stram. Stikk slakk ut. Fri gjer heilt fri (døme: fri bolina eller fri halsen). Signatet høvedsmannens varselom å taka signatet i bruk for å avlaste halsen viss halskar/framromsmann ikkje har tenkt på det sjølv. Stram vant i le ikkje alle vanta på ein gong. Her gjeld det å vere ute i god tid slik at vi slepp å bale mykje med dette når det verkeleg byrjar å røyne på. Arbeid raskt. Viktig at alle vant blir ferdig (jamnt) stramma før vending. Prosedyrer og omgrepsforklaringar Prosedyrer for segl opp, segl ned, reving, stagvending og kuvending er allereie skildra ovanfor. Stramme stag dette gjer vi etter behov ved å henge i det ein staget medan vi strammar det andre. Stram annankvar gong til vi ikkje får meir. Ta ut tvinn dette gjer vi for at taua skal bli enklare å handtere og for å forbygge "kink i taua. Vi kastar tauet ut etter båten og dreg det gjennom sjøen til det er daudt. Tek kort tid. Gjer det heller ofte enn lenge. Telne tau festa langs ein kant for å gjere han sterk. Døme: blytelne og flytetelne i garn, eller telna langs kanten på seglet. Lik å sy telne på seglduken kallast å like (av å gjere lik kortare telne til lengre duk slik at seglet får bus). Liket er difor samanføyinga av telna og duken eller kanten av seglet. Vi snakkar ofte om at framliket skal vere stramt, særleg når vi seglar bidevind. 4 / 8

Priar/prier tau festa med ein hanefot til midten av underliket som har fire oppgåver; hjelpe til med å få inn skautet, regulere busen i seglet, halde framste halvdelen av seglet fylt for styring og framdrift når vi slepp skautet i ei rosse og dessutan til å dra underkanten av seglet ned og inn mot mastra i unnavind for å auke seglarealet og minke luftlekkasjen under seglet. Skaut/skjøte tau festa til nedre bakkant av seglet. Rosse felt med sterkare vind. Synleg på grunn av mørkare farge på vatnet. I rossene kan vinden ha ein annan retning Bidevind frå nederlandsk bij de wind ; ved vinden eller tett til vinden. Segle tett til vinden. Halvvind vinden inn frå sida. Slør vinden inn på skrå attanfrå. Rom vind relativt omgrep som seier noko om at vi har manøvermonn i båe retningar. Spiss vind vi har lite å gå på til lo. Nær bidevind. Vi kan snakke om at vinden rommar eller spissar. Logjerrig båten søkjer opp mot vinden. Vanskeleg å få båten til å falle av. Avfeldig båten søkjer vekk frå vinden. Vanskeleg å halde opp mot vinden. Oppgåvefordeling med ulikt store mannskap 5 / 8

To kyndige seglar båten med hjelp av ukyndige passasjerar. Dette er ein relevant situasjon for alle båtar/båtlag som vekkjer interesse blant opplevingshungrig publikum. Her gjeld det å lære medseglarane så mykje som mogleg og gjerne raskt sjå kven som er interesserte og handfaste nok til å investere litt ekstra tid til opplæring av dei. Dette vil auke tryggleiken for alle og utbyttet for medseglarane. Dei kyndige deler båten mellom seg med ansvarsområda framom og attom mastra. Høvedsmann og halskar. Høvedsmannen (og dei som hjelper han etter instruksjon) styrer, brasar, ausar, har skautet, draget, nedhalaren/rakketrossa, priaren, navigasjon, vant og fortøying. Halskaren og hjelparane har hals, boline, utkikk og anker/dregg. Tre stykker seglar båten (for ein båt som Visund er dette minste tilrådelege mannskap, og då helst berre i vindstyrker under 10 m/s). Vi har høvedsmann, midtromsmann og halskar. Midtromsmannen hjelper høvedsmannen med draget og fortøying og tek over vant, priar, ausing, nedhalar og navigasjon. Ellers som over. Fire stykker seglar båten (desse fire vil kunne handtere Visund under dei fleste høve, men blir framleis for få til tung roing). Vi har høvedsmann, skautkar, midtromsmann og halskar. Skautkaren tek skautet og hjelper midtromsmannen på draget, med ausing og fortøying. Elles som over. Fem stykker seglar båten. Vi har høvedsmann, skautkar, midromsmann, halskar og framromsmann. Oppgåvefordeling som over bortsett frå at framromsmannen tek seg av bolina, signatet og utkikk og hjelper til med anker og fortøying. Sett (også kalla trim) Barlast (ballast) gjer at båten ligg djupare i vatnet og fribordet blir mindre. Dette gjev fleire effektar: skroget får betre feste i sjøen, blir mindre utsett for vindpress og gjev båten meir stabilitet. I tillegg kan vi manipulere balansen (settet eller trimmen) med plasseringa av barlasta. For dei fleste båtar er rett sett når han hallar om lag ei grad ned i bakkant, altså at båten ligg litt på hælen. Det oppnår vi med å legge hovudtyngda av barlasta i området attom mastra. Få båtar treng barlast framom mastra. I tillegg kan vi også slenge nokre steinar lenger att i båten viss det trengst. Det er viktig at hovudtyngda kjem nær midten av båten slik at skroget lett fylgjer sjøen opp og ned. Tung framskott er gift! Då blir framskotten som hammaren og båten som skaftet. Framskotten slår ned i sjøen, men flyt ikkje opp når neste båre kjem. Folketyngda verkar på same vis som steintyngda inn på settet. Tenk på kor du plasserer deg i båten. Dette er enno viktigare i ein liten båt. Når båten ligg rett på sjøen handlar det om å få båten på sett med segl. Det vanlegaste problemet er at båten er logjerrig. Det kan vi løyse med antan å flytte vekta i båten attover eller å flytte seglsenteret framover. Det er grenser for kor mykje vekt vi vil ha atti båten. Vi bør heller flytte seglsenteret ved å stage mastra fram 6 / 8

innimellom. Det er lett å stramme vant i le. Når vi gjer det gong på gong kjem toppen av mastra attover. Styret på Visund og andre råseglbåtar er veldig lite i høve til våt flate. Det er avhenging av god balanse i skroget for å virke. Viss de merkar tendensar til logjerrig båt allereie i lite vind ( 5 m/s) veit de at det kjem til å bli eit problem å styre båten i 10 m/s. Båten blir meir logjerrig ved aukande krenging på grunn av at seglsenteret (punktet for summen av trekkraft) beveger seg lenger til le for senterlinja i båten. Viss båten er avfeldig er det teneleg å flytte vekt fram og stage mastra attover. Båten bør ikkje vere avfeldig. Det tyder som regel at noko er gale antan med masterplasseringa, barlastinga eller styret. Vi skal også vere merksame på groe under båten. Vedlikehald av båt og rigg. Visund er ein staut båt. Ny, velbygd, sterk og med befriande god plass om bord. Difor gjer de vel i å taka godt vare på han. Godt vedlikehald og enkle, men konsekvente rutiner kan auke levetida og bruksverdien mykje. Ikkje sand i båten, og ikkje trakk på tau eller segl Sand i båten legg seg i suene mellom borda og i eventuelle sprekker i borda når desse gisnar i sola. Når dei trutnar att blir dei ikkje heilt tette på grunn av sandkorna som ligg i sprekkene. Dette problemet ballar på seg. Sand i tauverk og segl ligg og slit på desse, ofte utan ytre teikn til skade. Plutseleg, og alltid når det passar veldig dårleg, ryk desse svekka taua. Vi skyl av støvlane/skorne før vi går om bord. Smør med talg der det skal smørjast Skauthol, bolineblokk, priarblokk, hunbora (holet til draget gjennom mastra) og årehol er typiske plassar som slitest veldig mykje saktare viss vi smør med talg. Det gjeld også tauet som glir gjennom holet. Smøring er ein del av det daglege vedlikehaldet. Pass på å smør holet heller enn tauet. Smør ikkje stader der vi treng friksjonen. 7 / 8

Barking av løpande rigg, fortøyingstau og segl Tau og seglduk av naturfiber treng vern mot væte og sol. Barking gjev slikt vern. Borken inneheld garvestoff som vernar mot rote, og pigment som vernar mot UV-strålar. Det er likevel ikkje tilrådeleg å lata seglet ligge ute i båten når det ikkje blir brukt på ei stund. Legg segl og tau i barkelóg av sjøvatn, malen/knust bork frå t.d. bjørk, eik og or, kaustisk soda og litt tjære. Tjærebre ståande rigg Ståande rigg av hamp og andre naturfiber treng godt vern mot væte og sol. Tjære gjev slikt vern og inneheld både pigment mot UV-strålar, feittstoff som fortrengjer vatn og stoff som drep sopp og bakteriar. Ein god hamperigg som får godt stell kan vare i 15-20 år. I september rauk staget på fembøringen Skårungen med eit smell. Det var 13 år gamalt. 8 / 8