SENTRALADMINISTRASJONEN Postadresse: Klepp kommune Postboks 25 4358 Kleppe SÆRUTSKRIFT AV MØTEBOK Behandla i: Møtedato: Sak nr: Hovudutval for lokal utvikling 24.10.2017 82/17 Saksbehandlar: Rannfrid Stubhaug Braut Arkiv: L13 Arkivsak: 17/1078-10 PLANID 1820 - REGULERINGSPLAN (DETALJ) - RUNDKØYRING SOLAVEGEN - JÆRHAGEN Saka gjeld Bakgrunnen for planarbeidet er eit rekkefølgekrav i detaljreguleringsplan for Kleppe nord, planid 1720. Før nytt kjøpesenter kan takast i bruk må tiltak omtalt i detaljplanen som gjeld Solavegen vere ferdigstilt. Krava i detaljplanen er ikkje tidlegare regulert. Planforslaget er i tråd med overordna planar og medfører ei beskjeden utviding. Utvidinga vil auke regulariteten/kapasiteten i rundkøyringa og vil hindre oppstuing av bilar som skal til Jærhagen. Forslag til plankart Krav sett i overordna planar Regionalplan for Jæren 2013-2040, vedteken av fylkestinget 22.10.2013 og langsiktig grense for jordbruk. www.klepp.kommune.no E-post: postmottak@klepp.kommune.no Sentralbord: 51 42 98 00 Organisasjonsnummer: 00864969682 Barna vår framtid
I regionalplanen ligg planområdet som «basis» og kommunesenter, og det ligg på utbyggingssida av langsiktig grense for landbruk. Kommuneplanen sin arealdel for perioden 2014-2025 I gjeldande kommuneplan er området avsett til samferdselsanlegg, kjøpesenter, framtidige næringsbygg, og kombinerte bygge- og anleggsformål. Kommunedelplan for Kleppe sentrum 2015-2026 I kommunedelplan for Kleppe sentrum er planområdet vist som vegformål, sentrumsformål og park og det ligg innanfor senteravgrensinga. Det er markert hovudsykkelrute og turveg. Kartutsnitt frå kommuneplanen Gjeldande regulering Planområdet ligg innanfor følgjande reguleringsplanar: - Nordvestleg del er regulert i plan 1420, Kleppe nordvest, del B1, vedteke 24.06.02. - Sørleg del er regulert i plan 1300, Kleppevarden M.M, 11.06.89. - Austleg del er regulert i plan 1280, Kleppe endring nr 13, vedteke 30.06.86. 2
Avklaring i høve til forskrift om konsekvensutgreiing Klepp kommune har som ansvarleg planmyndigheit vurdert at planarbeidet ikkje kjem inn under FOR-2014-12-19-1726: Forskrift om konsekvensutredninger for planer etter plan- og bygningsloven. Utbyggingsavtale I samsvar med Plan- og bygningsloven 17-4 blir det forhandla fram utbyggingsavtalar parallelt med detaljplanen. Planprosess og medverknad Varsel om oppstart av planarbeid Oppstart av planarbeid er varsla i Jærbladet og i brev til grunneigarar, naboar og høyringsinstansar datert 27.04.17. Varsel om oppstart er og publisert på kommunen sine nettsider. Fristen for merknader vart sett til 02.06.17. Det har kome inn 3 merknader til varsel om oppstart. Dei er gjengitt og kommentert her: Fylkesmannen i Rogaland i brev datert 02.05.17: Slik saka er opplyst kjem reguleringa ikkje i vesentleg konflikt med Fylkesmannen sine sektorinteresser. Vi har derfor ikkje merknader til oppstartsvarselet. Fylkesrådmannen i brev datert 31.05.17: Fylkesrådmannen meiner at føringar lagt i evalueringsrapporten «Med barna i sentrum» bør leggjast til grunn for utforming av nytt kryss og forbindelseslinjer for gåande og syklande som skal ligge inntil og krysse Solavegen og Kleppelundsvegen. Det er viktig å sikre trygge og attraktive kryssingar av Solavegen. Dette vil hindre uønska kryssingar og trafikkfarlege situasjonar. Planlegginga bør skje i tett samarbeid med Statens vegvesen også for å drøfte utforming av vegen som gate. Kommentar: Planforslaget skal i hovudsak regulere ekstra køyrefelt i rundkøyringa. Med rapporten «Med barna i sentrum» lagt til grunn er det lagt opp til nytt kryssingspunkt i Solavegen aust for rundkøyringa og gode forbindelsar for gåande og syklande langs Kleppelundsvegen. Denne kryssinga vil styrke samanhengen mellom sentrum og Kleppeloen, og hindre uønska kryssingar i Solavegen. Statens vegvesen i brev datert 19.05.17: Kommentar: Tiltaka er foreslått i tråd med vegnormalane. Det er ikkje vist endringar av fotgjengerundergangen og derfor ikkje foreslått forlenging. Det er sikra gangtilkomst til fotgjengerundergangen. Universell utforming er lagt til grunn. Bestemmelsane sikrar at tekniske planar skal sendast til vegvesenet for gjennomsyn. 3
Omtale av planforslaget Plan- og bygningslova slår fast at eit forslag til reguleringsplan består av tre element: Plankart, bestemmelsar og planomtale. Sidan det står ein del grunnleggjande informasjon i planomtale, kan det vere ein fordel å lese gjennom vedlagte planomtale før ein les vidare i saksutgreiinga. Vurdering av planforslaget Estetikk Det er i bestemmelsane sett krav om at areala skal ha ei estetisk tiltalande utforming, der forstøtningsmurar, skilt og kantstein skal samordnast med eksisterande anlegg. Trafikktilhøve I samsvar med rekkefølgekrav i detaljreguleringsplan for Kleppe nord, planid 1720 viser planforslaget eit ekstra køyrefelt i rundkøyringa og inn mot kjøpesenteret. Tiltaket vil vere ei forbetring av eksisterande situasjon i høve til trafikkflyt og tilbakeblokkering. Planforslaget ryddar i høve til kva som faktisk er bygd og regulerer eksisterande situasjon slik det er bygd. Kryssingsfelt for mjuke trafikantar i Solavegen aust for rundkøyringa er nytt i planforslaget. Det same er gangveg og sykkelveg langs vestsida av Kleppelundsvegen. Det er sett av 2,5 m sykkelveg og 1,5 m gangveg. Plantiltaka for mjuke trafikantar vil gje tryggare og meir oversikteleg ferdsel. Mjuke trafikantar/ konsekvensar for barn og unge/ fysisk aktivitet Rapporten «Med barna i sentrum» etter parallelloppdraget har med fleire målsettingar om å få fleire til å gå eller sykle i sentrum. Fleire folk i sentrum er med og skapar liv og gange og sykling fremjar folkehelse. For barn og unge og mjuke trafikkantar medfører planforslaget betre forbindelse mellom Kleppe sentrum og Kleppeloen. Vidare vil kryssing av Solavegen i plan medføre kontrollert og tryggare kryssing aust for rundkøyringa til Jærhagen. I dag er det eit ganske langt strekk langs Solavegen utan tilrettelagte kryssingspunkt. Vurdering etter naturmangfoldloven 8-12: Vurdering etter naturmangfoldloven er gjort i planomtalen. Planområdet ligg i hovudsak innanfor område som allereie er i bruk til ulike vegføremål. Det er ikkje registrert prioriterte naturtypar innanfor planområdet. Kommunen vurderer det slik at tiltaket ikkje medfører risiko for vesentleg skade på naturmangfaldet. Tiltaket vil etter kommunen si vurdering ikkje auke den samla belastninga av økosystemet. Det er dermed ikkje aktuelt med avbøtande tiltak. Bruk og berekraft Tiltaket skjer i ein samanheng med utviding av Jærhagen. Det er også vurdert og foreslått tiltak langs Kleppelundsvegen med både gang- og sykkelveg på vestsida. Vidare er det foreslått å etablere ny kryssing av Solavegen i plan aust for rundkøyringa. Dette medfører ei styrking av tilhøva for gåande og syklande i Kleppe sentrum og til turområda. Å legge betre til rette for mjuke trafikkantar i samband med utviding av rundkøyringa er framtidsretta. Risiko- og sårbarhetsvurdering Det er gjort ei risiko- og sårbarhetsvurdering for planområdet, denne ligg ved saka. ROS-analysen konkluderer med følgjande: I sum viser risiko- og sårbarhetsanalysen at planområdet egnet for foreslått utbygging. Ingen av de forhold som er avdekket i analysen er av en slik karakter at de medfører så stor risiko at de skulle tilsi at tiltaket ikke bør gjennomføres. 4
Konsekvensar for kommunen og utbyggingsavtale Det er varsla at det blir forhandla fram utbyggingsavtalar parallelt med detaljplanen. Utbyggingsavtalen vil avklare om kommunen skal bidra økonomisk til delar av tiltaket. Konklusjon Rådmannen fremmer med dette detaljreguleringsplan for Rundkøyring Solavegen - Jærhagen med tilhøyrande bestemmelsar og planomtale, alle datert 14.09.17. Vedlegg: Plankart, datert 14.09.17 Bestemmelsar, datert 14.09.17 Planbeskrivelse, datert 14.09.17 ROS-analyse Illustrasjon Innstilling: Rådmannen sitt forslag til vedtak: Hovudutval for lokal utvikling vedtek i samsvar med plan- og bygningslova 12-10 å leggja forslag til reguleringsplan for Rundkøyring Solavegen - Jærhagen, med tilhøyrande bestemmelsar og planbeskrivelse, alle datert 14.09.17, ut til offentleg ettersyn. Hovudutval for lokal utvikling den 24.10.2017 sak 82/17 Einstemmig VEDTAK: Hovudutval for lokal utvikling vedtek i samsvar med plan- og bygningslova 12-10 å leggja forslag til reguleringsplan for Rundkøyring Solavegen - Jærhagen, med tilhøyrande bestemmelsar og planbeskrivelse, alle datert 14.09.17, ut til offentleg ettersyn. Rett utskrift, 25.10.2017 Karin Sandve Vereide møtesekr. 5