Side 1 av 1 Medlemene vert med dette kalla inn til møte. Varamedlemer får innkallinga, møter berre etter særskild innkalling. Vert du av lovlege grunnar hindra i å møte, må du melde frå til Anne Liv Lidtveit på tlf. 99 38 66 30 eller e-post post@konsesjonskraft.no Valle, 11.01.2017 Innkalling til møte i KIKS - Styret 18.01.2017 kl. 10:00 i Vennesla rådhus Til handsaming: Saksnr Innhold PS 1/17 Referatsaker RS 1/17 Sira-Kvina-saka: resultat av forhandlingar RS 2/17 1. halvår 2016 RS 3/17 2. halvår 2016 PS 2/17 Rapportering - hedging, trading og formuesforvaltning Referatsaker RS 4/17 Sluttrapport: Hovedbankavtale for Konsesjonskraft IKS PS 3/17 Val av forvaltar og fullmektig for 2017-2021 PS 4/17 Møteplan 2017 Terje Damman styreleiar Glenn Qvam Håkonsen dagleg leiar 1
Saksnr PS 1/17 Sira-Kvina-saka: resultat av forhandlingar Innhold Referatsaker RS 1/17 RS 2/17 1. halvår 2016 200 RS 3/17 2. halvår 2016 200 PS 2/17 Rapportering - hedging, trading og formuesforvaltning Referatsaker RS 4/17 Val av forvaltar og fullmektig for 2017-2021 Sluttrapport: Hovedbankavtale for Konsesjonskraft IKS PS 3/17 PS 4/17 Møteplan 2017 2
3
PS 1/17 Referatsaker 4
Kva betyr forliket med Sira-Kvina kraftselskap i saka om delingsfaktor? Partane hadde møte i Oslo 09.januar, og det er no semje i saka. Avtalar vert signert og det kjem pressemelding i løpet av kort tid. Kommunane kravde SKK for 86 millionar tilbake i tid og at delingsfaktoren skulle oppjusterast frå dagens 5925 GWh til NVE sin tilsigsserie på 6827 GWh. Dette ville redusert prisen med vel 1 øre/kwh og hatt ein årleg effekt på om lag 6,5 millionar kronar for framtida. Kravet på 86 millionar går tilbake til 2003 og måtte med som del av stevninga, sjølv om kravet før 2011 stod noko svakare grunna forelding. Partane er einige om å nytte eit faktisk produksjon som grunnlag for delingsfaktor. Dette er same talet som vert nytta i rapportering til sentralskattekontoret i høve naturressursskatten. Det skal bereknast eit 30 års snitt av produksjonen, tillagt tap som fylgje av pumping i Duge og at år med låg produksjon skal oppjusterast til 80 % av totalt gjennomsnitt. Dette gir for 2016 ein delingsfaktor på 6750 GWh, og vil frametter vere avhengig av produksjonsvolumet til SKK. Våtare ver = meir produksjon = høgare delingsfaktor = lågare pris på konsesjonskrafta. For 2016 blir kostnaden redusert med kr 6 mill (1,1 øre/kwh). Vidare har partane blitt einige i ein kompensasjon til kommunane på kr 20 millionar. SKK vil ikkje kalle det etteroppgjer, men forhandlingsutvalet anbefaler at kommunane behandler det slik i fordelinga. Vidare blir det anbefalt å fordele kompensasjonen (etter sakskostnadar) slik at ein får full utteljing for 2015, deretter 2014 osv til kompenasjonen er fullt ut fordelt. SKK innrømma tidleg i prosessen tilleggskvantumet for Øksendal, og det kjem eit etteroppgjer på kr 1 351 069 for perioden oktober 2010-desember 2015. Fordelinga av konsesjonskraftvolum ser slik ut (før fordeling mellom kommune og fylkeskommune): Sirdal Kvinesdal Flekkefjord Bykle Valle Bygland Forsand Gjesdal Lund Sokndal Sum Totalt pr kommune i GWh 214 100 152 350 11 016 33 204 62 118 9 620 51 547 7 357 4 155 3 523 548 990 Fordeling i % 39,0 % 27,8 % 2,0 % 6,0 % 11,3 % 1,8 % 9,4 % 1,3 % 0,8 % 0,6 % Valle 11.01.2017 Glenn Qvam Håkonsen 5
6
CONTROLLERS RAPPORT FOR 2. HALVÅR 2016. Controller har i tillegg til løpende oppgaver på eget kontor i andre halvår vært 2 dager i Valle, samt deltatt på tre styremøter, et porteføljeutvalgsmøte og et representantskapsmøte. I følge utarbeidede rutiner skal controller rapportere skriftlig til daglig leder hvert kvartal. Det vurderes som hensiktmessig at rapportere samlet halvårlig. Styret i KIKS vedtok 30.09.2016 ny risikostrategi og Controller har i forbindelse med dette utarbeidet et nytt kontrollregime. Controller har bl.a. utført følgende kontrollaktiviteter 1. halvår. 1. Finansiell sikring av kraft er på løpende basis kontrollert mot sikringsstrategiens bestemmelser og diskutert med daglig leder. 2. Periodiske kontroller av at valutasikret volum tilsvarer finansielt sikret volum. 3. Ad hoc kontroller ved behov. 4. Periodiske kontroller av at generelle rutiner følges. 5. Kontroll av totalvolum ut fra de eksisterende kontrakter. Gjeldende risikostrategi gir daglig leder fullmakter til å avvike fra jevn sikring sett under ett m ed inntil 150 GWh, samt foreta avvikshandler med inntil 450 GWh hvis ventet prisutvikling avviker fra markedsprisen med minst 4,0 euro/mwh. Fullmaktene er benyttet etter at revidert risikoreglement trådte i kraft 1.10.2016 Konsesjonskraft IKS har i 2. halvår fortsatt å utvikle systemer som på en god måte ivaretar arbeidet med å sikre kraft i henhold til risikoreglementet, samtidig som en har etablert nye systemer i forhold til ny risikostrategi. Administrasjonen i KIKS dokumenterer og arkiverer på hvilket grunnlag en foretar avvikshandler, når fullmakten til å foreta avvikshandler når ventet prisutvikling avviker fra markedsprisen med minst 4,0 euro/mwh. Controller har ikke funnet vesentlige avvik 2. halvår 2016. Controller mener at arbeidsformen med regelmessige kontakt med daglig leder og deltakelse i møter og interne seminarer er nyttig og nødvendig for at controller skal kunne fylle sin oppgave. Bent Sørensen Controller 10.januar 2017 7
PS 2/17 Rapportering - hedging, trading og formuesforvaltning Referatsaker RS 4/17 Sluttrapport: Hovedbankavtale for Konsesjonskraft IKS 8
Saksmappenr:2017/7-8 Arkiv: Sakshandsamar: Arne Tronsen Saksframlegg Konsesjonskraft IKS Saksnummer Utval Møtedato 3/17 KIKS - Styret 18.01.2017 Val av forvaltar og fullmektig for 2017-2021 Dagleg leiar tilrår: LOS AS vert vald som leverandør av forvaltar og fullmektigtenester i samsvar med konkurransegrunnlag og tilbod dagsett 14/11 2016 for perioden 1/7 2017-30/6 2021. Saksutgreiing: 1. Bakgrunn for saka Avtale med Markedskraft ASA går ut 30/6 2017 etter at avtalen i samsvar med underteikna kontrakt vart forlenga med eitt år i 2016. I samsvar med tidlegare praksis er leveransane no lagt ut på ope anbod. Dette er gjort av di KIKS finn det tenleg å sette såvore leveransar ut på ope anbod, sjølv om verksemda ikkje er underlagt lov om offentlege anskaffingar grunna forsyningsforskriftene. 2. Kva er samanhengen mellom strategiplanen og denne saka Når KIKS hentar inn tilbod gjennom ope anbod, ivaretek det behovet for kostnadseffektiv drift og det samsvarar med kjerneverdiane til selskapet: truverde, kvalitet og tryggleik. 3. Saksopplysningar Sjølv om dagleg leiar har fullmakt til å kontrahere leverandør, har det vore praksis å legge saka fram for styret til godkjenning. Dette er viktig både av omsyn til forankring og av di det har vore praksis at styret ved fleire høve i løpet av året har ein dialog med forvaltar/fullmektig. Arbeidet har vore gjort på følgjande måte og etter denne framdriftsplanen: Gjennomførast i samsvar med gjeldande føresegner heimla i lov om offentlege anskaffingar del 1. Konkurransen vert gjennomført i eit steg utan prekvalifisering. 9
Grunnlagsarbeidet ved KIKS, ekstern kvalitetssikring av Advokatfirmaet Lund & Co Framdriftsplan og ansvarsdeling: Tiltak Ansvarleg Frist Prosjektoppstart ATR 15/8 2016 Forslag til konkurransegrunnlag ATR 18/8 2016 Kommentarar til konkurransegrunnlag - med spesifikasjon ALL/GQH/HHW 22/8 2016 Revidert utkast til konkurransegrunnlag ATR 24/8 2016 Ekstern kvalitetssikring konkurransegrunnnlag HHW 26/8 2016 Felles ferdigstilling av konkurransegrunnlag ATR 30/9 2016 Publisering på Doffin HHW 01/10 2016 Tilbodsfrist HHW 15/11 2016 Vurdering av inkomne tilbod HHW 20/11 2016 Endeleg vurdering HHW 20/11 2016 Varsel om tildeling HHW 19/1 2017 Klagefrist HHW 10/2 2017 Signering KIKS 15/2 2017 Oppstart ny avtale 01/7 2017 Konsesjonskraftstyret i Telemark og Konsesjonskraft IKS har samarbeider om innkjøpet gjennom ei felles utlysing. Konkurransegrunnlaget har såvore vektlegging: - Pris 30 % - Kvalitet 50 % - System og rutiner for oppfølging og rapportering 20 % Denne vektlegging er uendra i høve førre utlysing. Når fristen gjekk ut hadde det kome inn 5 tilbod: - Bergen Energi AS - Fjordkraft AS (samarbeid med Statkraft Energi AS) - Ishavskraft AS - LOS AS - Markedskraft ASA 4. Vurdering Vurderinga er gjennomført av Advokatfirmaet Lund & Co i samarbeid med Konsesjonskraftstyret i Telemark og KIKS. Det har kome inn 5 gode tilbod og det er LOS som samla sett har det beste tilbodet basert på ei vekta poenggjeving som går fram av vedlagte evalueringsnotat. 10
Difor går dagleg leiar inn for å velje LOS som leverandør i samsvar med konkurransegrunnlaget. Dette er slik det framgår av saksutgreiinga gjort i samråd med Konsesjonskraftstyret i Telemark. Det er lagt opp til eit samarbeid mellom Konsesjonskraftstyret i Telemark og KIKS når det gjeld implementering av avtalen. Valle, den 11.01.2017 Glenn Qvam Håkonsen dagleg leiar Vedlegg 1 Anskaffelse av forvaltningsavtale - foreløpig oppsummering og vurdering 11
Saksmappenr:2015/8-5 Arkiv: Sakshandsamar: Anne Liv Lidtveit Saksframlegg Konsesjonskraft IKS Saksnummer Utval Møtedato 4/17 KIKS - Styret 18.01.2017 Møteplan 2017 Dagleg leiar tilrår: Saka blir sendt ut utan tilråding. Saksutgreiing: 1. Bakgrunn for saka Styret skal vedta ein møteplan for 2017. 2. Kva er samanhengen mellom strategiplanen og denne saka 3. Saksopplysningar Ein har normalt sett hatt eit styremøte ca annankvar månad, og då tre før sommaren og tre etter sommaren. LVK har sitt landsmøte 24.-25. august, der det etter planen skal markerast at LVK er 40 år og konsesjonskraftlovene er 100 år. Ein tilrår at styret tek turen til Tromsø desse dagane for å ta del i landsmøtet og markeringa. 4. Vurdering Ein har forsøkt å sende ut forslag i forkant av dette styremøtet, men med forholdsvis fulle kalendarar rundt om, så er det vanskeleg å få til. Det er derfor nødvendig å bli einige i møte. Valle, den 11.01.2017 Glenn Qvam Håkonsen dagleg leiar 12