saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 19.01.2016 3588/2016 Heidi Nerland Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 03.02.2016 Orientering om internasjonalt arbeid på samferdsel og val av folkevald representant til transportgruppa i Nordsjøkommisjonen og Nordisk Transportpolitisk Nettverk Bakgrunn Internasjonalisering er eit av dei sentrale gjennomgåande perspektiva i Fylkesplan for Møre og Romsdal 2013 2016. Fylkestinget gjorde i sak T-33/12: Styrking av det internasjonale arbeidet i Møre og Romsdal fylkeskommune, i junitinget 2012 vedtak om å styrke det politiske internasjonale engasjementet til fylkeskommunen. I saka vart det gjort følgjande samrøystes vedtak: Møre og Romsdal fylkeskommune vedtek å styrke det internasjonale arbeidet i fylkeskommunen ved at: 1. Internasjonalt arbeid vert sett opp som eit tema på fylkestinget i oktober. Formålet er å meisle ut 3-4 satsingsområde for det internasjonale arbeidet i fylket. Det blir henta inn innleiarar frå to fylke som har kome lenger enn Møre og Romsdal i si satsing på internasjonalt arbeid. 2. Det blir halde dialogmøte mellom fylkesutvalet/administrasjon/styret for Innovasjon Norge og representantar frå det internasjonale næringslivet vårt i forkant av fylkestinget i oktober for å få fram kva behov næringslivet har for støtte/oppbakking frå Møre og Romsdal fylkeskommune. 3. Møre og Romsdal fylkeskommune styrker sitt engasjement i CPMR og Nordsjøkommisjonen. 4. Fylkesordføraren, eller den han utnemner, møter som fylkeskommunen sin representant på årsmøta i CPMR og Nordsjøkommisjonen. 5. Sektorutvala vel representantar til dei aktuelle tematiske undergruppene i Nordsjøkommisjonen. 6. Fylkesrådmannen vil prioritere ressursar til å støtte eit auka politisk engasjement i internasjonale organisasjonar og deltaking i internasjonale prosjekt. Samferdselsavdelinga sitt bidrag for å oppnå sterkare internasjonalisering dei seinare åra har vore gjennom deltaking i transportgruppa i Nordsjøkommisjonen og medlemskap i Nordisk Transportpolitiske Nettverk (NTN). I tillegg har fylkeskommunen delteke i eit internasjonalt prosjekt (TEN-TaNS).
På bestilling frå Samferdselsutvalet vart det i sak SA- 24/13 lagt fram ei orienteringssak kor nytten av å vere med i div råd/utval og fora vart evaluert. Sjølv om dette ikkje er ei bestilling no, finn vi det naturleg at vi orienterer om internasjonalt arbeid innan samferdsel i samband med val av nye representantar. Internasjonalt arbeid innan samferdsel i Møre og Romsdal fylkeskommune Under følgjer informasjon og historikk om dei ulike fora vi er eller har vore medlem i. Prosjekt/nettverk Tidsperiode Omtale Status Nordisk Transportpolitisk Nettverk (NTN) 1996 - Nettverk: sjå eige avsnitt Pågår Northern Maritime Corridor (NMC) 2002-2008 Prosjekt: Dette var eit Interregfinansiert prosjekt der Møre og Romsdal var aktiv partnar. Frå 2002 2005 hadde samferdselsavdelinga ei full stilling inn i dette arbeidet. Programmet vart avslutta i 2008. Avslutta Stratmos, DP2 2008 2011 Prosjekt: Samferdselsavdelinga Avslutta deltok i sluttfasen av Interregprosjektet StratMos (Strategic Mororways of the Seas). Rogaland fylkeskommune var prosjektleiar, og Møre og Romsdal fylkeskommune v/regional og næringsavdelinga deltok, mellom anna som koordinator for Demonstration project 2 (DP2). DP2 hadde som målsetting å få etablert ei båtrute frå Midt- Norge til Zeebrugge. Båtruta vart ikkje etablert gjennom prosjektet. Transportgruppa Nordsjøkommisjonen 2012 - Nettverk: Sjå eige avsnitt Pågår TEN-TaNS 2013-2015 Prosjekt: Samferdselsavdelinga deltok saman med regional- og næringsavdelinga i Interregprosjektet TEN-TaNS, som bygde vidare på arbeidet i StratMos/DP2. Målet var mellom anna å sjå på moglegheiter for tilskott til å opprette ei kommersiell båtrute frå Midt- Norge til kontinentet. Konklusjonen var at ein er avhengig av ein partnar i EU for å kunne søke om finansiell støtte til oppretting av ei slik rute. Avslutta (for MRFK sin del)
Nordisk Transportpolitisk Nettverk (NTN) Nordisk Transportpolitisk nettverk (http://ntn.dk/) vart oppretta i 1998 som eit Interregprosjekt for å fremme sosial og økonomisk integrasjon over landegrensene gjennom regionalt samarbeid. Opphavet til NTN var i Nordic Link, som hadde fokus på transportkorridoren gjennom Jylland til og frå Norge og Sverige. Som prosjekt var NTN eit samarbeid mellom alle amt på Jylland, dei fleste fylka langs kysten av Sør-Norge frå Vestfold til Møre og Romsdal, regionen rundt Gøteborg og enkelte kretsar i Nord-Tyskland. I dag består nettverket av følgjande medlemmer: 1. Aust Agder fylkeskommune 2. Møre og Romsdal fylkeskommune 3. Rogaland fylkeskommune 4. Telemark fylkeskommune 5. Vest Agder fylkeskommune 6. Vestfold fylkeskommune 7. Region Nordjylland 8. Region Midtjylland 9. Region Syddanmark Målet med å oppretthalde nettverket etter prosjektperioden, var å vidareføre arbeidet med å auke kompetansen på transportområdet og å sette regionane betre i stand til å påverke nasjonal og internasjonal politikk på området. Det betyr at nettverket vil arbeide tett opp mot den same tematikken som transportgruppa i Nordsjøkommisjonen og vere ein plattform der politikk, næring og forsking møtast. NTN er eit nettverk der vi skal arbeide for eit grunnlag for transportpolitiske avgjerder. Det skal òg vere med på å gjere oss meir kvalifisert i høve regional planlegging innanfor transport og infrastruktur. Transport og infrastruktur skal utnyttast på ein effektiv og berekraftig måte for å skape regional utvikling. Gjennom medlemskap i nettverket er det lagt opp til møte og studietur (om lag to samlingar i året) og medlemsavgifta er kr. 25.000,- per år. Fram til 2011 deltok Møre og Romsdal fylkeskommune administrativt på møte og studieturar i NTN. I 2011 vart Oddbjørn Vatne valt til politisk utsending frå samferdselsutvalet (SA- 72/11) med Cine Finstad Austnes som vara. I 2015 var samferdselsavdelinga med å arrangere seminar og generalforsamling i Ålesund med mellom anna besøk på Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK). I tillegg var Cine Finstad Austnes og to representantar frå samferdselsavdelinga med på studietur til Gent i Belgia i oktober 2015. Tema her var mobilitetsplanlegging for både person og godstrafikk med mellom anna besøk i Gent hamn. Utfyllande informasjon frå studieturen er i vedlagt nyhetsbrev frå NTN. Dei siste åra har NTN jobba fram transportstatistikk for medlemsregionane og elles har nettverket vore eit diskusjonsforum for dagsaktuelle transportutfordringar. Vi kan fortsatt ha utbytte av å vere med i nettverket, da det er mange interessante og relevante transporttema som blir tatt opp i møta. Til dømes har vi hatt oppe tema som ferjefri E39, utvikling av Grenland og Kristiansand hamn, alternative drivstoff på bussar og mobilitetsplanlegging for både person og godstrafikk. Det har vore nyttig å trekke vekslar på ulike erfaringar, men frå Møre og Romsdal
sitt ståsted saknar vi litt meir substans i forumet. Etter at Hordaland meldte seg ut er det også ein missing link i korridorsamarbeidet. Rogaland er den neste partnaren i nettverket når ein går langs norskekysten. Møre og Romsdal fylkeskommune har ein relativt passiv rolle i forumet i dag, og av kapasitetsmessige årsaker blir det lett ein salderingspost i møte med oppgåvemengdene vi har på samferdselsavdelinga. Transportgruppa Nordsjøkommisjonen Møre og Romsdal fylkeskommune har vore medlem av Konferansen av perifere maritime regioner (CPMR) og den geografiske undergruppa Nordsjøkommisjonen (NSC) i fleire år. Nordsjøkommisjonen er organisert i fleire tematiske arbeidsgrupper, mellom anna ei transportgruppe. Arbeidsmåten i dei ulike gruppene i Nordsjøkommisjonen er samlingar i dei ulike medlemsregionene. Samlingane inneheld både bedriftsbesøk, seminar med orienteringar om ulike satsingar og politiske diskusjonar. Dei tematiske arbeidsgruppene skal vere arenaer for både kunnskaps- og erfaringsutveksling, ideskaping med sikte på felles utviklingsprosjekt og politiske diskusjonar om strategiske spørsmål for Nordsjøregionen. På bakgrunn av fylkestingsvedtak om auka fokus på internasjonalt arbeid vart samferdselsavdelinga bedt om å stille i transportgruppa. I sak SA-77/12 vart Randi Walderhaug Frisvoll valt som politisk representant i gruppa med Lilly Gunn Nyheim som vara. Administrasjonen har saman med politisk representant deltatt på dei fleste av møta i transportgruppa (anten med representant frå samferdselsavdelinga eller internasjonal rådgivar frå regional- og næringsavdelinga). I 2014 arrangerte fylkeskommunen samling for transportgruppa i Ålesund kor dei mellom anna besøkte NMK. Referat frå Transportgruppa si seinaste samling i oktober 2015 er vedlagt saka. Transportgruppa fungerer slik at ulike tema blir delt mellom møtedeltakarane og det er forventningar om at vi tek ansvar for delområde i samarbeid med andre. Erfaringane fram til no med gruppa er at det er ein sterk samanheng mellom internasjonale prosjekt dei ulike medlemmane deltek i, og kva område dei vel å ta på seg ansvar for. Møre og Romsdal fylkeskommune var partnar i TEN-TaNSprosjektet som såg på moglegheiter for tilskott frå EU til å opprette ei kommersiell båtrute frå Midt-Norge til kontinentet. Av kapasitetsmessige årsakar måtte samferdselsavdelinga kjøpe eksterne ressursar for å fullføre prosjektet. Vi er avhengig av å få tilført kapasitet dersom samferdselsavdelinga skal delta i internasjonale prosjekt igjen. På noverande tidspunkt har Samferdselsavdelinga ikkje kapasitet til å ha noko anna enn ei observerande rolle i transportgruppa i Nordsjøkommisjonen. Vurdering Både Nordsjøkommisjonen og NTN er samarbeidsfora for politikkutforming og diskusjon innan transport og samferdsel. Det er derfor naturleg at ein politikar frå samferdselsutvalet er representert her.
Jf. vedtak i fylkestinget i sak T-33/12 er det Samferdselsutvalet som har ansvaret for å velje representant til transportgruppa i Nordsjøkommisjonen. På bakgrunn av at Nordisk Transportpolitisk Nettverk arbeider med mykje av den same tematikken som transportgruppa i Nordsjøkommisjonen og for å sikre kontinuitet i det internasjonale arbeidet, vurderer administrasjonen det som hensiktsmessig at same representant også vert utsending til møteverksemd i NTN. Administrasjonen foreslår at samferdselsutvalet utnemner ein fast representant og ein vara-representant for Møre og Romsdal fylkeskommune i transportgruppa i Nordsjøkommisjonen og til møteverksemd i Nordisk Transportpolitiske Nettverk. Forslag til vedtak: Samferdselsutvalet utnemner til representant og som vara-representant for Møre og Romsdal fylkeskommune i transportgruppa i Nordsjøkommisjonen og Nordisk Transportpolitisk Nettverk for inneverande valperiode. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Vedlegg 1 Nyhetsbrev frå NTN 2015 2 Referat fra møte i transportgruppa 5. - 6. oktober 2015 Arild Fuglseth samferdselssjef