Stryn kommune 2017-2028 Planprogram for Kommunedelplan for vassforsyning Planstrategi Samfunnsdel Handlingsdel/Økonomiplan Arealdel Kommunedelplan Kommunestyret XX.XX.2016
INNHALD 1. Innleiing 3 1.1. Bakgrunn 3 1.2. Føremålet med rulleringa 3 1.3. Gjeldande kommunedelplan for vassforsyning 3 1.4. Tilhøve til andre planar 4 2. Organisering og offentleg prosess 5 2.1. Organisering 5 2.2. Første fase utarbeiding av planprogram 5 2.3. Andre fase utarbeiding av endelege planar 5 3. Framlegg til program for planarbeidet 6 3.1. Viktige utfordringar 6 3.2. Vassforsyning aktuelle fagutgreiingar 6 3.3. Krav om konsekvensutgreiing 7 3.4. Samfunnstryggleik 7 4. Sluttproduktet 7 5. Framdriftsplan 8
1. INNLEIING 1.1. BAKGRUNN Eksisterande kommunedelplan for vassforsyning for Stryn kommune vart utarbeidd i 2001. I 2010 vart det laga eit utkast til ny kommunedelplan for Vassforsyning 2011-2020, men utan at denne vart formelt handsama og vedteke i kommunen. Dette utkastet skal no reviderast til ny kommunedelplan for vassforsyning for Stryn kommune gjeldande for perioden 2017-2028. Planen skal ha status som ein kommunedelplan etter plan- og bygningslova. Planen skal handsamast etter ny planlov og dette medfører mellom anna at det i starten av prosessen skal utarbeidast eit planprogram for arbeidet. Planprogrammet skal mellom anna gjere greie for føremål, sentrale tema, viktige strategiar og kva utgreiingar som skal gjerast. Forslaget til planprogram (dette dokumentet) skal på høyring samtidig med varsel om oppstart av planarbeidet. Offentlege og private aktørar kan både sende inn merknader til oppstarten og forslaget til planprogram. Frist for å kome med uttale skal vere minst seks veker. Etter høyringa skal kommunen fastsette det endelege planprogrammet, og dette vert lagt til grunn for rulleringsarbeidet. 1.2. FØREMÅLET MED RULLERINGA Det er naudsynt med ei rullering av gjeldande kommunedelplan for vassforsyning for å trygge og forsterke infrastrukturen for vassforsyning, slik at ein kan møte vekst i folketalet, gje naudsynte tilbod til nye bustadområder, samt oppfylle dei myndigheitskrav som gjeld. Viktig fokus innan vassforsyninga i Stryn kommune dei komande åra vil vera å auke kapasitet og tryggleik i samsvar med forventa utbygging, sikre god og helsemessig betryggande vasskvalitet og elles stette dei krav som vert stilt til vassforsyninga. 1.3. GJELDANDE KOMMUNEDELPLAN FOR VASSFORSYNING Føremål med planen er å sikre at alle i Stryn til ei kvar tid har tilgang på godt og nok vatn. Overordna prioritering i gjeldande plan har vore: Vassforsyning Prosjekt for betre vasskvalitet (Stryn/Storesunde/Tjugen vassverk) Prosjekt for sikrare vassforsyning (nye leidningsanlegg, opprusting av leidningsanlegg, høgdebasseng, betre sikring av vasskjelder m.v. Godkjenning av vassverk (kommunale/private) Vassforsyning til nye forsyningsområde
1.4. TILHØVE TIL ANDRE PLANAR Kommunestyret vedtok gjennom budsjetthandsaminga 2015 (2016-2019) å starte arbeidet med å utarbeide kommunedelplan for vassforsyning. Dette vart vedteke 17.des.2015. Teknisk utval har fremja forslag til planstrategi om å prioritere revisjon av kommuneplanen for å få på plass omsynsoner til drikkevasskjelder. Samfunnsdel Samfunndelen skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet og for kommunen som organisajon. Samfunnsdelen skal vere grunnlag for sektorane sine planar og den skal melloma anna gje retningslinjer for gjennomføring av mål og strategiar. Handlingsdelen skal vere grunnlag for kommunen si prioritering av ressursar, planleggings- og samarbeidsoppgåver og konkretisere tiltak innanfor kommunen si økonomiske råme. Arealdel Arealdelen skal gjelde heile kommunen og den skal vise samanhengen mellom framtidig samfunsutvikling og arealbruk. Arealdelen skal seie noko om hovudtrekka i aralbruken og gje råmer og krav til nye tiltak og ny arealbruk. Det er kommuneplanen sin arealdel som er den overordna styringa av arealbruken i kommunen. Kommunedelplan for vassforsyning skal medverke til gjennomføring av arealdelen og skal være det politiske styringsverktyet på vassforsyningssektoren i kommunen. Tiltak i hovudplanen vil verte innarbeidd i kommunen sitt langtidsbudsjett/økonomiplan. Det vert ei sentral utfordring i kommunedelplan for vassforsyning å sikre infrastruktur til ny arealbruk.
2. ORGANISERING OG OFFENTLEG PROSESS 2.1. ORGANISERING Planarbeidet vert utført av Stryn kommune. Administrativ arbeidsgruppe for planarbeidet vil vere: Jan Flore, Stryn kommune Tor Guddal, Stryn kommune Trond Sekse, Norconsult AS Tobias Dahle, Siv.ing Tobias Dahle AS Norconsult er plankonsulent for arbeidet og skal gje Stryn kommune fagleg og administrativ bistand undervegs i prosessen. Plankonsulenten skal vidare utarbeida forslag til plandokument og eventuelle delutgreiingar. Styringsgruppe vert ikkje oppretta, med teknisk sjef vil ta opp aktuelle spørsmål for drøfting/avklaring med teknisk utval undervegs i planarbeidet. 2.2. FØRSTE FASE UTARBEIDING AV PLANPROGRAM Arbeidsgruppa legg fram eit framlegg til planprogram til politisk handsaming og utsending på høyring. Varsel om oppstart av planarbeidet og framlegg til planprogram vert sendt ut til aktuelle offentlege instansar, og det vert annonsert i Fjordingen og på kommunen sine internettsider. Frist for innspel vert minimum seks veker frå kunngjeringsdato. Det kan gjevast innspel til både planprogrammet og planarbeidet generelt. Alle merknader som kjem inn innan utløpet av fristen vert teke med i kommunen si vurdering når endeleg planprogram skal fastsettast. 2.3. ANDRE FASE UTARBEIDING AV ENDELEGE PLANAR Etter at planprogrammet er fastsett, startar arbeidet med rullering av kommunedelplanane. Arbeidsgruppa vil utarbeide eit planframlegg og teknisk utval vert involvert ved viktige vegval i planarbeidet. Arbeidsgruppa legg framlegg til ny kommunedelplan fram til politisk handsaming og utsending på høyring. Framlegga vert sendt ut til aktuelle offentlege instansar, og det vert annonsert i Fjordingen og på kommunen sine internettsider. Innspela til planane vert deretter handsama og planane vert eventuelt revidert og lagt fram til ny høyring (ved vesentlege endringar) eller endeleg vedtak i kommunestyret.
3. FRAMLEGG TIL PROGRAM FOR PLANARBEIDET 3.1. VIKTIGE UTFORDRINGAR Hovudutfordring innan vassforsyning i Stryn kommune i åra som kjem er å: bygge ut reserveforsyning til hovudvassverk bygge ut infrastruktur for vassforsyning og avløp for nye utbyggingsområde i kommunen sikre god forsyningskapasitet i vassforsyninga gjere vassforsyninga mindre sårbar beredskap Ufordringane er nærare kommentert under. 3.2. VASSFORSYNING AKTUELLE FAGUTGREIINGAR På bakgrunn av dei skisserte utfordringane er følgjande tema aktuelle for utgreiing i planarbeidet: 3.2.1. STATUS OG MÅLSETTING Ei oppdatert statusbeskriving for mål og tiltak i gjeldande hovudplan. Formulering av overordna målsetjingar. 3.2.2. ALTERNATIVE KJELDER, KRISEVATN Teknisk/økonomisk vurdering av løysing for alternativ forsyning / forsyning av krisevatn i tilfelle hovudforsyninga sviktar. 3.2.3. VASSFORBRUK, LEKKASJAR OG VASSKJELDER Vurdering av eksisterande og framtidig, dimensjonerande vassforbruk ut frå vurdering av måledata, statistikk for folketalsutviklinga, planlagt utbygging m.v. Vurdere behov for auka leveringskapasitet. Ventar i desse dagar på rapport frå revurdering av dam Holevatn. Signala er at denne ikkje tilfredstiller dagens regelverk og må utbetrast. Spørsmålet er då om ein ved rehabelitering skal auke HRV. Anleggsarbeid ved Holevatn vil fort krevje alternativ vasskjelde i anleggsperioden. 3.2.4. TRYGGLEIKSVURDERINGAR Vurdering av eksisterande hovudleidningsnett med omsyn til kapasitetstilhøve, flaskehalsar, restkapasitet ved brot på sentrale leidningar, kapasitet for uttak av sløkkevatn samt utrekning av opphaldstider. Vurdering av tryggleik og beredskap i drikkevassforsyninga generelt. 3.2.5. FORNYINGSBEHOV Vurdering av behov for fornying av leidningsnettet basert på kjennskap til leidningsnettet sin tilstand og restlevetid. 3.2.6. FORSYNING TIL UTBYGGINGSOMRÅDER Vurdering av vassforsyning til nye forsyningsområder, sett i samanheng med kommuneplanens arealdel.
3.2.7. OVERTAKING AV PRIVATE VASSVERK Vurdering av strategi for eventuell overtaking av private vassverk over ein viss storleik. 3.2.8. FAGKOMPETANSE I EIGEN ORGANISASJON Vurdering av behov for ressursar og kompetanseoppbygging i eigen organisasjon 3.3. KRAV OM KONSEKVENSUTGREIING Kommunedelplanen kjem i utgangspunktet ikkje til å medføre endringar i arealbruk utover dei områda som er sett av i kommuneplanen sin arealdel, og planane utløyser såleis ikkje krav om konsekvensutgreiing. jfr. Forskrift om konsekvensutredninger (2009). 3.4. SAMFUNNSTRYGGLEIK Det skal som utgangspunkt utførast ROS analyser i kommunedelplanane for å vurdere potensielle uønskja hendingar og konsekvensane av desse i høve til samfunnstryggleik. Metodikken vert tilpassa framlegg til plan, detaljeringsgraden på dokumentasjonsgrunnlaget og stadspesifikke tilhøve. ROS analysen skal vere kvalitativ, basere seg på tilgjengeleg informasjon og gjennomført i samsvar med hovudprinsippa i NS5814: Krav til risikoanalyser. Stryn kommune har ein eksisterande beredskapsplan med ROS-vurderingar for vassforsyninga i Stryn kommune. Denne vart utarbeidd i 2014, og vert vurdert som tilfredsstillande med omsyn til ROSanalyser. 4. SLUTTPRODUKTET Eventuelle delutgreiingar vil bli samanfatta i kommunedelplan for Vassforsyning. Det vert i utgangspunktet lagt til grunn at sluttproduktet vil ha følgjande oppbygging: Samandrag Planføresetnader Mål Strategiar, hovudløysingar og konsekvensar Prioriteringar, handlingsprogram og økonomi Oversiktskart
5. FRAMDRIFTSPLAN Aktivitet Politisk handsaming av framlegg til planprogram Høyring planprogram 2016 2017 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 1 2 3 4 5 6 Politisk handsaming Fastsetting av planprogram Fagutgreiingar Utarbeiding av framlegg til kommunedelplanar VA 1. gang politisk handsaming av kommunedelplanar VA Høyring kommunedelplanar VA Vurdering av merknader/ justering av planframlegg 2. gang politisk handsaming og planvedtak