VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL



Like dokumenter
Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Oppdrag 4-08 Læremidler 2008: Rapportering fra fylkeskommunene om status for læremiddelleveranser ved skolestart

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

KRAVSPESIFIKASJON FRÅ OPPDRAGSGIVAREN

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Balestrand kommune Sagatun skule

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Vedlegg: saksframlegg høring læremiddel.doc; vedak ophe.doc

Redusert eigendel elev-pc

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

HØYRING - JUSTERING AV LÆREPLAN I NATURFAG OG MATEMATIKK

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

HØRINGSUTTALE NOU 2007 : 11 STUDIEFORBUND - LÆRING FOR LIVET

Finansiering av dei offentlege fagskolane

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

HØYRING OM NYE IT-STANDARDAR FOR OFFENTLEG SEKTOR

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd

HØYRING AV FORSLAG OM ENDRINGAR I FORSKRIFT OM TILDELING AV UTDANNINGSSTØTTE FOR

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

DIGITAL KOMMUNIKASJON SOM HOVUDREGEL - ENDRINGAR I FORVALTNINGSLOVA - HØYRING

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

elevorganisasjonens utredninger 01:2008 Skolebøker i tide Levering av skolebøker høsten 2008

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

SKULESTRUKTUREN PÅ VOSS REFORDELING AV ELEVPLASSTAL OG UTDANNINGSPROGRAM

AVTALE OM MUSIKKSAMARBEID NOREG KINA 2013

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

Vedlegg: doc; doc

SØKNAD OM RUTELØYVE FOR SIGHTSEEINGBUSS I BERGEN SENTRUM

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

RETNINGSLINE FOR RESERVERTE KONTRAKTAR

Oppmoding om uttale - Hordaland Privatgymnas AS - søknad etter friskulelova

SUtDAI K O M M O N E STABEN. Levekårsutvalet i Suldal handsama dette i møtet og gjorde slikt vedtak:

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

I dette rundskrivet finn du informasjon om innføring av valfag på ungdomstrinnet.

Opplærings- og helseutvalet Innstilling til fylkesutvalet behandles i møte vedtak ettersendes.

Handbok for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

INNEKLIMATILTAK BUDSJETTENDRING 2

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Retten til spesialundervisning

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

FRAMTIDIG FERJELEIE PÅ VARALDSØY I KVINNHERAD KOMMUNE

MØTE BOK. Varamedlemer til stades: Ingen vararepr esentantar hadde høve til å møta


Referat frå møte i Arbeidsutvalet for foreldre ved Hafslo barne- og ungdomsskule

TILSKOT TIL FAGSKULEUTDANNING INNAN HELSE- OG OPPVEKSTFAG - HAUSTEN 2013

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

BUDSJETT KONTROLLORGAN

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Sakshandsamar Dykkar dato Dykkar referanse Rasmus Stokke, tlf

SAK OM INNFØRING AV TIDSDIFFERENSIERTE BOMPENGAR (KØPRISING) I BERGEN

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

Saksnr Innhald Arkivsaknr Godkjenning av protokoll

BRUK AV KONSESJONSKRAFTMIDLAR TIL REGIONAL UTVIKLING - SØKNAD FRÅ ULVIK HERAD OM FORLENGING AV TILSEGN TIL GNIST HARDANGER

Masfjorden kommune. Kompetanseutviklingsplan. for grunnskulen. Kultur. for. læring. Vedteke i kommunestyret den

Oppretting av nye klassar hausten 2015 ved Hordaland helsefagskole

TILSKOT TIL KULTURMINNEÅRET 2009

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Ny strategiplan for Høgskulen

Rådgjevarkonferanse 2009

DEN DIGITALE SKOLEN I HORDALAND FYLKESKOMMUNE - SPØRJEUNDERSØKING VÅREN 2009

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Høyringssvar til og voksne i opplæringssystemet frå Kunnskapsdepartementet

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet

Tilbakemelding til forvaltningsrevisjonsrapporten "Norsk digital læringsarena (NDLA)"

Søking til skuleåret

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Transkript:

Strategi- og næringsavdelinga Arkivsak 200800581-42 Arkivnr. 027 Saksh. Fredheim, Ingeborg Lie, Gjerdevik, Turid Dykesteen, Bjørgo, Vigdis, Hollen, Sverre Saksgang Møtedato Vestlandsrådet 02.12.2008-03.12.2008 VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL SAMANDRAG I møtet 18. september vart det bedt om sak om nynorske lærebøker i det einskilde fylke. Det vart også beden om at saka skulle omfatte andre grupper med særskilde behov for tilpassing av læremiddel som hørsle-/synshemma og framandspråklege elevar. Fylkesrådmannen har i denne saka konsentrert seg særleg om samarbeid mellom fylkeskommunane med tanke på å fremje nynorske læremiddel. Han har ikkje kjennskap til at det er problem knytt til læremiddel for hørsels-/synshemma. Alle fylkeskommunane har opplevd problem med for sein levering av læremiddel. Det ser ut til å vere ein trend at bokmålsutgåvene vert prioritert framfor nynorskutgåvene. Generelt ser det ut til at innkjøpsprosessen for 2008 har fungert betre enn prosessen året før. Saka drøftar ulike former for samarbeid mellom fylkeskommunar: 1. Felles formuleringar i anbodsgrunnlag og avtaletekst. 2. Felles anbodsutlysing og felles rammeavtale. 3. Samarbeid der alle vestlandsfylka forpliktar seg til ikkje å kjøpe læremiddel som ikkje finst på begge målformer. 4. Felles melding til sentrale styresmakter om problema med å følgje krava i lova og oppmoding om å setje i verk sentrale tiltak.

FORSLAG TIL VEDTAK 1. Samarbeid mellom fylkeskommunane med tanke på å fremje nynorske læremiddel vert teke til drøfting. 2. Vestlandsrådet registrerer at det framleis er problem med å få lærebøker på vidaregåande skuler til rett tid. Dette gjeld spesielt knytt til læremiddel på begge målformer, spesielt innan små fag. Dette er ikkje akseptabelt og fylkeskommunane arbeider difor med sikte på å fremje nynorske læremiddel. Vi vil samstundes oppmode Regjeringa om å leggje til rette for dette, t.d. gjennom press mot bransjen og gjennom tilskotsordningar for lærebøker i smale fag på begge målformer. Paul M. Nilsen Svein-Erik Fjeld Vedlegg: 2

FYLKESRÅDMANNEN, 20.11.2008: Bakgrunn I opplæringslova 9-4 heiter det: I andre fag enn norsk kan det berre brukast lærebøker og andre læremiddel som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris. Dette inneber at fylkeskommunane ikkje har høve til å nytte læremiddel som ligg føre berre på ei av målformene. I 17-1 i forskrift til opplæringslova heiter det: Kravet i opplæringslova 9-4 første ledd skal sikre mest mogleg likt tilbod av læremiddel på begge målformer. Samtidig skal reglane gjere det enklare for elevane å dra nytte av opplæringa, og sikre dei språklege rettane til elevane. Reglane skal ikkje hindre at elevane får ta i bruk eit breitt tilfang av lærestoff i opplæringa Fylkeskommunane rapporterte pr 29.08.08 til utdanningsdirektoratet om status for innkjøp av læremiddel ved skulestart. Statusrapport frå Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland fylkeskommunar er vedlagt. I møteboka frå Vestlandsrådet frå møtet 18. sept heiter det m.a.: "Tor Bremer ba om at sak om nynorske lærebøker vert sett på dagsorden i det einskilde fylke og deretter som sak til Vestlandrådet. Tom Tvedt ba om at saka også bør gjelda lærebøker for hørsle-/synshemma og framandspråklege elevar." Fylkesrådmannen legg med dette fram sak om prinsippa for det vidare samarbeidet mellom fylkeskommunane på vestlandet med tanke på å fremje nynorske læremiddel. Fylkesrådmannen har ikkje kjennskap til at det er problem knytt til læremiddel for hørsels-/synshemma. Læremiddel knytt til ulike elevgrupper med særskilde behov er godt dekka gjennom varierte læreverkty og læringsmateriell. Saka vil såleis gjelde problemstillingar knytt til læremiddel i båe målformer. Erfaringar frå innkjøp av læremiddel Alle fylkeskommunane har opplevd problem med for sein levering av læremiddel. Det ser ut til å vere ein trend at bokmålsutgåvene vert prioritert framfor nynorskutgåvene. Innføringa av Kunnskapsløftet parallelt med innføring av ordninga med gratis læremiddel, har truleg vore med å forsterka problema med levering av lærebøker til skulestart for åra 2007 og 2008, m.a. som følgje av at nye læreplanar ikkje har vore ferdige i god nok tid. Generelt ser det ut til at innkjøpsprosessen for 2008 har fungert betre enn prosessen året før. Fylkeskommunane ser det som lite tilfredsstillande at lærebøker vert levert etter skulestart eller at det ikkje vert prioritert å gi ut lærebøker innan einskilde fagområde. Etter lova kan det berre kjøpast inn læremiddel som finst på begge målformer til same tid og pris. Fleire skular oppgir likevel å ha kjøpt læremiddel som berre finst på bokmål. Dette vert begrunna med at alternativet er ikkje å ha læremiddel/bøker, då læremidlane ikkje finst på nynorsk. I einskilde tilfelle kan det tenkjast at skular, ut frå pedagogiske omsyn, vel bokmålsbøker sjølv om andre forlag kan ha tilbod om læremiddel på nynorsk i faget. Bøker som ikkje blir utgitt på nynorsk er i hovudsak knytt til smale fag med få elevar. Ein ser også at det manglar bøker på nynorsk innan einskilde tema innanfor breiare fag. For neste skuleår skal det kjøpast læremiddel til Vg1-elevane. Kunnskapsløftet har vore innført på dette trinnet to år tidlegare, og det er å forvente at læremidla er ferdigstilt frå forlaga innan skulestart.. For Vg2 og Vg3 vil innkjøp av bøker i stor grad innebere supplering, ettersom alle fylka har ei utlånsordning for bøker. Det vil framleis vere ei utfordring knytt til små fag. 3

Det vil framleis vere ei utfordring knytt til små fag. Innføring av ordning med elev-pc og krav om digital kompetanse har auka produksjon og tilgang på digitale læremiddel. Det er ei utvikling som går i retning av bruk av ulike lærestoff trykte og digitale som stør opp om læreplanmåla i dei ulike faga og bort frå læreboka som det eine og heile svaret på krav i læreplanane. Auka bruk av digitale læremiddel vil ha innverknad også på volumet av bokinnkjøpet. Fylkeskommunane har alle, minus Oslo, løyvd midlar til NDLA (Nasjonal Digital Læringsarena) for utvikling av digitale læremiddel. NDLA vil tilby gratis tilgang på læremiddel på Vg1 innan faga Helse- og sosial, naturfag, norsk (desse tre faga er tilgjengeleg i dag), engelsk, kroppsøving, samfunnsfag og matematikk frå neste haust. Det vert og arbeidd for å tilby læremiddel innan Teknikk og Industriell produksjon, elektrofag og Restaurant- og matfag for Vg1-elevane. NDLA tilbyr læremiddel på begge målformer og med vekt på universell utforming. I tillegg til fylkeskommunane sine løyvingar, har Kunnskapsdepartementet, KD, løyvd midlar til NDLA. Prinsipp ved inngåing av nye rammeavtalar - strategiar for å fremje nynorske læremiddel Ein kan sjå føre seg følgjande moglege strategiar/prinsipp: Innarbeide sanksjonar i nye rammeavtalar Eventuelle sanksjonar må knyttast til for sein levering, evt. til leveringsudyktigheit grunna mangel av læremiddel på nynorsk. Dette vil leggje større press på fylkeskommunen sin avtalepart, og vil truleg bidra til at denne vil arbeide aktivt mot forlaga for å sikre læremidlar på begge målformer. Innarbeide kravet om læremidlar på begge målformer i avtaletekst For å leggje meir trykk på kravet om læremiddel på begge målformer, vil det vere føremålstenleg å få inn ei formulering i avtaleteksten, tilsvarande kravet i opplæringslova. Ut frå kravet i opplæringslova, burde ein vere kategorisk på at læremiddel ikkje skal kjøpast dersom dei ikkje finst på begge målformer til same tid og same pris. Etter fylkesrådmannen si vurdering vil eit slikt pålegg ikkje vere forsvarleg, då dette kan føre til at elevar, i einskilde fag, ikkje får læremiddel før langt ut i skuleåret, eller ikkje får læremiddel i det heile, jf 17-1 i forskrift til opplæringslova. Avgrense fridomen til lokalt val av læremiddel Forlaga hevdar at årsaken til at nynorsk-utgåvene av læremiddel innan einskilde fagområde ikkje vert prioritert, er at det ikkje er økonomisk lønsamt å gje ut læremiddel på nynorsk. Dette gjeld særskilt innan små fag. Moglege ordningar for å auke produksjon og omfang av innkjøp for einskilde læremiddel kan vere: felles innkjøp i samarbeid mellom skular, felles innkjøp i fylkeskommunen eller felles innkjøp i samarbeid mellom fylkeskommunar. Det å vere ein stor innkjøpar vil kunne gi større marknadsmakt og bidra til betre grunnlag for produksjon av læremiddel på nynorsk. Dette vil samstundes vere ei radikal endring som vil ta frå skulane deira lokale fridom til val av læremiddel. Dette vil også kunne bidra til eit fagleg smalare tilbod av læremiddel. Som konsekvens av innføring av ordning med berbar pc for elevar, vil likevel den lokale fridomen til val av læremiddel vere noko avgrensa då det er ei føresetnad at skulane nyttar tilgjengelege læremiddel frå NDLA i opplæringa. Desse læremidla ligg føre både på nynorsk og bokmål. Samarbeid med andre fylkeskommunar grader av samarbeid Som nemnt over, vil samarbeid mellom skular eller mellom fylkeskommunar kunne gi større marknadsmakt og vil altså kunne auke høvet til å påverke tilbodet om læremiddel. 4

Når det gjeld samarbeid mellom fylkeskommunar kan ein sjå føre seg ulike grader av samarbeid: 1. Felles formuleringar i anbodsgrunnlag og avtaletekst. Dette gjeld kravet om læremiddel på begge målformer. Ei tydeleggjering av kravet om læremiddel på begge målformer til same tid og pris vil ikkje gi større marknadsmakt til innkjøpar, men vil kunne gi auka fokus på problematikken rundt nynorske læremiddel og ut frå dette kunne gi positiv effekt når det gjeld utvalet av nynorske læremiddel. Det bør også arbeidast for å få inn felles formuleringar knytt til krav om læremiddel innan alle små fag. 2. Felles anbodsutlysing og felles rammeavtale. Dette vil vere ein omfattande og ressurskrevjande prosess, då dette inneber at fylkeskommunane må kome til semje om innhald i og vekting av alle punkt i anbodsutlysing og avtaletekst. Fylkesrådmannen kan ikkje sjå at eit slikt samarbeid i seg sjølv skal kunne vere eit verkemiddel for å sikre breiare tilgang på læremiddel på begge målformer og vil difor ikkje kunne forsvare ein slik ressursbruk. 3. Samarbeid der alle vestlandsfylka forpliktar seg til ikkje å kjøpe læremiddel som ikkje finst på begge målformer. Eit slikt samarbeid vil truleg på sikt gi positiv effekt når det gjeld tilgangen på nynorske læremiddel. Fylkesrådmannen meiner likevel at tiltaket ikkje kan forsvarast av omsyn til elevar som ikkje får tilgang på læremiddel dei skal ha. 4. Felles melding til sentrale styresmakter om problema med å følgje krava i lova og oppmoding om å setje i verk sentrale tiltak (t.d. tilskotsordningar) for å fremje produksjon av læremiddel: a. på begge målformer til same tid og pris b. innan alle (også små) fag Konklusjon Fylkesrådmannen meiner at følgjande prinsipp kan bli lagt til grunn for det vidare samarbeidet mellom fylkeskommunane på vestlandet med tanke på å fremje nynorske læremiddel: a. Innarbeide sanksjonar i ny rammeavtale. b. Innarbeide kravet om læremiddel på begge målformer i anbodsgrunnlag og avtaletekst. Arbeide for å få felles formulering med dei andre fylkeskommunane på vestlandet. Det vil vere dei respektive fylkeskommunane som må ta stilling til om dei ønskjer å samarbeide med andre fylke med sikte på å fremje nynorske læremiddel. Fylkesrådmannen vil også rå til at Vestlandsrådet oppmodar Regjeringa om å leggje til rette for dette, t.d. gjennom press mot bransjen og gjennom tilskotsordningar for lærebøker i smale fag på begge målformer. 5