Tilleggsinnkalling for Kommunestyret Møtedato: 09.05.2017 Møtestad: Kommunestyresalen Møtetid: 18:00 Dersom du av tvingande grunnar ikkje kan møte, eller er ugild i noko sak, gi beskjed snarast til politisk sekretariat tlf: 52792200, eller postmottak@suldal.kommune.no. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling. Møtet startar med temamøte om framtidas omsorg Saksnummer Sakstittel 027/17 Meldingar Sakliste 3 Protokoll frå møte i Suldal kontrollutval 25.04.2017 037/17 Haugaland brann og redning - val av vararepresentant til representantskapet Innstillinga frå valnemnda vert lagt fram i møtet Sand, 03.05.2017 Gerd Helen Bø ordførar
Sakspapir Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Anne Brit Mikkelsen K1-033 17/468 Saksnr Utval Type Dato 027/17 Kommunestyret PS 09.05.2017 Meldingar 3 - Protokoll frå møte i Suldal kontrollutval 25.04.2017
Møte nr. 2/17 SULDAL KONTROLLUTVAL PROTOKOLL Tysdag 25. april 2017 blei det halde møte i Suldal kontrollutval under leiing av leiar Vanja Ignjatic. MØTESTAD: Suldal kommunehus, politisk møterom MØTESTART-MØTESLUTT: kl. 10.00 12.30 MØTANDE MEDLEMMER: FORFALL: FRÅ SEKRETARIATET MØTTE: FRÅ REVISJONEN MØTTE: Vanja Ignjatic (H), Eldbjørg Sivertsen (Krf), Berit Myrland (SV), Tormod Skeie (SV) og Otto Underbakke (H) Ingen Rådgjevar Odd Gunnar Høie, Haugaland Kontrollutvalgssekretariat IKS Revisjonsdirektør Cicel T. Aarrestad - Rogaland Revisjon IKS FRÅ ADMINISTRASJONEN MØTTE: Rådmann Øyvind Valen i sak 9 og 11 kommunekasserar Arnfinn Gundersen i sak 9 ANDRE SOM MØTTE: MERKNADER TIL INNKALLING: MERKNADER TIL SAKLISTE: Ordførar Gerd Helen Bø i sak 9 og 11, elverksjef Tor Bjarne Smedsrud og økonomisjef Aslak Moe i sak 10 Ingen Sakene blei handsama i denne rekkefylgja: 9, 11, 7, 10 og 8 FØLGJANDE SAKER BLEI HANDSAMA: SAK 07/17 GODKJENNING AV PROTOKOLL 16.02.17 Sekretariatet si innstilling: Protokoll frå møte i kontrollutvalet 16.02.17 blir godkjent slik han ligg føre. Utvalet hadde ingen merknader til protokollen. Medlemmene ønskte at protokollane for framtida blir meir kortfatta og berre inneheld innstilling, vedtak og eventuelt kortfatta omtale av handsaminga i møtet. 1
Møte nr. 2/17 Samrøystes vedtak i kontrollutvalet 25.04.17: Protokoll frå møte i kontrollutvalet 16.02.17 blir godkjent slik han ligg føre. SAK 08/17 REFERAT- OG ORIENTERINGSSAKER 25.04.17 11. Statusoversikt pr. april 2017 12. K-styrevedtak 21.03.17, sak 24/17 forvaltningsrevisjonsrapport «Pleie og omsorg» 13. Velkommen som ny medeier! Frå Rogaland Revisjon IKS v/aarrestad 14. Kontrollrapport 2016 vedkomande skatteoppkrevjarfunksjonen for Suldal kommune 15. Representantskapsmøte 24.04.17 Haugaland kontrollutvalgssekretariat IKS 16. Representantskapsmøte 24.04.17 Rogaland Revisjon IKS 17. Representantskapsmøte 27.04.17 - Ryfylke Miljøverk IKS 18. Representantskapsmøte 27.04.17 Interkommunalt arkiv Rogaland IKS 19. Representantskapsmøte 28.04.17 Haugaland Vekst IKS 20. Representantskapsmøte 24.05.17 Krisesenter Vest IKS 21. Årsmøte 08.06.17 - Ryfylke IKS 22. «Barnevern» - skriv frå FKT av 03.04.17 23. Svarbrev av 22.02.17 - vedk. vedtak i kontrollutvalet 16.02.17 Leiar gjorde greie for sakene. Utvalet hadde ingen særskilte merknader til referatsakene. Samrøystes vedtak i kontrollutvalet 25.04.17: Referatsakene 11 23 blir tatt til orientering. SAK 09/17 SULDAL KOMMUNE UTTALE TIL ÅRSREKNESKAPEN FOR 2016 Sekretariatet si innstilling: Kontrollutvalet i Suldal vedtek uttale til kommunerekneskapen for 2016 slik den ligg føre / med desse endringane / tillegga.. Rådmannen og kommunekasserar orienterte om årsrekneskapen og årsmeldinga. Samrøystes vedtak i kontrollutvalet 25.04.17 og innstilling til kommunestyret: Kontrollutvalet i Suldal vedtek uttale til kommunerekneskapen for 2016 slik den ligg føre: «Suldal kommune sin årsrekneskap for 2016 er gjort opp med eit rekneskapsmessig mindreforbruk/overskott på 22,1 millionar kroner. Kontrollutvalet har merka seg at rekneskapen viser eit positivt netto driftsresultat med 52,3 millionar kroner, og at delar av dette er nytta til avsettingar. Under tilvising til utvalet sin eigen gjennomgang av dokumenta og revisjonsmeldinga, meiner kontrollutvalet at årsrekneskapen totalt sett gjer eit forsvarleg uttrykk for resultatet av kommunen si verksemd for 2016 og for kommunen si økonomiske stode pr. 31.12.16. 2
Møte nr. 2/17 Ut over dette har kontrollutvalet ingen andre merknader til Suldal kommune sin rekneskap anna enn det som går fram av revisor sitt årsoppgjørsnotat og revisjonsmeldinga». SAK 10/17 SULDAL ELVERK KF UTTALE TIL ÅRSREKNESKAPEN FOR 2016 Sekretariatet si innstilling: Kontrollutvalet i Suldal vedtek uttale til særrekneskapen til Suldal KF 2016 slik den ligg føre / med desse endringane / tillegga.. Elverksjefen orienterte om årsrekneskapen. Samrøystes vedtak i kontrollutvalet 25.04.17 og innstilling til kommunestyret: Kontrollutvalet i Suldal vedtek uttale til særrekneskapen til Suldal KF 2016 slik den ligg føre: «Kontrollutvalet har merka seg at Suldal Elverk KF sin rekneskap for 2016 viser eit årsresultat på 11,5 mill. kr. Under tilvising til utvalet si eigen gjennomgang av dokumenta og revisjonsmeldinga, meiner kontrollutvalet at årsrekneskapen totalt sett gjer eit forsvarleg uttykk for resultatet av føretaket sin verksemd for 2016 og for føretaket si økonomiske stode pr. 31.12.16. Kontrollutvalet i Suldal har ingen merknader til Suldal Elverk sin særrekneskap ut over det som går fram av revisor sitt årsoppgjørsnotat og revisjonsmeldinga». SAK 11/17 TINGING AV FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT «INNSPARING, EFFEKTIVISERING OG FORENKLING» Sekretariatet si innstilling: Suldal kontrollutval tingar ein forvaltningsrevisjonsrapport om «Innsparing, effektivisering og forenkling». Utvalet ønskjer at prosjektet skal omhandla: 1. alternativ - Administrasjonskostnader eller 2. alternativ - Skule spesialundervisning vs. tilpass opplæring. Prosjektet tingast i samsvar vedlagte prosjektmandat/med dei endringane som kjem fram i møtet. Oppdraget tingast frå Rogaland Revisjon IKS innanfor ei rame på 200 timar. 3
Møte nr. 2/17 Utvalet drøfta framlegget. T. Skeie fremma eit alternativ til vedtak, inkludert problemstillingar. Han valde å trekkje framlegget under handsaminga. Medlemmene blei samde om å velja alternativ 1 med nokre endringar. Revisor noterte seg endringane og vil ta dei med i prosjektet. Samrøystes vedtak i kontrollutvalet 25.04.17: Suldal kontrollutval tingar ein forvaltningsrevisjonsrapport om «Innsparing, effektivisering og forenkling». Utvalet ønskjer at prosjektet skal omhandla: 1. alternativ - Administrasjonskostnader Prosjektet tingast i samsvar vedlagte prosjektmandat, med endringar når det gjeld kva kommunar ein skal samanlikna seg med. Oppdraget tingast frå Rogaland Revisjon IKS innanfor ei rame på 200 timar. YMSE Ingen saker blei meldt. Neste møte: 01.06.17, kl. 10.00 Sand/Aksdal, 25.04.17 Vanja Ignjatic Leiar Odd Gunnar Høie Kontrollutvalssekretær 4
: Sakspapir Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Dagfinn Helland K1-033 17/529 Saksnr Utval Type Dato 037/17 Kommunestyret PS 09.05.2017 Haugaland brann og redning - val av vararepresentant til representantskapet Valnemnda si innstilling Sand, 03.05.2017 Gerd Helen Bø ordførar
Saksopplysningar: Fakta Suldal kommune vedtok i sak 18/16, i møtet 15. mars 2016, oppretting av interkommunalt brannvesen på Haugalandet og indre Ryfylke. I denne saka vart ordføren i Suldal vald som kommunen sitt medlem i representantskapet. Viser til vedtatt selskapsavtale for Haugaland brann og redning. I kap. 3 står følgjande: «3-1 Representantskapet Representantskapet er selskapets øverste organ og består av 1 medlem med varamedlem oppnevnt fra hver av deltakerkommunene. Representanten representerer sin kommunes andel ihht eierbrøken i 2-2. Ved eventuelt opptak av ny deltakerkommune skal representantskapet utvides med 1 nytt medlem. Kommunestyrene i deltakerkommunene skal oppnevne 1 medlem med varamedlem for kommunevalgperioden på 4 år jf. lovens 6.» Gjeldande planar, retningsliner og vedtak Selskapsavtalen for Haugaland brann og redning. Vurdering og konklusjon Valnemnda legg fram forslag til val av vararepresentant direkte i kommunstyremøtet 9.ami 2017.