Side 1 av 5 Næringsavdelinga Notat Sakshandsamar: Kristin Arnestad E-post: kristin.arnestad@sfj.no Tlf: 57 65 62 45 Vår ref. Sak nr.: 11/5776-2 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 34646/11 Dykkar ref. Dato LEIKANGER, 29.11.2011 Frå: Næringsavdelinga ved Sogn og Fjordane fylkeskommune Til: Kommunane i Sogn og Fjordane Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting 1. INNLEIING OG BAKGRUNN Bakgrunn for at det vert jobba med nye retningsliner Gjennom det treårige prosjektet Kommunal næringsutvikling samarbeider fylkeskommunen, Innovasjon Norge, fylkesmannen og kommunane om å gjere kvarandre endå betre til å jobbe med næringsutvikling. Eit av delprosjekta er å vidareutvikle kommunale næringsfond til å bli eit betre verkty for å støtte opp under kommunal næringsutvikling, mellom anna gjennom nye og betre retningsliner. Kva vi legg fram i dette notatet Vi legg fram nokon tankar om kva problemstillingar vi må sjå på i samband med utarbeiding av nye retningsliner frå 2012. Dette gjer vi for å informere kommunane om dei vurderingane som vil bli gjort i samband med utarbeiding av nye retningsliner. Notatet skal vere ei støtte for kommunane når de skal kome med innspel. Prosessen fram mot nye retningsliner Det skal gjerast ei enkel evaluering av næringsfonda. Vi vil sjå litt på bruk av næringsfonda i Sogn og Fjordane og korleis retningslinene har fungert, korleis andre fylke har organisert ordninga med kommunale næringsfond, samt ha ein dialog og erfaringsutveksling med Kommunalog regionaldepartementet som skal gjere ei nasjonal evaluering av kommunale næringsfond. Den nasjonale evalueringa skal vere klar på nyåret. Fylkeshuset Askedalen 2 6863 LEIKANGER Tlf.: 57 65 61 00 Faks: 57 65 61 01 Bankgiro: 3781.07.00050 postmottak.sentraladm@sfj.no www.sfj.no Org.nr.: NO 941 388 841 MVA
Side 2 av 5 Arbeidet vil skje i tett dialog med Innovasjon Norge og med kommunane. Kort om ordninga med kommunale næringsfond Å medverke til å gjere kommunane betre rusta til å arbeide med næringsutvikling har blitt ei stadig viktigare satsing for fylkeskommunen. Kommunale næringsfond er ein del av dette. Midlane til kommunale næringsfond kjem som eit skjønnstilskot frå Kommunal- og regionaldepartementet, og dette tilskotet har meir enn dobla seg dei siste fem åra. Auka midlar vil såleis krevje tettare oppfølging, både gjennom regelverk men særleg gjennom kurs og kompetanseheving. Fylkeskommunane forvaltar skjønnstilskotet frå KRD og utarbeider eigne retningsliner for kvart fylke. Kommunane igjen har eigne retningsliner for bruken av midlar i sin kommune. Det er også nasjonale reglar som er overordna føringar for bruken av midlane. I tillegg til å forvalte midlane har også KRD pålagt fylkeskommunane å ha ein tydeleg kontroll og sanksjonsfunksjon overfor kommunane. Vi viser til eksisterande retningsliner i vedlegg. Vi viser elles til vår nettside www.sfj.no der de kan gå inn på næring kommunal næringsutvikling - kommunale næringsfond for å få informasjon om ordninga slik den er i dag. Om de har spørsmål utover dette må de gjerne ta kontakt. 2. NOKON SÆRLEGE PROBLEMSTILLINGAR TIL DRØFTING Vi tek utgangspunkt i eksisterande retningsliner, men det er sjølvsagt høve til å kome med andre innspel om de meiner noko manglar i retningslinene eller i dette notatet. Det er lagt opp til ei full rullering av retningslinene. Det vil seie at alle punkt vil bli vurdert. Ta gjerne utgangspunkt i eksisterande retningsliner og trekke fram punkt som bør endrast eller som manglar. Gjennomgangen under er ikkje uttømmande, men er meint å gje eit bilde på kva som vil bli vurdert slik at de lettare kan kome med tilbakemeldingar. Kven som kan få midlar til næringsfond I dag er det slik at alle kommunane i fylket er omfatta av ordninga, men nokon kommunar kan likevel falle utanom tildeling til næringsfond sidan dei har kraftinntekter over gitte grenser. I dag får berre kommunar som har inntekter på konsesjonsavgifter under 1 mill. kr. tilskot til kommunale næringsfond. I tillegg må kommunane oppfylle nokon minstekrav jf. neste punkt. Viktige spørsmål under dette punktet vil vere:
Side 3 av 5 - Er det ynskjeleg å utjamne eventuelle forskjellar mellom «kraftkommunar» og kommunar utan kraftinntekter ved å ha ei grense i høve konsesjonsavgifter som no? - Er grensa i dag sett på rett sum? Vi vil vurdere å auke grensa. - Er beste løysinga å nytte NVE sine tal for konsesjonsavgifter, slik det vert gjort i dag? Andre inntekter kommunane får som følgje av kraftproduksjon i kommunen vert då ikkje fanga opp. Er det alternative måtar å vurdere kraftinntekter på? Minstekrav for tildeling Kommunar som får tildelt midlar til kommunale næringsfond etter fastsette kriteria må i dag oppfylle fire krav. Dei må ha: 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet, 2. eit næringsapparat med ein person i minimum 50% stilling (næringsrådgjevar eller tilsvarande), 3. utarbeidd ein strategi for næringsutvikling og 4. årsrapport. Det er naturleg at mykje av dette vert vidareført, men vi vil særleg sjå på om og korleis ein definerer krav til storleik på næringsapparatet. Vi vil også sjå på detaljane under dei andre punkta og vurdere eventuelle nye krav eller føringar. Under dette punktet ber vi særleg kommunane kommentere punktet om storleik på næringsapparatet. Vi ynskjer å skjerpe kravet om nok og rett kapasitet til å arbeide med næringsutvikling i kommunane. Arbeidet som t.d. rådmann og ordførar gjer innan næringsutvikling bør kome i tillegg til dette kravet. - Er det fornuftig å setje eit krav om stillingssats, eller måler ein kapasitet best på ein annan måte? - Kva vil å så fall vere beste måltalet på stillingssats eller kapasitet? - Er det særlege problemstillingar knytt til korleis ein vil tolke eit slikt krav/kva som skal inngå i stilling eller kapasitet? - Skal det stillast krav til særskilt kompetanse i tiltaksapparatet? - Er det andre krav som vil vere viktige for å syne at kommunane prioriterer næringsutvikling? Stimuleringstilskot Det har tidlegare vore uttrykt tydeleg at fylkeskommunen vil leggje til rette for at kommunane skal kunne samarbeide om næringsarbeidet på tvers av kommunegrensene. Det er innført eit stimuleringstilskot for felles tiltaksapparat som i dag er på kr. 50 000 per kommune. I budsjettet til fylkeskommunen er det signalisert ein auke av denne summen, for å stimulere til større miljø og auka kvalitet på bruken av næringsfonda. I arbeidet vidare vil ein vurdere kva som er rett nivå på stimuleringstilskotet, og om det er fleire tiltak som bør føre til ei ekstra løyving.
Side 4 av 5 Vi vil mellom anna vurdere: - Kva sum må til for at kommunar går inn i eit formalisert samarbeid om felles tiltaksapparat? - Kva må oppfyllast før kravet til eit felles tiltaksapparat er stetta? - Vi vil vurdere fleire former for stimuleringstilskot. Både felles tiltaksapparat som i dag og ekstra tilskot til felles fond (også over fylkesgrensene). Fordeling mellom kommunane Slik det er no vert stimuleringstilskotet fordelt først, før 70 % av resterande midlar blir fordelt likt mellom dei kommunane som kan få løyvd midlar til kommunale næringsfond (dei som i dag har kraftinntekter under 1 mill. kr.), medan 30 % av resterande midlar vert fordelt på grunnlag av folketal i kommunen. Vi vil også sjå på om dette er ei tenleg løysing for framtida. - Skal vi framleis nytte to fordelingsnøklar som er lik fordeling på ein del av summen og folketal på den andre delen? - Er i så fall desse to faktorane rett vekta mellom kvarandre? - Er det andre parameter som bør inn i fordelingsnøkkelen? Er det t.d. mogleg å gje ekstra til dei som arbeider særleg godt og prioriterer kapasitet og kvalitet? Kapitalgrenser og rolledeling Det er utarbeida eit eige notat for rolledeling i finansieringssaker. Dette omfattar mellom anna rolledeling mellom Innovasjon Norge og kommunane, som er dei to partane som fylkeskommunen nyttar som verkty for den bedriftsretta satsinga. I dette ligg det også nokon grenser for kva søknader som skal handsamast av kommunen og kva som skal handsamst av Innovasjon Norge. Dette går både på type prosjekt og beløp. Notatet og grensene vurderer vi årleg i samarbeid med Innovasjon Norge og det vert sjølvsagt gjort no også. Eksisterande notat for rolledeling finn de på nettsida vår. Sfj.no næringsutvikling kommunal næringsutvikling kommunale næringsfond. Kapitalgrensene er i dag slik: Investeringstilskot til investering i bygg, utstyr og maskiner. Gjeldande grense: søknader med samla kapitalbehov (totalkalkyle) inntil kr 500.000 vert finansiert gjennom kommunale næringsfond / kraftfond. Bedriftsutviklingstilskot til etablerarstipend, produktutvikling, marknadsundersøkingar, planlegging, konsulenttenester og opplæring. Gjeldande grense: søknader med samla kapitalbehov (totalkalkyle) inntil kr 100.000 vert finansiert gjennom kommunale næringsfond / kraftfond. Tilskot til tiltaksarbeid og kunnskapsretta infrastruktur. Dette gjeld regionalt
Side 5 av 5 samarbeid, etableraropplæring, samarbeid skule/næringsliv og lokale analyser/utgreiingar. Fylkesdirektøren vil ikkje føreslå spesielle kapitalgrenser for slike saker. Det er aktuelt med ein auke av desse grensene. Prioriterte målgrupper og satsingar Kvinner, ungdom og innvandrarar er ei prioritert målgruppe ved tildeling av midlar frå kommunale næringsfond. Dette er eit krav som kjem frå KRD. I tillegg er det eit punkt som går på at Sogn og Fjordane må styrkje satsinga på kunnskapsintensiv og kreativ verksemd, uavhengig av bransje. Fylkeskommunen ynskjer difor at kommunane prioriterer satsing på kunnskapsintensiv og kreativ verksemd ved tildelingar frå kommunale næringsfond. Dette punktet var nytt frå 2011. Det vert sjølvsagt vurdert igjen, saman med eventuelt andre føringar. Tidlegare har fylkeskommunen vore forsiktig med å legge for mange føringar på kommunane og heller stole på dei prioriteringane kommunane gjer i samband med strategiar og planar. Førebels vurderer fylkeskommunen det slik at vi ikkje bør vere for omfattande med føringane. Utviklingsprosjekt I dag er den bedriftsretta bruken av næringsfonda bra presisert. Det vil bli vurdert om det er trong for å presisere sterkare kva som er ynska bruk av næringsfonda til ulike utviklingsprosjekt. 3. FRIST OG TILBAKEMELDING Vi ynskjer ein tett dialog med kommunane om forvaltninga av kommunale næringsfond. Vi håpar difor de nyttar sjansen til å kome med tilbakemeldingar til oss. Frist for tilbakemelding er 5. januar 2011. Tilbakemeldingar kan kome skriftleg, men og munnleg i høyringsmøter eller begge deler. Skriftlege høyringsfråsegner vil følgje sak til hovudutval for plan og næring som vedlegg, munnlege tilbakemeldingar vil kome fram så godt det let seg gjere gjennom møtereferat.