Klatre- og friluftsprosjekt i Jølster

Like dokumenter
SLUTTRAPPORT TRENINGS- OG SAMTALEGRUPPE FOR PÅRØRANDE 2017/HE

Q1 Eg er : 1 / 21. Ungdom i Stordal sitt syn på kommunereforma m.m. Besvart: 44 Hoppet over: 0. Gut. Jente 0% 10% 20% 30% 40% 50% 60% 70% 80% 90% 100%

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

MØRE OG ROMSDAL FYLKESLAG SLUTTRAPPORT. Prosjektnummer: 2008/1/0468. Dette prosjektet er støtta med EXTRA-midlar frå

Til deg som bur i fosterheim år

Verdiblink kan brukast i grupper av tilsette i kommunane på ulike nivå i organisasjonen.

GLADE ELDRE PÅ SYKKEL EIT PROSJEKT I REGI AV NASJONALFORENINGEN JØLSTER HELSELAG

Refleksjon og skriving

Finnøy og Rennesøy kommunar

Vidaregåandeelevar i Førde kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Idrett og fysisk aktivitet. Rullering av handlingsplanen 2016

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

Ungdata 2017 i Møre og Romsdal: Ekstraspørsmålspakke om oppleving av trivsel og tryggleik i organiserte fritidsaktivitetar rapport

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Ungdata-undersøkinga i Seljord FAKTA OM UNDERSØKINGA: Tidsput: Veke 36 Klassetrinn: klasse Antall: 89

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

Vidaregåandeelevar i Sogn og Fjordane. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Foreldregruppe i barnehagen

Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Barnerettane i SKULEN

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Barn og unge sin medverknad i barnevernet.

Ungdomsskuleelevar i Granvin kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

Inn på tunet. Utvikling av dagtilbod for heimebuande personar med demens i Gloppen v/prosjektleiar Merete Knoff

Elevundersøkinga 2016

MÅNADSBREV FOR SEPTEMBER:

Månadsbrev for Rosa september 2014

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Månadsbrev for ROSA mars 2015

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2015/2016

Nysgjerrigper-konkurransen Er det ei grense for kor lenge vi kan klare å halde auga opne utan å blunke?

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Kropp rørsle og helse. Kristine Mardal Fysioterapeut i Årdal kommune

Veslefrikk. Mai Helsing Oddbjørg, Vibeke, Gunn-Iren og Elida

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING FOR VALLE JUNIORKLUBB OG UNGDOMSKLUBB 2017

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

6-åringar på skuleveg

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

4 x Friluftsskular i Ytre Sogn

Idrett og fysisk aktivitet

Månadsbrev for Februar

Til deg som bur i fosterheim år

Sluttrapport. Rehabilitering, 2010/3/0313. Prosjekt: Volleyball for alle. Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité.

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Stillaste jenta i klassa

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Info til barn og unge

Månadsbrev for Blå, april 2016

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Show-it i Bryne Frikyrkje. Skrevet av Steinar Barmen mandag 15. mars :31 - Sist oppdatert mandag 15. mars :30

BARNEVERNET. Til beste for barnet

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

NATUR, MAT OG HELSE KAPITTEL 13 1 KVA VEIT DU? Skriv namn på fem bærtypar og fem fruktslag.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

ETIKK, RELIGION OG FILOSOFI

Barns leik og vennskap. Utviklingsarbeid i Mork barnehage hausten våren 2018

Presentasjon av resultat frå Ungdataundersøkinga

Bjørnehiet SFO - informasjon

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Kva er Leikepatruljen? Føremål. Føremål og bakgrunn. Aktive barn trivst betre

Rapport ungdomskurs i bridge på Os februar 2016

Eksempel frå Stord kommune

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

AKTIVITETER PÅ OG FRA KYSTGÅRD. UTFLUKTER TURER SPENNENDE AKTIVITETER.

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Inn på tunet. Utvikling av dagtilbod for heimebuande personar med demens i Gloppen v/prosjektleiar Merete Knoff

DEN KULTURELLE SKULESEKKEN I SOGN OG FJORDANE Referat frå møte med kulturkontaktane, april mai 2010

Bruk av driftsmidlar Frifond

Søknadsinfo:

Sluttrapport. VossaAktiv! Prosjektnummer: Prosjektleiar: Marit Nedkvitne, Voss Røde Kors. Søkjarorganisasjon: Norges Røde Kors

Sats på førarpatruljen! Om å starte og drive førarpatrulje i troppen v/sveinung Eiksund

Har gått frå langtidsledige til å bli faglærte i betongfaget

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Hovudområde Delområde Mål 2016

Serviceskyssen i Gaular

Transkript:

Klatre- og friluftsprosjekt i Jølster Frå Sognehallen, veggen er 13 m høg.

Forord Klatre- og friluftsprosjektet i Jølster kom i gang som ein følge av samtaler mellom aktivitør i Jølster kommune og dagleg leiar på Jølster frivilligsentral. Saman hadde vi positiv erfaring med klatring og psykisk helse. Samtidig er begge opptekne av friluftsliv. Prosjektleiar var dagleg leiar i Jølster frivilligsentral, men slutta i den jobben i februar 2013, men har fortsatt som leiar for klatre og friluftsprosjektet. Vi har hatt med oss mellom seks og ti deltakarar på forskjellig aktivitet to gonger i månaden i to år. Det har vore mykje moro, svette og slit. Sammendrag Då det i ei periode var mykje diskusjon om «problemungdom» og manglande tiltak for unge utan tilbod om organisert aktivitet, ville leiar i Jølster frivilligsentral ta tak i dette. Som tidlegare medarbeider i Kongsberg kommune, der ho arbeidde med kulturtilbod for vaksne med psykiske utfordringar, hadde ho erfart at klatring og fysisk aktivitet kunne hjelpe på i ei vanskelig periode. Saman med aktivitør på kommunens dagsenter for psykisk helse, blei det lagt ein plan for korleis ein kunne få i gang eit klatretilbod for ungdom som var i ferd med å bevege seg ut på marginane. Proskejtet har vore i gang i to år. Fokuset har vore på klatring, både innandørs og ute, men det har vore litt variasjon i aktivitetane, tilpassa vær og ønske frå deltakarane. Vi har klatra i vegg inne, i fjellet ute og i klatrejungel. Vi har balansert på slakkline, gått tur og vi har bowla. Målet for prosjektet har vore å aktivisere inaktiv ungdom, få dei til å sjå nytten av å delta og at dei tilslutt deltek i organisert idrett eller anna organisert aktivitet. At dei integrerast på ein eller annan måte. Det har vore to år med mykje moro, slit og svette. Alle ungdomane har utvikla seg når det gjeld klatreferdigheter. Dei fungerte godt som gruppe, og har utvikla eit godt vennskap. Alle ungdomane deltek i organiserte aktivitetar i dag, om ikkje som medlemmer i ein klatreklubbb. 2

Innholdsfortegnelse Forord og sammendrag... side 2 Innholdsfortegnelse... side 3 Bakgrunn/Målsetting... side 4 Gjennomføring/Metode... side 4 Resultat/resultatvurdering... side 5 Oppsummering... side 6 Vedlegg... side 7, 8 og 9 3

Bakgrunn for prosjektet/målsetting Tilbod til ungdom som ikkje tar del i organsisert aktivitet i Jølster er svært begrensa. Mykje på grunn av at økonomien i kommunen er dårlig. Frivilligsentralen har organisert ein ungdomsklubb, Fredagsklubben, der ein har treff tre fredagar i månaden og ein følger skuleruta. I tillegg har kommunen eit tilbod enkelte tirsdagskveldar på dagsenter for psykisk helse. I ei periode var det mykje diskusjon rundt det med tilbod til ungdom. Mange meinte at ungdomen må klare å få til noko sjølv, at dei bør organisere seg og finne på noko. Om ein har problem, om ein av ein eller annan årsak ikkje er skikkelig integrert i lokalsamfunnet, er det ikkje lett å sette i gang med noko. Om ein ikkje kjenner at ein mestrar i kvardagen, korleis skal ein ha overskot til å sette i gang større prosjekt? På mange måtar er det verre ikkje å vere integrert i eit lite samfunn der alt er gjennomsiktig. Alle veit kven du er, og kjenner problema dine. Den sosiale kontrollen er stor, og ein kan ikkje skilje seg for mykje ut. Det er få mennesker å velge mellom om du ikkje finn venner du trivast i lag med. Det blir eit synleg nederlag, spesielt når kravet til å lykkes på alle livets områder er stort. Desse tinga satte igang ein tankeprosess hos dagleg leiar på frivilligsentralen, og resulterte i eit ønske om å auke mestringskjensla hos ungdom som er i ferd med å bli marginalisert. Erfaringa frå Kongsberg har gitt stor tru på friluftsliv, og spesielt klatring som middel for å få mestringskjensle. Ein får mykje fellesskap av å oppleva ting saman ute i naturen, men det er ikkje mykje som kan gje påfyll på mestringskjensla som å klatre til topps i ein høg vegg. I tillegg er det å klatre sett på som ein ekstremsport, det igjen kan føre til at folk ser på deg med større interesse og andre auger enn før. Ein får anerkjennelse når ein driv med slik aktivitet. Det blei diskutert med Janne Eikås, aktivitør for psykisk helse, med høgskuleutdanning i fysisk aktivitet som behandlingsmetode. Ho tende på ideen og søknad blei sendt. Vi hadde begge to Bratt-kort og erfaring med klatring, samt at begge er opptatt av friluftsliv. I prosjektbeskrivelsen står det at målet er at ungdomen skal komme ut i organisert aktivitet, at dei skal integrerast i eit miljø. Prosjektgjennomføring Sidan vi var to instruktørar kunne vi ikkje ha ei veldig stor gruppe. Korleis kan ein få tak i deltakarar utan å stigmatisere dei? Vi valgde å invitere alle, og få sosiallærarane på skulane i kommunen til å hjelpe oss å ta ut deltakarar. Slik fekk vi med oss dei som utmerka seg med dei største utfordringane. Meininga var at Janne, som har kjennskap til gruppa med psykiske lidingar skulle rekruttere fra dei unge som var ferdig i grunnskulen. Det viste seg raskt at gruppa frå grunnskulen blei så stor at det ikkje blei rom for andre deltakarar. Vi starta opp med ei gruppe på 10 deltakarar med forskjellige problem. Før vi begynte fylte ungdomane i eit spørreskjema, der vi spurde om graden av deltaking i organisert aktivitet, om dei var med på fredagsklubben m.m. Dette for å få noko å måle opp mot, når prosjektet var ferdig og for å kunne evaluere undervegs. Vi hadde ikkje forsikring på deltakarane, slik at foreldrenes forståing av at dette pågikk på eige ansvar var naudsynt. Vi starta forsiktig med buldring på friluftsfolkehøgskulen, Nordfjord folkehøgskule på Vereide. 4

Dei har eit rom for buldring og klatring. Vi såg at ungdomane raskt ville ha bruk for nye utfordringar. Allerede første gongen hadde vi opp tau. Vi gjekk gjennom sikkerhetsrutiner for bruk av tau og belte. Noko vi har terpa på gjennom heile prosessen, sikkerhet er viktig. Vi har heller ikkje hatt nokre skadar eller uhell i prosjektet. Etter nokre kveldar på Vereide reiste vi til Sogndal for å bruke veggen i Sognehallen. Det er dobbelt så høgt opp til toppen som det er i veggen på Vereide. Dei fleste kom seg opp utan større problem. Fyrste gongane kom dei halvvegs, så måtte dei ned og slappe av litt før dei klatra til topps. Men det var og nokre som ikkje kom seg opp. Vi begynnte å sjå individuelle forskjellar i fysiske ferdigheter og det å ha tru på seg sjølv. Det gjekk heller ikkje lang tid før vi kunne begynne å klatre ute. Å vere ute og klatre i fast fjell er noko heilt anna og mykje meir «virkelig» enn å klatre i ein vegg inne der fester og tak er lett synlege. Ute må ein bruke augene og hjerne mykje meir. Det krever ein stor porsjon konsentrasjon. Etter ei tid såg vi at det kunne vere nyttig for nokre av ungdomane å balansere på slakkline. Betre fysisk balanse fører til betre mental balanse og betre konsentrasjon. Vi har kjøpt inn og hatt med frukt og drikke på kvar aktivitet. Midtvegs i aktiviteten har vi hatt ei lita pause og diskutert kva vi skulle gjere neste gong. Deltakarane har altså vore med å bestemt kva aktivitet vi skulle til med. Av andre aktivitetar vi har drevet med kan vi nevne at vi har klatra på Haugabreen, vi har vore på skogstur med pølsegrilling og slakkline, vi har klatra i klatrejungel i Førde samt hatt to bowlingkveldar. Resultater og resultatvurdering Heilt frå starten kunne vi sjå at det var store individuelle forskjeller på ungdomane, nokre var prega av inaktivitet og overvekt, andre av lita tru på egne evner. Dei vi hadde med oss var i alderen 12-15 år. Det kan hende vi skulle hatt med fleire deltakarar, men då måtte vi hatt fleire instruktørar og større bilar, eventuelt fleire bilar. Vi har hatt litt utskifting i gruppa, nokre har slutta og andre er kome inn. Grunnen til at dei slutta er ikkje alltid kjent. Gruppa fungerte godt sammen frå første stund, til tross for forskjeller på alder og ferdighetsnivå. Dei bur forskjellige stader i kommunen men har hatt kontakt på Facebook, noko som førde til at dei blei godt kjende og hadde kontakt også mellom kvar gong vi hadde aktivitet. Som sagt var det heilt frå starten individuelle forskjeller på evne og ferdigheter i gruppa. Der enkelte kom seg heilt til topps med ein gong, måtte andre ned og tenke seg om fleire gonger før dei klatra til toppen. Andre igjen kom seg ikkje heilt opp. Ein av deltakarane kom seg til topps kun i veggen på Vereide, der det var minst utfrodring. Det er også han som er overvektig og ein kan sjå på det som ein siger kvar gong han kom seg opp i veggen i det heile. Det kan vere at vi burde tenkt litt på at klatring ikkje er for alle, men samstundes trivder denne karen godt i gruppa og gledde seg til å møtes. Det er ingen i gruppa som har meldt seg inn i ein klatreklubb. Derimot er det fleire som er med i andre aktivitetar. Av aktivitetar kan eg nevne KFUM/KFUK Speidarane, 4H og fotball. Dei fleste av ungdommane er med på fredagsklubb når det blir arrangert. Det er noko sporadisk. Det er ingen av deltakarane som ikkje er med i ein eller annan form for organisert aktivitet i dag. Sånn sett kan ein sei at prosjektet er vellukka. 5

Den yngste deltakaren hadde stort mot og var skikkelig tøff i veggen til å begynne med. Mi vurdering er at dei andre jentene i gruppa prøvde å stenge ho litt ute, for ho var for flink, sidan ho var yngre enn dei andre. Ho kompanserte derfor med å holde litt igjen. Dette kom seg etterkvart og ho er ein av dei beste vi har i gruppa i dag. Alle deltagarane viser i dag at dei har tru på seg sjølv, dei er avslappa i gruppa og ler og har det moro. Dei slepp seg laus og tek ansvar for kvarandre. Deltakarane har sjølvsagt hatt andre opplevingar i denne tida som også kan ha påvirka dei i ei god retning, så vi kan ikkje ta æra for alle gode ting som har skjedd i liva deira. Alt i alt er det mi vurdering at det har vore nyttig for dei ungdommane som har deltatt i prosjektet. Både turane vi har hatt, dei sosiale samlingane og alle klatrekveldane har vore positive opplevingar. Dei har blitt ein samansveisa gjeng, dei har i trygge omgjevnader har fått utvikle seg til habile klatrarar. Vi burde hatt ei sluttevaluering av prosjektet der ungdommen får komme til orde og sei kav dei synest om prosjektet. Då kunne vi vore meir sikre på resultatet av prosjektet. For å fortelle om dette gode prosjektet har prosjektleiaren laga ei powerpointframsyning. Denne vart vist på regionsamling for frivilligsentralar, region vest, i Ålesund hausten 2012. Lokalavisa Firda Tidend har hatt eit oppslag om aktivitetane våre, men media har vore tilbakehaldne av omsyn til brukarane. De er redde for at det kan verke stigmatiserande om ein skriv om prosjekt med unge deltakarar med psykiske utfordringar. 6

Oppsummering Dei ungdommane som har deltatt i prosjektet seier at det kjem til å bli eit savn no når det er slutt. Vi kan slå fast at det har vore til glede for dei som har deltatt i prosjektet. Dei har gitt uttrykk for at det kjem til å bli eit sakn. Ungdomstida er ei tid for endring, ei tid der ein prøver ut identitetar og lett kan havne i vanskar. Eg meiner at denne gruppa har gitt positive opplevingar, som har gitt ungdommane noko fint å legge til eigen identitet. At det har gitt eit stort tilskot til egen mestring og sjølvkjensle er det ingen tvil om. At ei slik gruppe kan vere med å stabilisere følelser i ei vanskelig tid er eg heller ikkje i tvil om. Utstyret vi har kjøpt inn vil bli gitt vekk, slik a det fortsatt kan vere i bruk. Deler av utstyret får KFUM/KFUM Speidarane, som vil halde på med klatring enkelte gonger framover. Resten vil bli gitt vekk til dagsenter for psykisk helse slik at dei som nyttar det, kan få mulighet til å drive med klatring og anna friluftsaktivitet. Vedlegg 7

8

9