saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 24.01.2017 8214/2017 Øyvind Tveten Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 14.03.2017 Søknad om støtte til GCE Blue Maritime 2017 Bakgrunn GCE Blue Maritime søkjer om finansiering frå fylkeskommunen for år fire som Global Centre of Expertice. Første tildeling frå fylkeskommunen var i 2015. I økonomiplanen er det sett av 4 mill. kroner til GCE Blue Maritime, og det er desse midlane GCE Blue Maritime no søkjer om. GCE Blue Maritime er med i det nasjonale klyngeprogrammet, Norwegian Innovation Clusters. Programmet skal medverke til verdiskaping gjennom berekraftig innovasjon. Dette skal skje gjennom å utløyse og forsterke samarbeidsbaserte utviklingsaktiviteter i klyngene. Målet er å auke klyngene sin dynamikk og attraktivitet, og auke den enkelte bedrift si innovasjonsevne. Klyngeprogrammet har tre nivå, Global Centre of Expertice, Norwegian Centre of Expertice og Arena. Arena er første nivå i klyngeprogrammet, klyngene som vert tatt opp i Arena får ei tildeling på tre år, etter dei første tre åra kan dei få fornya status i to år. Om ein når opp i konkurransen med andre klynger kan ein etter desse fem åra søke NCE eller GCE status. GCE Blue Maritime er saman med GCE Node og GCE Subsea dei tre klyngene i Noreg som har oppnådd den statusen. Programmet er eit samarbeid mellom Innovasjon Norge, Siva og Forskningsrådet, og vert finansiert av Nærings- og fiskeridepartementet og Kommunal og moderniseringsdepartementet. Status maritim klynge Den maritime klynga har hatt ei svært god utvikling over lang tid, og klarte seg også brukbart gjennom finanskrisa i 2008 og 2009. Men det kraftige fallet i oljepris frå sommaren 2014 har fått store konsekvensar for mange maritime bedrifter i fylket. Over tid har den maritime klynga, med verft og reiarlag i spissen, i sterkare grad retta seg mot offshore marknaden og det er denne marknaden som har fått den største nedturen. Det har vore teikn til at produktivitetsutviklinga i klynga har hatt ein svakare vekst frå 2011, men den gode marknaden for offshore har skugga over noko av denne utfordringa. Heile den maritime klynga har dei to siste åra jobba hardt for å finne nye segment i tillegg til offshore supply. Det er stor omstillingskraft blant bedriftene. Dette kjem også fram i Menon si analyse av den maritime klynga september 2016, bedriftene har fått nye oppdrag i segment som cruise, brønnbåtar for oppdrettsnæringa og yacht. Det er likevel viktig å understreke at det er krevjande både teknologisk og
med tanke på lønnsemd at nye segment skal ta over den store ordrereduksjonen av offshoreskip. Reiarlaga, som har vore ei avgjerande drivkraft i klynga, opplever ein marknad med stor overkapasitet og låge ratar. Mange offshoreskip ligg i opplag langs kysten av Noreg, og ein betydeleg andel av desse her i Møre og Romsdal. Dei fleste offshore reiarlaga slit med høg gjeld og reiarlaga har vore gjennom ein lang prosess for reforhandling av gjeld. I denne prosessen har det det vore ei konsolidering av reiarlag, og både Rem og Farstad er fusjonert saman med Solstad Offshore. Havila og Olympic er blant reiarlaga som berga eit sterkt lokalt eigarskap. Eigarskap i reiarlag er viktig, og dette vert også trekt fram i Menon si klyngeanalyse. Reiarlaga har i stor grad kontrahert skip på verft i regionen noko som har medverka både til høg aktivitet og innovasjon og nyskaping hos verft og underleverandørar. Den maritime klynga er inne i ei krevjande tid, men det er grunn til å sjå positivt på framtida. Den gode utviklinga i fiskeri og oppdrett har motverka noko av nedturen for regionen. Vår region sin sterke kompetanse på marine og maritime operasjonar vil vere viktig i den venta veksten i havromsnæringane framover. Søknad for 2017 Klyngeprosjektet GCE Blue Maritime har to kjelder til grunnfinansiering, Klyngeprogrammet/Innovasjon Norge og Møre og Romsdal fylkeskommune. GCE Blue Maritime har i tillegg prosjektfinansiering på prosjekt som ikkje er knytt til søknaden, til dømes prosjektet som fekk støtte frå Regional- og næringsutvalet gjennom Omstillingsprogrammet for petroleumsbasert leverandørindustri. For driftsåret 2017 søkjer GCE Blue Maritime om 10 mill. kroner frå klyngeprogrammet og 4 mill. kroner frå fylkeskommunen. Klyngeprogrammet har godkjent søknaden frå GCE Blue Maritime for 2017. GCE Blue Maritime ønskjer med søknaden for 2017, mellom anna etter innspel frå fylkeskommunen, å få til eit tydlegare skilje mellom prosjekta som vert finansiert av klyngeprogrammet og fylkeskommunen. Fylkeskommunen har behov for å få tydelegare fram kva resultat ein får ut av midlane som vert gitt i tillegg til støtta frå klyngeprogrammet. For 2017 er nokre av prosjekta søkt finansiering frå både fylkeskommunen og Innovasjon Norge, dette går fram av budsjettet.
Budsjett for GCE Blue Maritime 2017 Beløp i 1000 kr Delprosjekt Totalt Kostnadar Innkjøpte tenester Personal kostnadar Totalt Finansiering Fylkeskommunen Innovasjon Norge Innovasjonshastighet Blue Innovation Arena 3280 2160 1120 3280 930 2350 Kompetanseløft - Nyskaping - Omstilling 2330 1830 500 2330 730 1600 Kunnskapsformidling ungdom 580 430 150 580 580 Fra ide til virtuell prototyping 580 430 150 580 580 Vertskapsattraktiviteter 350 215 135 350 350 Kunnskapsformidling og analyse 350 320 30 350 350 Campus Ålesund 250 150 100 250 250 Kommunikasjon og strategisk posisjonering 930 650 280 930 230 700 Totalt 8650 6185 2465 8650 4000 4650 For prosjekta «Blue Innovation Arena», «Kompetanseløft» og «Kommunikasjon» er det søkt om midlar både frå Innovasjon Norge og Møre og Romsdal fylkeskommune. Innhald i prosjekta/aktivitetane Blue Innovation Arena Målet: Målet er å skape ein integrert innovasjonsarena for akselerert innovasjon i det nye NMK II bygget. Gjennom denne etableringa skal ein: Etablere møteplass mellom maritim klynge, andre næringar, gründarar, forsking og akademia, investorar og det offentlege for å skape nye idear, ny kunnskap og ny forretningsverksemd. Skal gjere det muleg å raskt teste og feile i den virtuelle verden Redusere tidsbruken frå ide til marknad Betre økosystem for gründarar gjennom å inkludere fleire partnarar utover tripple helix. Kva skal ein gjere: Det skal investerast i og utviklast avanserte visualiseringsteatre basert på nyaste teknologi innan VR, 3D-visualisering og simulering. Arenaen legg stor vekt på møteplassar og kunnskapsdeling. Kompetanseløft Nyskaping Omstilling Målet: Utvikle formell utdanning i spekteret frå Fagskolen i Ålesund og til etter- og vidareutdanningskurs frå NTNU eller andre. Kva skal ein gjere: Det er planlagt kompetansekurspakkar innanfor; Virtuell prototyping, 3D-modellering, Internet of Things, big data, nye forretningsmodellar, sirkulær økonomi og global merkevarebygging. Kunnskapsformidling ungdom Målet: Fange merksemda til ungdommen på eit tidleg stadium for å kunne vise fram mulegheitene i maritim næring. Kva skal ein gjere: Medverke til å gjennomføre Ocean talent camp på Campus Ålesund. Vidareutvikle Youngship Møre som er ein møteplass for unge som arbeider innan maritimrelaterte næringar. Youngship Møre vart etablert i 2007. I 2017 ønskjer GCE Blue Maritime å utvikle samarbeidet med Youngship Møre ytterlegare gjennom å etablere ein
tenketank blant deltakarane med fokus på nye forretningsmodellar, det grøne skiftet og handtering av marknadsmessige rammevilkår. Frå ide til virtuell prototyping Målet: Virtuelt prototype idear frå bedrifter og gründarar for å styrke klyngene si innovasjonsplattform. Kva skal ein gjere: GCE skal invitere miljøet rundt GCE Blue Maritime, ikuben og Norwegian Rooms til å finne gründarar og/eller bedrifter som har ein ide til eit nytt produkt. Etter idéutviklingsfasen skal ein nytte fasilitetane i Blue Innovation Arena for å virtuelt synleggjere produktideane med NTNU som fagleg ansvarleg. Offshore Simulator Center vil og vere viktig tenesteleverandør. Vertskapsattraktivitet Målet: Spreie kunnskap om klynga, regionen og næringslivet for internasjonale delegasjonar. Kva skal ein gjere: Vere vertskap for delegasjonar, mellom anna gjennom Blue C Press Tour der internasjonal presse får omvising i bedrifter i klynga. Kunnskapsformidling og analyse Målet: Presentere analyser for næringsaktørane i den maritime klynga. Kva skal ein gjere: gjennomføre GCE sin årlege klyngeanalyse som vert presentert på klyngekonferansen i september. Analysen vert utført og presentert av eit eksternt analyseselskap. Fylkeskommunen og GCE skal i dialog med analysemiljø med tanke på å inkludere denne klyngeanalysen i eit større arbeid med analyse av havromsnæringane i Møre og Romsdal. Campus Ålesund Målet: Bygge opp under Campus Ålesund. Kva skal ein gjere: GCE er representert i styringsgruppa for Campus Ålesund. GCE vil arbeide for å integrere miljøa på Campus gjennom felles arrangement som Campusuka. GCE vil og bidra med støtte til Ocean Talent Camp. Kommunikasjon og strategisk posisjonering Målet: Kommunisere klynga sin unike posisjon nasjonalt og internasjonalt og forankre idégrunnlag for havromstenking hos næringsaktørar, virkemiddelapparat, offentlege miljø, politikarar og andre interessentar i klynga. Kva skal ein gjere: Kommunikasjon og synleggjering av GCE Blue Maritime, digital marknadsføring av klynga og synleggjering av den aktiviteten som vil bli etablert gjennom Blue Innovation Arena. GCE Blue Maritime er med i prosjektet Brand Norway, initiert av Innovasjon Norge og gjennomførast i samarbeid med dei to andre GCE-klyngene. Brand Norway er eit prosjekt for å utvikle ei plattform for merkevarebygging.
Søknadsprosess 2017 Fylkeskommunen har hatt to møte med GCE Blue Maritime med tanke på søknad 2017, der tema har vore innretning i søknad og rapportering 2016. Fylkeskommunen og klyngeprogrammet er samstemt i ønskje om tydelegare skilje mellom prosjekta finansiert av Klyngeprogrammet/Innovasjon Norge og fylkeskommunen. GCE Blue Maritime har i 2017 lagt opp til eit tydelegare skilje mellom aktivitetar som blir finansiert av Klyngeprogrammet og fylkeskommunen. Dette vil legge betre til rette for å få til denne tydeleggjeringa i rapporteringa for 2017. Rapportering 2016 I vedtaket frå fylkestinget er det tydeleg at GCE Blue Maritime skal rapportere på kva midlane frå fylkeskommunen har utløyst av aktiviteter og prosjekt. Vedlagt er rapportering for 2016. Rapporteringa for 2016 viser breidda i aktivitetane som GCE Blue Maritime er med på å utløyse. Store deler av den maritime klynga er inne i krevjande tider, og det har og påverka aktivitetane som GCE har gjennomført i 2016. Det har vore større aktivitet knytt til kompetanseheving innanfor viktige kunnskapsområde som Big data, Systems Engineering, Leiing i omstilling og 3D-modellering. 840 unike deltakarar har vore innom eit eller fleire arrangement i løpet av 2016. Rapporteringa for 2016 er i all hovudsak knytt til aktiviteten for heile GCE Blue Maritime. Aktiviteten for klyngeprosjektet er høgt, men det er ikkje godt nok beskrive kva aktivitetar som midlane frå Møre og Romsdal fylkeskommune har vore med å utløyse. Dette vil og må, som omtalt, bli tydelegare i 2017. Vurdering Den maritime klynga i fylket er ei komplett klynge med bedrifter i heile verdikjeda i den maritime næringa, og forskings- og utdanningsinstitusjonar og virkemiddelapparat er tett på. GCE Blue Maritime er eit klyngeprosjekt som skal forsterke koplingane i den maritime klynga, og dette er eit viktig prosjekt for Møre og Romsdal. Det vert stilt stadig sterkare krav til resultat og rapportering av kva resultat offentlege midlar utløyser. Rapporteringa som ligg føre for 2016 er den same som klyngeprogrammet/innovasjon Norge har mottatt og godkjent. Rapporteringa viser stor aktivitet, med ei stor breidde av tilbod og stor oppslutning får bedriftene. Systemet for rapportering er bygd opp rundt gjeldande søknad frå 2016, der det ikkje er lagt opp til tydeleg skilje mellom finansieringskjede for dei ulike aktivitetane som gjer at rapporteringa heller ikkje blir tydeleg på det. Dette er endra frå 2017. Den maritime klynga er inne i ei utfordrande tid. Etter ei lang oppgangstid, opplever bedriftene store utfordringar med etterspørselen. Det er stort behov for å tenke nytt, både rundt produkt- og tenesteinnovasjon, nye marknadssegment og nye forretningsmodellar. Det er behov for å auke hastigheita i innovasjonsarbeidet, endringane skjer raskare og bedriftene må kunne få korta ned tida frå idéfase til salbart produkt/teneste i marknaden.
I søknaden om midlar for 2017 er GCE Blue Maritime inne på fleire viktige utviklingsområde som kan styrke innovasjonsevna til bedriftene i den maritime klynga. Dei to delprosjekta der ein søkjer høgast finansiering frå fylkeskommunen er Kompetanseløft og Blue Innovation Arena. Gjennom delprosjektet Kompetanseløft skal bedriftene få tilbod om kunnskapsheving på viktige område som nye forretningsmodellar, Internet of Things (industri 4.0), virtuell prototyping, big data mm. Fylkeskommunen ser denne satsinga som positiv. Blue Innovation Arena vert opna i løpet av hausten 2017 i NMK II. Målet er å skape ein integrert arena for akselerert innovasjon; det skal vere ein møteplass, gi mulegheit til å teste i den virtuelle verden og gi raskare avklaring av idear. Arenaen skal vere ein møteplass for heile regionen, klyngemiljøa, gründarar og bedrifter. Blue Innovation Arena er ei tung og viktig satsing som vi er positive til. I delprosjektet Kunnskapsformidling og analyse, ønskjer GCE å få utarbeidd ei analyse av den maritime klynga. I sak RN 84/16 løyvde regional- og næringsutvalet 1 mill. kroner til ei verdiskapingsanalyse for den marine næringa i Møre og Romsdal. Det er naturleg å sjå desse to analysane i samanheng. I byrjinga av mars skal GCE saman med fylkeskommunen gå i dialog med aktuelle analysemiljø for å sjå på mulegheit for ei analyse av havromsnæringane i Møre og Romsdal, med delleveranse på den maritime klynga. Fylkeskommunen innstiller derfor på at midlane til klyngeanalyse vert halde utanfor tildelinga til GCE Blue Maritime for 2017. Det er behov for å markere Møre og Romsdal som kunnskapsregion innanfor havrommet. Dette er tydeleg forankra i fylkets Forsking- og innovasjonsstrategi for næringslivet 2016-2020, der er ein av strategiane er at vi skal arbeide for å styrke omdømme og attraktiviteten til regionen. I dette arbeidet er klyngeprosjekta viktige, og alle klyngene vil i 2017 bli invitert inn i eit prosjekt der vi saman skal styrke Møre og Romsdal sin posisjon som kunnskapsregion. Dette bygger også opp om fylkeskommunen sin ambisjon om å få til betre samhandling på tvers av klyngene. GCE Blue Maritime har ei viktig rolle i den maritime klynga. I søknaden for 2017 er det fleire strategisk viktige prosjekt som vil vere med å halde oppe omstillingstakta i næringslivet, ikkje minst Blue Innovation Arena. Fylkeskommunen meiner at søknaden for 2017 gir betre grunnlag for å kunne rapportere tilbake til utvalet med tanke på dei resultat klynga har oppnådd. I prosessen rundt søknad om støtte for 2017, har vi avtalt faste møter med GCE Blue Maritime for å følgje opp arbeidet. I tillegg har vi som tidlegare observatørstatus i styringsgruppa for GCE Blue Maritime
Forslag til vedtak: Regional- og næringsutvalet løyver 3 650 000 kroner frå Økonomiplanen til GCE Blue Maritime. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Vedlegg 1 Søknad frå GCE 2 Årsrapport GCE 3 Beskrivende rapportering 2016 Bergljot Landstad regional- og næringssjef