HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesrådmannen NOTAT Til: Fylkesutvalet Samferdselsutvalet Dato: 03. februar 2010 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: 200907758-4/OYVSTO Kopi til: Arkivnr.: 812 Nytt fylkesvegnett - styrings- og rapporteringssystem mellom partane Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen Region vest Fylkesrådmannen viser til notat om styrings- og rapporteringssystem som vart lagt fram som melding til fylkesutvalet i desember 2009 og samferdselsutvalet i januar 2010. Dei viktigaste styringsverktøya som det vert lagt opp til i samarbeidet med Statens vegvesen, er ein rammeavtale og ein leveranseavtale. Rammeavtalen er eit dokument med eit overordna og fleirårig perspektiv. Viktige element her er økonomiske rammer, rolle- og oppgåvedeling, fullmaktsstruktur, rutinar for samhandling og krav til rapportering og handsaming av endringar/avvik. Rammeavtalen vart presentert i nemnte notat til fylkesutvalet i desember 2009 og samferdselsutvalet i januar 2010. Leveranseavtalane er årlege avtalar der mellom anna spesifisering av budsjett og detaljering av årlege styringskalendar og planleggings- og byggjeprogram er viktige element. Fylkesrådmannen legg med dette fram leveranseavtalen til orientering. Arbeid med vedlegg til leveranseavtalen er ikkje ferdigstilt, og følgjer derfor ikkje avtalen. Fylkesrådmannen viser til at dei viktigaste vedlegga gjeld planleggings- og byggeprogram for 2010. Dette vert presentert som eige sak for fylkestinget i mars 2010. Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5 - Postadresse: Postboks 7900. 5020 Bergen - Telefon 55239363 - Telefaks 55239359 E-postadresse: Bankgironr. 5201 06 74239 - Foretaksnr. NO 938 626 367 mva.
LEVERANSEAVTALE 2010 MELLOM HORDALAND FYLKESKOMMUNE OG STATENS VEGVESEN REGION VEST Bergen, 10. februar 2010 2
Partane Partane i denne avtalen er Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen (Svv) Region vest. Føremål Leveransen skal sikre at prosjekt og tiltak i høve til investeringar og drift/vedlikehald vert gjennomført innanfor fastlagde rammer med omsyn til kostnad, framdrift og kvalitet. Mål Svv Region vest skal arbeide for å nå måla i Handlingsprogrammet for fylkesvegnettet 2010-2013(19), med utgangspunkt i dei rammer som ligg i denne avtalen. For 2010 vert følgjande mål lagt til grunn: Ferdigstille påbegynte prosjekt i samsvar med gjeldande kostnadsanslag og framdriftsplan, inklusive prosjekt som er starta opp i samband med regjeringa si tiltakspakke (2009) Starte opp nye, strekningsvise prosjekt i samsvar med gjeldande kostnadsanslag og framdriftsplan Nytte avsette midlar til Bergensprogrammet i samsvar med fastsette målsetjingar og gjennomføre plan- og byggeprosjekt i samsvar med gjeldande kostnadsanslag og framdriftsplan Nytte avsette midlar til drift og vedlikehald slik dette er detaljert i handlingsprogrammet og budsjettet for 2010. Tildeling Følgjande midlar vert tildelt for 2010 (brutto rammer, inkl. eksterne midlar): Fk midlar Anna Sum finansiering Drift og vedlikehald 386 300 386 300 Refusjonar 57 800 Investeringar (inkludert refusjonar) 569 200 1 095 400 1 664 600 Totalt 955 500 1 095 400 2 050 900 Sjå vedlegg 1 for spesifisert budsjett. Midlane skal vidare disponerast i tråd med omtale i punkt 5.2, 5.3 og 5.4 med tilhøyrande vedlegg. Leveranse Overordna planlegging og utgreiing Svv Region vest skal bidra i plan- og budsjettprosessar slik ansvarsdelinga mellom Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune er spesifisert i rammeavtalen og retningslinjene for sams vegadministrasjon. Alle planprosessar skal vere med i planleggingsprogram for 2010 (vedlegg 2). Svv Region vest skal utarbeide forslag til planleggings- og byggjeprogram for 2011, med utgangspunkt i fylkesvegbudsjettet for 2011. Frist for leveranse er sett til 15.12. 2010. Endeleg planleggings- og byggjeprogram skal vere vedlegg til leveranseavtale for 2011. Planlegging av enkeltprosjekt Det vil bli gjennomført planarbeid på fleire prosjekt for at desse skal la seg realisere som føresett. Planlegginga skal gjennomførast i tråd med vedlagte planleggingsprogram sjå vedlegg 2. 3
Investeringar Investeringane i 2010 delar seg slik på følgjande hovudområde: Investeringar Budsjett 2010 Fk midlar Anna finansiering Sum Refusjonar 57 800 57 800 Strekningsvise utanom 277 795 398 500 676 295 Bergen (inkl. refusjonar) Bergensprogrammet 205 760 696 900* 902 660 Mindre utbetringar 28 600 28 600 Gang- og sykkelvegar 9 000 9 000 Trafikksikring 15 500 15 500 Miljø- og service 5 145 5 145 Kollektivtiltak 7 100 7 100 Planlegging 10 300 10 300 Oppgradering 10 000 10 000 vegdekke** Grunnerverv Totalt 569 200 1 095 400 1 664 600 * 560 mill kroner til Bybanen byggjesteg 1 (der Bergen kommune er byggherre) kjem i tillegg. ** Jf. fylkestinget sitt vedtak i samband med handsaming av 2010-budsjettet I tillegg til investeringane i fylkesvegbudsjettet for 2010 kjem statlege midlar til rassikring på fylkesvegnettet. I 2010 vert det lagt til grunn at Hordaland får 17 mill kroner til rassikring, jf. søknad frå Svv Region vest til Vegdirektoratet av 18.12. 2009, der vedtak i fylkestinget (sak nr 74/09) ligg til grunn. For øvrig vert det vist til rammeavtalen, punkt 5.3. Investeringsprosjekta skal gjennomførast i tråd med vedlagte byggeprogram sjå vedlegg 3. Drift og vedlikehald Nivået på drift og vedlikehald er definert i funksjonskontraktane og andre kontraktar med entreprenørar. Løyvingar til drift og vedlikehald delar seg slik på følgjande hovudområde: Hovudområde Løyving 2010 Funksjonskontraktar 166 000 Andre løpande fagkontraktar 51 000 Tunnel-, bru- og kaivedlikehald 45 000 Vegdekke og oppmerking 91 000 Andre drifts- og vedlikehaldstiltak 33 300 Totalt 386 300 Drifts- og vedlikehaldstiltak skal gjennomførast i tråd med vedlagte vedlikehaldsprogram sjå vedlegg 4. Rekvirering av midlar Det vert vist til rammeavtalen, punkt 5.4. Statens vegvesen Region vest rekvirerar midlar i samsvar med framdrift både innanfor drift/vedlikehald og investeringar. Midlar vert overført regelmessig i samsvar med plan som følgjer av denne avtalen (inngår som del av vedlegg 1). 4
Styringsdialog og rapportering Det vert utarbeidd ein synkronisert styrings-/dialogkalender tilpassa styrings- og beslutningsrytmen i høvesvis Svv Region vest og Hordaland fylkeskommune for avtaleåret. Kalenderen følgjer denne avtalen som vedlegg 5. Rapportering, oppfølging og dialog vert gjennomført i samsvar med rammeavtalen, kapittel 8. Års- og tertialrapportar vert utarbeidd i samsvar med vedlagt mal, sjå vedlegg 6. Det vert føreset at Svv Region vest held Hordaland fylkeskommune orientert om status i planarbeid, investeringsprosjekt, ferjedrift og status for drift og vedlikehald som ein del av tertialrapporteringa. Avvikshandtering Dersom det i løpet av avtaleperioden oppstår avvik i høve til framdrift, kostnad eller kvalitet eller er fare for at ramme- eller leveranseavtalen ikkje vil bli oppfylt på eitt eller fleire viktige punkt, skal Svv Region vest umiddelbart varsle Hordaland fylkeskommune. I rapporten skal Svv foreslå tiltak for å korrigere situasjonen. Endringar i avtalen Begge partar kan ta opp spørsmål om endringar i avtalen dersom det i avtaleperioden oppstår vesentleg endra rammevilkår eller andre føresetnader. Eventuelle godkjente endringar må i tilfelle inkluderast i ein oppdatert avtale med vedlegg. Underskrift Denne avtalen er i to eksemplar, der partane får kvart sitt eksemplar. Stad Dato Stad Dato Hordaland fylkeskommune Statens vegvesen Region vest 5