Detaljregulering Slåtten skule planid 143220130005 Planomtale Byggesak og arealforvaltning Førde kommune, byggesak og arealforvaltning 1.11.13 Side 1 av 12
Innhold 1. Grunnlag for planarbeidet... 3 Føremålet med planarbeidet... 3 Forhold til plan... 3 Krav til konsekvensutgreiing... 3 Lokalisering:... 3 Området i dag:... 5 2. ROS-anlayse:... 5 Vurdering... 6 Kommentar/tiltak... 8 3. Planprosess og innspel... 9 4. Planframlegget... 10 Konsekvensar av planframlegget... 11 Tilhøve til Naturmangfaldlova:... 12 5. Vedlegg... 12 Førde kommune, byggesak og arealforvaltning 1.11.13 Side 2 av 12
1. Grunnlag for planarbeidet Føremålet med planarbeidet Frå august 2013 vart skulekrinsane Slåtten og Angedalen samla til Slåtten skule. Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for oppføring av nytt skulebygg og ny parkeringsplass på austsida av eksisterande skule. I tillegg vil tilkomst frå Angedalsvegen bli flytta ca. 20 m austover. I nord vil grensa til friområdet bli justert slik at arealet blir regulert til føremål som er i samsvar med dagens bruk. I aust vil om lag 1,6 dekar bli endra frå spesialområde til offentleg føremål. Forhold til plan Området er regulert til offentleg formål (skule), friområde og spesialområde (hagebruk/framtidig byggeområde) i reguleringsplan Slåtten nord som vart vedteke den 17.2.93. Krav til konsekvensutgreiing Detaljregleringa samsvarar ikkje fult ut med overordna plan. Om lag 2,6 dekar vert endra frå friområde og spesialområde til offentleg tenesteyting - skule. Det er vurdert at planarbeidet ikkje får vesentleg verknad på miljø og samfunn, og vil derfor ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU). Lokalisering: Planområdet ligg på Slåtten ca. 2,5 km aust for Førde sentrum og ca. 13 km frå inst i Angedalen. Området ligg ved foten av Førsnipa, og på nordsida av Angedalsvegen, fylkesveg nr 481. Førde kommune, byggesak og arealforvaltning 1.11.13 Side 3 av 12
Planområdet er ca. 22 dekar, og er avgrensa slik kartet viser. Planområde går over følgjande grunneigedomar: Gbnr Heimelshavar Adresse 23/1 Erik Slåtten Angedalsvegen 79, 6810 Førde 23/29 Førde kommune Pb 338, 6802 - Førde 23/111? 23/97 SF Fylkeskommune/ Statens vegvesen Førde kommune, byggesak og arealforvaltning 1.11.13 Side 4 av 12
Området i dag: Slåtten skule vart teken i bruk i 1994, og har i dag 5 bygningar med ei samla grunnflate på ca. 3650 m 2. Det er ca. 430 elevar fordelt på 7 klasser. Gangareal og tilkomst er etablert mellom bygga. I nord og sør er det opparbeidd uteareal for leik og aktivitet. Det er etablert parkeringsareal i sør mot Angedalsvegen. I aust ligg ein landbrukseigedom som har vore nytta til grønt-/hagebruk. Driftsbygningen ligg like ved grensa til skulen. I områda sør og vest for skulen er det bygd tett med frittliggjande bustader. Born frå m.a. Grovene, Vieåsen, og Angedalen soknar til Slåtten skule. Med unntak av elevar frå Angedalen har dei fleste elevane kortare skuleveg enn 3 km til skulen. Frå inst i Angedalen er det ca. 13 km til skulen. Terrenget i planområdet er i hovudsak delt på to nivå/terrassar. Lågaste del ligg nær vegen på kote 21, medan neste nivå ligg rundt kote 27. Ein mindre åsrygg ligg aust for skulen. Nord for skuleområdet går terrenget bratt mot Førslia. Førslia er dekka av skog med nokre bare parti av fjell. Det er opparbeidd grøft, retning aust vest langs foten av fjellet, som drenerer vatn frå terrenget. I nordvest grensar planområdet mot ein bekk som kjem frå Førslia. Skulen ligg ved Angedalsvegen med ein årsdøgntrafikk (ÅDT) målt til ca 2500 kjt/døgn. Støy frå trafikken fører til at gul støysone (Lden 55-64) går ca. 50 m frå vegen. 2. ROS-anlayse: Plan- og bygningslova, 4-3 samfunnssikkerheit og risiko- og sårbarheitsanalyse, krev at alle forhold kring risiko- og sårbarheit, som har betyding for om området er eigna til utbyggingsformål, vert vurdert, og kva eventuelle tiltak som må gjennomførast for å oppnå akseptabel risiko. Analysen er gjort som ei sjekkliste med bakgrunn i rundskriv frå DSB. Det er gjort ei generell/teoretisk vurdering på kor sannsynleg dei ulike hendingane kan skje innafor planområdet. Analysen er utført av Førde kommune, Byggesak og arealforvaltning. Vurdering av sannsynlege uønska hendingar er delt inn i fire kategoriar: Svært sannsynleg (4) = kan skje regelmessig. Sannsynleg (3) = kan skje av og til, periodisk hending t.d. årleg. Mindre sannsynleg (2) = kan skje t.d. kvart 10 år. Lite sannsynleg (1) = det er ein teoretisk sjanse for at det kan skje, men sjeldan t.d. kvart 100 år. For flaum-/flaumskredfare skal gjentaksintervalla i 7-2 i byggteknisk forskrift leggjast til grunn (største nominelle årlege sannsyn 1/20, 1/200 eller 1/1000). For skredfare skal gjentaksintervalla i 7-3 i byggteknisk forskrift leggjast til grunn (største nominelle årlege sannsyn 1/100, 1/1000 eller 1/5000). Kriteria for å vurdere konsekvensar av uønska hendingar vert gjort i følgjande matrise: Førde kommune, byggesak og arealforvaltning 1.11.13 Side 5 av 12
Grad Personskade Miljøskade Skade på eigedom, forsyning m.m. 1. Ufarleg Ingen alvorleg skade Ingen alvorleg skade Systembrot er uvesentleg 2. Mindre alvorleg 3. Alvorleg Skade krev handsaming Få/små skader Ikkje varig skade Systembrot kan føre til skade dersom reservesystem ikkje finst 4. Svært alvorleg Personskade fører til død, eller varig men, mange skadd Skade krev midlertidig handsaming System vert sett ut av drift over lengre tid, alvorleg skade på eigedom Langvarig miljøskade System vert sett ut av drift, skade på eigedom kan ikkje rettast opp Med bakgrunn i det som er nemnt over vert risiko vurdert til å bli delt inn i følgjande matrise: Konsekvens Sannsyn 1. Ufarleg 2. Mindre alvorleg 3. Alvorleg 4. Svært alvorleg 4. Svært sannsynleg 3. Sannsynleg 2. Mindre sannsynleg 1. Lite sannsynleg Hendingar i raude felt: Tiltak er nødvendig. I utgangspunktet ikkje akseptabelt. Hendingar i gule felt: Tiltak må vurderast ut frå kostnad i høve nytte. Hendingar i grøne felt: Rimelege tiltak kan gjennomførast Tiltak som reduserer sannsynlege hendingar skal vurderast fyrst. Dersom dette ikkje gjev effekt eller er mogleg, skal tiltak som reduserer konsekvensane vurderast. Vurdering Kommunen har på bakgrunn av kjende opplysningar vurdert uønska hendingar, konsekvensar og tiltak i tabell. Forhold som er vurdert, men som ikkje er til stade i planområde er sett opp som uaktuell i sjekklista, og ikkje kommentert. Uønskt hending Aktuelt? Sannsyn Konsekvens Natur- og miljøforhold Er området utsett for, eller kan planen/tiltaket medføre risiko eller auka påkjenningar for: Snø- eller steinskred/-sprang? Jordskred/massestraum Flodbølgjer som følgje av skred? Samla risiko Sjå rapport frå Sunnfjord G C Flaum/flaumskred? Ja 2 3 Sjå rapport Overvatn? Ja 2 3 Radon? Ja 2 3 Skogbrann? Ja 2 3 Vind? Ekstremnedbør? Stormflo? Ja 2 1 Uaktuell Førde kommune, byggesak og arealforvaltning 1.11.13 Side 6 av 12
Sårbar flora? Verneområde? Vassdragsområde? Kulturminne/-miljø? Verksemdsrisiko Er det i området: Anlegg/verksemder som kan utgjere ein risiko? Lager med farlege stoff (væsker, gassar, eksplosiv mv)? Medfører planen/tiltaket: Anlegg/verksemder som kan utgjere ein risiko? Lagring av farlege stoff (væsker, gassar, eksplosiv) Auka risiko eller andre påkjenningar for sårbare bygg, infrastruktur, aktivitetar? Forureining Er det i området: Fare for akutt forureining? Permanent forureining? Støy og støv (industri, trafikk.)? Ja 2 3 Forureina grunn? Høgspentlinjer? Anlegg for avfallsbehandling? Medfører planen/tiltaket: Fare for akutt forureining? Fare for permanent forureining? Støy og støv? Beredskap Er det i området: God tilkomst for utrykkingskøyretøy? Tilstrekkeleg sløkkevasskapasitet? Medfører planen/tiltaket: Behov for nye/auka beredskapstiltak (brann, helse m.m.)? Infrastruktur Er området utsett for, eller kan planen/tiltaket medføre auka risiko for: Trafikkulykker? Ja 2 3 Manglande kapasitet i kraftforsyninga? Manglande kapasitet i tele-/ dataforsyninga? Manglande kapasitet i VA-system? Ja Ja Førde kommune, byggesak og arealforvaltning 1.11.13 Side 7 av 12
Andre forhold Fare for sabotasje/terror? Ja 1 4 Fare for annan kriminalitet? Ja 2 3 Terrengformasjonar som utgjer spesiell fare (stup, skrentar m.m.)? Gruver, opne sjakter, steintippar m.m.? Kommentar/tiltak Med bakgrunn i sjekklista er følgjande tilhøve vurdert: Skred/flaum Slåtten skule ligg ved foten av Førsnipa. På nordsida av skulen er det fjellskråning delvis kledd med skog. Delar av dette arealet ligg innafor aktsemdområde for skred i NGI sitt aktsemdkart. Sunnfjord Geo Consulting har på oppdrag frå Førde kommune vurdert fare for jordskred, massetraum, stein- og snøskred. Bygningane ligg i tryggleiksklasse, 3 og det vert ikkje tilrådd sikringstiltak mot steinsprang eller snøskred. Det renn ein del elvar nord for skuleområdet, og det kan vere ein fare for massestraum og flaumskred i tilknyting til desse. Dette gjeld spesielt ved venta auka nedbørsmengde på ca. 20 % fram mot år 2100. Den 2 m breie kanalen mellom det horisontale skuleområdet og den stadvise vertikale skråninga i nord, er vurdert som stor nok til å fange opp eventuelle massestraumar og flaumskred, også ved framtidig ekstremvær. Det er viktig at rista ved dreneringsrør som går under skuleplassen vert jamleg kontrollert og reinska for vegetasjon og lausmassar. Eit mindre røyr som leiar vatn nordaust frå skuleområdet må vurderast om det skal skiftast til større dimensjon eller løpet opnast heilt opp. Det er ikkje planlagd nye tiltak i dette området som krev sikring mot ras eller flaum. Radon Radonfare må avklarast i samband med byggesak, jf. TEK 10. Sårbare objekt og miljø Verken artsdata-banken.no eller naturbasen til DN viser sårbare artar i området. Det er ikkje kjent at det er særskilde natur eller miljøverdiar i området. Det er ikkje registrert nokon kulturminne i område i databasen Askeladden. Omgjevnader og verksemdrisiko Det er ikkje verksemder i området om inneber særleg risiko i høve eksplosivar. Ureining/støy Støynivå langs Angedalsvegen ligg mellom L den 55-65, jf. Statens vegvesen sitt kart for varsel om støy for 2011. Støysona går om lag 50 m frå vegen. Med unntak av ei ballbane ligg bygg og uteareal, som er opparbeidd for leik og aktivitet, utanfor støysona. Det er ikkje kjent at det har skjedd noko ureining i grunnen eller til omgjevnadane frå eksisterande og tidlegare bruk. Brann Førde kommune, byggesak og arealforvaltning 1.11.13 Side 8 av 12
Det kan oppstå brann i bygg eller skog som grensar til området. Det er etablert sløkkepunkt ved tilkomst til skulen ved Angedalsvegen. Det er elles ikkje tilhøve som trengst særskilde tiltak i høve brann. Infrastruktur Angedalsvegen er skuleveg og offentleg køyreveg, og det kan vere fare for skade/ulykke i samband med inn-/utkøyring til skulen. Krav til sikt og geometrisk utforming av avkøyrsla etter vegnormalen er lagt inn i planen. I tillegg er det etablert oppheva gangfelt over vegen ved skulen. Ulykke beredskap Det er kort avstand til sjukehus. Planen vil ikkje endre på eksisterande tilhøve, og vil inngå i eksisterande beredskapsplan. Fare for terror/kriminalitet Skulen kan vere eit mål for terrorhandling og kriminalitet. Dette er tilhøve som eksisterer i dag, og er ein del av beredskapsplanen. Klima Prognose for klima viser at det er venta at det m.a. vil bli 15-20 % meir nedbør og 30-40 % mindre snø mot 2071/2100. Kanal nord for skuleområdet og dreneringssystem er vurdert å vere stor nok til å dekke venta klimaendring, sjå rapport frå Sunnfjord Geo Consulting. Fare for snøskred er vurdert til å vere mindre enn ein pr. 5000 år, slik at sikringstiltak ikkje er naudsynt. Området er mindre utsett for vind p.g.a. plassering ved Førsnipa, men kan bli utsett for ekstremnedbør. Oppsamling og drenering av vatn på faste overflater rundt skulen må ta høgde for dette og avklarast ved byggesøknad. Konklusjon Kommunen vurderer at prosjektet ikkje vil føre til auka risiko for tryggleik eller sårbarheit i planområdet. 3. Planprosess og innspel Start av planarbeidet vart kunngjort i avisa Firda, og varsla grunneigarar og andre offentlege instansar med brev den 7.6.13. Merknadsfrist til varslet vart sett til 31.8.13. Det kom følgjande merknader til varsel om planstart: Sunnfjord Miljøverk peikar på at det er svært viktig korleis planlegging av avfallshandteringa (plassering, framsetjing, henting) føregår der det er mange born m.o.t. tryggleik. Dei rår til at dette vert teke inn i føresegnene. (Døme på tekst: Byggemeldinga skal vise avfallsløysingane; Korleis avfallet skal oppbevarast og korleis tøminga skal føregå. Tilkomst for tøming skal vere dimensjonert for LASTEBIL (Vegvesenets hådbok 017), det skal ikkje leggast opp til rygging for å komme til oppsamlingseiningane. Førde kommune, byggesak og arealforvaltning 1.11.13 Side 9 av 12
Kommentar: Det skal etablerast eigen stad for avfall, og renovasjonsbilane kan tøme dunkane og køyre gjennom området utan å rygge eller snu i skuleområdet. Statens vegvesen ber om at ny avkøyring frå fv. 481 vert utforma i samsvar med gjeldande vegnormaler i handbok 017 om veg- og gateutforming. Kommentar: Dette er innarbeidd i planframlegget. Kristen Slåtten har ikkje merknad til detaljreguleringa, men saknar kart som viser eigedomsgrense mellom bnr. 1 og 2. Han hadde merknad til at denne grensa ikkje var på rett plass ved regulering av skulen. Han har tidlegare meldt i frå om feil grenser, og kan ikkje godta at kommunen lager kart med nye grenselinje. Slåtten skule har teke vekk merkeboltar, og har hogge og rydda skog på hans eigedom utan løyve. Kommentar: Dette er tilhøve som må ordnast ved eigedomstilhøve som grensegang og kartforretning. Sunnfjord energi AS viser til nedgrave straumkablar i området. Behov for skifte av transformator vil bli vurdert når ein får på plass maksimaleffekten for området. Oppføring av nytt skulebygg vil føre til behov for nye lågspentkablar mellom eksisterande nettstasjon og nybygg. Dei føreset at ny veg til skulen ikkje gjer tilkomst til stasjonen dårlegare. Flytting eller skade på anlegg må kostasast av utbyggar. Utbyggar bør ta kontakt med nettselskapet for planlegging i god tid før utbygging. Kommentar: Det vil ikkje bli endring på tilkomst til eksisterande nettstasjon. Merknadane elles vert teke til vitande. Fylkesmannen viser til Pbl. 4-2 om utgreiing av verknader av planen. Dei minner om rikspolitiske retningslinjer for barn og unge, og deira medverknad i planlegginga. Vurdering om konsekvensutgreiing burde ha vore vurdert i varsel om oppstart. Dei viser til samfunnstryggleik og risiko-/sårbarheitsanalyse. Kommentar: Skuleområdet er ca. 36 dekar, og store areal er opparbeidd til leik og aktivetar for elevane. Vurdering om konsekvensutgreiing og risiko-/sårbarheit er gjort og teke med i planomtalen. Norges vassdrags- og energidirektorat viser til at delar av planområdet er definert som potensielt fareområde for skred. Det må gjerast ei nærare vurdering av skredfaren. Det må nyttast tilstrekkeleg fagleg kompetanse, og skredvurderinga må underleggast kontroll av sidemann eller uavhengig part. Ev. sikringstiltak eller restriksjonar på arealbruk må takast inn i planen. Skadepotensialet til bekken i nordvestre hjørne må vurderast i ROSanalysen. Kommentar: Sunnfjord Geo Consulting AS har vurdert skred og flaumfare i området, sjå eigen rapport. Tilrådde tiltak er teke med i føresegnene. 4. Planframlegget Planområdet er samla ca. 22 dekar, og formålet er i hovudsak byggeområde for undervisning (PBL 12-5, 1) og offentleg veg (PBL 12-5, 2). Planframlegget legg til rette for å utvide formålet offentleg byggeområde med ca. 1,6 dekar i aust og ca. 1 dekar i nordvest. Det er planlagd nytt skulebygg i aust på eit mindre grøntområde like nord for landbruksbygg som skal fjernast, jf. illustrasjon. Bebygd areal (BYA) inkludert parkeringsplassar er i dag ca. 25 %. Med nytt bygg og nye parkeringsplassar vil BYA bli ca. 27 %. Reknar ein med friområde som er opparbeidd til Førde kommune, byggesak og arealforvaltning 1.11.13 Side 10 av 12
leik og aktivitet nord for skulen vil BYA bli ca. 16 %. Dette arealet ligg utanfor planområdet og vil ikkje bli rørd av planen. Det er derfor sett at maksimal BYA er 30 % av formålet offentleg tenestyting. Maksimal kotehøgde på bygga er sett til 36. Bygg og anlegg skal i størst mogleg grad formast slik at det er tilgjengeleg for alle. Ved byggesøknad skal det ligge ved situasjonsplan som viser bruken av området inkludert vegar, ballfelt, leikeareal, opphaldsareal og anna som er knytt til skulefunksjon. Oppstillingsplass for skulebuss og ev. rundkøyring, interne vegar og parkeringsareal ved endring. Ved nye tiltak skal Nytt parkeringsareal vil bli opparbeidd der landbruksbygget står i dag i tillegg til eit område mellom eksisterande parkeringsplass og tilkomst ved Angedsalsvegen. Tal parkeringsplassar vert auka frå ca. 30 til 60. I tråd med nasjonale målsetting om å auke berekraftig mobilitet er det sett krav til minst 150 plassar til sykkelparkering, der det skal vere høve for å sette tak over stativet. Topografien i og nær området gjer at gåande og syklande lett kan nå skulen dersom gang/sykkelvegar er trygge, og tilhøva elles vert lagt til rette for dette. Tilkomst frå Angedalsvegen blir flytta ca. 20 m aust for eksisterande. Tilkomst frå Angedalsvegen vert flytta noko austover. Formålet offentleg veg (Angedalsvegen) og fortau er som tidlegare. Byggegrense langs veg er ca. 13,5 m frå midtlinje veg. Omsynssone for støysone (L den 50-65) er vist på plankart, og går ca. 50 m frå vegen. Store delar av parkeringsarealet ligg i denne sona. Konsekvensar av planframlegget Generelt Føremålet offentleg byggeområde vert utvida slik at elevtalet ved Slåtten skule kan aukast. Ca 1,6 dekar med hagebruk vert endra til offentleg byggeområde, og ca. 1 dekar vil bli endra frå friområde til offentleg byggeområde. Tiltaket vil føre til ein auke i trafikken, spesielt ved morgon og ettermiddag ved skulestart og -slutt, og på vinterstid når tilhøve for å nytte sykkel vert vanskeleg. Konsekvensar for born og unge Viktige nasjonale mål er å sikre eit oppvekstmiljø som gjev tryggleik mot fysiske og psykiske skadeverknader, og som har dei fysiske, sosiale og kulturelle kvalitetar som til ei kvar tid er i samsvar med eksisterande kunnskap om behova til barn og unge. Det er ca. 16 dekar nord for skulebygga som er opparbeidd for leik og aktivitet for elevane. Dette arealet vil ikkje bli endra av tiltaket. Oppføring av nytt skulebygg vil delvis skje på areal som er opparbeidd til plen og vegetasjon. Utviding av parkeringsareal vert lagt utanfor område for leik og aktivitet. Konsekvensane av tiltaket er i hovudsak fleire elvar på om lag same areal som tidlegare. Areal for leik og aktivitet vert vurdert som romsleg og har kapasitet til å ta imot fleire elevar. Det eine hjørne på eksisterande skulebygg ligg i friområde, og formålet på arealet er endra slik at dette er i samsvar med dagens bruk. Konsekvensar for estetikk, landskap og kulturmiljø Førde kommune, byggesak og arealforvaltning 1.11.13 Side 11 av 12
Planforslaget stiller krav om at dei estetiske sidene ved eit tiltak skal utgreiast i byggjesaka. Bygningar skal gjevast ei estetisk god utforming slik at volum, fasadar, fasadeelement, inndeling av vindauge og synlege materiale harmonerer med omgjevnadane. Tilhøve til Naturmangfaldlova: Naturmangfaldlova (NML) legg føringar for kommunen si utøving av mynde i saker som kan ha verknad på naturmiljøet, jf. 1, 4-5 og 7. NML stiller krav til utgreiing og vurdering av naturmiljø i høve planarbeid, jf. 8-12. Bruken av området vil bli som tidlegare, med unntak av ca. 1,6 dekar i aust som vert endra frå hagebruk til parkeringsareal. Det er ikkje registrert særskild naturkvalitetar i området i registrering for biologisk mangfald eller kulturlandskap. Databasane til naturbase, artsbase, EDNA, miljøstatus eller fylkesatlas viser ikkje aktuelle funn i området. Kommunen vurderer at det ikkje er trong for ny kartlegging fordi areala har vore nytta av menneske over lang tid. Reguleringa vil ikkje røre ved naturtilhøve. 5. Vedlegg Plankart dagsett 1.11.13 Føresegner dagsett 1.11.13 Flyfoto Geologisk vurdering av skred og flaum Støykart Angedalsvegen Førde kommune, byggesak og arealforvaltning 1.11.13 Side 12 av 12