REFERAT Styremøte i Bykle og Hovden Vekst A/S Tid: 25.05.2009 kl. 09.00 Stad: Bykle Rådhus Desse møtte: Hans Blattmann 4755 HOVDEN Kay A. Jeiskelid 4754 BYKLE Tore Wiese Hansen Jaktoddveien 20 4621 KRISTIANSAND Olav Mandt 4754 BYKLE Reidar Fuglestad Alvestien 13 4638 KRISTIANSAND Magne Kvaslerud Regevik 4818 FÆRVIK Torvald Gautland 4755 HOVDEN Randi Steinsholt 4755 HOVDEN Forfall: Anne Ellen Senum (Torvald Gautland møtte som vara) Referat frå: Kjell Pedersen-Rise. Der ikkje anna er notert er alle vedtak samrøystes. Dato: 10.06. 2009 Agenda: 21/09 Godkjenning av referat frå tidlegare styremøte 22/09 Referatsaker/orientering 23/09 Drøfting av utviklingstankar 24/09 Prosjektoppdrag- forutseibare løysingar 25/09 Justering av retningsliner for tilskott frå BHV 26/09 Søknad om samarbeidsavtale Kristiansand Orienteringsklubb 27/09 Søknad om støtte til utvikling av sykkelløyper 28/09 Søknad om støtte til temaavis 29/09 Søknad om støtte til opplæring av nytilsett 30/09 Krav om erstatning for tapt forteneste 31/09 Retningsliner for utleige av lokaler i Hovdetun 32/09 Eventuelle andre saker
SAK 21/09. GODKJENNING AV REFERAT Referat frå styremøte 23.03.2009 blei lagt fram for godkjenning. : Styret godkjente referat frå møtet 23.03.2009, og underskreiv dette. SAK 22/09. REFERATSAKER/ORIENTERING A. Hovden Løypekøyring AS I slutten av mars var det eit møte mellom Hovden Løypekøyring og Antra, der vart det einigheit om eit prisavslag og kompensasjon på 90.000.- for forsinka levering, ekstra arbeid og ulemper. Det vart også einigheit om at det blir halde att 100.000.- fram til alle feil og manglar er retta opp. Koordineringa for sommararbeidet mellom Bykle kommune og Hovden Løypekøyring blir teke opp til nærare vurdering. Styret er positive til at ein prøver å få til eit samarbeid med kommunen om bruk av utstyr, ev. eit samarbeid med skisenteret ang. dette. B. Verna område som potensial for reiselivsnæringa På landsbasis var 16 prosjekt invitert til andre runde for å få vurdert prosjekta sine, men prosjektskissa frå Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland var ikkje blant dei 10 prosjekta som blei plukka ut til å få støtte gjennom programmet Naturarven som verdiskapar. C. Oppfølging av løypeplan Arbeidsgruppa for grunneigaravtalar har saman med grunneigarrepresentantar jobba fram eit utkast til grunneigaravtalar som blei lagt fram for formannskapet og kommunestyret 30.04.2009. Det kom fram synspunkt om at ein meinte fordelinga av løypeleige mellom grunneigarar med og utan utbygde hytteområde var gal, og kommunestyret vedtok å sende forslaget tilbake til arbeidsgruppa med oppmoding om å justere dette. Arbeidsgruppa har gjort ei ny vurdering, og kome fram til ei justering som gjev høgare leigesats til dei utan hytteområde, og mindre til dei som har utbygd hytteområde. Det nye avtaleutkastet blei vedteke av kommunestyret 28.05.2009. E. Idrettsstudium på Hovden og i Sirdal I fleire år er det gitt tilbod om årsstudium i idrett ved den vidaregåande skulen på Hovden. Opplegget er gjennomført i samarbeid mellom UIA, fylkeskommunen og den vidaregåande skulen. Studentane fullfører eit års studium i løpet av to år, gjennom eit desentralisert opplegg med samlingar lagt til Hovden og UIA. Frå komande skuleår er det meininga å utvide tiltaket til også å omfatte Sirdal. BHV har teke kostnadane med lokal koordinering. Saka kjem opp i juni. G. Kompetansetiltak BHV arrangerte HMS-kurs for næringsdrivande 14. mai. Det var god oppslutning om kurset, med 25 deltakarar.
I juni er det planlagt kurs innan offentleg innkjøp, der både handverkarar/ entreprenørar og sakshandsamarar i kommunen deltar. Det blir då også tid til drøftingar og vurdering av løysingar for å kunne legge til rette for lokale næringsdrivande. H. Garantibefaring Hovdetun/ parkeringskjellar For lokala til Sparebanken Sør og i parkeringskjellaren var det no 3-årsbefaring. Det er framleis nokre feil og manglar, og desse blei påpeikt og skal bli utbetra av Br. Reme. For Hovdetun elles var det no 2-årsbefaring, og også her blei ein del manglar og feil påpeikt. I. Interaktiv informasjonsskjerm i Hovdetun Styret er tidlegare orientert om at det er inngått avtale om deling av kostnader med SVR for innkjøp, montering og drift av interaktiv skjerm i Hovdetun. Skjermen er no på plass, med informasjon om SVR og om Hovden/ Bykle. Totale kostnader med Hardware, Software, installasjon, utvikling, design og programmering er kr 126 156,- + mva. For BHV utgjer dette ein kostnad på kr 82 597,50 inkl. mva. Styret gav tilslutning til opplegget. J. Mogeleg endring i lovverk for heileigde kommunale selskap Regjeringa har hatt ute forslag til Ot prop. 50 Om lov om endringer i forvaltningsloven (habilitet for styremedlemmer mv. i offentlig heleide selskaper) Det blir der foreslege å fjerne regelen om at styremedlemer i offentleg heileigde selskap, ikkje blir inhabile i kommunestyret. Ein del høyringsinnspel som har gått på å ikkje fjerne denne regelen, er ikkje tekne omsyn til i framlegget. SAK 23/09. DRØFTING AV UTVIKLINGSTANKAR Styret gav tilbakemelding på at det er viktig å følgje opp med kurstilbod til næringslivet. Det blei stilt spørsmål om kommunen har god kartlegging av mineralforekomstar. Kommunen har ikkje slik oversikt i dag, og det blei ikkje lagt opp til vidare initiativ innanfor dette temaet. Styret ønskjer at det blir lagt opp til ei førebudd, større drøfting av utviklingstankar på eit styremøte til hausten. SAK 24/09. PROSJEKTOPPDRAG FORUTSEIBARE LØYSINGAR Aust-Agder fylkeskommunen hadde kome med førespurnad om BHV kan ta større prosjektoppdrag. Styret drøfta eksterne prosjektoppdrag generelt, og den konkrete førespurnaden. Bykle og Hovden Vekst AS er positive til å inngå ein langsiktig rammeavtale for prosjektoppdrag, der fylkeskommunane er oppdragsgivar. Avtalen skal vere i samsvar med dei rammene som er skisserte i utkastet, og styreleiar får fullmakt til å inngå avtale. SAK 25/09. JUSTERING AV RETNINGSLINER FOR TILSKOTT FRÅ BHV Forslag til justerte retningsliner for handsaming av tilskott frå BHV blei lagt fram for styret.
I punkt 3 skal formulering om lånetid på 15 år justerast, slik at lånetid blir tilpassa låneobjekt. Med denne endringa tilrår styret i Bykle og Hovden Vekst kommunestyret å vedta justert utkast til retningsliner for handsaming av søknad om stønad frå BHV. SAK 26/09. SØKNAD OM SAMARBEIDSAVTALE KRISTIANSAND ORIENTERINGSKLUBB Kristiansand ønskjer å fortsette samarbeidet med BHV/ hovden.com, og ber om eit samarbeid der hovden.com blir hovudsponsor med kr 100 000,-. HovdenFerie har gått inn for å støtte med kr 50 000,- per år i 3 år. Styret gjev administrasjonen fullmakt til å forhandle fram ein avtale med Kristiansand Orienteringsklubb. Det er eit vilkår at også Hovden Ferie vil bidra i ein samarbeidsavtale. Økonomisk ramme frå BHV er kr 50 000,- per år i 3 år, og det skal vere eit vilkår i avtalen at KOK skal gjennomføre minst eit breiddearrangement, samt jobbe aktivt for å få større arrangement til Bykle. SAK 27/09. SØKNAD OM STØTTE TIL UTVIKLING AV SYKKELLØYPER Hovden skisenter søker om tilskot på kr 329 040,- til utbygging av sykkelløyper i skisenteret. : Bykle & Hovden Vekst AS gjev Hovden skisenter AS eit tilskott på kr 328 520,- i samband med utvikling av sykkelløyper i Hovden skisenter. Grunnlag for tilskottet er følgjande kostnadsberekningar: Masse kr 97 000,- Trevirke kr 15 000,- Minigraver kr 47 040,- Ekstern arbeidskraft (400 timar) kr 120 000,- 400 arbeidstimar kr 100 000,- Gravemaskin med førar kr 90 000,- 300 timar administrasjon kr 100 000,- Ramper kr 8 000,- Diverse utstyr kr 30 000,- Uforutsett kr 50 000,- SUM kr 657 040,- Tilskottet utgjer 50 % av totale kostnader. Kvar delpost i grunnlaget viser kva som maksimalt kan godkjennast som grunnlag for utbetaling for dei ulike postane. Dersom kostnadene blir mindre, blir tilskottet tilsvarande redusert. Vilkår for tilsegn: Skisenteret må forplikte seg til vedlikehald av sykkelløypene.
Skisenteret har ansvar for sikkerheitsmessig forsvarlig bygging og drift av anlegget. Tilskottet forutsett at anlegget er oppe og i drift i minimum 10 år, elles vil tilskott bli avkorta. Utbetaling skjer i tråd med utbetalingsreglar. SAK 28/09. SØKNAD OM STØTTE TIL TEMAAVIS Setesdølen søker om tilskott på kr 30 000 i samband med temaavis med fokus på næring, som blir distribuert til heile landsdelen (opplag på 108 000). Bykle og Hovden Vekst gjev Setesdølen eit tilskott på kr 30 000,- i samband med temaavis som blir distribuert til alle husstandar i landsdelen i juni. SAK 29/09. SØKNAD OM STØTTE TIL OPPLÆRING AV NYTILSETT Avslag unnateke offentlegheit. SAK 30/09. KRAV OM ERSTATNING FOR TAPT FORTENESTE Avslag unnateke offentlegheit. SAK 31/09. RETNINGSLINER FOR UTLEIGE AV LOKALER I HOVDETUN Framlagt utkast til retningsliner blei drøfta. Følgjande blei kommentert: Korttidsutleige i punkt 4 bør definerast. Det bør ikkje vere eit krav at leigeforhold skal avklarast med leigetakarar (pkt. 4). Det bør takast inn eit innleiande avsnitt som seier noko om intensjonen for Hovdetun, og at ein i utgangspunktet står fritt til å leige ut til den ein ønskjer. Revidert forslag til retningsliner blir sendt ut til styret per e-post for endelig godkjenning. SAK 32/09. EVENTUELLE ANDRE SAKER a) Styrerepresentasjon HovdenFerieAS Hans Blattmann orienterte om forslag til styrerepresentasjon i HovdenFerie.
b) Generalforsamlingar knytt til BHV Generalforsamlingane blei fastsett til 30.06.2009 kl. 18.00 i Bykle. c) Styrerepresentasjon i Bykle Breiband AS Olav Mandt orienterte om at han ikkje ønskjer å halde fram som vararepresentant for styret til Bykle Breiband. Han foreslo at styret bør ha 3 faste medlemer. Dette og eventuelt vedtektsendring blir teke opp på generalforsamling. Hans Blattmann Kay A. Jeiskelid Tore Wiese-Hansen Reidar Fuglestad Torvald Gautland Olav Mandt Magne Kvaslerud