Sel kommune Utskrift av møtebok Arkivsak: 2013/575-20 Arkiv: 614 Saksbehandlar: Kari Hølmo Holen Dato: 29.05.2014 Utv.saksnr Utvalg Møtedato 6/14 Råd for mennesker med nedsatt funksjonsevne 17.06.2014 27/14 Driftsutvalget 16.06.2014 67/14 Formannskapet 17.06.2014 39/14 Kommunestyret 23.06.2014 Otta skole 5-7 - Prinsippvedtak om lokalisering Vedlagte dokument: 1. K-sak 75/11 den 14.11.11 2. Rapport frå Nordplan datert 14.02.2014 3. Faktamatrise 4. Matrise Ikkje vedlagt: 1. K-sak 55/06 Otta skole Fortsatt todeling eller samlokalisering 2. K-sak 11/14 - Boligsosial plan 3. K-sak 12/14 Godkjenning av Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 4. Uttale frå Lensmannen, Statens vegvesen og Regionsenterprosjektet 5. Uttale frå Sel ungdomsråd 6. Ref nr 8 frå plankomiteen Saksutgreiing: Kort historikk: - Sel kommune har over år satsa på skole, ved nybygg Nyhusom i to etapper 2000 og 2011, Otta ungdomsskole 2007 og renovering av Heidal skule 2008. - Gangbru mellom Otta skole/nyhusom og Øyaområdet i 2004 - Ulike tiltak ved Otta skole tilrettelegging for universell utforming i 2003 med garderober, nye toalettanlegg og heis, nytt hovudinntak og ny hovudtavle 2010, utskifting av PCB-armatur, solskjerming i raudbygget, mindre ventilasjonsanlegg og pga flaumen i 2011 er garderobeanlegg totalrenovert. - K-sak 55/06: Vedtak om at Otta skole / Nyhusom skal vere todelt, dette er plankomiteen bedt om å sjå bort frå i utgreiingsarbeidet. - K-sak 75/11 den 14.11.11 Otta skole plankomite oppretting av komite / mandat. - K-sak sak om skolestruktur 28.04.14 pkt. 1: «Dagens skolestruktur videreføres». Vedtak i K-sak 75/11: 1. Det opprettes en plankomité som innen 01.06.2012 skal fremme innstilling om framtidig lokalisering for klassetrinn 5 7 på Otta skole. 2. Komitéen skal utrede følgende alternativer: a. Renovering og utbygging av dagens Otta skole i sentrum. b. Samling av Otta skole i Nyhusom. c. Bygging av skoleanlegg i området Elvebakken/Otta ungdomsskole. 3. Komitéen skal i sin innstilling dokumentere at følgende momenter er belyst og hensyntatt: d. Tidligere utredninger og eksisterende dokumentasjon.
e. Skoleanleggets samspill med og påvirkning av utviklinga av Otta som regionsenter og by f. Stipulere forskjeller i investeringskostnader mellom alternativene. g. Stipulere forskjeller i driftskostnader mellom alternativene. h. Mulighetene for sambruk/bruk av eksisterende skoleanlegg, idrettsanlegg. uteområder og annen infrastruktur. i. Mulighetene for framtidig videreutvikling av skoleanlegget. j. Trafikale forhold inkludert tilrettelegging for skolebusser, parkeringsareal og trygg skolevei. k. Pedagogiske forhold, daglig ledelse og alternativenes funksjonalitet. l. Alternativ bruk av Otta skole i sentrum (bygningsmassen og/eller arealet). m. Alternativ lokalisering av tilbudet som i dag er ved Elvebakken. n. Utvikling i elevtall fram til 2017, prognose fram til 2025. o. Juridiske og planfaglige forutsetninger og konsekvenser ved de 3 alternativene. Komitéen står fritt i å bringe inn andre momenter i utredningsarbeidet. 4. Komitéen kan knytte til seg ekstern fagkompetanse. 5. Økonomisk ramme for plankomitéens arbeid legges inn i Økonomiplanen 2012 2015. 6. I løpet av utredningsperioden skal det avholdes minimum ett foreldremøte og ett åpent møte. 7. Som medlemmer i plankomitéen oppnevnes: Politiker Dag Erik PryhnAp Politiker Torgeir Sæteren, Ap Politiker Ragnhild Næprud, Sp Rektor ved Otta skole Representant for FAU ved Otta skole Ansatte-representant Representant for Rådet for mennesker med nedsatt funksjonsevne Administrasjonssjefen Som leder velges: Dag Erik Pryhn» Etter vedtak i Sel kommunestyre den 14.11.11 har følgjande plankomite arbeidd med utgreiing av Otta skole 5-7: - Kommunestyret: Dag Erik Pryhn (leiar), Torgeir Sæteren, Ragnhild Næprud - Råd for mennesker med nedsatt funksjonsevne: Marit Fosså - Otta skole: Rektor Reidun Hagen, tillitsvald Utdanningsforbundet Silje Byrløkken og FAU-repr. Irene Viken/Hilde Rødølen - Kommunal Eiendom: Leif Hagen - Barnetalsperson: Bente Krogsæter - Kommunalsjef Kari Hølmo Holen (sekretær) Plankomiteen bestemte i møte 19.09.2012 at dei ønskte å splitte Elvebakken/ungdomsskolen i to sjølvstendige alternativ, noko kommunestyret seinare slutta seg til. Plankomiteen fekk i første omgang mandat med frist 1.6.12, denne fristen har seinare vorte forlenga, og saka blir nå lagt fram til behandling. Plankomiteen har hatt 8 møte, med ein god del arbeid mellom møta. - Under arbeid med saka har Plankomiteen vore på synfaring på dei aktuelle skolestadene Otta skole, Otta skole Nyhusom, Elvebakken og Otta ungdomsskole. - For støtte i arbeidet er det kjøpt tenester frå Nordplan, rapporten er vedlagt. - Det er utarbeidd ei faktamatrise og ei vurderingsmatrise av dei ulike alternativa, som er vedlagt saka. Faktamatrisa viser areal eigedom, bebygt areal, bygningsareal, byggjeår, leikeareal/friområde, parkeringsareal, kommunikasjon-buss, infrastruktur i og over bakken, skoleveg, flaumfare, ein/fleire etg på eksisterande bygg, driftsutgifter pr 2013, areal nybygg og stipulerte driftsutgifter nybygg. Matrise for vurdering tar for seg uteareal, trafikk og sikkerheit, samferdsel generelt, eksisterande bygningsmasse, nybygg, teknisk drift og vedlikehald, sambruk, personalressurs, leiing og administrativ drift, materiell utstyr læremidlar, pedagogiske forhold, elevmiljø, miljø og utvikling regionsenter.
- Det er bedt om uttale frå Statens Vegvesen,, Lensmannen i Sel, Regionsenterprosjektet og Opplandstrafikk, og vi har mottatt svar frå dei tre førstnemnde, som alle tre støttar Nyhusomalternativet. - Ope møte vart gjennomført på Otta kulturhus den 5.5.14, med invitasjon sendt til alle foreldre med barn i barnehagane i Otta krets og foreldre til alle elevane ved Otta skole. Prosjektet vart presentert, med høve til spørsmål og kommentarar. Plankomiteen fekk positiv tilbakemelding på grundig arbeid, og Nyhusom vart tilrådd av fleire av dei frammøtte. - Ved Otta ungdomsskole har plankomiteen m.a. vurdert om 5 10 skole kunne vere eit alternativ. Avklaring her viser at det ikkje er ledig kapasitet i skoleanlegget, men det kan byggjast areal for 5-7 i tilknyting til dagens ungdomsskole. Det er liten tradisjon for 5-10 skular. - For alle alternativa er det lagt til grunn bruk av berre kommunal tomtegrunn. Naboar til Nyhusom og Elvebakken har vore orientert om utgreiinga som er sett i gang. Investeringskalkyle: Nordplan sin rapport viser investeringskostnadar basert på normtal for areal og byggekostnad. Komitéen har ikkje utarbeidd romprogram, dette ligg ikkje i mandatet og må kome i samband med ei byggesak. Tala nedanfor er difor grove kalkyler og inkluderer t.d. ikkje investeringar i veg, parkering, bussoppstilling og anna infrastruktur. Eks gym-sal (mill.kr) Inkl gym.sal (mill.kr) Otta skole 74 74 Otta ungdomsskole 77 92 Nyhusom-alternativet 65 80 Elvebakken 96 *Her er det tatt utgangspunkt i ny gymsal i tilknyting til skoleanlegget. (Sjå elles vurdering av gymsal eller Ottahall 2 seinare i saksutgreiinga.) Stipulert driftskostnad: Eks gym-sal (mill.kr) Inkl gym.sal (mill.kr) Otta skole 2,8 3,1 Otta ungdomsskole 2,7 3,0 Nyhusom-alternativet 4,0 4,3 Elvebakken 2,7 3,0 *Her må ein ta atterhald om at driftskostnad for alle alternativa er basert på erfarings- og normtal. Stipulerte driftsutgifter tar utgangspunkt i aktuelt areal på kvar plass, ut frå kjente m²-prisar for drift og vedlikehald ved andre bygg. Slike tal kan endre seg, særleg fordi det er usikkerheit kring framtidig energibruk til fyring. Dette blir påverka av klima, korleis det blir bygt og kva for tekniske løysingar som blir brukt. Når det gjelder Nyhusom, er det tatt med både utgifter til drift av dagens bygningsmasse (klassetrinn 1-4), og nødvendige tilleggsareal som må til for å huse klassetrinn 5-7. Dagens driftsutgifter på ca. 1,6 mill. er inkludert i tal som er stipulert for ein evt ny utvida 1-7 skole. Elevtalsutvikling (frå sak om skolestruktur): Elever i skolen totalt - startsår skoleår Praktisk Teoretisk beregnet antall klasser Skole 2013 2014 2015 2016 2017 2018 kapasitet 2013 2014 2015 2016 2017 2018 Heidal skule 167 161 144 134 128 118 250 10 10 9 9 8 8 Otta skole 277 272 277 288 297 283 450 14 14 14 14 14 14 Sel skule 65 62 58 58 57 50 100 4 4 4 4 4 4
Otta ungdomsskole 176 161 158 152 136 134 250 7 6 6 6 6 6 Totalt 685 656 637 632 618 585 1050 35 34 33 33 32 32 Sum barnetrinn 445 436 421 431 452 412 25 25 24 24 23 22 Sum ungdomstrinn 240 220 216 201 186 173 10 9 9 9 9 9 Folkehelse/gym: - Sel er Fysak-kommune, og alle skolane har opplegg knytt til Fysak i større og mindre grad. Mange barn og unge er i mindre aktivitet enn tidlegare, sjølv om det er mange som deltar på ulike aktivitetar på fritida. Plankomiteen viser til at det er Nyhusom-området som framstår som mest variert og attraktivt for uteaktivitet. - Plankomiteen har drøfta behov for gymsal/ottahall 2. Bygging alle andre stader enn dagens Otta skole vil føre til behov for ny gymsal/ottahall 2. Det har uavhengig av dette over mange år vore peikt på behov for ein hall nr 2, noko som også er lagt inn i «Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet». Ottahallen og gymsalen i Otta samfunnshus er sprengt, og gymsalen på Otta skole er også nytta på kveldstid. - Under arbeidet har det ma vore sett på Øyerhallen, som med garderobar har ein kostnad på 27 mill kr og ligg vegg i vegg med Solvang skole. Areal for framtidig bruk og vidareutvikling: - Plankomiteen har for samtlege 4 alternativ ikkje lagt til grunn bruk av areal utover det som er eigd av kommunen. - Plankomitéen meiner det er tilstrekkeleg areal på Nyhusom-, Otta ungdomsskole- og Elvebakken-området for ytterlegare utbygging i framtida. Alternativet Otta skole har ikkje areal til utbygging i eit seinare byggetrinn. - I regionsenterprosjektet er det sett fram forslag om at dagens område for Otta skole også kan framstå som attraktivt for boligbygging, eventuelt i kombinasjon med eit friområde/ein park ned mot Ottaelva. - Vedtak i boligsosial plan er oppstart av reguleringsplanarbeid ved «Gamle handelsskolen», og i saka er det lagt opp til flytting av tenester frå Elvebakken til nybygg her. Dette kan føre til at området Elvebakken blir frigjort til anna bruk. Trafikale forhold: - Nyhusom - nokre utfordringar med skolevegen slik det er i dag, mindre tiltak er lagt inn i trafikksikkerheitsplanen. Pr i dag eit noko uryddig trafikkbilde morgon og ettermiddag for Nyhusom, med bruk av privatbilar for kjøring av elevar til skolen og barn til Smurfen barnehage. Det kan vere aktuelt å flytte parkering og/eller av- og påstigning sør for skolen. - Otta skole har akseptabel tilkomst til skoleanlegget, men det er ikkje mogleg med eige areal for bussoppstilling eller utviding av parkeringsareal for privatbilar. - For Elvebakken/ungdomsskolen må skolevegen gjennom Otta sentrum og til området betrast/gjerast meir trafikksikker. Det blir elles vist til planar for oppgradering av gang- /sykkelvegen nordover langs Lågen frå Holum Sport. - For alternativa Nyhusom, ungdomsskolen og Elvebakken syner komitéen for øvrig til planane om opprusting av arealet nord for Ottahallen. Sel kommune har sendt søknad om midlar til eit større prosjekt som gjeld opprusting av busshaldeplassen ved Ottahallen tiltaket gjeld 2015. Prosjektet er i samarbeid med Oppland fylkeskommune, men ein vil ikkje få vedtak om det blir midlar før i 2015. - Formannskapet har gjort prinsippvedtak for ny rundkjøring på RV 15 frå vest. Reguleringsplan er under utarbeiding av Statens vegvesen. Saman med regionsenterprosjektet vil denne vise mønsteret for gåande/syklande frå vest og sør.
Ungdomsrådet fekk informasjon om saka i sitt møte den 03.06.14, og gjorde følgjande tilråding: «1. at ny 5-7 skole bygges på Nyhusom, Det er viktig at utbygging skjer på en slik måte at dagens varierte uteområde ivaretas. 2. at gymbehovet dekkes ved å bygge Ottahall 2, det presiseres at at det må bygges egne garderober i hallen, Gym for de laveste trinnene kan da løses i dagens allrom». Plankomiteen har i siste møte gått gjennom mandat og oppfølging av denne, og melder tilbake om at dei nå ser seg ferdig med arbeidet. Plankomiteen sine medlemmar frå Otta skole rektor, tillitsvald og FAU-representant støttar i si tilråding samla utbygging i Nyhusom, det same har barnetalspersonen gjort. Dei politisk oppnemnde avstod frå val av alternativ, da dei skal ta stilling til dette i den politiske behandlinga. Vurdering: Rådmannen sluttar seg til komiteen si oppsummering og meiner det er lagt ned eit grundig arbeid for å få best mogleg grunnlag for vedtak. Det er ingen tvil om anna enn at det er behov for nye lokale for 5. 7. trinnet ved Otta skole, sjølv om ulike tiltak har vore sett inn over tid for å ruste opp skolen slik at den kan drivast på ein best mogleg og forsvarleg måte. Gymsal/Ottahall 2: - For utbygging på Nyhusom vil beste alternativet for skolen vere at det blir bygt ein gymsal her, det vil gje størst fleksibilitet og ungane kan gå til gym utan følgje. Dette vil også krevje mindre bruk av lærar-/assistenttimar, og dermed spare tid til undervisning. Rektor har vist til at ein gymsal på Nyhusom på same måte som på Otta skole utan problem kan nyttast på kveld og helg. - For utnytting i området Ottahallen kan nok ønsket vere at ein evt Ottahall 2 blir lagt her. Men uansett vil ikkje avstanden over gangbrua vere stor, så spørsmålet blir meir om ein gir skolen eller idretten førsteprioritet. - Spørsmål om gymnastikksal eller hall må sjåast i større perspektiv komitéen går difor ikkje nærare inn på dette. Men dersom ein vel Ottahall 2 krev det ytterlegare tilrettelegging av vegen frå Nyhusom til Ottahall 2. Dette må og vurderast opp mot planane om nytt brusamband frå/til E6 nord i Otta kultur- og næringspark. Elevtalsutvikling: - Utvikling av elevtalet i Otta krets viser lita endring fram til 2018, heller ein lite auke, sjølv om elevtalet totalt i Sel blir redusert. Det vil vere viktig at ein i evt nybygg legg vekt på klasserom som er så store at det ikkje krev uhensiktsmessig deling, men rom som gir fleksibilitet. Trafikale forhold: - For Nyhusomalternativet kan det vere to alternativ for bussparkering det eine er dagens opplegg, det andre er at bussane stoppar ved Ottahallen. Dette vil krevje opplegg som sikrar trygg tilkomst til gangbru. Kva for alternativ som er best har ikkje komiteen tatt stilling til. Rådmannen meiner dette er noko ein må koma tilbake til i det vidare arbeidet med saka. Pedagogiske forhold: - Otta skole vantar ein del spesialrom m.a. for naturfag, noko som gjer at lærarar må bere med seg utstyr til mange av sine timar. Nybygg/rehabilitering der ulike spesialrom er bygt, vil forenkle det pedagogiske arbeidet og gjere at skolen blir framtidsretta. Ved ei utbygging/renovering må også estetiske fag ha fokus, likeeins spesialrom for naturfag m.m.
Ein del skolar har fleire spesialrom m.a. for matematikk noko som kan gje innsparing i utstyrsbehov men samtidig auke bruken. - Samlokalisering 1-7 vil gje betre utnytting av spesialrom og lærarressursar, lette samarbeidet og styrke skoleutviklinga. Sel kommune har overgangsplan mellom barnehage og skole, og pga at elevane er så små, bli fadderordninga lagt med oppstart om hausten. Samlokalisering vil gjere at større elevar kan delta i fadderordning, og dermed starte opp tidlegare. Folkehelseperspektivet: - For alle alternativa er det viktig at trygg skoleveg har fokus, og både gjennom arbeid med prosjektet trafikksikker kommune og trafikksikkerheitsplanen må dette bli arbeidd vidare med uavhengig av alternativ. - Uteområdet på Elvebakken og ungdomsskolen føreset noko investering for 5.-7. trinn for å bli meir attraktivt. Otta skole er uendra for areal og er byskole med dei kvalitetar dette har. - Alle alternativa har tilgang til dagens svømmehall, noko som er viktig for å gå god svømmeopplæring. - Tomta på Nyhusom skil seg ut med meir utfordrande terreng og er den mest attraktive både i geografi og storleik til å få til eit godt uteområde for barna. Uavhengig av val av framtidig lokalisering, vil det vere viktig å legge til rette med eit utemiljø som aktiviserer barna. Både skolebygg og skoleanlegg må vere lagt til rette også for bruk i fritid. Ras og flaum: - Etter at Nyhusom vart bygt vart det sett fram krav om rassikring, og dagens skoleområde og Smurfen barnehage er i dag rassikra. Det kan evt bli behov for ytterlegare rassikring sørover, dette er ikkje vurdert. Med bakgrunn i NVE sine planar om omlegging av Kleivrudbekken direkte til Lågen, vil dette betre grunnvassituasjonen i Nyhusomområdet. - For Elvebakken og ungdomsskolen vil NVE forsterke flaumførebygging mot Lågen. - Otta skole er flaumutsett pga grunnvatn som kjem inn i kjellar. Regionsenter-/byutviklingsprosjektet: - Viser til at tomt for Otta skole kan nyttast til andre formål, primært bustad her må ein ta omsyn til at skoleplassen er leikeplass for Otta sør - Viser til at området for Elvebakken også kan vere attraktivt som næringsareal - Vidare er det vurdert funksjonsdeling mellom dei ulike sonene på Otta - Dersom ein vel å bygge Otta skole samla på ein stad, vil dette redusere bil- og busstrafikk i Otta sør. Trafikkmønsteret vil også endre seg for gåande/syklande. - For framtidige planar er det også viktig at spørsmål om lokalisering av ny sentrumsbarnehage blir vurdert. Økonomi: - Det er avsett kr. 500.000 til arbeid for plankomiteen, av dette er det brukt kr 86.000. - Nordplan sin rapport viser stipulerte investeringskostnadar mellom kr. 65 og 81 mill. eks gymnastikksal. Her er gymnastikksal stipulert til kr. 15 mill. kr. Dette kan etter det rådmannen erfarer vere eit minimum, da ein ny hall truleg vil gje behov for meir garderobeplass. Erfaringstal frå t.d. Øyer kommune viser ein fullgod hall med garderobeanlegg til kr. 27 mill. kr. - Husbanken har finansieringsordning for rentestøtte, elles er det pr. dato ingen andre ordningar for skolebygg. Ny hall kan eventuelt koma inn under spillemiddelsøknad (Ref. Plan for idrett og fysisk aktivitet). - I økonomiplanen 2014 2017 er det lagt til grunn at Sel kommune skal ha investeringsvolum slik: o 2014: 28 mill.
o 2015: 43 mill. o 2016: 11 mill. o 2017: 9 mill. - I samband med det pågåande arbeidet med hovudplan for vatn og avlaup har rådmannen fått signal om at det kan liggje an til at kostnadene vil har eit større volum enn det som er lagt inn i økonomiplanen. I økonomiplanen er det lagt inn kr. 20 mill. fordelt på 4 år. Dei eksakte tala vil bli lagt fram i samband med behandling av hovudplanen som skal behandlast av kommunestyret på første møte etter sommarferien. - Alle anslag om inntekter i 2015, som vi så langt har vorte kjent med i kommuneproposisjonen for 2015, tyder på at Sel kommune må kutte i tenester slik som økonomiplanen er utarbeidd nå. Rådmannen meiner difor at alle investeringar må vurderast samla opp mot vedeteke handlingsreglar for netto låneopptak og korrigert netto driftsresultat. Det er svært viktig at kommunen skal klare å halde stø kurs for å sikre oss nødvendig handlingsrom i åra som kjem. I samsvar med tidlegare vedtak må denne investeringssaka drøftast/avklarast i samband med budsjettprosessen hausten 2014. Alle som har uttala seg i saka, inkludert tilsette ved skulen, tillitsvalde, Statens vegvesen, regionsenterprosjektet og lensmannen har i sine vurderingar lagt vekt på at Nyhusomalternativet er det beste. Ungdomsrådet støttar også dette i si uttale frå møte den 03.06.14. Med bakgrunn i saksutgreiing og vurdering, meiner rådmannen at Otta skole i framtida bør vere samlokalisert. Når det gjeld spørsmål om gymnastikksal /hall, er dette også noko som må vurderast i budsjett og økonomiplan, og lokalisering er såleis noko ein kan koma tilbake til. Rådmannen sitt forslag til innstilling: 1. Otta skole 5-7 blir samlokalisert med Otta skole 1-4 i Nyhusom. 2. Spørsmål om investering og framdrift blir avklart i samband med budsjettprosessen hausten 2014. Behandling i Råd for mennesker med nedsatt funksjonsevne - 17.06.2014: Rådet gikk enstemmig inn for Nyhusom som det beste alternativet for lokaliseringen av 5-7 klasse på Otta. På andre plass går rådet inn for lokalisering av 5-7 ved Otta ungdomsskole. Vedtak i Råd for mennesker med nedsatt funksjonsevne - 17.06.2014: Rådet går enstemmig inn for Nyhusom som det beste alternativet for lokaliseringen av 5-7 klasse på Otta. På andre plass går rådet inn for lokalisering av 5-7 ved Otta ungdomsskole. Behandling i Driftsutvalget - 16.06.2014: Rådmannens forslag til innstilling ble enstemmig vedtatt. Driftsutvalgets innstilling - 16.06.2014: 1. Otta skole 5-5 blir samlokalisert med Otta skole 1-4 Nyhusom. 2. Spørsmål om investering og framdrift blir avklart i samband med budsjettprosessen hausen 2014.
Behandling i Formannskapet - 17.06.2014: Rådmannens forslag til innstilling ble enstemmig vedtatt Formannskapets innstilling - 17.06.2014: 1. Otta skole 5-7 blir samlokalisert med Otta skole 1-4 i Nyhusom. 2. Spørsmål om investering og framdrift blir avklart i samband med budsjettprosessen hausten 2014. Behandling i Kommunestyret - 23.06.2014: Formannskapets innstilling ble enstemmig vedtatt. Vedtak i Kommunestyret - 23.06.2014: 1. Otta skole 5-7 blir samlokalisert med Otta skole 1-4 i Nyhusom. 2. Spørsmål om investering og framdrift blir avklart i samband med budsjettprosessen hausten 2014. Rett utskrift 25.06.14 Eva Nårstad sign