MØTEBOK Samarbeidsrådet for Sunnhordland Pr. epost 12. januar 2017 Sak 01/17 GJG/rr HØYRING E39 STORD-OS Statens vegvesen sin planomtale E39- Stord Os, Ådland Svegatjørn er på høyring med høyringsfrist 20 januar 2017. Samarbeidsrådet skal ikkje ha møte før 27. januar, og rådet har tidlegare sagt at kommunane må ha saka oppe før rådet gjev sin uttale. For å nå dette vart saka lagt fram til drøfting i utvida AU møte 10 januar, sidan ein stor del av rådet var representert denne dagen. Bakgrunn Kart over planområdet.
Etter vurdering av kostnader og konsekvensar tilrår Statens vegvesen utbygging av alternativ B for E139 Stord- Os, Ådland Svegatjørn med tunnelløysing på Os. Ei full utbygging med K/7, endeforankra flytebru over Bjørnafjorden er kostnadsrekna til 43 mrd. kr. Med K8 sideforankra flytebru er kostnadstalet 39 mrd. Ådland Gjøvåg På denne strekninga tilrår Statens vegvesen i utgangspunktet alternativ B med kryssing av Langenuen mellom Raunholm og neset (Midtre alternativ) Dette er grunngjeve ut i frå følgjande punkt. Tabellen syner resultat frå den samfunnsøkonomiske analysen. *) Tala i parantes er kostnadar med veg, bruer og tunnelar frå Søre Øyane til Halhjem i Os. Alternativ Alt. B Alt. D Alt. E Alt. F Ikkjeprissette konsekvensar Landskapsbilete Nærmiljø og friluftsliv -- -- -/-- -/-- -/-- Naturmangfald -- Kulturmiljø - Naturressursar Rangering 1 4 3 2 Prissette konsekvensar Anleggskostnad (P50) *dagline Os 43,0 (44,6) 49,7 (51,3) 49,9 (51,5) 43,1 (44,7) Netto Nytte *dagline Os 2,9 (1,8) -5,4 (-6,4) -5,5 (-6,4) 1,9 (0,9) NNB 0,08-0,12-0,12 0,05 *daglinje Os (0,05) (-0,14) (-0,14) (0,02) Rangering 1 3 3 2 Samfunnsøk. analyse Samla rangering 1 3 3 2 Lokale- og regionale verknader Den store skilnaden ligg mellom 0-alternativet med dagens veg og utbygging av ny E39, liten skilnad mellom alternativa. Alt.F er vurdert litt betre enn dei andre alternativa, spesielt med
Risiko og sårbarheit, ROS Måloppnåing kryss på Økland. Ny E39 vil bli ein raskare og tryggare veg for trafikantane. Ferjefri trasè gir døgnkontinuerleg framkomst og redusert tilkomsttid for redningstenestene. Alternativ F kjem best ut i høve til ras og uønska hendingar. Krav til utføring under bygging. Alle alternativ når effektmåla på ein god måte. Ådland Gjøvåg Sidan skilnaden mellom alternativa er så marginale, har Statens vegvesen lagt størst vekt på kostnad og netto nytte og vil difor tilrå at alternativ B vert lagt til grunn for vidare planlegging i reguleringsfasen mellom Ådland og Gjøvåg. Det vert og lagt til grunn at ved dette alternativet er det større fleksibilitet i høve til utbyggingsetappar. I alternativ B/E med midtre kryssing av Langenuen kan ein nytte ein større del av dagens E39 på Stord (Ådland og Mehammar) i eit første byggesteg enn alternativ D/F med søre kryssing av Langenuen. Dette inneber og at det i første utbyggingsfase er mogleg å nytta dagens E39 frå Ådland til Mehammar og bygga ny E39 i alternativ B vidare til Gjøvåg. Den nye vegen vil då få ei mellombels enkel påkopling med T-kryss til dagens E39 på Mehammar. Os sida Administrasjonen har i saksframlegget i første rekkje gått inn på dei tilhøva som gjeld Sunnhordland. Brukryssing av Bjørnefjorden er ikkje teken med, men administrasjonen legg til grunn ar det her vert gjort tenlege val. Vurdering Mål for prosjektet: Regjeringa sitt overordna mål for transportpolitikken er omtalt i Nasjonal transportplan 2014-2023 Å tilby effektivt, tilgjengleg, sikkert og miljøvenleg transportsystem som dekker samfunnets behov for transport og fremmer regional utvikling. Dette målet er lagt til grunn for planlegginga. Viktige transportmål i NTP Byar: All auke i persontransport skal takast med kollektivtransport (buss, tog bane) sykling og gange. Regionar: Bidra til regionforstørring Mellom byar og regionar: redusere avstandskostnader og styrke godstransporten- Statens vegvesen seier i sin rapporet at ny E39 mellom Stavanger og Bergen støttar opp om dei to siste transportmåla. Samfunnsmål Samfunnsmålet for KVU E39 Aksdal Bergen vart godkjent av Samferdsledepartementet og vert vidareført for E39 Stord Os Haugalandet og Sunnhordland skal i 2040 vere knytt nærare saman med Midthordland. Stavanger og Bergensområdet skal i 2040 vere knytt nærare saman. Med utgangspunkt i ovannemnde rår administrasjonen til at Samarbeidsrådet går inn for kryssing i Sør alternativ F / B.
Argumenta for dette er mange, og administrasjonen meiner at dei viktigaste er: Transportmål: Bidra til regionforstørring For å knyta Stavanger og Bergen saman er val av trase av liten betydning når det gjeld kryssing av Langenuen, tekniske løysingar over Bjørnefjorden og trase mot Svegatjørn. Men ei kryssing i midten, alternativ B, er ikkje den beste løysinga for utvikling Sunnhordland. I dette ligg blant anna Tysnes si tilknyting mot regionsenteret, det same for Kvinnherad/Etne, avhengig av om det vert ei tenleg løysing på ferjesambandet Stord- Kvinnherad. For Fitjar vil kryssing i sør gje større avstand mot nord og til Bergen. Dette er ein ulempe for Fitjar. Ei kryssing i sør vil ikkje påverka Fitjar si tilknyting til resten av Sunnhordland. Samfunnsmål Haugalandet og Sunnhordland skal i 2040 vere knytt nærare saman med Midthordland. Dersom ein vel ei midtre kryssing og det ikkje vert ei løysing med Kvinnherad /Etne si påkopling mot E39 vil ei slik kryssing gje eit splitta Sunnhordland som skal knytast saman med Haugalandet og Midthordland. Dersom det vert ferje Kvinnherad- Hodnanes må Kvinnheringane køyra nordover for å koma til Leirvik Haugesund. Då er det like enkelt å køyra mot nord. Difor vil samfunnsmålet bli svekka med alternativ B. Tidlegare vedtak Samarbeidsrådet fekk i 2014 utarbeidd rapporten Scenario Sunnhordland, brukryssing av Langenuen. Rådet gjorde då følgjande vedtak: 1. Samarbeidsrådet for Sunnhordland tek rapporten til orientering. 2. Rådet registrerer at dei ulike alternativa for kryssing av Langenuen gjev positiv noverdi. Samarbeidsrådet legg til grunn at den endelege bruplasseringa vert avklara gjennom planprosessen for statleg reguleringsplan. 3. Samarbeidsrådet ber om at Statens vegvesen snarast set i gang arbeidet med statleg reguleringsplan for strekninga Stord-Os. Planarbeidet må ha ei framdrift som sikrar at prosjektet kan få prioritet ved rullering av Nasjonal transportplan. 4. Samarbeidsrådet legg til grunn Austevoll og Kvinnherad si påkopling til Kyststamvegen vert fastslått som ein del av reguleringsplanen for E39 Stord-Os. Dette vedtaket har lagt til grunn for at Samarbeidsrådet ikkje har uttalt seg om kryssing av Langenuen tidlegare. Ut i frå planprogrammet kjem det fram at det er svært liten forskjell i kostnadane mellom dei to alternativa, men at ei sørleg kryssing gjev best effekt for regionen.
Kommunane Stord, Bømlo, Tysnes og Kvinnherad har politiske vedtak på at dei ynskjer ei kryssing i sør, både til planprogram og til noverande høyring. Det er uheldig at planen i liten grad syner konsekvens og moglegheiter for dei kommunane som ligg utanom planområdet. Det er synt at ei tilkopling til Austevoll, i første rekkje eit avkorta ferjesamband, vil auka samfunnsnytten monaleg. Tilsvarande vurderingar burde vore gjort for kommunar som Kvinnherad og Fusa. Alternativ F er den traseen som vil gje størst lokal nytte for Tysnes både med omsyn til å få ein tenleg arealutnytting i høve til dagens tettstadar, og med omsyn til ei god kopling til sør og austsida av øya. Alternativ F vil leggja til rette for ei framtidig god tilknyting mellom E134 og E39. I planframlegget vert det vist til at dette synet er urealistisk, men her bør ein leggja til grunn at dei vala som no vert gjort skal stå seg i generasjonar frametter, og det som ikkje synest vera realistisk på kort sikt vil kunna vera det i veganlegget si levetid. Administrasjonen sitt framlegg i drøftingsdokumentet til AU: Ferjefri kyststamveg E39 vil bety svært mykje for utviklinga av næringsliv og busetnad på vestlandet, men er og eit viktig nasjonalt prosjekt. Fastsambandet Hordfast må difor på plass snarast råd, og må prioriterast med midlar i NTP planperioden 2018-2023, parallelt med Rogfast. Samarbeidsrådet for Sunnhordland meiner at realisering av ferjefri kyststamveg er viktigare enn val av trase. Samarbeidsrådet ser likevel at det er svært små skilnader mellom alternativ B og alternativ F i høve til pris og ikkje prissette konsekvensar. For utvikling av Sunnhordland og for å nå samfunnsmålet om at Haugalandet og Sunnhordland i 2040 skal vere knytt nærare saman med Midthordland, vil alternativ F vera den beste løysinga. Det er uheldig at planen i liten grad syner konsekvens og moglegheiter for dei kommunane som ligg utanom planområdet. Det er synt at ei tilkopling til Austevoll, i første rekkje eit avkorta ferjesamband, vil auka samfunnsnytten monaleg. Tilsvarande vurderingar burde vore gjort for kommunar som Kvinnherad og Fusa. Kostnadsauken i prosjektet har vakse fram som den største trusselen mot ei realisering av prosjektet m.a. som konsekvens av ny standard på riksvegprosjekt, finansieringsmodellen m.v. Samarbeidsrådet føreset at det vert gjort ein kritisk gjennomgang av delløysingane i detaljplanlegginga med sikte på redusera totalkostnaden for prosjektet. Samstundes må strekninga Os- Stord ha gode trafikk- og miljøløysingar. Samarbeidsrådet føreset at det vert lagt til grunn ein sams standard for den nye E39 og at denne skal leggjast til grunn for alle delløysingane av traseen. Innspel frå arbeidsutvalsmøte i Oslo 10.01. Ovannemnde saksutgreiing vart lagt fram for eit utvida arbeidsutval i møte i Oslo 10.01. Her var seks av åtte kommunar representert. Det vart i møte presisert at det for regionen er viktigast at ferjefri kyststamveg vert realisert, enn kvar kryssing av Langenuen kjem. Samarbeidsrådet bør difor ikkje i sin uttale prioritera mellom dei to alternativa for kryssing av Langenuen. Dette blant anna fordi kommunane har gjeve ulike høyringssvar og at det også vert gjeve uttalar frå andre instansar som har ulike syn på midtre eller sørleg kryssing.
Ut i frå denne drøftinga vart ein samde om at administrasjonen skal arbeida vidare med ein ny uttale med utgangspunkt i eit framlegg frå ordførar Morten Storebø, Austevoll kommune. Framlegg til uttale: 1. Ferjefri kyststamveg E39 vil bety svært mykje for utviklinga av næringsliv og busetnad på Vestlandet, og er eit svært viktig nasjonalt prosjekt. Fastsambandet Hordfast må difor på plass snarast råd, og må prioriterast med midlar i NTP planperioden 2018-2023, parallelt med Rogfast. 2. Samarbeidsrådet for Sunnhordland meiner at realisering av ferjefri kyststamveg er viktigare enn val av kryssing over Langenuen. Samarbeidsrådet ser likevel at det er svært små skilnader mellom alternativ B og alternativ F i høve til pris og ikkje prissette konsekvensar. 3. Det er uheldig at planen i liten grad syner konsekvens og moglegheiter for dei kommunane som ligg utanom planområdet. Det er synt at ei tilkopling til Austevoll, i første rekkje eit avkorta ferjesamband, vil auka samfunnsnytten monaleg. Tilsvarande vurderingar burde vore gjort for kommunar som Kvinnherad og Fusa. 4. Samarbeidsrådet føreset at det vert lagt til grunn ein sams standard for den nye E39 og at denne skal leggjast til grunn for alle delløysingane av traseen. 5. Kommunedelplanen er gjennomført som statleg regulering. Samarbeidsrådet for Sunnhordland meiner staten òg bør stå for detaljregulering av prosjektet, men ber om at det i så stor grad som mogleg vert teke omsyn til lokale partar som blir berørt av prosjektet. VEDTAK: 1. Ferjefri kyststamveg E39 vil bety svært mykje for utviklinga av næringsliv og busetnad på Vestlandet, og er eit svært viktig nasjonalt prosjekt. Fastsambandet Hordfast må difor på plass snarast råd, og må prioriterast med midlar i NTP planperioden 2018-2023, parallelt med Rogfast. 2. Samarbeidsrådet for Sunnhordland meiner at realisering av ferjefri kyststamveg er viktigare enn val av kryssing over Langenuen. Samarbeidsrådet ser likevel at det er svært små skilnader mellom alternativ B (midtre) og alternativ F (sørlege) i høve til pris og ikkje prissette konsekvensar. 3. Det er uheldig at planen i liten grad syner konsekvens og moglegheiter for dei kommunane som ligg utanom planområdet. Det er synt at ei tilkopling til Austevoll, i første rekkje eit avkorta ferjesamband, vil auka samfunnsnytten monaleg. Departementet bør etter vår meining og regulera inn tilkomstveg/punkt for trafikk frå Kvinnherad i form av nytt ferjeleie nærast mogleg E39.
4. Samarbeidsrådet for Sunnhordland er uroa over at tilrådinga frå Statens vegvesen kan tolkast som om at utbygging av strekninga Heiane-Ådland/ Nordre Tveita skal inngå i siste utbyggingsetappe Ådland-Mehammer. Samarbeidsrådet meiner det må utarbeidast reguleringsplan for strekninga Heiane-Ådland/Nordre Tveita så snart Kommunal- og moderniseringsdepartementet har handsama kommunedelplanen, med sikte på tidlegast mogeleg anleggsstart. 5. Samarbeidsrådet føreset at det vert lagt til grunn ein sams standard for den nye E39 og at denne skal leggjast til grunn for alle delløysingane av traseen. 6. Kommunedelplanen er gjennomført som statleg regulering. Samarbeidsrådet for Sunnhordland meiner staten òg bør stå for detaljregulering av prosjektet, men ber om at det i så stor grad som mogleg vert teke omsyn til lokale partar som blir berørt av prosjektet.