Til: Institutt for statsvitenskap 1097 Blindern Telefon: 22 85 51 81 Saksbehandlar: Elisabeth Bakke Telefaks: 22 85 44 11 E-post: postmottak@stv.uio.no Dato: 10.03.2010 Saksnr.: Nettadresse: www.statsvitenskap.uio.no Studiekvalitetsrapport for 2009 Bachelorprogrammet i Europastudium (EU) Vi viser til notat av 22.1.2010 frå fakultetet om rapportering av studiekvalitet for 2009. 1. Inntakskvalitet Søkinga til Europastudium (EU) har tidlegare år gått gradvis nedover. I 2009 stoppa denne trenden opp, men programmet har framleis det lågaste talet på primærsøkjarar av alle bachelorprogramma på SV-fakultetet. Talet på primærsøkjarar gjekk ned frå 85 i 2008 til 84 i 2009. Bachelorprogramma på SV-fakultetet hadde samla ein auke på 3,7 prosent i talet på primærsøkjarar, medan bachelorprogramma på HF hadde ein auke på 3,2 prosent. Derimot auka det samla talet på søkjarar som hadde Europastudium (EU) med på lista frå 1044 til 1150 (dvs. +10,2 prosent, mot +8,5 for SV-fakultetet). Nedgangen i talet på primærsøkjarar har også ført til at opptaksgrensa i dei seinare åra har gått ned både på ordinær kvote og for elevar som søkte med utgangspunkt i primærvitnemålet. For 2009-et var opptaksgrensene for Europastudium (EU) 43,8 poeng på primærvitnemålskvota (ned frå 47,5 poeng i 2008), og 48,1 poeng på ordinær kvote (ned frå 49,8 poeng i 2008). (Nedgangen er rimelegvis størst for søkjarar på primærvitnemålskvota, som nå utgjer 50 prosent av opptaket, mot før 40 prosent). Begge delar er som i fjor under gjennomsnittet for SVfakultetet, som var 54,3 poeng på ordinær kvote og 47,0 poeng på primærvitnemålskvota. Sjølv etter den siste nedgangen ligg opptakskrava på Europastudium i Oslo høgare enn på tilsvarande studium i Bergen (der alle kom inn) og i Trondheim. Inntakskvaliteten er altså framleis relativt god, men programrådet diskuterer kvart år kva som kan gjerast for å betre rekrutteringa. Betre informasjonen om programmet vil framleis vera viktig. I tillegg til informasjonen på heimesidene, som er i samsvar med krava til programplan og læringsmål, har vi lagt ut ein kortare tekst retta mot søkjarar. Også i 2010 prøvde vi å bruke open dag til å skape blest om programmet, bl.a. gjennom ei forelesing og aktiv studentdeltaking den dagen. Vi håper dessutan at den nye skulebesøksordninga skal hjelpe på rekrutteringa. Programmet har ingen særskilte tiltak for minoritetsstudentar, men studentar frå andre land får den hjelpa dei treng på individuell basis. Bachelorprogrammet i Europastudium (EU) har kvart år fleire norsktalande studentar med minoritetsbakgrunn, dei fleste frå europeiske land, og det er vårt inntrykk at dei er godt integrerte i sine. Vi ser derfor framleis ingen grunn til å særbehandle desse på nokon måte.
2. Rammekvalitet Det er viktig å skape godt fysisk og sosialt læringsmiljø på emna og på programmet som heilskap, men sidan programmet korkje har eigne lokalar eller emneansvar (bortsett frå EURO3090) er det i praksis lite som kan gjerast på programnivå. Programmet har felles læringsmiljøkontakt med institutt for statsvitskap som er Øyvind Colbjørnsen. Kontaktpunkt for programmet er programleiar og studiekonsulent, og eventuelle klager kan også rettast til desse, eller meldast inn under evalueringar. Det er ikkje registrert avvik og klager på læringsmiljøet frå studentane på programmet i 2009. I programevalueringa på nett våren 2009 har alle svart ja, nokså, eller både og på spørsmålet om dei var nøgde med det fysiske læringsmiljøet. Men det er kvart år nokon som klagar på at lesesalane blir brukt til eksamen og at det dermed at for lite plass i eksamensperiodane. Eit tilbakevendande problem er også støy på lesesalar og PC-stuer. Kulltiltak: Bachelorprogrammet i Europastudium (EU) har frå starten i 2003 hatt særskilte tiltak retta mot nye studentar. Ved semesterstart kvar haust har vi ein introduksjonsdag for årets, der vi kombinerer det faglege med det sosiale, etterfølgd av semesterstartsamling for alle om kvelden så også i 2009. Programmet har dessutan prioritert å støtte studietur for førsteårsstudentane. I 2009 gjekk turen til Praha og Berlin. Utover dette arrangerer programmet kvart semester eit aktualitetsseminar som skal fungere samlande både faglig og sosialt, og gir også støtte til diverse tiltak i regi av studentane. Som vanleg hadde vi våren 2009 ei lita avslutningsmarkering for avgangset (06-et). Inntrykket er at det sosiale miljøet på studieprogrammet fungerer godt. Generelt er det tilfredsstillande frammøte, sjølv om deltakinga på aktualitetsseminaret varierer noko. Det er ikkje gjennomført tiltak i samband med studentvegleiing. 3. Programkvalitet Det har ikkje vore vesentlege endringar i studietilbodet. Frå våren 2009 har IAKH oppretta HIS1300EU Nyere europeisk historie for Europastudier (EU) spesielt for våre studentar. Emnet erstattar HIS1320 Nyere Europeisk historie, som er slått saman med eit anna emne til eit 20- poengsemne. Dette er hovudsakleg ei administrativ endring. Det same gjeld overføringa av EURO 2101 EØS-regelverket; innhold og betydning for nasjonal handlefrihet til juridisk fakultet, også frå våren 2009. Overføringa ser ut til å ha gått greitt, bortsett frå nokre småproblem som skuldast informasjonssvikt. Programrådet har i fleire år arbeidd med å få på plass eit nytt EURO-emne på 2000-nivå, som vil vera obligatorisk for alle som tar ei 40-gruppe i Europaemne. Saka vart utsett pga. den svært økonomien på Institutt for statsvitskap, men emnet er nå vedtatt igangsett frå våren 2011. Det har ikkje vorte gjort noko arbeid med program- og emnebeskrivingar i 2009. Det er ikkje veldig lenge sidan vi hadde ein gjennomgang av dette (sjå tidlegare års rapportar).
Heilskap og samanheng i studieprogrammet: Etter tilråding frå den eksterne evalueringskomiteen utarbeidde vi hausten 2007 forslag til emnekombinasjonar innafor 40- gruppa i valfrie Europaemne. Denne planen blir nå rullert kvar haust. Internasjonalisering: Programmet har mange eigne utvekslingsavtalar med universitet i Europa. Vi rår studentane til å ta valfrie europaemne på utvekslingsopphald, og dette fungerer bra. Det ligg best til rette for utveksling i 4. semester i studieløpet, og dei langt fleste drar i vårsemester. Våren 2009 var 11 studentar på utveksling. 10 av desse reiste på programmets eigne avtalar, fordelt på Tyskland (3), Polen (3), Nederland (2), Frankrike og Spania (ein kvar). Ein relativt stor del av kvart (rundt ein tredjedel av dei som fullfører) reiser på utveksling, men det var færre som drog på utveksling i 2009 enn i 2008. Det kan kanskje tyde på at vi treng å motivere Europastudentane for å dra utanlands. Programmet hadde i 2009 inga lærarutveksling, men Elisabeth Bakke var hausten 2009 i Budapest på ei utvekslingsavtale som ILOS har. Engelskspråklege emne: Det er for tida berre EURO3090 som blir administrert av programmet sjølv. Sidan dette er eit avslutningsemne og det berre er ope for programstudentar, er det ikkje naturleg å ha undervisning på engelsk. Det nye emnet som blir oppretta våren 2011 vil derimot gå på engelsk. Dette er ein del av avtalen med Institutt for statsvitskap. 4. Undervisningskvalitet Sidan dei aller fleste emna som inngår i bachelorprogrammet i Europastudium (EU) blir levert av andre, har vi liten kontroll over kvaliteten på undervisning og vegleiing. Vi melder frå til emneleverandørane i tilfelle der vi oppdagar at ting ikkje fungerer som dei skal, men det er opp til emneleverandøren å følgje opp. EURO3090 er gjenstand for evaluering kvar gong det blir gjeve, og vi prøver å justere opplegget slik at læringsutbyttet blir størst mogleg. 5. Resultatkvalitet Fullføring av graden: Det har tidlegare vore eit problem at fullføringsdata frå FS har vore fullstendig upålitelege. For å bøte på problemet, vart ordninga med gradfangst innført. Oversikta under viser kor mange som er registrert som fullført i dei a som med normal studieprogresjon burde vera ferdige per 2009: 2003-et 2004-et 2005-et 2006-et 35 27 31 20 For dei tre eldste a av Europastudentar (2003 2005) ser desse tala ut til å stemme ganske godt med det vi sjølve har registrert. Det er i tillegg nokre i kvart (2 3) som etter alt å dømme har fullført ein bachelorgrad, sidan dei er tatt opp på masterprogram, men som ikkje fyller krava til samansetjing av ein bachelorgrad i Europastudium (EU). Det er elles normalt at ein tredjedel av dei som til slutt fullfører, gjer det på overtid. Det er derfor rimeleg å vente at fleire enn 20 vil fullføre også i 2006-et. Det er kvart år rundt 30 som tar EURO3090.
Studiepoengsproduksjon: Den reelle studiepoengproduksjonen per Europastudent som faktisk tok studiepoeng var 27,2 poeng våren 2009 og 27,6 poeng hausten 2009. På årsbasis er dette den lågaste studiepoengsproduksjonen sidan starten i 2003. Det kan dermed sjå ut som lågare inntakskrav over tid påverkar studiepoengproduksjonen negativt. Men dersom vi ser på den gjennomsnittlege produksjonen dei første seks semestra etter opptak, er variasjonen mellom relativt liten. Nedgangen i studiepoengproduksjon per student skuldast ikkje berre at dei yngste a har litt lågare progresjon, men også at etternølarar i eldre drar ned gjennomsnittet. Europastudentane skil seg likevel ikkje mykje frå studentar på andre bachelorprogram på SVfakultetet. Studiepoengproduksjonen er nå litt lågare enn for SV-fakultetet som heilskap. Tabell 1. Studiepoengproduksjon (per student som faktisk tok studiepoeng) H- V- H- V- H- V- H- V- H- V- H- V- H- Opptaksgrense 2003 2004 2004 2005 2005 2006 2006 2007 2007 2008 2008 2009 2009 2003-et 28,8 27,2 28,8 25,7 27,9 28,0 18,9 20,0 13,3 15,0 10,0 52,3 2004-et 27,5 28,1 30,4 28,1 30,0 30,3 25,0 15,0 20,0 10,0 52,7 2005-et 28,8 30,2 28,8 26,1 28,2 27,4 26,8 34,3 20,0 52,2 2006-et 25,2 26,0 28,4 29,5 30,0 28,9 22,2 50,8 2007-et 28,2 26,4 30,5 26,9 29,4 50,4 2008-et 25,5 24,0 26,2 48,9 2009-et 24,0 46,0 Alle 28,8 27,2 28,1 27,1 28,9 29,1 27,2 27,2 27,7 27,1 28,0 26,5 26,0 SV-fakultetet 26,9 27,2 26,5 27,0 26,5 27,6 26,6 26,8 26,4 26,9 27,4 27,2 27,5 Kjelde: eigne utrekningar basert på Studenter, produksjon, poeng pr student og grader pr semester og Gjennomføring av studieprogram, på www.uio.no/for_ansatte/arbeidsstotte/sta/fs/statistikk/. Dei som framleis er igjen etter at dei normerte tre åra er over, har stort sett lågare studiepoengsproduksjon (raude tal). 2005-et er delvis eit unntak. Forklaringa på dette er dels at dei som heng etter er deltidsstudentar (har fått løyve til deltid), dels at mange manglar eitt eller to emne for å fullføre. Karakterar: Karaktergjennomsnittet for Europastudentane (alle emne) er som i fjor nær samanfallande med gjennomsnittet for SV-fakultetet (ein sterk C), og har vore stabilt dei siste tre åra. Strykprosenten på EURO1000 gjekk rett nok opp hausten 2009, men dei som stod til eksamen gjorde det til gjengjeld faktisk betre enn tidlegare. Karakterane på programmets eigne emne er gode, men ikkje unaturleg gode. Vi har ikkje hatt resultat som gjer at det er naturleg å sjå på karakterbruken. 6. Styringskvalitet Tilsynssensorordninga: Frå og med 2009 har ISV same tilsynssensor for EURO3090 som for STV-emna. Denne gongen var oppdraget å evaluere klageprosessen. Det er ingenting i tilsynssensorrapporten som gjeld EURO3090 spesielt, og vi viser derfor til ISVs studiekvalitetsrapport på dette punktet.
Programevalueringar EURO3090, emneevaluering V-09: Det vart som vanlig gjennomført evaluering av EURO3090 våren 2009. Av dei 30 som følgde undervisninga, svarte 26 på evalueringa, dvs. ein svarprosent på 87. Emnet er i hovudsak organisert som seminarundervisning, og vi har vidareført delinga av dei to store seminargruppene i fire smågrupper. I tillegg kjem det ei innleiande forelesing om oppgåveskriving, og eit kurs i litteratursøking i regi av biblioteket, som i 2009 dessverre var dårleg besøkt. Studentane har rett til ein halvtime individuell vegleiing, men ikkje alle nytta dette tilbodet, og nokre av desse burde absolutt hatt vegleiing. Våren 2009 prøvde vi å få studentane til å melde seg på dei store seminargruppene etter tilnærming (historie versus statsvitskap) og geografisk nedslagsfelt. Sidan fleirtalet har statsvitskapeleg fordjuping, førte dette veldig skeiv fordeling mellom gruppene, og vi måtte dessutan flytte ein del studentar mellom seminara etter semesterstart for å samle studentar som skreiv om same tema. Til saman skapte ein del (unødvendig) uro, utan at det ser ut til å ha påverka evalueringane av emnet. Studentane verkar nøgde med inndelinga i smågrupper, men det er framleis vanskeleg å få dei til å delta aktivt dei gongene dei ikkje har ei fastlagt rolle (presentasjon eller opposisjon). Våren 2010 prøver vi derfor å krevja at alle har førebudd ein kommentar til alle oppgåver. Tematisk sprik er stadig eit problem, men vanskeleg å gjera noko med så lange studentane kan velja tema fritt (og det er det stort fleirtal for, også i 2009). Det er framleis nødvendig å oppfordre studentane til å ta imot tilbodet om vegleiing. Tabell 2: Evaluering av EURO3090 Vurdering på skala 1-5 Evaluering V-2008 Evaluering V-2009 (1 = best) 1 2 3 4 5 Snitt 1 2 3 4 5 Snitt Utbytte av forelesinga 8 9 3 1 2,86 6 10 7 3,04 Utbytte av biblioteksorien. 5 4 4 5 2,50 4 8 4 3,00 Utbytte av seminaret 6 10 6 2,00 4 14 7 1 2,19 Tilbakemelding opponent 10 4 6 4 2,17 3 11 9 1 1 2,44 Tilbakemelding kursleiar 16 3 3 1 1,70 19 4 1 1 1,44 Nivået på oppgåvene 13 7 4 2,63 14 12 2,46 Kvaliteten på eiga oppg. 8 12 3 1 2,88 10 10 4 1 2,84 Kvalitet presentasjonar 1 8 14 1 2,63 1 13 11 1 2,46 Organisering av seminaret 6 11 5 1 1 2,17 3 16 7 2,15 N=24 (V-2008). N=26 (V-2009). Alle har ikkje svart på alle spørsmål. Som tabellen viser, er det ingen dramatiske endringar i utbyttet studentane har hatt av undervisninga. Utbyttet av seminaret ser ut til å vera godt, og studentane er også nøgde med måten seminaret har fungert på (organisering). Fleire enn i fjor er godt nøgde med tilbakemeldingane frå kursleiarane, og det er ingen forskjell på seminargruppene. Studentane er derimot mindre nøgde med forelesingane enn med seminara. Kurset i litteratursøking gjekk i ei PC-stue, men fungerte ikkje optimalt, og forelesinga om oppgåveskriving er kanskje for generell?
EURO1000 Inga emneevaluering. Det har vore gjennomført evaluering av EURO1000 nesten kvart år sidan starten. Sidan det har ikkje vart gjort vesentlege endringar i 2009, og fjorårets evaluering var såpass positiv, såg vi det ikkje som nødvendig å evaluere dette emnet i år. Programevaluering V-2009: Som sist vart den nettbaserte programevalueringa V-2009 av tekniske grunnar gjennomført som tre separate undersøkingar: ei for 2008-et, ei for 2007- et og ei felles for tidlegare. Som vanleg er det svært få som svarer på desse evalueringane: 8 i 2008-et, 10 i 2007-et og 11 i 2006- og tidlegare. Dette kan skuldast at det er for mange evalueringar, eller også at studentane stort sett er nøgde. Forhåpentleg har dei studentane som er mest misnøgde svart. Med det vanlege atterhaldet når det gjeld representativitet, ser det ut til at det samanlikna med tidlegare år er litt fleire av dei som har svart som meiner at studiet så langt har svart til forventningane. Men med den låge svarprosenten er det vanskeleg å vite om dette er tilfeldige utslag eller uttrykk for realitetar. Tabell 3: Forventningar og realitetar Har programmet svart til forventningane? 2003-2005- V-2008 V-2009 V-2009 2006-2007- 2006-2007- 2008- Arbeidsbelastning 2006-2007- 2008-1 Ja 3 4 7 7 6 8 1 Altfor stor 0 0 1 2 Delvis 1 8 4 12 3 4 0 2 Krevjande 5 6 6 3 Nei 1 1 2 1 0 0 3 Passe 5 3 1 Snittsskåre 2,0 1,83 1,66 1,76 1,45 1,40 1,00 4 Lett 1 1 0 Skjema totalt 1 12 9 21 11 10 8 Snittskåre 2,64 2,50 2,00 Arbeidsbelastning og trivsel: Eit stort fleirtal oppfattar arbeidsbelastninga som krevjande eller passe, dei langt fleste trivst på studiet, og studentane er også stort sett nøgde med læringsmiljøet sitt, sjølv om dei eldre a tenderer til å vera meir kritiske enn det yngste. Det var få spesifikke klager på læringsmiljøet våren 2009, bortsett frå den vanlege om stengte lesesalar i eksamenstida og støy på lesesalen. Det er elles ingen store endringar frå tidlegare år på desse punkta. Studentane tykkjer stort sett også dei får den informasjonen dei treng. Undervisning/eksamensformer: Det er framleis misnøye med for mange skuleeksamenar, men dette gjeld mest dei to eldste a. Dette heng nok saman med at 3/4 av dei som svarte, har vald fordjuping i statsvitskap, der skuleeksamen er ganske einerådande som eksamensform på bachelornivå. Som tidlegare ønskjer over halvparten av alle som har svart, større valfridom i vurderingsformer, og i dei to eldste a gjeld dette 2/3. Dette er dessverre ikkje noko vi greier å gjera noko med på programnivå, men det vil hjelpe om Institutt for statsvitskap greier å variere eksamensformene på bachelornivå noko meir.
I kommentarane etterlyser studentane bl.a. Tettare oppfølging, bl.a. frå studiekonsulent, og meir seminar Fleire valfrie Europa-emne, og større valfridom generelt betre informasjon om yrkesval Fleire programspesifikke emne Det har alt i alt ikkje kome fram ting i evalueringane som tilseier dramatiske endringar i programmet. Synleggjering av kvalitetssystemet Eit hovudpoeng med evalueringar er å framskaffe informasjon om korleis studentane vurderer undervisninga dei får, slik at program og emneleverandørar kan gjera dei nødvendige endringane. Samtidig er det eit poeng å melde tilbake til studentane at vi tar evalueringane alvorleg og prøver å gjera det vi kan for å betre studiekvaliteten. Studentrepresentantane blir orientert om arbeidet med studiekvalitet gjennom møte i programrådet, og i tillegg blir studiekvalitetsrapportane for kvart år lagt ut på heimesidene til programmet. 7. Konklusjon og vegen vidare Samarbeidet med andre fakultet, institutt og program har også i år fungert utmerka. Men som fleirfaglig program er vi ekstra sårbare for endringar frå emneleverandørane si side, så det er framleis viktig at institutta tar omsyn også til våre studentar i undervisningsplanlegginga. Det administrative ansvaret for programmet vart hausten 2008 overført frå SV-fakultetet til Institutt for statsvitskap. Det har vore ein økonomisk turbulent periode for instituttet, men bortsett frå det har overgangen gått greitt. Programrådet er særleg fornøgd med vedtaket om å opprette eit nytt EU-emne på 2000-nivå, med oppstart våren 2011. Det gjenstår nå å utarbeide forelesingsplan og pensumliste for det nye emnet. Med tre nye tverrfaglege program administrerer ISV frå og med hausten 2008 seks studieprogram. For å betre koordineringa og samarbeidet mellom programma har instituttet i 2009 oppretta eit koordinerande utval for alle programma der programleiarane møtest. Programleiinga arbeider kontinuerleg for å betre studiekvaliteten, med utgangspunkt i årlige program- og emneevalueringar. Men sidan opplegget for både EURO1000 og EURO3090 er justert heilt nyleg, er det neppe behov for å gjera nye store endringar i desse emna i nær framtid. Den største utfordringa for programmet framover er nok rekruttering. Nedgangen i primærsøkjarar er bekymringsfull, og sjølv om studiepoengproduksjonen framleis er relativt god, er den nå under gjennomsnittet for fakultetet. Med vennleg helsing Elisabeth Bakke Programleiar for Europastudium (EU) Ida Weseth Bjøru Studiekonsulent