SKODJE KOMMUNE Perioderekneskap September 2008
PERIODISERT REKNESKAP PR. 30.09.08 Utvikling av rapporteringssystem Det er gjort vedtak om at Skodje kommune skal utarbeide månadlege rekneskapsrapportar samanlikna med periodisert budsjett. Det vert ikkje laga rapportar for januar og juni. Perioderekneskapen pr. 30.09.08 vert lagt fram for politisk handsaming som eit vedlegg til budsjettrevisjon 2/2008. Prinsipp for periodiseringa Periodiseringa av budsjettet er utarbeidd etter følgjande prinsipp: Budsjettert fast løn blir periodisert i samsvar med kostnadsføring inklusive avsetjing til feriepengar med 9, 2 % kvar månad. Feriepengar i juni vert ført mot avsetjing slik at vi får negativ kostnad denne månaden på 1,2 %. Variabel løn og pensjonsforsikringspremie vert fordelt i samsvar med erfaringar frå tidlegare år. Inntekter og utgifter utan særskilt fordelingsprofil vert fordelt likt på månadene i året. Kostnader og inntekter som kjem på faste tidspunkt vert periodisert i budsjettet slik at dei i størst mogleg grad samsvarer med rekneskapen. Formålet med rekneskapen Formålet med rekneskapen er å vise situasjonen hittil i året i høve til føresetnadene i budsjettet. Leiarane for resultateiningane har ansvar for å sjå til at drifta er i balanse og iverksetje tiltak som gjer at overskridingar vert dekt inn snarast råd er. Lønskostnader utgjer ein svært stor del av kostnadene og er stort sett greie å periodisere slik at avvik kjem fram svært tydeleg. Vi bør derfor ha særskilt fokus på lønsområdet slik at det om naudsynt vert sett i verk tiltak som tilpassar lønskostnadene til budsjettet som står til rådvelde. ØKONOMISK OVERSYN PR. 30.09.08 Løn og sosiale utgifter utgjer kr. 99.027.000 og er kr. 5.749.000 meir enn periodisert budsjett. Refunderte sjuke- og fødselspengar gir delvis dekning for meirforbruk innan lønsområdet. Refunderte sjuke- og fødselspengar gir kr. 1.735.000 i meirinntekter, medan andre lønsrefusjonar gjer meirinntekter på ca. 250.000,-. Årsbudsjettet for skatteinntekter, rammetilskot og andre statlege tilskot for 2008 er utarbeidd på grunnlag av statsbudsjettet og summerer seg til kr. 127.313.000. Pr. utgangen av september summerer skatteinntektene seg til kr. 59.798.000. Det er kr. 8.457.000 meir enn periodisert budsjett. Det er skatteinngangen i mai som er unormalt høg. Auken i høve 2007 er på 21%. Denne prosenten vil gå noko ned da vi forventar normal skatteinngang resten av året. Auken i skatteinngangen på landsbasis er svakare enn den er i Skodje kommune. Dette fører i praksis til at den meirskatteveksten vi har i Skodje kommune reduserer det inntektsutjamnande tilskotet. Skodje kommune har difor ein vesentleg svikt i det inntektsutjamnande tilskotet. Etter ni månader ligg rammetilskotet kr. 2.059.000 bak budsjett, og inntektsutjamninga 6.298.000 bak budsjett. Avkastninga frå kraftfondet er budsjettert til kr. 4.500.000,- i 2008. Akkumulert avkastning etter ni månader er negativ med 5,6% eller kr. 4.185.000,-. Så langt i år ligg avkastinga frå kraftfondet
vel 7,5 millionar bak periodisert budsjett. September blei den verste månaden for fondet sidan det blei oppretta, med ei negativ avkasting på vel 2,1 millionar kroner. Det er tidlegare meldt at ein forventar at tapa i dei amerikanske bankane vil komme til syne i løpet av hausten, men at konsekvensane og etterverknadene av dei enorme tapa var meir uklar. No ser ein at situasjonen er meir alvorleg enn det man var klar over og konsekvensane tilsvarande større. Det står att å sjå om dei storstilte redningspakkane som sentralbankane og myndigheitene no kjem med er tilstrekkeleg til å få finansnæringa på beina igjen. Den budsjetterte avsetnaden til rente på kommunale innlån baserer seg på ei renteutvikling i samsvar med sentralbanken si rentebane. Prisen på kapital har auka vesentleg meir enn sentralbanken si renteauke. Vi ligg difor i dag på eit langt høgare rentenivå enn det som ligg til grunn i budsjettet og det er grunn til å tru at dette blir situasjonen ut 2008. I tillegg til ein svikt i finansinntektene får vi òg ein sprekk i finanskostnadene i 2008. Netto finanskostnader ligg vel 8 millionar over budsjett etter 9 månader og utgjer kr. 15.904.000,- mot budsjettert kr. 7.841.000,-. Rekneskapsmessig forbruk i einingane pr. 30.09.08 syner eit meirforbruk i høve budsjettet på 2,7 millionar kroner. DRIFTSREKNESKAP PR. 30.09.08 I driftsrekneskapen er inntekter utanom frie inntekter ført på dei resultateiningane dei høyrer til slik at det er nettokostnaden som kjem fram under kvar resultateining. Dette er i samsvar med gjeldande økonomireglement og dei føresetnadene som det vedtekne budsjettet bygger på. Overforbruket i sentraladministrasjonen gjeld kostnader til datakommunikasjon og lisenskostnader. Ein forventar ikkje ytterlegare overskridingar ut året. Overforbruk på prosjekt/avsetnader gjeld auka kostnader til lønsoppgjeret, samt auka kostnader til AFP og seniorpolitiske tiltak. Kostnader til lønsoppgjeret vil ein foreslå finansiert opp ved auka frie inntekter i budsjettrevisjonen 2/2008. Positivt avvik på felles grunnskule/barnehage gjeld utbetaling av 2 termin skjønnsmidlar til barnehagane på vel 1,8 millionar kroner. Dette er øyremerka midlar som skal tilførast barnehagane. Overforbruk i eininga sosial- barnevern og flyktningarbeid gjeld auka kostnader til barnevern utanfor familien (saker med ansvarsovertaking). Desse kostnadane gjekk noko ned frå august, og overforbruket i eininga har ikkje auka dei siste månadane. Ein vonar difor at overforbruket ikkje aukar ytterlegare ut året. Overforbruket i heimetenestene og på Skodje omsorgsenter gjeld i hovudsak lønspostar. Vi er usikre på korleis dette vil utvikle seg resten av året. Overforbruket innan butilbud PU gjeld i hoverdsak lønspostar. Vi er usikre på korleis dette vil utvikle seg resten av året.
Som ei oppsummering kan vi sei at Skodje kommune: har ei potensiell meirinntekt i frie inntekter på ca. 2 millionar har ein potensiell svikt i finanspostane på ca. 8 millionar går mot eit overforbruk i driftseiningane på 3,5 millionar Pr. utgangen av august ligg Skodje kommune ann til eit underskot for 2008 på ca. 9 millionar kroner. Skodje, 15.10.08 Kjell Bjørdal rådmann Stig Taklo Økonomisjef
Vedlegg 1 Rekne- Periodiset Budsjett Års Budsjett DRIFTSREKNESKAP skap budsjett avvik budsjett avvik 30.09.08 30.09.08 30.09.08 2008 31.08.08 Skatteinntekter -59 798-51 341-8 457-63 955-8 518 Statleg rammetilskot -32 223-34 282 2 059-42 852 1 983 Inntektsutjamning -983-7 281 6 298-11 201 5 321 Selskapsskatt -2 004-2 004 0-2 505 0 Momskompensasjon inv. -2 202-1 725-477 -2 300-555 Vertskommunetilskot -3 044-3 040-4 -3 800-3 Integreringstilskot -416-525 109-700 73 SUM FRIE INNTEKTER -100 670-100 198-472 -127 313-1 699 Renter ansvarleg lån -1 118-1 131 13-1 131 13 Andre renteinntekter 3 184-3 938 7 122-5 250 4 500 Aksjeutbytte -877-970 93-970 93 Renteutgifter 8 519 7 677 842 9 872 1 513 Avdrag på lån 6 424 6 203 221 6 900 655 Refundert renter/avdrag -228 0-228 -1 770-152 NETTO FINANSUTGIFTER 15 904 7 841 8 063 7 651 6 622 Avsett til disposisjonsfond 5 752 5 752 0 8 052 0 Resultat frå tidlegare år -5 752-5 752 0-5 752 0 NETTO AVSETJINGAR 0 0 0 2 300 0 Overført investeringsrekneskapen 0 0 0 0 0 Netto motpost avskrivningar 0 0 0-4 200 0 TIL DISPOSISJON DRIFT -84 766-92 357 7 591-121 562 4 923 Politisk styring 1 133 1 075 58 1 586 79 Sentraladministrasjonen 7 759 7 405 354 10 094 376 Kultur 376 434-58 530-54 Landbruk 176 202-26 423-26 Kirkelege formål 989 989 0 1 364 0 Posjekt/Avsetnader 1 264-1 348 2 612 169 1 587 PPT 1 350 1 417-67 1 417-67 Felles grunnskule / barnehage -732 1 948-2 680 2 787-2 057 Skodje ungdomsskule 8 878 9 073-195 12 386-195 Vaksenopplæring 855 1 020-165 999-204 Skodje barneskule 11 017 10 775 242 14 668 67 Bibliotek 362 391-29 530-26 Musikk- og kulturskule 475 486-11 811-40 Stette skule og barnehage 2 177 2 446-269 3 277-408 Valle skule og barnehage 5 035 4 898 137 6 610-45 Skodje-/Prestemarka barnehage 806 663 143 905 144 Helsesenteret 2 248 2 712-464 5 148-585 Sosial- barnevern og flyktningarb. 6 645 5 622 1 023 7 450 949 Heimetenestene 6 864 6 208 656 8 511 627 Skodje omsorgssenter 12 651 11 955 696 16 417 890 Prestemarka Produkt 3 414 3 437-23 4 502 46 Butilbud PU 7 991 7 187 804 11 311 591 Tekniske tenester 6 513 6 485 28 9 667 131 SUM FORDELT TIL DRIFT 87 113 84 405 2 708 121 562 1 701 ÅRSRESULTAT 2 347-7 952 10 299 0 6 624
Vedlegg 2 SKATTEINNGANG - SKODJE KOMMUNE Rekneskap Rekneskap Rekneskap Budsjett Rekneskap Endring Endring Månad 2005 2006 2007 2008 2008 2007 2007-08 Januar 6 909 000 7 428 000 8 586 000 8 597 000 8 434 000-163 000-1,77 % Februar 294 000 614 000 56 000 63 000 731 000 668 000 1205,36 % Mars 8 548 000 9 527 000 10 091 000 10 229 000 10 837 000 608 000 7,39 % April 1 320 000 1 636 000 1 399 000 1 444 000 1 985 000 541 000 41,89 % Mai 9 199 000 10 351 000 10 618 000 11 994 000 18 108 000 6 114 000 70,54 % Juni 907 000 308 000 348 000 439 000 388 000-51 000 11,49 % Juli 6 476 000 7 542 000 7 473 000 7 593 000 8 229 000 636 000 10,12 % August 515 000 392 000 440 000 439 000 601 000 162 000 36,59 % September 8 586 000 9 816 000 10 420 000 10 543 000 10 481 000-62 000 0,59 % Oktober 1 120 000 1 197 000 671 000 690 000 November 8 242 000 10 727 000 11 176 000 11 296 000 Desember 1 482 000 528 000 612 000 628 000 TOTALT 53 598 000 60 066 000 61 890 000 63 955 000 59 794 000 8 453 000 20,96 % Vedlegg 3 Avkastingsrapport for kraftfondet DnB Spareb. Møre Skagen Totalt Sum plassering 30 000 000 30 000 000 15 000 000 75 000 000 Marknadsverdi pr. 31.12.07 31 302 473 31 194 554 15 604 056 78 101 083 Avkastning 2007/Uttak jan 2008-1 302 473-1 194 554-604 056-3 101 083 Avkastning januar 2008-164 817-777 177-336 820-1 278 814 Avkastning februar 2008-682 245-201 591 92 684-791 152 Avkastning mars 2008-312 550 46 287-311 950-578 213 Marknadsverdi pr. 31.03.08 28 840 388 29 067 519 14 443 914 72 351 821 Avkastning 1.kvartal 2008-3,87 % -3,11 % -3,71 % -3,53 % Avkastning april 2008 341 133 521 677 392 120 1 254 930 Avkastning mai 2008 223 191 290 212 213 396 726 799 Avkastning juni 2008-476 700-669 475-405 828-1 552 003 Marknadsverdi pr. 30.06.08 28 928 012 29 209 933 14 643 602 72 781 547 Avkastning 2.kvartal 2008 0,30 % 0,49 % 1,38 % 0,59 % Regulering 2007 - Innskudd 2 000 000 2 000 000 Avkastning juli 2008-95 082-133 253-47 702-276 037 Avkastning august 2008 211 323 184 108 41 042 436 473 Avkastning september 2008-593 013-873 919-659 942-2 126 874 Marknadsverdi pr. 30.09.08 28 451 240 28 386 869 15 977 000 72 815 109 Avkastning 3.kvartal 2008-1,65 % -2,82 % -4,55 % -2,70 % Avkastning hittil i 2008-1 548 760-1 613 131-1 023 000-4 184 891 Avkastning 2008 i % -5,21 % -5,44 % -6,88 % -5,64 %