Styremøte mandag 20. desember 2010



Like dokumenter
Styremøte fredag 13. mai 2011

Møteprotokoll. KAAIKS - Styret

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 36/12 42/12. MØTELEIAR Sølvi Ulvenes (H)

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 13. JUNI 2013 KL , SCANDIC HOTEL, HAUGESUND

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Innkalling for Kommunestyret i Radøy

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

MØTE I REPRESENTANTSKAPET - SOGN BRANN OG REDNING IKS

Til deg som bur i fosterheim år

26/10 Godkjenning av protokoll frå møte og telefonmøter og

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Møteprotokoll for møte i

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Kviteseid kommune Kontrollutvalet

Kontrollutvalet i Suldal kommune

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti. Ugilde Sak Følgjande varamedlem møtte

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar, Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav Luksengård Mjelva, Tove Leinslie, 1.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapsalen Saknr.: 36/13 43/13

Postboks SOGNDAL - Tlf: MØTEPROTOKOLL

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

kontrollutvalet Seljord kommune - kontrollutvalet Dato: Tid: 09:00-12:00 Stad: Seljord kommunehus, møterom 1, 1.etg.

Protokoll frå styremøtet i Helse Bergen

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet. Møtestad: Rådhuset Møtedato: Kl:

Møteprotokoll Komité for rehabilitering, helse og omsorg og open høyring

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Møterom Folgefonna Saknr.: 38/10 45/10. MØTELEIAR Leiv Guddal (SP)

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 27. NOVEMBER KL I MATRE

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Austevoll kommune. Møteprotokoll FORMANNSKAPET

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 17/11 25/11. MØTELEIAR Toralf Røen(Ap)

Sakliste: Saknr. Sak 12/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Vedtaksprotokoll styremøte og styreseminar

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Sakliste: Saknr. Sak 29/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Forum for Kontroll og Tilsyn Møteprotokoll

MØTEBOK Tysnes kommune

Tysnes kommune Møteprotokoll

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

Referat frå Årsmøte i Flåm Musikklag Laurdag på Holo Gardstun

ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP FOR ASKØYPAKKEN - ASKØY BOMPENGESELSKAP AS

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

frå møte i gjetarhundnemnda til Nsg tysdag 6. desember 1994 på lagskontoret i Parkveien 71.

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Dan Helge Bjørneset Medlem H

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

6. trinn. Veke 24 Navn:

20/11 Rapport etter forvaltningsrevisjon av legetenestene i Tysnes kommune. 21/11 Framlegg til budsjett for kontroll- og tilsynsarbeidet for 2012

ETNE KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Måndag 21. november 2016 blei det halde møte i Etne kontrollutval under leiing av utvalsleiar Ståle Tungesvik.

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 038/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

Saksframlegg. Skattesatsar/ marginavsetning: Skatten for 2015 på formue og inntekt vert å fastsette til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek.

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

Møteinnkalling Formannskapet

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

MØTEPROTOKOLL. Erik Vangsnes leia møtet under sak 50 og 52. Vegard Fosså leia møte etter konstitueringa i sak 52.

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

SVEIO KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Tysdag 23. september 2014 blei det halde møte i Sveio kontrollutval under leiing av utvalsleiar Håkon J. Skimmeland.

Kviteseid kommune - Kontrollutvalet. Møteprotokoll frå Kviteseid kommune - kontrollutvalet. Møtedato: Økonomisjef Rune Pedersen

Fitjar kommune Møteprotokoll

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Fyresdal kommune. Kontrollutvalet. Møteprotokoll frå Fyresdal kommune - kontrollutvalet. Møtedato: Fyresdal kommunehus, møterom 2.

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Samnanger kommune Møteprotokoll

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

Velkomen til Dialogkonferansen august - 1. september 2009

Kontrollutvalget i Klepp kommune Møteinnkalling

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 25 MAI KL PÅ HYDRO HUSNES

Eigarmelding. Balestrand kommune

Eid kontrollutval SEKOM-sekretariat

Transkript:

Styremøte mandag 20. desember 2010 Me kallar inn til styremøte i Regionrådet Nordhordland IKS Tid: Mandag 20. des. 2010 kl. 0930-1100 (Repr.skapet i Nordhordland Revisjonsdistrikt har møte frå 1100) Stad: Møterom hos Regionrådet, Kvassnesvegen 23 Sakliste: 30/10 Møte med Hordalandsbenken planlegging og spissing av tema 31/10 Bruk av ny logo, og val av nytt namn frå 2012 32/10 Møteplan for 1. halvår 2011 33/10 Biosfæreområde i Nordhordland ei orientering om status og vidare arbeid 34/10 Endra organisasjonsmodell for det interkommunale samarbeidsorganet Nordhordland digitalt 35/10 Klimapolitisk møteplass oppnemning av medlemer 36/10 Meldingar og eventuelt Med helsing Regionrådet Nordhordland IKS Håkon Matre Styreleiar Elin F. Styve Dagleg leiar

Sak 30/10 Møte med Hordalandsbenken oppfølging og spissing av tema 17. september 2010 fremma styret ønske om å få arrangert eit besøk hos Hordalandsbenken på Stortinget tidleg neste år. Administrasjonen har vore i kontakt med Hordalandsbenken og benkleiar Hilde Lydvo i fleire omgongar. Meininga var å få til eit møte i Oslo i januar/februar. Lydvo har ikkje kome tilbake med konkret dato. Det kan vera vanskeleg å få samla heile benken til eit generelt møte utan tydeleg vald tema på førehand. I oktober hadde me hadde eit godt møte med delar av benken i samband med deira besøk hos TCM på Mongstad. Der fekk me presentert litt av arbeidet i Regionrådets regi, men det var ikkje tid til å gå djupt inn på enkeltemne. Både Lydvo og dei andre benkmedlemene var positive til å ta i mot oss for meir konkrete samtalar seinare. Me vil på nytt ta kontakt for å få spikra ein dato for eit besøk til Hordalandsbenken i Oslo. Me treng å spissa tema for møtet, for å skapa interesse blant stortingsrepresentantane for å møta. I denne samanheng ønskjer dagleg leiar ei drøfting i styret om kva for tema som er rasjonelle og viktige å ta opp, for å vera heilt konkrete og visa ei tydeleg stemme frå regionen, uavhengig av partitilknyting. Tema må knytast opp til faktiske saker som me veit at Stortinget skal ta stilling til. Det bør også leggast opp til eit møte med lokale medlemer i eksempelvis transportkomiteen og helse- og omsorgskomiteen når me først er i Oslo. Dette krev gode førebuingar og konkrete mål. Styret tek saka opp til drøfting og gjev innspel om kva for emne me skal signalisera at me vil ta opp med Hordalandsbenken. Dagleg leiar jobbar vidare med innhald i saka og organisering av eit møte.

Sak 31/10 Bruk av ny logo, og val av nytt namn frå 2012 I tilknyting til arbeidet med nye nettsider er det utarbeida ein logo som passar til designet på nettet, og som framhevar NORDHORDLAND meir enn organisasjonsnamnet Regionrådet. Dette var eit val basert på ønsket om å stå tydeleg fram som regionsparaply og la ordet Nordhordland vera dominerande visuelt og i dei samanhengar folk skal identifisera oss. Logoen er ikkje utarbeida ut frå nokon omfattande merkevareprosess, men er resultat ev ein kort og lite kostbar prosess med å få eit modernisert uttrykk forenleg med webpublisering. Derfor ligg det ingen spesiell symbolikk eller assosiasjon i logoen, som ein gjerne ville hatt med ein meir omfattande prosess. Me såg det ikkje tenleg å gå inn i ein stor og kostbar prosess med dette no, ettersom me går mot ny selskapsform til neste år. Likevel ønskjer me å ta i bruk logoen også på brevpapir, visittkort og i annonsar etter kvart som dette blir bestilt/bytta ut i tida framover. Me meiner det er ein styrke å framstå med eit meir moderne og reint uttrykk i synleggjeringa av Regionrådet gjennom 2011, med vekt på namnet Nordhordland. Ein slik bruk av ny logo vil også kunne vera ein god forløpar til ei raffinering av merkevareprofil til det me vil foreslå skal heita Region Nordhordland frå 2012 (registrert namn er Nordhordland Utviklingsselskap IKS). Som tidlegare nemnd for styret er eit slikt namn ein styrke i samband med all profilering og kontaktarbeid, også internasjonalt. Det vil også kunna passa godt inn under paraplyen til Region Bergen og i samarbeidet med BRB. Framlegg til vedtak 1) Styret i Regionrådet Nordhordland IKS går inn for å ta i bruk logoen som er utarbeida til nettsidene, også i skriftleg materiell. 2) Merkevarenamnet på den nye organisasjonen blir frå 2012 Region Nordhordland, i Brønnøysund registrert som Nordhordland Utviklingsselskap IKS

Sak 32/10 Møteplan for 1. halvår 2011 Tidlegare er det slått fast at fredagar er dei beste dagane for styremøte. Kommunane har vanligvis tysdag, onsdag og torsdag som møtedagar for formannskaps- og kommunestyremøte. Styremøta startar frå morgonen av og vert avslutta med lunch. Framlegg til møteplan for styremøter og representantskapsmøter 1. halvår 2011: Fredag 11. februar Fredag 11. mars Fredag 15. april (årsrekneskap) Representantskap 13. mai (og evt styremøte) Evt eit siste styremøte i juni: Veke 23/24, ope til diskusjon: 7. evt 8. juni, eller 14. evt 15. juni? Møteplan vert drøfta og endeleg vedteken i møtet.

Sak 33/10 Biosfæreområde i Nordhordland ei orientering om status og vidare arbeid Håkon og Elin orienterer om arbeidet så langt. Håkon har vore i møte med Fylkesmannen 14. des. og blant anna orientert om arbeidet med biosfæreområde i Nordhordland. Han vil kort koma inn på resultatet av denne samtalen. Vedlegg: Referat frå første møte i arbeidsutvalet for biosfæreområde, og nokre informasjonsklipp på overordna nivå. Styret tek saka til orientering Regionrådet Nordhordland IKS Sak 34/10 Endra organisasjonsmodell for det interkommunale samarbeidsorganet Nordhordland digitalt Bakgrunn/samandrag Nordhordland digitalt vart etablert i 2006 av kommunestyra i regionen som ein interkommunal samarbeidsorganisasjon for realisering av visjonar og mål sett i samstundes vedtekne kommunedelplanar for geodata og for plan-og byggesaksforvaltinga i kommunen. I tilråding av Regionrådet Nordhordland IKS vart ansvaret for sekretariatsfunksjonen lagt til sekretariatet til Regionrådet. I 2010 er det gjennomført ei evaluering av organisasjonen Nordhordland digitalt og organiseringa av denne. Konklusjonen er at det etablerte samarbeidet må halda fram, men at sjølve organisasjonen vert justert og vidareført i ein vertskommunemodell. Nordhordland digitalt er fagorgan for rådmannskollegiet i regionen. Rådmannsgruppa handsama evalueringsrapporten med tilhøyrande sakutgreiing den 20.10 og slutta seg der til den tilrådde organisasjonsendringa. Vedlegg 1. Nordhordland digitalt Vegen vidare (samarbeidsorganet sin evalueringsrapport)

2. Nordhordland digitalt si saksutgreiing med vedlegg til Rådmannskollegiet 3. Rådmannskollegiet sitt vedtak av 20.10.2010 Styret i Regionrådet Nordhordland IKS sluttar seg til rådmennene sitt vedtak av 20. oktober 2010 i handsaminga av organisasjonsendringa for Nordhordland digitalt. Regionrådet Nordhordland IKS Sak 35/10 Klimapolitisk møteplass oppnemning av medlemer Hordaland Fylkeskommune ønskjer å danna ein fylkesdekkande møteplass for ordførarrepresentantar frå regionråda, etter modell av Regionalt klimapanel. På denne bakgrunn er Regionrådet Nordhordland IKS invitert til å delta med 1-2 politiske representantar i den såkalla klimapolitiske møteplassen for Hordaland. Første møte er 19. januar Vedlegg: Brev frå Hordaland fylkeskommune. Styret drøftar saka og blir samde om kven som skal representera Regionrådet Nordhordland IKS i det nyoppretta forumet. Sak 36/10 Meldingar og eventuelt a) Fylkesdelplan for ny godshamn i Bergensområdet oppnemning av medlem Jostein Skråmestø vart i styremøte 5. februar 2010 oppnemnd som medlem i den administrative prosjektgruppa for denne fylkesdelplanen. Jostein går no av med AFP og det er nytt møte i prosjektgruppa allereie 5. januar 2011. På denne bakgrunn må det veljast ein ny representant til gruppa. Saka vert lagd fram til drøfting og mogleg vedtak.

b) Spørsmål frå Sentio om deltaking i Borgarundersøkelsen Utdrag av epost 16.12.2010 frå Sentio: Året 2010 ebber snart ut og da avslutter vi Borgerundersøkelsen i Trøndelag og flytter undersøkelsen til en annen region. Dette har vært en utrolig suksess: 4 regionråd har gjennomført undersøkelsen o Værnesregionen, referanse Asbjørn Brenne o Innherred Samkommune, referanse Ola Stene o Trondheimsregionen, referanse Jon Hoem o Orkdalsregionen, referanse Knut Wold - Dette utgjør over 30 % av alle kommunene i Trøndelag - 3400 intervju er gjennomført Oppskriften på suksessen er enkel. Sammenhengen mellom pris og kvalitet. Dersom du også kan tenke deg en gjennomføring i din region, hvordan går vi så fram? - Jeg kan sende et eksempel på rapport for kommune og region - Jeg kan komme og presentere konseptet i regionrådet Eller du kan sende ut en henvendelse til dine rådmenn/ordførere om at Sentio ønsker å tilby Borgerundersøkelsen for vårt regionråd. Dette er et helt nytt konsept som Sentio første gang presenterte på landskonferansen for regionråd i Narvik i august. Undersøkelsen er gjennomført med stort hell i Trøndelag hvor over 30 prosent av alle kommunene er med. Prisen er satt. Det koster 37 000 eks.mva for en kommune å være med. For denne prisen får alle kommuner en egen kommunerapport og en regionrapport. 200 personer blir intervjuet på telefon fra hver kommune som er med. De som ønsker å se hvordan disse rapportene kan få tilsendt en fra Trøndelag. Hører fra deg om du vil ha besøk av Borgerundersøkelsen i din region. Dagleg leiar har bede Sentio om å senda eit døme på ein slik rapport, som vil koma til neste styremøte.