HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Eigedomsseksjonen Arkivsak 200804221-7 Arkivnr. 015 Saksh. Moe, Eivind Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 02.12.2008 INNEKLIMA VED SKULAR OG VEDLIKEHALDSETTERSLEP PÅ FYLKESKOMMUNALE SKULAR. SAMANDRAG I samband med fylkestinget si handsaming av sak 19/08 Årsmelding 2007 Kontrollutvalet, den 10.06.08, sette Kjersti Toppe fram slikt oversendingsforslag: Det vert lagt fram sak for opplærings- og helseutvalet som inneheld statusrapport og tiltaksplan for godkjende inneklima ved skular og reduksjon i vedlikehaldsetterslepet på fylkeskommunale bygningar. Toppe sitt forslag vart samrøystes vedteke ovesendt fylkesrådmannen. Fylkesrådmannen har valt og dele saka i to deler: 1. Statusrapport og tiltaksplan for skular i høve til Forskrift om miljøretta helsevern for barnehager og skular. Pr. dato er 18 skular heilt eller delvis godkjende. Fram til 2010 forventar ein at ytterlegare 10 skular vil verte godkjende. Dersom ein reduserer for skular som skal leggast ned knytt til ny skulestruktur, vil vi etter 2010 framleis ha 18 skular som ikkje er godkjende. 2. Reduksjon i vedlikehaldsetterslepet på fylkeskommunale bygningar Eigedomsseksjonen arbeider med ein teknisk porteføljevurdering av den fylkeskommunale eigedomsmassen. Her vil ein kartlegge dagens status og estimere kostnadene for teknisk oppgradering til eit definert ambisjonsnivå. Kostnadene deles i akutte behov (1-5år) og langsiktig behov for oppgradering (6-10 år). Til å utarbeide rapporten har ein engasjert Multiconsult AS som har utvikla eit dataverktøy som dei har brukt på meir enn 20 mill m 2 offentlege bygningar. Grunna stort arbeidspress både internt på eigedomsseksjonen og hos Multiconsult AS er den endelege rapporten enno ikkje klar. Ein vil difor legge denne delen av saka fram ved eit seinare høve.
FORSLAG TIL VEDTAK Opplærings- og helseutvalet tar del 1 i saka til etterretning. Del 2 blir lagt fram for utvalet så snart det lar seg gjere. Paul M. Nilsen Johnny Stiansen Vedlegg: Inneklima i fylkeskommunale skular status pr. 01.11.2008 Prioriteringsliste - Luftbehandlingsanlegg Prioriteringsliste ENØK-tiltak 2
FYLKESRÅDMANNEN, 24.11.2008: MILJØRETTA HELSEVERN I FYLKESKOMMUNALE SKULAR STATUS PR 01.11.2008 Denne meldinga tek føre seg tiltak som Eigedomsseksjonen arbeider med, knytt til Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular m.v. Etter 6 i forskrift skal verksemd som er etablert og i drift når forskrifta trer i kraft ( 1. des.1995), ha ny godkjenning innan 31. des. 1998. Det er skulane ved rektor som har ansvaret for å søkja kommunelegen/helsevernetaten om godkjenning av skulen etter nemnde forskrift. Det er kommunen skulen ligg i, ved helsetenesta, som er godkjennings- og tilsynsmynde i forhold til Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular m.v. Forskrifta omfattar mange forhold og impliserer fleire partar. Noko av dette er det rektor via skulens internkontrollsystem som har ansvaret for. Her kan nemnast reinhald, sikring og helsemessig beredskap, førstehjelp, smittevern, psykososiale forhold, røyking etc. Eigedomsseksjonen har ansvaret for dei delar av forskrifta som omhandlar sjølve bygget med tekniske installasjonar. Her kan nemnast bygningen, tekniske installasjonar, luftkvalitet, belysning, lydforhold, fuktskadar, drikkevatn, sanitær, avfallshandtering etc. Eigedomsseksjonen set kvart år i verk tiltak finansierte ut frå ulike budsjett. I budsjettet for 2009 er foreslått: Inneklimatiltak m.v 25 mill Energiøkonomiseringstiltak 2 mill Ombygging/mindre tilbygg 30 mill I tillegg utføres drifts- og vedlikehaldsoppgåver i egen regi ved bruk av egne ansatte. Ein stor del av desse løyvingane kjem direkte eller indirekte til nytte i arbeidet med å leggja til rette og betra arbeidsmiljøet for born og unge. Vi vil også nemne eit kartleggingsprosjekt i forhold til Universell utforming som nå er gjennomført på skulane. Inneklimainvesteringane har dei siste åra vore brukt på skular med vesentlige manglar og omfattande oppgraderingsbehov. Resultatet av dette har vore at inneklimaet i skulane har blitt betydelig forbetra, men på relativt få stader. Vi vil nå endra strategien noko, og i staden satsa på å løyva midlane breiare, slik at fleire skular får betra inneklimaet sitt. Inneklimatiltak Tiltak for å betra inneklima er knytt til Manglande ventilasjon Gamle ventilasjonsanlegg med for låg yting Utskifting av anlegg på grunn av høge drifts- og vedlikehaldskostnader Av større oppgåver som er utført for å betra inneklimaet frå 2005 til 01.11.2008 med løyving frå inneklimabudsjettet kan nemnast: 3
- Nye luftbehandlingsanlegg, delar av varmeanlegget og delar av SD-anlegget med automatikk, ved Fana gymnas. - Nye luftbehandlingsanlegg med automatikk, SD-anlegg noko belysning og himling ved Stord vdg skule. - Nye luftbehandlingsanlegg, SD-anlegg, noko belysning og noko himling ved Langhaugen vdg. skole. - Nye luftbehandlingsanlegg ved Årstad vdg skule, kantinekjøkken, lærarrom og toalett. - Nytt luftbehandlingsanlegg i auditorium Bergen maritime vdg skule. - Nye luftbehandlingsanlegg ved Bergen maritime vdg. skule, delar av klasseromsfløyen og gymnastikksalen. - Nytt varme- og luftbehandlingsanlegg, SD-anlegg, belysning og himling ved Odda vdg skule, avd. allmennfag. - Nytt luftbehandlingsanlegg for fleire klasserom ved Laksevåg vdg. skule. - Nytt varme- og luftbehandlingsanlegg og SD-anlegg ved Tertnes vgs, gamle delen. For 2009 vil midlar frå dette budsjettet i hovudsak gå til installasjon av nye VVS-anlegg ved Os gymnas og Stend vgs samt oppgradering av ventilasjonsanlegget ved Bjørgvin vgs. For dei komande åra fram mot 2014 har vi utarbeidd ein førebels tiltaksplan, sjå separat vedlegg. Utbedring av sopp og fuktskader Løyvingar frå inneklimabudsjettet har også vore brukt for å utbetra fukt og soppskadar ved fylgjande skular dei tre siste åra: - Garnes vdg. skule (gymnasbygget). - Årstad vdg. skule. - Rogne vdg. skule - Fitjar vdg. skule - Tanks vdg. skule - Bergen katedralskule (gymnastikk bygget). - Fana gymnas. Installasjon av SD-anlegg I samband med installasjon av SD-anlegg (sentral driftskontroll), har skulane fått eit verktøy som forutan å spara energi gjer det mogleg å få betre kontroll over romtemperaturen og luftkvaliteten ved dei einskilde skulane. Meir enn halvparten av SD-anlegga er no lagt inn på web, slik at dei kan styrast frå andre fylkeskommunale bygg. Dette er gunstig sidan andre personar kan fjernstyra bygget ved eventuelt sjukemelding hos driftspersonalet. Same løysinga er planlagt gjennomført for resterande bygg dei næraste eitt til to åra. Godkjende skular - status Ein samla status for inneklimaet i dei vidaregåande skulane i Hordaland er medteke skjematisk i eit særskilt vedlegg. Her er opplista kva skular som er godkjende. I tillegg er det gitt informasjon om brutto areal, byggeår, antatt oppgraderingskostnad og merknader for ikkje godkjende skular samt planlagt (antatt) godkjende skular i 2009/2010. Oversikten er under oppbygging, og er difor ikkje komplett endå. Målet er at skjemaet skal bli eit nyttig verktøy i arbeidet med å oppnå eit godt innemiljø i heile bygningsmassen. 4
Pr 01.11.2008 er fylgjande skular godkjende: Bergen Handelsgym. Bergen Bergen Katedralskule Bergen Bergen tekniske fagskole Bergen Bjørgvin vgs Kyrre Bergen Garnes vgs, avd almen Bergen Laksevåg vgs, avd almen Bergen Sandsli vgs Bergen Tertnes vgs Bergen Årstad vgs Krohnsminde Bergen Åsane vgs Bergen Bømlo vgs Bømlo Rubbestadnes vgs Bømlo Etne vgs Etne Fusa vgs Fusa Os vgs Os Osterøy vgs Osterøy Stord vgs Stord Sotra vgs Sund Sund Skular under arbeid med tanke på godkjenning i 2009/2010: Austevoll vgs Austevoll Bergen mar. vgs og fagskole Bergen Bjørgvin vgs Bergen Fana gymnas Bergen Langhaugen vgs Bergen Olsvikåsen vgs Bergen Stend vgs Bergen U. Pihl vgs Bergen Odda vgs Odda Os gymnas Os Skular som skal utgå Ein del skular vil bli lagt ned grunna ny skulestruktur. Skulane vil difor ikkje verta prioriterte når det gjeld investeringar. Berre naudsynt vedlikehald for å halda oppe dagens standard vil bli utført. Dette gjeld fylgjande skular: - Lønborg vdg skule. - Tanks vdg skule. - Rogne vdg. skule. - Voss vdg. skule. - Voss husflidskule. Skular som gjenstår til etter 2010: Askøy vgs Askøy Austrheim vgs Austrheim Arna yrkesskule Bergen Fyllingsdalen vgs Bergen Garnes vgs (yrkesfag) Bergen Laksevåg vgs (yrkesfag) Bergen 5
Slåtthaug vgs Bergen Årstad vgs (Bg. yrkesskole) Bergen Fitjar vgs Fitjar Sotra vgs Fjell Norheimsund vgs Kvam Øystese gymnas Kvam Knarvik vgs Lindås Odda vgs (yrkesfag) Odda Manger folkehøgskule Radøy Hjeltnes gartnarskule Ulvik Voss gymnas Voss Voss jordbruksskule Voss 6