Aukande spreiing og skade av viktige skadedyr i frukthagar Tekst og foto Olav Sørum, NLR Sogn og Fjordane Våren og sommaren 2011 har synt omfattande åtak av nye skadedyr i fleire fruktdistrikt, t.d. eplespinnmøl og pæregallmygg. Også skadedyr som i mange år ikkje har gjort nemnande skade, ser no ut til å vera på framarsj att. Av dei sistnemnde kan nemnast hageoldenborre, eplebladgallmygg, eplegallmidd, pærebladgallmygg og pæregallmidd. Epleviklar, plommeviklar og plommeveps ser i år ut til å kunne føre til omfattande skade. EPLE Epleviklar (Cydia pomonella) vert rekna som ein av dei mest skadelege viklarartane der den har etablert seg, og på eple er den ofte rekna som den mest skadelege på verdsbasis. Her i landet er det særleg Austlandet og Sørlandet som har vore mest utsett. På Vestlandet har vi nokre små, avgrensa lokalitetar der denne arten gjer ein del skade, til dømes i Sogndal. Sommaren 2010 var der også oppdaga fruktskade i Leikanger, og viklarar er fanga i feromonfelle i juni 2011. Egga til viklarane er flattrykte, og medan nokre viklarar legg egga i klasar, legg epleviklaren eitt og eitt. Når egga klekker, kryp larvane inn i epla, og etter å ha ete ei stund, grev dei seg ut att og lagar eit digert hol i eplet der dei kjem ut. Fig. 1 a: Epleviklar, larve og skade. Fig. 1 b: Vaksne epleviklarar, hannar Eplespinnmøll (Yponomeuta malinellus) er ein liten møllart med om lag 20 mm vengefang og har skinande kvite forvenger med tydelege svarte prikkar, og einsfarga, gråbrune, frynsete bakvenger. Dei svermar om hausten, og larvane overvintrar som små larvar i klynge under ei stivna kake av eggeskal.om våren eter larvane opp blada, og dei grågule, svartprikka larvane lever i eit sekkeforma fellesspinn. Åtaket betyr normalt lite, særleg ikkje i dyrkingsfelt der ein normalt nyttar insektmiddel om våren, men i periodiske masseherjingar kan skaden bli
omfattande, særleg i privathagar som ikkje vert sprøyta.. Ein kan også av og til finne artar som liknar mykje på eplespinnmøll (t.d. heggspinnmøll), men som ikkje gjer skade i frukthagen. I juni 2011 vart det oppdaga åtak i fleire eplefelt i Lærdal, og dette er første gong dette skadedyret er registrert i Sogn. Eit tiltak vil være å skjera bort desse spinna der dette let seg gjera, og helst brenna dei. Det er nok små sjansar for å bli kvitt dette skadedyret på denne måten, men vil være eit godt tiltak for å redusera eit eventuelt åtak neste år. I privathagar kan t.d. spyling med ein kraftig vannstråle mot spinna redusera åtaket. Fig. 2 a: Lite friske blad att Fig. 2 b og c: Spinn av spinnmøll med pupper Eplegallmidd (Phyllocoptes mali) er eit skadedyr som normalt ikkje har vore noko alvorleg problem i Norge tidlegare. Dei siste åra har det vore ein betydeleg auke i åtaka, og sidan vi ikkje har effektive middel mot dette skadedyret, kan det fort bli eit større problem. Midden fører til gallar på blada, og særleg utsett er dei blada som kjem først om våren. Når skotveksten startar for fullt, greier ikkje midden å spreia seg like fort som blada veks, og det vert derfor mindre i toppane på langskota. På kortskota kan midden gjere stor skade, ikkje minst ved at han også fører til skade på frukta. Fig. 3, a og b. Galler av eplegallmidd Fig. 3 c. Middhol i gallene
Gallene på blada blir som regel raudaktige på undersida av bladet, og inne i desse finn ein dei ljose, avlange middane. Dersom ein finn slike symptom på blad og skot, bør ein i første omgang prøve å klippe dei vekk så godt det lar seg gjera. Midden spreiar seg rel. seint, men det er svært viktig å ikkje ta podekvistar frå slik tre. Oldenborre er ei gruppe biller som kan gjera svært stor skade, særleg når dei opptrer i større mengder. Larvane et på røtene, og dei vaksne et på det som er over bakken. Sommaren 2009 var det kraftige åtak av hageoldenborre (Phyllopherta horticola) på eple fleire stader i Norge, og det gjekk utover både kart og bladverk. Også sommaren 2011 har det vore sterke åtak med omfattande gnagskade i blomst og på kart, m.a. i fleire frukthagar i Sogn. Både styrke av åtak og spreiing ser ut til å ha auka betydeleg i forhold til tidlegare år. Fig. 4 a. Sterke åtak kring blomstring Fig. 4 b. Svært omfattande kartskade Fig. 5 Eplebladgallmygg Eplebladgallmygg (Dasinaura mali) kom til Telemark og Hardanger, to av dei viktigaste fruktdistrikta våre, på slutten av 1980-talet. Insektet overvintrar som larve, og forpuppar seg i i april mai. Dei vaksne klekkjer i perioden kring epleblomstringa. Egga vert lagt i dei samanfalda blada, og angrepet av dei raudlege larvane fører til ei samanrulling av blada, ein hard rull som larvane gøymer seg i. På denne staden er det vanskjeleg å nå dei med sprøytevæske. Symptoma liknar mykje på symptoma til pærebladgallmyggen. Etter ein omfattande planteverninnsats for å ta knekken på dette insektet, vart åtaka redusert til eit minimum. Dei siste par åra har imidlertid åtaka auka munaleg att.
PÆRE Pærebladgallmygg (Dasineura pyri) er eit vanleg skadedyr i pære, særleg på unge tre der dei kan føre til redusert vekst og misforma tre. På utvaksne tre er skaden minimal. I Holland t.d. ser dei ikkje åtak på store tre som eit problem, men heller det motsette. Åtak på slike tre fører til redusert greinvekst og raskare utvikling av fruktgreiner. Ein finn dei beinlause, gulkvite larvane i dei samanrulla blada. Fig. 5 a. Åtak av pærebladgallmygg Fig. 5 b. Larver av pærebl.gallmygg Pæregallmygg (Contarinia pyrivora) er eit skadeinsekt som ein tidlegare stort sett berre har funne på Sør- og Austlandet og dei sørlege delane av Vestlandet (Ryfylke). Dei siste åra er det rapportert om ei rekke funn i Hardanger. I pæredistrikta i Sogn og Nordfjord har dette skadedyret ikkje etablert seg, men det er viktig å vera merksam på om ein oppdager skade/symptom som minner om dette skadedyret. Gallmyggen overvintrar som larvar i ein kokong i jorda. Dei vaksne gallmyggane kjem fram like før eller i byrjinga av bløminga og legg egga sine i blomen, gjerne mange i kvar blom. Angripen kart svell etter kvart ut og får ein rund, litt oppblåst fasong. Dersom ein skjer gjennom desse, finn ein ofte kvite, fotlause larvar inne i pærekarten. Pirkar ein borti desse larvane, har dei ein eigenskap som gjer at dei sprett omkring. Finn ein slik kart i trea, er det viktig å fjerne dei før larvane forlèt karten, eller karten fell av trea, dersom dette er praktisk mogeleg.
Fig. 6 a. Ballongaktig kart Fig. 6 b og c. Kvite, fotlause larver inne i ballongkarten. Pæregallmidd (Phytoptus pyri) er ein skademidd som har har hatt ei sterk auke dei siste åra. Særleg urovekkjande er det at mange unge pæretre ser ut til å vera infiserte av midden alt ved planting. Dette kan tyde på at midden kjem frå podekvistar eller grunnstammar. Fig. 7 a 7 c syner skade og skadesymptomer på eldre tre, medan Fig. 7 d 7 f syner åtak på yngre tre samt gallmidden inne i ei av gallene. Fig. 7 a - c. Åtak av gallmidd på eldre tre. Sterk skade på både blad og kart. Fig. 7 d f. Åtak på unge tre, nyplanta (e) og gallmidden inne i ei galle (f) Det er avgjerande for å redusere og evt. hindre spreiing at ein oppdagar åtaket tidleg, slik at ein kan sette inn rådgjerder, t.d. vekk-klypping av angrepne skot, og sprøyting med midlar som verkar mot midden tidleg om våren.
PLOMME Plommeveps (Hyplocampa minuta) er eit av dei mest brysame skadedyr vi har på plomme. Plommevepsen finn ein særleg langs kysten, frå svenskegrensa til Hardanger (Sørfjorden). Han klekkjer kring blomstring og livnærer seg frå pollen og nektar/honning. Vepsen legg egg det meste av blomstringstida, og egga vert stukne inn i ei sokalla egglomme, som regel i begerblada, men av og til også i blomsterbotnen. Desse egglommene er svært godt synlege, då dei som regel får ein mørkare farge, og det kjem også ut ein drope med seig, harpiksliknande væske. Larven et først i fruktknuten og i fruktkjøtet, og deretter ofte også i steinen som kan bli uthola. Angripne kart fell som regel av, og for riktberande sortar som Victoria og Opal vert det som regel nok plommer att, medan sortar som Edda og Mallard, som normalt har langt mindre kartsetting, kan få store avlingstap. Fig. 8 a. Åtak i pl.kart Fig. 8 b og c. Larver av plommeveps i karten. Plommeviklar (Cydia funebrana) er tidlegare kjent som skadedyr på Aust- og Sørlandet, samt dei sørlege delar av Vestlandet. Dei siste åra er dette skadedyret også funne fleire stader i Sogn og Fjordane. I Noreg har dette skadedyret normalt ein generasjon i året. Den overvintrar som larve innspunne i ein kokong, og etter forpuppinga om våren klekker dei vaksne i månadskiftet mai/juni. Etter ein kort svermeperiode, der ein t.d kan fange desse i sokalla feromonfeller for å kontrollere mengd viklarar og tid for åtak, legg dei egg i plommekart, normalt i siste del av juni og første del av juli. Eggleggingsperioden er normalt lang, og denne viklaren kan være vanskeleg å få kontroll med i år med sterke åtak. Klebrige dropar på karten syner at her er åtak på gang.
Fig. 9 a. Åtak på kart Fig. 9 a og b. Larveåtak i modne plommer. Inne i plommekarten finn ein gangar i fruktkjøtet og ein gulkvit larve med svart hovud. Etter kvart som plommene modnar, vert denne larven raudaktig/rosa. Plommer med åtak vil til vanleg nødmodna, dvs at i hagar med åtak kan ein risikera at dei første plommene som modnar inneheld ein stor raud larve, og at området kring steinen er tilgrisa med ekskrement frå denne larven. Humlebladlus (Phorodon humili), er ei av dei mest vanlege artane på plomme, og det er særleg dei siste åra denne arten har hatt auka skadeomfang i plommefelta, noko som har ført til litt spekulasjon om at plomme etter kvart er blitt ein viktigare vertplante enn humle. Det er tilgrising av frukt og blad, og særleg ekstra blanke blad som gir signal om sterke åtak av humlebladlus. Denne bladlusa er ei av bladlusartane på plomme som ikkje gir bladkrølling. Den er svært motstandsdyktig (resistent) mot dei fleste insektmiddel, t.d. Pirimor, medan Calypso har ein viss effekt. Utelating av sprøyting kan av og til vera meir effektivt enn å sprøyte, mao overlate bekjempinga til nyttedyra i plommehagen. Fig. 10. Humlebladlus med dei særeigne, korte tappane mellom følehorna.
Bladlusa er lys, nesten glasaktig av utsjånad som unge, seinare får ho eit grønt fiskebeinsmønster på ryggen. Ho liknar litt på eplegraslusa, men har ein noko meir oval fasong. Det typiske kjenneteiknet for humlebladlusa er to små tagger som bladlusa har i panna mellom følehorna.