Fra: Viken, Torstein Sendt: 13. desember 2016 18:09 Til: 'Hovland Sissel Anita' Kopi: Postmottak planogbygg; Bratten, Anne Margit Emne: SV: Tilbakemelding på planmateriale vedrørande endring av reguleringsplan for Flesland Vedlegg: b62130000 redigert 13.12.16.doc Hei, Eg trur praksisen er slik at det ikkje skal vera to spalter i dette tilfellet, fordi den gjeldande planen for Flesland avløpsrenseanlegg ikkje har slik spalteinndeling i den versjonen som er lagra i Braplan. I eksempelet med Apeltunvegen 1 og 3 hadde den opprinnelege planen føresegner med to spalter, og då valde me å ikkje endra på det. I dei vedlagte føresegnene har eg retta litt meir på oppsettet. Eg har fjerna kommunelogoen og lagt inn teksten «forslag» på skrå i bakgrunnen. De kan levera inn denne versjonen av føresegnene viss de ikkje ser noko de ynskjer å retta på i ordlyden. Når det er fatta vedtak i saka, legg eg inn att kommunelogoen og fjernar teksten «forslag». Eventuelle andre endringar i sjølve oppsettet ordnar eg i etterkant av vedtaket dersom det er nødvendig. Det er berre sjølve ordlyden i føresegnene de må kontrollera før de sender dei til postmottaket saman med det andre oppretta planmaterialet. Grunna ferieavvikling vil det ikkje bli fatta vedtak i denne saka før nyttår. Viss de har oppdatert plankart klart før torsdag kl. 12, så kan eg vidareformidla dette til GIS-seksjonen, slik at dei kan gå i gang med sin kontroll. Fra: Hovland Sissel Anita [mailto:sissel.anita.hovland@norconsult.com] Sendt: 9. desember 2016 10:11 Til: Viken, Torstein Emne: RE: Tilbakemelding på planmateriale vedrørande endring av reguleringsplan for Flesland Hei! Takk for at du har retta på føresegnene. Er desse føresegnene du har sendt i samsvar med malen dykk ynskjer? Eller skal den vera heilt lik på Apeltunvegen, med to spalter pr. side?
mvh Sissel Anita Hovland Arealplanleggar Mob: +47 45 40 47 08 Tel: +47 55 37 55 27 sissel.anita.hovland@norconsult.com Norconsult AS, Postboks 1199, NO-5811 Bergen Valkendorfsgaten 6, NO-5012 Bergen Tel: +47 55 37 55 00 Fax: +47 55 37 55 01 www.norconsult.no CONFIDENTIALITY AND DISCLAIMER NOTICE: This message is for the sole use of the intended recipients and may contain confidential information. If you are not an intended recipient, you are requested to notify the sender by reply e-mail and destroy all copies of the original message. Any unauthorized review, use, disclosure or distribution is prohibited. While the sender has taken reasonable precautions to minimize the risk of viruses, we cannot warrant the absence of, or accept liability for, any such viruses in this message or any attachment. From: Viken, Torstein [mailto:torstein.viken@bergen.kommune.no] Sent: 6. desember 2016 17.50 To: Hovland Sissel Anita <Sissel.Anita.Hovland@norconsult.com> Cc: Postmottak planogbygg <postmottak.planogbygg@bergen.kommune.no>; Bratten, Anne Margit <AnneMargit.Bratten@bergen.kommune.no> Subject: VS: Tilbakemelding på planmateriale vedrørande endring av reguleringsplan for Flesland Hei igjen, Her er ny versjon av reguleringsføresegnene. Dei føreslegne endringane av 5.1.10 og 9.1.2 kom ikkje med i versjonen eg sende over i går. Eg har elles justert litt meir på fotnoteteksten. Endringsnotatet vil bli lagt ut i Braplan saman med plankartet og føresegnene når det er fatta vedtak i saka. Opplysninga om at byggegrensa rundt administrasjonsbygget blir fjerna, valde eg difor å ta ut att av føresegnene. Fra: Viken, Torstein Sendt: 5. desember 2016 15:33 Til: Hovland Sissel Anita (Sissel.Anita.Hovland@norconsult.com) Kopi: Postmottak planogbygg Emne: Tilbakemelding på planmateriale vedrørande endring av reguleringsplan for Flesland
Hei igjen, Eg viser til telefonsamtale for kort tid sidan og sender over føresegnene på nytt, med oppretta tekst til fotnote 1, slik at det framgår at byggegrensa rundt administrasjonsbygget blir fjerna i staden for tilføyd. Fra: Viken, Torstein Sendt: 5. desember 2016 14:27 Til: 'Hovland Sissel Anita' Kopi: Postmottak planogbygg; Bratten, Anne Margit Emne: SV: Tilbakemelding på planmateriale vedrørande endring av reguleringsplan for Flesland Hei, Eg hjelper til litt med reguleringsføresegnene. Eg fann gjeldande føresegner på word-format, og la inn dei aktuelle endringane med fotnoter. I den siste setningen i 1.7 mangla ordet «ikke». Så dette la eg inn, jf. ordlyden Avinor ville ha inn i føresegnene. Eg la også inn to ekstra fotnoter. Desse er no blitt fotnote 1 og 2, med forklarande tekst. Ordlyden i 1.7 har fått fotnote 3 av totalt 6. Sjekk om det er noko meir som bør endrast i føresegnene, før de leverer dei inn på nytt i lag med oppdatert plankart og endringsnotat.
Fra: Hovland Sissel Anita [mailto:sissel.anita.hovland@norconsult.com] Sendt: 5. desember 2016 11:25 Til: Viken, Torstein Kopi: Bratten, Anne Margit; Svendal, Arne; Hansen Johan M Emne: RE: Tilbakemelding på planmateriale vedrørande endring av reguleringsplan for Flesland Hei! Takk for at det kom tilbakemelding på denne saka, omsider. Det var Truls Eskeland som var saksbehandlar på denne saka ja, og eg har hatt dialog med han om innhaldet i reguleringsendringa. Men eg har ikkje fått tilbakemelding frå han etter at reguleringsendringa blei levert inn til dykk. I byrjinga av oktober fekk eg beskjed på at saka var overført til Kristine Sande, etter det har eg ikkje hørt noko meir før no. Reguleringsendringa skal rettast opp i samsvar med dine korreksjonar. mvh Sissel Anita Hovland Arealplanleggar Mob: +47 45 40 47 08 Tel: +47 55 37 55 27 sissel.anita.hovland@norconsult.com Norconsult AS, Postboks 1199, NO-5811 Bergen Valkendorfsgaten 6, NO-5012 Bergen Tel: +47 55 37 55 00 Fax: +47 55 37 55 01 www.norconsult.no CONFIDENTIALITY AND DISCLAIMER NOTICE: This message is for the sole use of the intended recipients and may contain confidential information. If you are not an intended recipient, you are requested to notify the sender by reply e-mail and destroy all copies of the original message. Any unauthorized review, use, disclosure or distribution is prohibited. While the sender has taken reasonable precautions to minimize the risk of viruses, we cannot warrant the absence of, or accept liability for, any such viruses in this message or any attachment. Fra: Viken, Torstein Sendt: 30. november 2016 16:45 Til: 'sissel.anita.hovland@norconsult.no' Kopi: Bratten, Anne Margit; Postmottak planogbygg Emne: Tilbakemelding på planmateriale vedrørande endring av reguleringsplan for Flesland
Hei, Fagetaten viser til planmateriale motteke 31.05.2016. Gruppeleiar Bratten har bede meg om å overta denne saka frå Truls Eskeland. Eg forstår det slik at de har hatt kontakt med han tidlegare om denne reguleringsendringa, men kjenner ikkje til om de eventuelt har fått noko tilbakemelding hjå han. Det er ikkje ført noko skriftleg tilbakemelding i sakssystemet i alle fall. Eg reknar med at fagetaten ikkje har innvendingar til forslaget om å auka utnyttingsgraden frå dagens utnyttingsgrad på %-BRA = 5 %, jf. endringsnotatet, til %-BRA = 20 %, jf. det føreslegne plankartet. I endringsnotatet og dei føreslegne reguleringsføresegnene står det at de kun vil auka utnyttingsgraden til 15 %. Rett opp slik at alt er i samsvar med plankartet. Eg er usikker på kvar de eventuelt ynskjer å endra byggegrensa, slik det står på s. 1 i endringsnotatet, men reknar med at det eigentleg skal stå «endring av byggehøyde». Fagetaten har truleg ikkje innvendingar til forslaget om endra byggehøgde. Me ser at de har lagt inn Avinor sitt forslag til ny ordlyd, og går ut frå at dei er samkøyrde med grunneigaren Forsvarsbygg. Området ligg nokså godt skjerma grunna terrengformasjonen. Forslaget til endring av kravet om tilplanting av anlegg- og riggområdet ser difor uproblematisk ut, med føresetnad om at vollen og hekken som er omtalt i 5.1.9 ikkje blir plassert i strid med frisiktsonene. Bruk same oppsett for plankartet og reguleringsføresegnene som i den nyleg vedtekne vesle reguleringsendringa for Apeltunvegen 1 og 3, jf. arealplan-id 61870000. Sjå http://www.bergenskart.no/braplan/ Når gjeldande plan er av nyare dato, slik som Flesland avløpsrenseanlegg og eksempelet Apeltunvegen 1 og 3, brukar ein same arealplan-id for endringa som for morplanen. (Ved endring av gamle reguleringsplanar, skal det derimot opprettast eigen plan-id.) Sidan de ynskjer at planendringa skal vedtakast administrativt, må de bruka uttrykket «liten reguleringsendring» i staden for «mindre reguleringsendring». («Mindre endring» brukar me for dei litt meir omfattande endringane som skal til byrådet.) Som de ser av eksempelet med arealplan-id 61870000, skal det inn ei eiga linje i plankartet der de må skriva fylgjande: «Liten reguleringsendring, administrativt vedtak, saksnummer 201615349». Ta utgangspunkt i tittelfeltet for morplanen, og legg linja med denne teksten ved turkismarkeringa i utsnittet under:
(Ved endring av gamle reguleringsplanar brukar ein derimot ikkje same tittelfelt og oppsett som for morplanen.) Datofelta i plankartet må også oppdaterast. I reguleringsføresegnene skal både saksnummeret for reguleringsplanen og saksnummeret for endringa visa. På same måten som i eksempelet med plan-id 61870000, skal det også inn ein tabell i føresegnene med oversikt over reguleringsendringar. Tabellen skal ha rubrikkar for saksnummer, endringsnummer, revisjonsdato og vedtaksdato. Saksnummeret kan de legga inn. I rubrikken for endringsnummer kan de setta inn ein strek for å markera at det ikkje er noko endringsnummer i dette tilfellet. Rubrikken for revisjonsdato fyller de ut med datoen de sist gjorde endringar i føresegnene. Rubrikken for vedtaksdatoen skal stå tom. Den fyller fagetaten ut etter at vedtaket er fatta. Ved fotnotene skriv de eksempelvis «endret ved saksnummer 201615349», «slettet ved saksnummer 201615349», eller «tilføyd ved saksnummer 201615349», i staden for referansen til plan-id. I toppteksten oppgir me no kun nasjonal arealplan-id for morplanen, og datoen for det opphavelege bystyrevedtaket. Me treng word-versjon av føresegnene. Oppdatert planmateriale sender de til postmottak.planogbygg@bergen.kommune.no med referanse til saksnummer 201615349.