Erfaringar med Vest-Telemark PPT - ei forundersøking

Like dokumenter
Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste

Verksemdsplan 2015 for Vest-Telemark PP-teneste

Verksemdsplan 2012 for Vest-Telemark PP-teneste

Retten til spesialundervisning

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

PPT no og i framtida.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Til deg som bur i fosterheim år

Erfaringer med Midt-Telemark PPT Forprosjekt Bø kommune, Nome kommune og Sauherad kommune

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

IKT-kompetanse for øvingsskular

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

av pilotprosjektet Psykologteamet «Bedre balanse mellom tilbud og etterspørsel av Regionalt utviklingsprosjekt


Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Verksemdsplan 2013 for Vest-Telemark PP-teneste

Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Meld forfall snarast råd til sekretær for utvalet Line Bosnes Hegna på mobil eller epost:

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

SPESIALUNDERVISNING. Presisering av opplæringslova 5-1 til 5-6 og 4A-2, gjeldande rutinar og ansvarsforhold i Volda kommune.

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Verksemdsplan for Vest-Telemark PP-teneste 2011

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Innbyggarundersøking i Nordhordland kommunestruktur

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring


Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Psykologisk førstehjelp i skulen

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Prosedyrar og rettleiar for NSSU

Frå tre små til ein stor.

SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE KLASSE

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

på vegne av barn og unge

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Frå novelle til teikneserie

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

MINORITETSSPRÅKLEGE ELEVAR LOVEN, INNSØKING OG RUTINAR

Elevundersøkinga 2016

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Plan for overgangar. for barn og unge

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Resultat brukarundersøkingar

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Informasjonshefte Tuv barnehage

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

INTERNKONTROLLSYSTEM FOR TILPASSET OPPLÆRING OG SPESIALUNDERVISNING I BÅTSFORD KOMMUNE. Vedtatt av kommunestyret xx.xx.2009

Barnehageplan for Vinje kommune

Heile IOP skal arkiverast i elevmappa i P360

- PPT(pedagogisk psykologisk teneste) si rolle etter ny 19c i barnehagelova.

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Vurderingsrettleiing 2011

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-17 Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Forslag frå fylkesrådmannen

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging

Overgang barnehage barneskule -ungdomsskule

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

1.1 Bakgrunn Prosjektet er ein del av oppfølginga av Styringsdokument for oppvekst Stord kommune vedteke i K-styret i sak 29/07 (juni 2007).

Opning av pilot oppvekstbibliotek, Skjolden oppvekstsenter

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Transkript:

Erfaringar med Vest-Telemark PPT - ei forundersøking Kommunane i Vest-Telemark Rapport nr: 750 011 2013

Innhald Samandrag... ii 1 Innleiing... 1 1.1 Bakgrunn og rammer... 1 1.2 Born i oppveksteiningane i Vest-Telemark... 1 1.3 Spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning og PPT... 2 1.4 Vest-Telemark PPT... 4 1.5 Spesialundervisning tal og statistikk... 4 1.6 Avgrensing... 7 1.7 Metode og kvalitetssikring... 7 2 Får oppveksteiningane den hjelpa dei treng frå PPT?... 9 2.1 Kompetanse om born med særskilte behov hos tilsette i oppveksteiningane... 10 2.2 Kompetanse hos PPT... 14 2.3 Balanse mellom systemretta og individretta arbeid... 19 2.4 Samarbeidet med PPT... 23 3 Foreløpige konklusjonar og tilrådingar... 25 Litteratur og kjeldereferansar... 28 Telemark kommunerevisjon IKS i

Samandrag Vår hovudproblemstilling er: Opplever leiarane og fagansvarlege 1 i Vest-Telemark at oppveksteiningane deira får den hjelpa dei treng frå Vest-Telemark PPT? For å nærme oss eit svar på denne problemstillinga, har vi sett nærare på korleis leiarar og fagansvarlege vurderer 1) tilsette sin kompetanse om born med særskilte vanskar, 2) PPT sin kompetanse, 3) forholdet mellom individretta og systemretta arbeid, og 4) samarbeidet med PPT. Undersøkinga vår viser at kompetansen hos tilsette blir vurdert som nokså høg, og PPT sin kompetanse som høg. Vidare finn vi at om lag halvparten av respondentane svarar veit ikkje/har inga formeining om PPT sin kompetanse på fleire sentrale område. Våre funn om PPT sitt bidrag til individretta og systemretta arbeid, er ikkje heilt samanfallande. Mange av respondentar meiner at PPT burde drive meir med systemretta arbeid hos dei. Samstundes viser andre funn at PPT har ein avgrensa rolle i typisk systemarbeid som organisasjons- og kompetanseheving. Ein tredje type funn viser at mange leiarar og fagansvarlege meiner det er god balanse i hjelpa frå PPT til det individretta og systemretta arbeidet. Dei aller fleste respondentane meiner samarbeidet med PPT gjennom TPO-team 2 på skulane og FSBmøte 3 for barnehagane i kommunane fungerer godt. Samstundes blei hjelpa frå PPT ikkje rekna som tilstrekkeleg på område som fagleg hjelp, rettleiing og kompetanseheving. Dette er dei same områda som respondentane meinte var særs viktige at PPT hjelpte dei med. Vår samla vurdering er at den nokså høge kompetansen hos tilsette og den høge kompetansen hos PPT, og det etablerte samarbeidet i TPO-team og FSB-møte, gir gode rammevilkår for at 1 Med omgrepet «fagansvarlege» meiner vi tilsette som har fagleg ansvar for born med særskilte behov. Det gjeld til dømes dei som har ansvar som spesialpedagog, ansvar for TPO-team, ansvar/koordinator for spesialundervisning eller liknande. 2 TPO er forkorting for tilpassa opplæring. TPO-team finnast på dei fleste skulane. Her møtast tilsette frå skulane og PPT. Dei drøftar born med særskilte utfordringar, og kva for tiltak som kan vere aktuelle. 3 FSB er forkorting for «Forum for systemretta arbeid i barnehagen». Det er oppretta faste møte i kvar kommune med folk frå barnehagane og PPT. Dei har same funksjon for førskuleborn som TPO-team har for skuleelevar. Telemark kommunerevisjon IKS ii

oppveksteiningane skal få den hjelpa dei treng frå PPT. Samstundes skaper nokre av dei andre funna usikkerheit om dei faktisk får det. Tilrådingar Kontrollutvala i Vest-Telemark bør vurdere: Å sette i verk forvaltingsrevisjon som: o Ser nærare på samspelet mellom tilpassa opplæring innanfor ramma av ordinær undervisning og spesialundervisning i grunnskulen. o Går djupare inn i samarbeidet mellom kommunane i Vest-Telemark og Vest- Telemark PPT. Kontrollutvala i Vest-Telemark bør vurdere å sette i verk slik at: Vest-Telemark PPT sin kompetanse blir betre kjent i oppveksteiningane. Det blir betre balanse mellom kva oppveksteiningane i Vest-Telemark treng og kva hjelp Vest-Telemark PPT kan gi. Skien 2. oktober 2013 Telemark kommunerevisjon IKS Kirsti Torbjørnson leiar for forvaltningsrevisjon Hildegunn Rafdal prosjektleiar Telemark kommunerevisjon IKS iii

1 Innleiing 1.1 Bakgrunn og rammer Kontrollutvala i kommunane i Vest-Telemark ønskte at Telemark kommunerevisjon IKS skulle sjå nærare på erfaringane med Vest-Telemark pedagogisk-psykologisk teneste IKS (heretter Vest- Telemark PPT), jf. referat frå felles møte 23.01.13. Kontrollutvala ønskte i første omgang ei forundersøking som skulle gje dei noko meir informasjon om korleis Vest-Telemark PPT fungerer. Vår rapport vil bli handsama i eit fellesmøte hausten 2013, og kvar kommune vil deretter ta stilling til om dei vil ha eit eige forvaltningsrevisjonsprosjekt om denne tenesta. Kontrollutvala i eigarkommunane 4 har fatta vedtak om dette oppdraget, jf. følgjande liste: - Kontrollutvalet i Fyresdal, jf. sak 2/13, i møte 27.02.13. - Kontrollutvalet i Tokke, jf. sak 4/13 i møte 12.03.13. - Kontrollutvalet i Vinje, jf. sak 2/13 i møte 13.03.13. - Kontrollutvalet i Nissedal, jf. sak 8/13 i møte 10.04.13. - Kontrollutvalet i Kviteseid, jf. sak 11/13 i møte 15.04.13. - Kontrollutvalet i Seljord, jf. sak 12/13 i møte 03.06.13. 1.2 Born i oppveksteiningane i Vest-Telemark Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) visar at Nissedal og Fyresdal i 2012 hadde færre born i barnehage og skule enn dei andre kommunane i regionen, sjå figur 1. Deretter kjem Kviteseid og Tokke. Vinje skil seg ut med mange born særleg i skulen. Figur 1 5 Tal for born i barnehagar og skular i kvar kommune i Vest-Telemark i 2012, SSB Kviteseid Nissedal Seljord Fyresdal Tokke Vinje Born i barnehage 93 77 142 59 113 187 Born i skule 280 150 335 172 271 429 Sum born 373 227 477 231 384 616 4 Vest-Telemark PPT blir eigd av kommunane Fyresdal, Nissedal, Kviteseid, Seljord, Tokke, Vinje og Telemark fylkeskommune. Fylkeskommunen ønskte ikkje å delta i denne forundersøkinga. 5 I denne rapporten vil vi bruke ulike typar tabellar og diagram. Vi vil likevel bruke omgrepet «figur» om alle, og nummererer dei fortløypande. Vi meiner det vil gjere det enklare å følgje våre tilvisingar mellom figurane. Telemark kommunerevisjon IKS 1

Figur 2 nedanfor viser at kommunane i Vest-Telemark organiserer barnehage- og skuletilbodet forskjellig. Dette blir enda tydlegare dersom vi ser figur 1 og 2 i samanheng. Til dømes ser vi at Nissedal og Fyresdal har omtrent like mange born, men har høvesvis seks og to oppveksteiningar. Vidare ser vi at Seljord, Tokke og Vinje har omtrent like mange oppveksteiningar, men store skilnader i talet på born i oppveksteiningane. Figur 2 Tal for oppveksteiningar i kvar kommune i Vest-Telemark Kviteseid Nissedal Seljord Fyresdal Tokke Vinje SUM Barnehagar 1 2 4 1 2 3 13 Oppvekstsentra 2 1 0 0 3 2 8** Skular 1 3 3* 1 2 3 13 Sum oppveksteiningar 4 6 7 2 7 8 Kjelde: SSB * Åmotsdal skule er ikkje med i undersøkinga sidan den blei nedlagt våren 2013. ** Vest-Telemark PPT arbeider på ulike måtar avhengig av om borna går i barnehage eller skule. For å få eit meir riktig bilete av deira arbeidsmengde, kan vi dele oppvekstsentra i ein barnehage- og ein skuledel. Gjer vi det, ser vi at PPT har ansvar for 21 barnehagar og 21 skular. 1.3 Spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning og PPT Born treng gode utviklings- og opplæringsmiljø i barnehagen og på skulen. I tillegg treng nokre born særskilte tiltak som legg til rette for at dei blir inkludert i barnegruppa, og får eit tilbod som er likeverdig med andre born. Opplæringslova seier at førskuleborn som treng spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp. Vidare står det at skuleelevar som ikkje har utbytte av ordinær undervisning i skulen, har rett til spesialundervisning. Lova er formulert slik fordi det er visse skilnader i korleis behova hos førskuleborn og skuleelevar blir vurdert. For førskuleborn skal ein vurdere om det er behov for spesialpedagogisk hjelp ut frå utviklinga, læringa, evnene og føresetnadane hos det enkelte barn. For skuleelevar derimot skal vurderinga ta utgangspunkt i den ordinære undervisninga. I første hand skal opplæringa tilpassast kvar elev sine evner og føresetnader. Dersom dette er prøvd og eleven Telemark kommunerevisjon IKS 2

likevel ikkje har tilfredstillande utbytte av slik undervisning, har han/ho rett til spesialundervisning, jf. ein rettleiar frå Utdanningsdirektoratet 6. Spesialundervisning skal vere ei særskilt tilpassa undervisning utover det skulen kan tilby innanfor ramma av den ordinære klassesituasjonen og den ordinære fagplanen. Lova inneheld likevel ikkje ei konkret forklaring på kva omgrepa spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning betyr. Dette gir rom for stor grad av lokalt skjønn når det gjeld definisjon og fortolking av spesialpedagogiske behov. PPT sine oppgåver etter opplæringslova Opplæringslova seier at kvar kommune skal tilby praktisk-pedagogiske tenester (PPT), jf. 5-6. PPT har ansvar for å hjelpe barnehagar, oppvekstsentra og skular i arbeidet med å sikre at borna sine rettar knytt til spesialpedagogiske behov blir tekne i vare. Meir konkret seier lova at PPT har følgjande oppgåver: «Tenesta skal hjelpe skolen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det.» jf. oppll. 5.6. Det sistnemnde gjeld til dømes ved vedtak om spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp. Sitatet frå lovteksten viser at PPT har ei todelt ansvarsområde. Den første delen av første setning er særleg retta inn mot skulane, og handlar om at PPT skal gi råd og rettleiing til skulane sitt systemretta arbeid. Det er ein samanheng mellom rammevilkåra for skulekvardagen og elevane sin oppleving av mestring og læringsutbytte. Døme på slike rammevilkår er det faglege og sosiale miljøet, organiseringa av undervisninga, og lærarane sin faglege og pedagogiske kompetanse. Lovteksten gir PPT i oppgåve å hjelpe skulane med å utvikle og leggje til rette slike rammevilkår. Måla er at så mange elevar som mogleg får utbytte av den ordinære undervisninga, og at dei som treng det får spesialundervisning. Den andre delen av lovteksten opnar for at PPT skal hjelpe skulane og barnehagane med det individretta arbeidet. Det omfattar vanlegvis utreiing, sakkunnevurderingar og rettleiing i individsaker. Som før nemnd skal behov for spesialpedagogisk hjelp til førskuleborn og spesialundervisning for skuleelevar vurderast noko ulikt. Sjølve saksgangen er likevel tilnærma lik. Dersom førskuleborn eller skuleelevar blir tilmeldt PPT, skal PPT gjennomføre ei utgreiing og gje råd om tiltak. Ei slik sakkunnig vurdering må liggje føre, før kommunen kan fatte vedtak om enten spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning, jf. opplæringslova 5-3. Slike vedtak er enkeltvedtak etter forvaltingslova, jf. kap. IV-VI, og gir særskilte rettigheiter til medverknad, innsyn og klage. 6 «Spesialundervisning veileder til opplæringsloven om spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning», utgitt av Utdanningsdirektoratet. Telemark kommunerevisjon IKS 3

1.4 Vest-Telemark PPT Vest-Telemark PPT IKS er eit interkommunalt samarbeid mellom dei seks kommunane i Vest- Telemark og Telemark fylkeskommune. Vest-Telemark PPT blei oppretta som interkommunalt selskap (IKS) i 2004 7. Dei har sju fagstillingar medrekna leiarstillinga. Vidare har dei ein sekretær i heil stilling. I august 2013 var det tilsett 4 spesialpedagogar fordelt på 3,6 stillingar, to med master i pp-rådgiving i 100 prosent stillingar, ein logoped i 100 prosent stilling, og ein psykolog i 40 prosent stilling. Tenesta har kontorstad i Kviteseid kommune. Våren 2013 var det 13 barnehagar, 8 oppvekstsentra, 14 grunnskular og 2 vidaregåande skular i Vest- Telemark. I tillegg har PPT ansvar for andre grupper som kan ha rett til spesialundervisning. Det gjeld til dømes vaksne som av ulike årsakarar ikkje har fått eller har mista grunnskulekunnskapen. 1.5 Spesialundervisning tal og statistikk Etter at skulereforma Kunnskapsløftet blei innført i 2006, har talet på elevar med spesialundervisning auka. Til tross for at eit måla med reforma var å styrke tilbodet om tilpassa opplæring innanfor den ordinære undervisninga, slik at behovet for spesialundervisning blei redusert. Tal frå SSB viser at talet på elevar med spesialundervisning i Telemark har auka frå litt meir enn sju prosent i 2008 til nesten 11 prosent i 2012, sjå figur 3 og 4 nedanfor. Figur 3 viser også ein auke for landet sett under eitt, men auken er ikkje så stor som for Telemark 8. 7 Eit felles tilbod om praktisk-pedagogiske tenester har likevel lange tradisjonar i Vest-Telemark. I 1975 blei eit slikt tilbod saman med andre tenestetilbod for born og unge oppretta som eit interkommunalt samarbeid i regionen. I 1994 blei PPT ei eiga eining, men avtalen om det interkommunale samarbeidet i Vest-Telemark blei vidareført. 8 SSB fører ikkje statistikk over førskuleborn med vedtak om spesialpedagogisk hjelp, så vi kan ikkje lage tilsvarande figurar for denne gruppa. Telemark kommunerevisjon IKS 4

Figur 3 Andelen elevar i grunnskulen med spesialundervisning i Telemark og landet utan Oslo utvikling over tid i prosent Telemark Landet utan Oslo 2012 10,7 % 8,6 % 2011 10,7 % 8,6 % 2010 9,8 % 8,2 % 2009 8,4 % 7,7 % 2008 7,2 % 7,1 % Kjelde: SSB/Kostra Figur 4 Andelen elevar i grunnskulen med spesialundervisning i kommunane i Vest-Telemark i prosent Fyresdal Kviteseid Nissedal Seljord Tokke Vinje 2012 12,2 % 11,4 % 8,7 % 7,5 % 12,5 % 11,9 % 2011 15,9 % 13,5 % 22,6 % 7,1 % 13,2 % 10,9 % 2010 11,8 % 14,1 % 23,3 % 6,8 % 14,6 % 12,3 % 2009 11,3 % 12,5 % 17,4 % 6,0 % 9,8 % 12,0 % 2008 10,7 % 10,1 % 16,3 % 6,1 % 10,9 % 11,4 % Kjelde: SSB/Kostra Hovudmønsteret i figur 4 er at andelen elevar med spesialundervisning har auka frå 2008 til 2012 for alle kommunane 9. Nissedal har ikkje heilt same mønster. Dei hadde eit kraftig fall frå 2011 til 2012 10. Vidare ser vi at det er store skilnader mellom kommunane når det gjeld kor stor del av borna som har vedtak om spesialundervisning. Seljord har gjennom heile perioden markant færre born med vedtak om spesialundervisning enn dei andre kommunane. Fyresdal, Kviteseid, Tokke og Vinje har omtrent like stor del, medan Nissedal låg høgast frå 2008 til 2011. Vi vil særleg trekkje fram åra 2010 og 2011 9 Vi vil understreke at tala må tolkast med varsemd. Det er såpass få elevar i kvar kommune i Vest-Telemark, at det skal få elevar til med eller utan vedtak om spesialundervisning før det gir tydeleg utslag i statistikken. 10 Dette kraftige fallet kan ha samanheng med variasjonar mellom elevkull, eller med ei bevisst satsing på å få ned talet på elevar med spesialundervisning. Revisjonen er kjent med at PPT har bidrege i eit prosjekt om spesialundervisning i kommunen, og meiner dette er ei interessant tema å undersøkje grundigare. Telemark kommunerevisjon IKS 5

då nesten kvar fjerde elev i Nissedal hadde vedtak om spesialundervisning. Som før nemnd fall dette kraftig i 2012. Dersom vi samanliknar figur 3 og 4 ser vi at Seljord har omtrent same andelen og same utviklinga over tid som gjennomsnittet for landet. Dei andre kommunane i Vest-Telemark ligg høgare enn både Telemark og gjennomsnittet for landet. Figur 5 nedanfor viser andelen born i prosent som får spesialundervisning av alle born på 1.- 4.trinn/barnetrinn (blå søyler), 5.-.7.trinn/mellomtrinn (raude søyler) og 8.-10.trinn/ungdomstrinn (grøne søyler) i 2012 11. Figur 5 Andelen elevar med spesialundervisning i prosent fordeling på barnetrinn, mellomtrinn og ungdomstrinn i kommunane i Vest-Telemark i 2012 40 35 30 25 20 15 10 5 0 13,3 15,6 15,1 15 14,6 14,6 8,4 7,5 8,5 12,8 10,6 3,6 11,7 13 9,6 8,2 11,7 4,2 13,2 11,2 12,4 9,8 7,3 5,7 Andel elever i grunnskolen som får spesialundervisning, 8.-10. trinn Andel elever i grunnskolen som får spesialundervisning, 5.-7. trinn Andel elever i grunnskolen som får spesialundervisning, 1.-4. trinn Kjelde: SSB/Kostra Figur 5 viser at andelen born som får spesialundervisning aukar markant frå barnetrinnet til mellomtrinnet for alle kommunane i Vest-Telemark. Same mønster finn vi i Telemark og for landet. For Tokke, Fyresdal og Nissedal aukar andelen ytterligare for ungdomstrinnet, medan for Vinje, Kviteseid og Seljord går den noko ned. Dei nasjonale og fylkeskommunale tala, som ligg lengst til høgre i figuren, viser ein auke frå mellomtrinnet til ungdomstrinnet. 11 Her ser vi talet på elevar med spesialundervisning i eitt år. Det gir et oppdatert bilete av situasjonen, men vi vil understreke små endringar i desse tala, kan gi nokså stort utslag, jamfør fotnotane til figur 4. Telemark kommunerevisjon IKS 6

1.6 Avgrensing Forundersøkinga vår omfattar førskuleborn og born i grunnskulealder. Vi har derfor utelatt dei vidaregåande skulane. Vi har rette merksemda mot leiarane og fagansvarlege i barnehagane, oppvekstsenterane og skulane sine opplevingar og erfaringar med PPT. Det betyr at vi berre har henta inn informasjon frå dei, og ikkje frå tilsette i PPT, frå tilsette i oppveksteiningane eller frå eigarrepresentantane. 1.7 Metode og kvalitetssikring Vi har gjennomført ei elektronisk spørjeundersøking blant dei som har leiaransvar eller faglig ansvar for born som treng ekstra oppfølging i barnehagar, oppvekstsentra og skular. Meir konkret sendte vi undersøkinga på e-post til alle rektorar, barnehagestyrarar, pedagogisk leiarar med styraransvar og spesialpedagogar, og til alle med ansvar for spesialundervisning og TPO-team. Fleire av respondentane har ansvar for to eller tre av desse oppgåvene på sin arbeidsplass. Vi har likevel bedt alle svare berre ein gong. Det er noko av forklaringa på at nokre kommunar har mange respondentar og andre har få, jamfør figur 6. Figur 6 Tal på dei som fikk tilsendt spørjeskjema i kvar kommune Respondentar svart Respondentar ikkje svart Sum respondentar Kviteseid Nissedal Seljord Fyresdal Tokke Vinje SUM 7 6 7 3 12 13 48 3 1 0 0 4 2 10 10 7 7 3 16 15 58 Figur 6 viser at vi sendte spørjeskjema til 58 respondentar fordelt på dei 6 kommunane. I undersøkingar som blir gjort i små miljø, er det vanskeleg å sikre full anonymitet for respondentane. Vår undersøking har hatt som hovudformål å danne eit samla bilete av erfaringane med Vest- Telemark PPT. Vi vil i nokon grad fordele svara på kvar kommune, og på barnehagane, oppvekstsentra og skulane. Samstundes vil vi tone ned merksemda mot personane og oppveksteiningane som er med i vår undersøking. Vi vil mellom anna la vere å nemne namn og stilling på respondentane og namn på oppveksteiningane. Figuren viser at vi fikk 47 svar. Det gir ein svarprosent på nesten 80. Ein så høg svarprosent gir eit godt grunnlag for våre vurderingar og foreløpige konklusjonar. Spørsmåla i spørjeundersøkinga blei gjennomgått med Vest-Telemark PPT før vi sendte den ut. Mot slutten av arbeidet hadde vi eit høyringsmøte der PPT fikk høve til å uttale seg om eit rapportutkast Telemark kommunerevisjon IKS 7

PPT har godkjent eit referat frå dette møtet, og referatet er utgangspunkt for dei merknadane frå PPT som vi har arbeida inn i rapporten. Telemark kommunerevisjon IKS 8

2 Får oppveksteiningane den hjelpa dei treng frå PPT? I figurane 3-5 såg vi at kommunane i Vest-Telemark bortsett frå Seljord har større del elevar med spesialundervisning enn gjennomsnittet i Telemark og for landet. Vi har som før nemnd ikkje tal og statistikk over vedtak om spesialpedagogisk hjelp for førskuleborn i Vest-Telemark. Slike tal kan det vere nyttig å hente inn frå kommunane dersom vi skal gjennomføre ein full forvaltningsrevisjon av erfaringane med Vest-Telemark PPT. Årsakene til funna i figur 3-5 er sannsynlegvis mange og samansette. Det kan handle om kor stor merksemd kommunen/skulen rettar mot tilpassa opplæring og kor godt dei lukkast med dette innanfor ramma av ordinær undervisning. Vidare kan det vere skilnader i kompetanse når det gjeld å møte elevar som ligg i grenselandet for behov for spesialundervisning. Det kan og vere skilnader i talet på timar sett av til spesialundervisning, og kva for kompetanse dei har dei som driv spesialundervisninga. Vidare kan det vere skilnader i kjennskap til kva for hjelp PPT kan gi, i holdningar til når ein bør ta kontakt med PPT, og til kvaliteten og omfanget av hjelpa frå PPT. Opplæringslova legg opp til eit nært samarbeid mellom oppveksteiningane og PPT når det gjeld born med særskilte behov. Når talet på elevar med vedtak om spesialundervisning i Vest-Telemark ligg såpass mykje høgare enn gjennomsnittet for Telemark og landet, kan det vere grunn til å sjå næmare på korleis dette samarbeidet fungerer. Som før nemnd er vår inngang til temaet å spørje korleis tilsette med leiaransvar og fagleg ansvar for born med særskilte behov opplever samarbeidet med PPT. Vi har spurt dei fordi dei har særskilt mykje kontakt med PPT. I tillegg har leiarane i oppveksteiningane vanlegvis delegert mynde til å fatte vedtak om spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning. Vi meiner denne inngangen vil gi eit godt innblikk i korleis samarbeidet mellom oppveksteiningane og PPT om born med særskilte behov fungerer. Vi vil likevel understreke at dette innblikket ikkje gir noko heilskapleg bilete av samarbeidet. Det gir heller ikkje noko heilskapleg forståing av kvifor talet på elevar med spesialundervisning ligg såpass høgt i fem av seks kommunar i Vest-Telemark. For å undersøkje desse tema nærmare, bør vi sjå nærare på om PPT har rammevilkår og arbeidsforhold som er i tråd med lovverk og eventuelle særskilte utfordringar i Vest-Telemark. Vi bør og sjå nærare på om spesialpedagogisk hjelp for førskuleborn, tilpassa opplæring og spesialundervisning for skuleborn fungerer slik lovverk og faglege rettleiarar legg opp til. Vår hovudproblemstilling er: Opplever leiarane og fagansvarlege i Vest-Telemark at oppveksteiningane deira får den hjelpa dei treng frå Vest-Telemark PPT? Telemark kommunerevisjon IKS 9

For å belyse denne problemstillinga, har vi sett nærare på følgjande delproblemstillingar: 1. Korleis vurderer leiarane og fagansvarlege tilsette i oppveksteiningane sin kompetanse om born med særskilte behov? 2. Korleis vurderer leiarane og fagansvarlege PPT sin kompetanse? 3. Opplever dei spurte at samarbeidet mellom oppveksteiningane og PPT fungerer? I kvar av desse spørsmåla vil vi vurdere følgjande: a. Er det i hovudsak eit felles mønster i svara på desse spørsmåla, eller skil ein eller fleire kommunar seg ut? b. Er det skilnader mellom barnehagar, oppvekstsentra og skular i desse spørsmåla? 2.1 Kompetanse om born med særskilte behov hos tilsette i oppveksteiningane Vi bad leiarane og fagansvarlige vurdere tilsette sin kompetanse om kva for særskilte utfordringar born kan ha, og korleis ein bør møte desse borna. Det vil gi innsikt i kompetansen hos dei som vanlegvis først oppdagar born som strevar, som eventuelt koplar inn PPT, og som deretter har eit særleg ansvar for å sjå til at vedtekne tiltak om spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp blir sett i verk. I mange av spørsmåla våre bad vi respondentane svare på ein skala frå 1 til 6. Mange stader kunne respondentane og krysse av for «Veit ikkje/har inga formeining». Dei tala er tekne med i den grad vi meiner det gir nyttig informasjon. Sidan dette er ei forundersøking vil vi i all hovudsak bruke gjennomsnittstal. Det gir eit overordna og samlande svar på spørsmåla våre. Samstundes kan gjennomsnittstal dekkje over interessante variasjonar i svarmønstra. Nokre få av desse er tekne med. Dersom kommunane ønskjer ein forvaltingsreivsjon på området, gir det ein god anledning til å gå djupare inn i desse svarmønstra. Telemark kommunerevisjon IKS 10

Figur 7 kompetanse om ulike vanskar hos born hos tilsette 6 Utfra di erfaring, kor stor eller liten kompetanse har dei tilsette på fylgjande område 5 4 3 2 1 Kjelde: spørjeundersøking Langs den horisontale lina finn vi nokre av dei områda vi bad respondentane vurdere. Respondentane svarte på ein skala frå 1 svært låg kompetanse til 6 svært høg kompetanse. Det gjennomsnittlige svaret kjem fram i den vertikale lina. N: 48 På den vertikale lina betyr svaralternativ 3 at kompetansen blir vurdert som middels. Våre funn viser at leiarar og fagansvarlege meiner dei tilsette har over middels kompetanse på fem av desse områda. Vi ser at kompetanse om lese- og skrivevanskar og språk- og kommunikasjonsvanskar skårar nokså høgt og ligg over fire i gjennomsnitt (sjå søylene lengst til venstre). Når det gjeld psykisk utviklingshemming, motoriske/fysiske vanskar og psykososiale åtferdsvanskar ligga svara mellom 3 Telemark kommunerevisjon IKS 11

og 4. Vi ser og at kompetanse om syns- og hørselsvanskar og minoritetsspråklege med spesielle behov får lågast skår, og ligg mellom 2,5 og 3 i gjennomsnitt. Vi har sett på korleis svara fordeler seg for kvar kommune. Vi vil understreke at funna våre må tolkast med varsemd, fordi vi har få respondentar i kvar kommune, jf. figur 6. Våre funn viser at Fyresdal skårar svært lågt på fire av dei sju områda. Det gjeld kompetanse om synog hørselsvanskar, motoriske/fysiske vanskar, psykisk utviklingshemning og minoritetsspråklege born med spesielle behov. Her skårar dei 1,5 i gjennomsnitt. Vidare ser vi at Nissedal skårar mykje høgare på dei same fire områda. Dei skårar 3,5 i gjennomsnitt. Telemark kommunerevisjon IKS 12

Figur 8 kompetanse om å møte born med særskilte behov hos tilsette Utfrå di erfaring, kor stor eller liten kompetanse har dei tilsette ved di eining på fylgjande område 6 5 4 3 2 1 Kjelde: spørjeundersøking Langs den horisontale lina finn vi nokre av dei områda vi bad respondentane vurdere. Respondentane svarte på ein skala frå 1 svært låg kompetanse til 6 svært høg kompetanse. Det gjennomsnittlige svaret kjem fram i den vertikale lina. Figur 7 viser at leiarar og fagansvarlege meiner dei tilsette har høg kompetanse når det gjeld å sjå og møte born med særskilte behov og deira føresette. Dei fire søylene til venstre handlar om slike område, og får ei skår på fire eller meir i gjennomsnitt. N: 48 Telemark kommunerevisjon IKS 13

Vi ser også at området tilsette sin kompetanse om samarbeid med føresette får særleg høg skår over 4,5 i gjennomsnitt. Dei to søylene til høgre handlar om dei tilsette sin kjennskap til gjeldande lovverk og til hjelpeapparatet for desse borna. Svara ligg lågare enn dei andre, men over middels. Dei får ein skår mellom 3,5 og 4 i gjennomsnitt. Når vi fordeler svara på barnehagane, oppvekstsentra og skulane, ser vi at barnehagane skil seg ut. Desse respondentane vurderer tilsette sin kompetanse som lågare i alle spørsmåla samanlikna med gjennomsnittet for Vest-Telemark. Når vi fordeler svara på kommunane, viser funna våre at dei tilsette i Kviteseid sin kompetanse blir vurdert som svært høg når det gjeld å oppdage, følgje opp og inkludere born med særskilte behov, og å samarbeide med føresette. Dei får ein skår på 5,2 i gjennomsnitt. Medan respondentane i Tokke vurderer tilsette sin kompetanse som noko lågare enn gjennomsnittet for Telemark. På fem av sju spørsmål skårar dei mellom tre og fire i gjennomsnitt. Oppsummerande merknadar I figur 7 såg vi at dei tilsette sin kompetanse blei vurdert som høgast på områda lese- og skrivevanskar, språk- og kommunikasjonsvanskar og psykososiale åtferdsvanskar. Etter vår vurdering er det rimeleg å tenke seg at god kompetanse på desse områda, heng saman med at mange av borna med spesialpedagogisk hjelp eller vedtak om spesialundervisning har slike vanskar. Det motsette gjeld sannsynlegvis for born med syns- og hørselsvanskar. Det er få born med slike vanskar, og kompetansen hos dei tilsette får tilsvarande lågare skår. Søylene i figur 8 kan delast i to område. Dei fire søylene lengst til venstre er direkte knytt til dei tilsette sin kompetanse til å sjå og hjelpe born med særskilte behov, medan dei tre søylene til høgre handlar meir om dei nære rammevilkåra rundt borna. Jamt over skårar dei tilsette høgare på kompetanse om å møte borna enn om rammevilkåra rundt. Når vi ser figur 7 og 8 i samanheng, ser vi at tilsette jamt over skårar høgare i figur 8 enn i figur 7. Rimelegvis betyr det at dei tilsette jamt over har større kompetanse på å sjå og møte born med særskilte behov, jf. figur 8, enn kompetanse om ulike tilstandar hos born, jf. figur 7. 2.2 Kompetanse hos PPT Vi har bedt leiarane og fagansvarlege i oppveksteiningane vurdere korleis dei oppfattar PPT sin kompetanse på ulike område. Vi vil understreke at dette ikkje byggjer på objektive kriterier, men er ei subjektiv vurdering sett frå oppveksteiningane sin ståstad. PPT skal støtte oppveksteiningane i arbeidet med å sjå til at alle førskuleborn som treng det får spesialpedagogisk hjelp, og at skuleelevar får retten til grunnskuleopplæring oppfylt. Vi meiner derfor det er nyttig å få kjennskap til korleis leiarar og fagansvarlege vurderer PPT sin kompetanse. Telemark kommunerevisjon IKS 14

I avsnitt 1.3 såg vi at PPT etter opplæringslova skal bidra både i det individretta og systemretta arbeidet i oppveksteiningane. I vår undersøking har vi spurt om PPT sin kompetanse på begge desse områda, men i praksis det ikkje alltid er eit klart skilje mellom dei. I figur 9 finn vi ein oversikt over korleis leiarar og fagansvarlege vurderer PPT sin kompetanse om typiske individretta tema, som ulike vanskar hos born. I figur 11 løftar vi blikket noko og ser meir på dei nære rammevilkåra rundt borna, mens i siste del av avsnittet løftar vi blikket til fugleperspektiv og ser på PPT sine bidrag til kompetanse- og organisasjonsutvikling i oppveksteiningane. Figur 9 kompetanse om ulike vanskar hos born i PPT 6 Utfrå di erfaring, kor stor kompetanse har PPT på fylgjande område 5 4 3 2 1 0 N: 48 Kjelde: spørjeundersøking Langs den horisontale lina finn vi nokre av dei områda vi bad respondentane vurdere. Respondentane svarte på ein skala frå 1 svært låg kompetanse til 6 svært høg kompetanse. Det gjennomsnittlige svaret kjem fram i den vertikale lina. Telemark kommunerevisjon IKS 15

Figur 8 viser at leiarar og fagansvarlege i oppveksteiningane meiner tilsette i PPT har god kompetanse jamt over. Fem av dei sju spørsmåla får ein skår mellom 4 og 5 i gjennomsnitt. Det gjeld kompetanse om lese- og skrivevanskar, språk- og kommunikasjonsvanskar, motoriske/fysiske vanskar, psykososiale åtferdsvanskar og psykisk utviklingshemning. Kompetanse om syns- og hørselsvanskar og minoritetsspråklege born med spesielle behov får lågast skår, og ligg på nesten 4. PPT seier at det vanlegvis er 1 til 2 born med syns- eller hørselsvanskar i Vest-Telemark. Det er derfor vanskeleg for oss å ha kompetanse på desse områda. Generelt er det slik at dersom kompetansen hos PPT ikkje er tilstrekkelig, skal «Statped» 12 skal gi råd og rettleiing. PPT seier at dei opplev sjølv at dei manglar kompetanse om minoritetsspråklege born med særskilte vanskar. Her kan det vere både språklege og kulturelle utfordringar. PPT har meldt frå til «Statped» at dei ønskjer kompetansetiltak på dette området. Det sentrale funnet her er den store andelen av respondentane som har svart veit ikkje/har inga meining, jf. figur 10 nedanfor. Figur 10 andelen i prosent som svarar «veit ikkje/har inga formeining» om kompetansen hos PPT på fylgjande spørsmål Veit ikkje/har inga formeining Lese- skrivevanskar 21,7 % Språk- og 6,4 % kommunikasjonsvanskar Syns- og hørselsvanskar 58,5 % Motoriske/fysiske vanskar 48,9 % Psykososiale åtferdsvanskar 10,9 % Psykisk utviklingshemning 63,8 % Minoritetsspråklege born 56,8 % med særskilte behov N: 48, kjelde: spørjeundersøking Figur 10 viser at halvparten eller fleir av leiarane og fagansvarlege i oppveksteiningane veit ikkje/har inga formeining om kompetansen hos PPT når det gjeld syns- og hørselsvanskar, motoriske/fysiske vanskar, psykisk utviklingshemning og minoritetsspråklege born med særskilte behov. 12 Statped er ein forkorting for «Statlig spesialpedagogisk tjeneste». Telemark kommunerevisjon IKS 16

Når vi fordeler svaret veit ikkje/har inga formeining på barnehagar, oppvekstsentra og skular, ser vi at barnehagane og oppvekstsentra skårar ekstra høgt. Vi fann at mellom 60 og 70 prosent av desse respondentane svarte at dei ikkje veit/har inga formeining om PPT sin kompetanse om syn- og hørselsvanskar, psykisk utviklingshemning og minoritetsspråklege born med særskilte behov. Figur 11 - kompetanse om å inkludere born med særskilte behov i grupper, samarbeid med føresette, lovverk og hjelpeapparat i PPT 6 Utfrå di erfaring, kor stor eller liten kompetanse har PPT på fylgjande område 5 4 3 2 1 Inkludering av barn med særskilte behov i grupppe Samarbeid med føresette til barn med særskilte behov Lov- og regelverk om barn med spesielle behov Hjelpeapparatets oppbygging og funksjon N: 48 Kjelde: spørjeundersøking Langs den horisontale lina finn vi nokre av dei områda vi bad respondentane vurdere. Respondentane svarte på ein skala frå 1 svært låg kompetanse til 6 svært høg kompetanse. Det gjennomsnittlige svaret kjem fram i den vertikale lina. Figur 11 viser at leiarar og fagansvarlege i oppveksteiningane meiner PPT har god kompetanse om å inkludere born med særskilte behov i gruppe og samarbeide med føresette, samt om lov- og regelverket og hjelpeapparatet (alle fire søylene). Alle får ein skår frå 4,5 til 5,15. Dei har særleg tillit til PPT sin kompetanse om lov- og regelverk om born med spesielle behov. Her får vi skår på over 5 i gjennomsnitt. Når vi fordeler svara på barnehagar, oppvekstsentra og skular får vi i hovudsak same svarmønster. Når vi fordeler svara på kvar kommune, viser funna våre at Tokke har særleg høg tillit til PPT sin kompetanse. Der ligg svara på fem eller over i gjennomsnitt. Fyresdal på si side skårar lågare enn gjennomsnittet når det gjeld samarbeid med føresette. Her har vi ein skår på 3,5 i gjennomsnitt. Telemark kommunerevisjon IKS 17

Andelen i prosent som har svart veit ikkje/har inga formeining Mellom 10 og 17 prosent av alle respondentane svarte veit ikkje/har inga formeining om desse spørsmåla. Når vi fordeler svara på barnehagane, oppvekstsentra og skulane, fann vi at barnehagane skåra nokså høgt. Her svarte mellom 20 og 26 prosent veit ikkje/har inga formeining. Når vi fordeler svara på kommunane, fann vi at mellom 25 og 28 prosent i Tokke svarte veit ikkje/har inga formeining. Hjelp frå PPT til kompetanse- og organisasjonsutvikling Vi spurte kor ofte oppveksteiningane ber om hjelp frå PPT til organisasjons- eller kompetaneutvikling. Respondentane svarte på ein skala frå 1 svært sjeldan til 6 svært ofte. Vi delte svara i tre grupper (svaralternativ 1 og 2, 3 og 4 og 5 og 6). Om lag 55 prosent av respondentane svarte svaralternativ 3 eller 4. Vi fordelte svara på barnehagane, oppvekstsentra og skulane, og fann at 80 prosent av oppvekstsentra svarte svaralternativ 3 eller 4. Vidare fann vi at meir enn 40 prosent av respondentane frå skulane svarte svaralternativ 1 svært sjeldan. Vi fordelte svara på kommunane, og fann at alle respondentane i Seljord svarte enten svaralternativ 2 eller 3 på same spørsmål. Dei brukar med andre ord PPT sjeldnare til kompetanse- og organisasjonsutvikling. Vi spurte i kvar grad tenestene frå PPT dekker eininga si etterspurnad etter hjelp til organisasjonsog kompetanseutvikling. Respondentane svarte på ein skala frå 1 svært liten grad til 6 svært stor grad. Om lag 65 prosent av respondentane svarte svaralternativ 3 eller 4. Oppsummerande merknadar Dersom vi ser figur 9 og 11 saman, ser vi at leiarane og fagansvarlege vurderer PPT sin kompetanse om ulike vanskar hos det enkelte barn (figur 9) og dei nærliggande rammevilkåra rundt born (figur 11) som jamt over god. Vi vil særleg nemne at svært mange av respondentane svarar veit ikkje/har inga formeinig om PPT sin kompetanse på områda syn- og hørselsvanskar, motoriske/fysiske vanskar, psykisk utviklingsheming og minoritetsspråklege born med særskilte behov, jf. figur 10. I figur 7 såg vi at dette er dei same områda som fikk lågast skår når vi bad respondentane vurdere tilsette sin kompetanse. Vi får dermed Telemark kommunerevisjon IKS 18

en lite heldig kombinasjon av at tilsette blir vurdert til å ha avgrensa kompetanse på dei same områda som leiarar og fagansvarlege ikkje veit om PPT har kompetanse. Når vi ser svara på spørsmåla om kor ofte PPT bidreg til organisasjons- og kompetanseutvikling, og kor mykje PPT dekker av einingane sine behov for hjelp med slik utvikling, svarar mellom 55 og 65 prosent svaralternativ 3 og 4. Vi meiner det betyr at PPT har ei avgrensa rolle i oppveksteiningane sitt arbeid med organisasjons- og kompetanseutvikling. Vi vil likevel trekkje fram ein respondent som har svart svaralternativ 6 Svært ofte på spørsmåla om hjelp frå PPT til organisasjons- og kompetanseutvikling. Vedkommande skriv at: «PPT har vore med i eit stort arbeid i kommunen med kartlegging av ( ) spesialundervisning. Dette i samarbeid med Lillegården kompetansesenter. Dette arbeidet har resultert i ein utviklingsplan der PPT er med i prosjektgruppa. PPT er svært villige til å vere med i utviklingsarbeidet vårt. TPO-møter der me har to representantar frå PPT fungerer utmerket! Dei er alltid tilgjengelege for råd og rettleiing.» 2.3 Balanse mellom systemretta og individretta arbeid Vi ønskte å finne ut om leiarane og fagansvarlege meiner det er god balanse i hjelpa dei får frå PPT til det systemretta og det individretta arbeidet. For å danne oss eit bilete av korleis respondentane vurderer dette, bad vi dei vurdere kor einige eller ueinige dei var i fleire konkrete påstandar. Svara på nokre av desse påstandane er med i figur 12, 13 og 14. Figur 12 Behov for systemretta arbeid svarfordeling i prosent 25 Påstand: Eg synest at PPT burde jobbe mykje meir med systemarbeid hos oss 20 15 10 5 0 1 svært ueinig 2 3 4 5 6 svært einig Veit ikkje/har inga meining N:48 Kjelde: spørjeundersøking Respondentane svarte på ein skala frå 1 svært ueinig til 6 svært einig, jf. den horisontale lina. Langs den vertikale lina kan vi sjå korleis svara fordeler seg i prosent. Telemark kommunerevisjon IKS 19

Dersom vi deler svara i figur 12 i to i grupper, ser vi at om lag 60 prosent av respondentane er einige i at PPT burde jobbe mykje meir med systemarbeid hos dei (svaralternativ 4, 5 og 6). Når vi fordeler svara på barnehagar, oppvekstsentra og skular, finn vi at 80 prosent av leiarane og fagansvarlege i barnehagane er einige i denne påstanden (svaralternativ 4, 5 og 6). Når vi fordeler svara på kommunane, ser vi at meir enn 70 prosent i Kviteseid og Vinje og 65 prosent i Tokke er einige i at PPT burde drive meir med systemretta arbeid hos dei (svaralternativ 4, 5 og 6). I Seljord ser vi eit nokså delt svarmønster. 43 prosent er nokså ueinige i denne påstanden (svaralternativ 1 og 2), medan 43 prosent er einige (svaralternativ 5). Nesten 20 prosent veit ikkje/har inga formeining om denne påstanden. Figur 13 Om systemretta arbeid svarfordeling i prosent 70 Påstand: Det er for mykje systemarbeid hos oss. PPT har derfor for liten tid til å jobbe med enkeltbarn med særskilte behov. 60 50 40 30 20 10 0 1 svært ueinig 2 3 4 5 6 svært einig Veit ikkje/har inga meining N:48 Kjelde: spørjeundersøking Respondentane svarte på ein skala frå 1 svært ueinig til 6 svært einig, jf. den horisontale lina. Langs den vertikale lina kan vi sjå korleis svara fordeler seg i prosent. Vi har delt svara i figur 13 i to grupper. Om lag 5 prosent er einige i påstanden om at omfanget av systemarbeid, hindrar PPT i å drive med individretta arbeid (sjå svaralternativ 4, 5 og 6). Vidare ser vi at om lag 80 prosent er ueinige i dette (sjå svaralternativ 1, 2 og 3.) Vi har fordelt svara på kommunane. Våre funn viser at svært mange i Seljord, Kviteseid og Nissedal meiner at omfanget av enkeltsaker ikkje hindrar PPT i å jobbe med systemarbeid, medan langt færre i Vinje og Tokke meiner det same. Meir presist finn vi at meir enn 85 prosent av respondentane i Telemark kommunerevisjon IKS 20

Seljord, meir enn 70 prosent i Kviteseid, og om lag 65 prosent i Nissedal er ueinige i at omfanget av enkeltsaker hindrar PPT i å jobbe med systemarbeid (svaralternativ 1, 2 og 3). Medan i Vinje og Tokke svarte 30-40 prosent at dei var heilt eller delvis ueinige (svaralternativ 1, 2 og 3). Vi vil særskilt nemne at nesten 15 prosent har svart veit ikkje/har inga formeining. Når vi fordeler dei som har svart veit ikkje/har inga formeining på barnehagane, oppvekstsentra og skulane, finn vi at 33 prosent av respondentane i barnehagane svarar veit ikkje/har inga formeining. Når vi fordeler på kommunane, finn vi at 31 prosent svarar på same måte i Vinje. Figur 14 Om individretta arbeid svarfordeling i prosent 25 Påstand: Det er for mange enkeltsaker hos oss. PPT har derfor for liten tid til systemarbeid. 20 15 10 5 0 1 svært ueinig 2 3 4 5 6 svært einig Veit ikkje/har inga meining N.48 Kjelde: spørjeundersøking Respondentane svarte på ein skala frå 1 svært ueinig til 6 svært einig, jf. den horisontale lina. Langs den vertikale lina kan vi sjå korleis svara fordeler seg i prosent. Vi har delt svara i figur 14 i to grupper. Vi ser at 25 prosent er einige i påstanden om at omfanget av individarbeid, hindrar PPT i å drive med systemarbeid (sjå svaralternativ 4, 5 og 6). Vidare ser vi at om lag 55 prosent er ueinige i dette. (Sjå svaralternativ 1, 2 og 3). Vi vil nemne at om lag 20 prosent veit ikkje/har inga formeining om denne påstanden. Kva synest du er det viktigaste området PPT hjelper di eining med? Vi bad respondentane svare på kva dei meiner er det viktigaste området PPT hjelper dei med. Vi fordelte svara i tre grupper. Dei som meiner 1) det individretta arbeidet er viktigast, 2)det systemretta arbeidet er viktigast, og 3) dei som nemner både det individ- og systemretta arbeidet. Vi fann at eit lite fleirtal meinte at det individretta arbeidet var viktigast. Dei fleste av desse respondentane nemner følgjande tema: Telemark kommunerevisjon IKS 21

Utreie vanskar hos enkeltelevar. Utarbeide sakkunnig vurdering. Kartlegge lese- og skriveproblematikk. Fylgje opp einskildsaker. Litt færre meiner det systemretta arbeidet er det viktigaste området PPT hjelper dei med. Dei skriv til dømes: Rettleiing av personalet vil eg ha mykje meir av. Sjå utviklingspotensialet, setje opp mål og evaluere. Rettleiing og kompetanseheving. Vere ein støttespelar der me manglar eller har liten kompetanse. Eg ser at målretta systemarbeid er viktig, og ynskjer at PPT kan bidra i enno større grad enn dei gjer i dag. Nokre av respondentane nemner både individ- og systemretta arbeid som dei viktigaste områda PPT hjelper deira eining med. Døme: Kompetansehevingar, kartleggingar og utarbeiding av sakkunnig rapportar. Rettleiing i enkeltsaker og rettleiing på FSB-møta. Det viktigaste er dei einskilde sakene, men desse gir oss idear til systemretta arbeid. Oppsummerande merknadar Vi bad respondentane svare på om dei meiner det er god balanse i hjelpa frå PPT i deira system- og individretta arbeid. Våre funn peikar i litt ulike retningar. Vi er derfor usikre på tolkinga av desse funna. I figur 12 såg vi at om lag 60 prosent av respondentane meiner at PPT burde jobbe meir med det systemretta arbeidet hos dei. Ei rimeleg tolking er at ein overvekt av leiarar og fagansvarlege synes enten at det individretta arbeidet tar for mykje plass i forhold til det systemretta arbeidet, eller at PPT burde jobbe meir hos dei og då primært med det systemretta arbeidet. Påstandane i figur 13 og 14 har motsett meiningsinnehald. Det er derfor interessant å sjå dei i samanheng. Når vi deler svara på begge spørsmåla i to grupper, ser vi at eit overveldande fleirtall er ueinige i at omfanget av individarbeid hindrar systemarbeid, og eit fleirtal er ueinige i at omfanget av systemarbeid hindrar systemarbeid. Ein rimelig tolking av slike tilsynelatande motstridande funn, kan vere at dei fleste meiner det er nokså god balanse mellom det systemretta og individretta arbeidet. Vidare ser vi at mange fleir meiner at omfanget av systemarbeid ikkje hindrar individarbeid (figur 13, ca. 5 prosent er einige og 80 prosent er ueinige), enn som meiner at omfanget av individarbeid ikkje hindrar systemarbeid (figur 14, ca. 25 prosent er einige og 55 prosent er ueinige). Telemark kommunerevisjon IKS 22

Det kan vere eit uttrykk for at omfanget av det individretta arbeidet i noko større grad avgrensar det systemretta arbeidet, enn omvendt. På spørsmålet om kva respondentane meiner er det viktigaste området PPT hjelper dei med, ser vi at svara deler seg i ei litt større og ei litt mindre gruppe på høvesvis individ- og systemretta arbeid. Dersom vi ser dette svaret saman med svarmønstra i figur 13 og 14, kan ei rimelig tolking vere at leiarar og fagansvarlege meiner det er ganske god balanse mellom individretta og systemretta arbeid. Eit lite fleirtal meiner at det individretta arbeidet er viktigast. Samtidig som dei ser at for mykje individretta arbeid sett grenser for det systemretta arbeidet. Når det fatta vedtak om spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning, seier PPT at dei har eit ståande tilbod om å rettleie dei tilsette som skal sette i verk vedtaket. Slik rettleiing må avtalast med PPT i kvart tilfelle, og avtalen må sette klare rammer for tema og tidsbruk. PPT seier at denne ordninga har eksistert lenge, men er svært lite brukt. 2.4 Samarbeidet med PPT Vi bad leiarane og fagansvarlege svare på tre ulike spørsmål om korleis dei opplever at samarbeidet med PPT fungerer. Dette var opne spørsmål der respondentane kunne svare fritt. Vi presenterer våre funn ved å peike på hovudtendensar i svarmønstra, og siterer frå svara for å illustrere desse hovudtendensane. Kan du beskrive samarbeidsfora og korleis det/dei fungerer Dette spørsmålet handlar om kva for faste møtepunkt oppveksteininga har med PPT, og korleis dei fungerer. Ikkje overraskande nemner så godt som alle enten TPO-team eller FSB-møte. Mange skriv at det ligg fast kor mange møter det skal vere per år og kven som skal delta. Vidare nemner dei at barnehagane, oppveksteiningane og skulane skal utarbeide saksliste eller melde inn saker på førehand. Nokre beskriv korleis dei varslar alle tilsette om slike møter, og oppmodar dei om å melde inn aktuelle saker. Dei aller fleste meiner desse møta fungerer godt. Dei skriv til dømes: Fungerer bra. Samarbeidet fungerer bra, barnehagen har stor nytte av desse møta. Veldig nyttig og godt samarbeid. Desse møta er verdifulle for skulen. Vi har eit framifrå samarbeid som eg ikkje kan fullrose nok! Nokre er meir atterhaldne, og skriv til dømes: TPO-teamet fungerer godt slik det er, men det er ofte nødvendig (for PPT) å vere meir i klasseromma, sjå elevane, sjå lærarane i aksjon for å kunne på ein konkret og nyttig måte vere ein samarbeidspartner me verkeleg kan ha nytte av. Telemark kommunerevisjon IKS 23

Dei siste åra har ikkje dette fungert så godt, då det vi ynskjer oss og det vi får ikkje er det same. Dette året har tre av seks møter blitt avlyst, eitt av oss og to av PPT. Vi ynskjer oss ein samtalepartnar/sparringspartnar ( ), men PPT sin kontaktperson har tatt rolla som passiv lyttar. I tillegg til dei fastlagte samarbeidsfora nemnt ovanfor, seier PPT at dei har delteke i ulike utviklingsprosjekt i til dømes Seljord, Tokke, Nissedal og Fyresdal dei siste 5-8 åra. I tillegg har kommunane i Vest-Telemark saman med PPT starta eit arbeid for å sjå nærmare på samspelet mellom tilpassa opplæring innafor ordinær undervisningsramme og tilpassa opplæring. Prosjektet har fått 1 mill. kr frå «Forum for utdanning», og skal etter plane tilsette ein prosjektleiar i løpet av hausten 2013. Kva synest du er det viktigaste området PPT hjelper di eining med? I avsnitt 2.3 delte vi svara på dette spørsmålet inn i tre grupper ei gruppe som meiner det individretta arbeidet er det viktigaste PPT hjelper dei med, ei som meiner det systemretta arbeidet, og ei som nemner både individ- og systemretta arbeid. Her vil vi i større grad bruke svara til å belyse korleis samarbeidet mellom oppveksteiningane og PPT fungerer. Vår funn viser at oppveksteiningane ser det som viktigast at PPT har ein vidare og djupare kompetanse enn oppveksteiningane, og at dei kan vere nære born og tilsette i oppveksteiningane gjerne over lengre tid. Her er døme på nokre av dei mest typiske svara: Dei (PPT) skal vere ein positiv fagleg hjelp i forhold til born som treng noko ekstra. Det vere både i forhold til læring, og til psykiske og fysiske problem. Viktig at dei også har eleven i fokus. Der PPT, i godt samarbeid med skule/heim, gjev eleven eit best mogleg tilbod. Felles opplæring av personalet på systemnivå, knytt til enkelte barns utfordringar. Vi leitar etter vegen inn til det enkelte barns læringspotensiale, men har ikkje kompetanse og testar nok til å bli presise i våre kartleggingar. Dei (PPT) hjelper oss å kartleggje når våre verktøy ikkje strekker til. Dei (PPT) må vere synlege og tilgjengelege. Eg saknar PPT i barnehagane, som rettleiar til heile personalet, ikkje berre barnehagelærarane på FSB-møte. At dei (PPT) kunne delta i enkeltsaker over lengre tid, slik at ein kunne prøve ut den sakkunnige vurderinga ei stund, og at PPT kom og såg på den jobben vi gjorde. Er det ein særskilt hjelp du saknar frå PPT? Våre funn viser at svært mange av respondentane ønskjer meir rettleiing frå PPT. Rettleiinga bør vere mest mogleg konkret og gjerne strekke seg over lengre tid i kvar sak. Fleire peikar på at mange av dei sakkunnige rapportane frå PPT har nesten heilt lik ordlyd, og at dei inneheld opp mot 100 tiltak som kan vere aktuelle. Ei skriv at han/ho ønskjer at PPT, som eit fast opplegg, skulle rettleie dei etter at sakkunnig rapporten var ferdig og vedtaket fatta. Ein annan skriv at med slike sakkunnige vurderingar: «vil vi bruke lang tid på å finne noko som fungerer. Vi hadde ynskt oss at PPT kunne sagt noko meir direkte om kva denne eleven med akkurat desse kartleggingsresultata kunne ha nytte av.» Telemark kommunerevisjon IKS 24

Ganske mange av respondentane ønskjer meir hjelp frå PPT til kompetanseheving. Døme på område dei ønskjer meir kompetanse er: ulike vanskar hos born, diagnosar, klasseleiing, åtferdsproblematikk, opplæring i dei tiltaka oppveksteiningane skal sette i gang, og foreldresamarbeid. Fleire av respondentane meiner det er for lang ventetid før ei tilmeld sak blir handsama av PPT. Vi vil og nemne at nokre av respondentane ser seg nøgd med hjelp frå PPT, og har ingen ytterligare ønskjer/behov. Dei skriv til dømes: Vi har berre positive erfaringar. Dei (PPT) er gode å snakke med på telefonen, gode til å gi råd. Oppsummerande merknadar Då vi spurte respondentane om korleis samarbeidet med PPT fungerer, var det særleg eit svarmønster som peika seg ut. Eit overveldande fleirtal av leiarar og fagansvarlege i barnehagane, oppvekstsentra og skulane meiner at TPO-team og FSB-møte fungerer godt. Svara på spørsmåla om kva er det viktigaste PPT hjelper med, og kva saknar du av hjelp frå PPT, handlar hovudsakleg om dei same tinga. Dei fleste svarar fagleg hjelp, rettleiing og kompetanseheving på begge spørsmåla. Dette kan vere eit uttrykk at oppveksteiningane får for lite hjelp til slike områder, samstundes som hjelp på desse områda er særleg viktig for oppveksteiningane. 3 Foreløpige konklusjonar og tilrådingar Avslutningsvis skal vi samanfatte respondentane sine innspel til eit svar på hovudproblemstillinga vår: Opplever leiarane og fagansvarlege i Vest-Telemark at oppveksteiningane deira får den hjelpa dei treng frå Vest-Telemark PPT? Vi startar med eit sitat frå ein av respondentane. Det gir eit godt bilete av dynamikken og samspelet mellom tilpassa opplæring innanfor ordinær undervisning og spesialundervisning i klasserommet, og PPT si rolle og oppgåve i dette arbeidet. «Det er mange elevar som har spesielle behov og som treng tett oppfylging i skuledagen. Spesialundervisninga er eit krevjande felt, kor mange aktørar blir involvera i kortare og lengre periodar. Eg syns vår skule har utvikla seg i positiv retning når det gjeld å samarbeide rundt desse elevane og gje dei og heimen ei kjensle av at dei blir hørt og møtt med forståing. Men eg ser at vi kan bli enno flinkare til å utnytte ressursane vi har, og gje ei betre tilpassa opplæring innanfor rammene vi har. Håpar at PPT kan bidra i enno større grad til å utvikle oss som organisasjon og gje ei enno betre spesialundervisning framover.» Telemark kommunerevisjon IKS 25