RAVNEBJERGET BARNEHAGE Årsplan

Like dokumenter
RAVNEBJERGET BARNEHAGE Årsplan

RAVNEBJERGET BARNEHAGE ÅRSPLAN Ein grunnmur for livet

RAVNEBJERGET BARNEHAGE Årsplan Ein grunnmur for livet

RAVNEBJERGET BARNEHAGE Årsplan 2015/2016. En grunnmur for livet

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

PEDAGOGISK PLAN BARNEHAGANE I LOM. Loar og Garmo barnehage

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING:

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

LANGMYRA OG BANEHAUGEN BARNEHAGER Årsplan 2017

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

SAMARBEIDSPLAN FOR BARNEHAGANE OG SKULANE I BØ KOMMUNE

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne

Årsmelding for Urhei barnehage

VINTERDALEN BARNEHAGE Årsplan Uteliv. Vi vil leke mer! Fokus: Årstema:

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

VOGNSTØLEN BARNEHAGE Årsplan

ÅRSPLAN Pedagogisk utvikling 2015 Tiurkroken barnehage «Læring i alt for alle»

VINTERDALEN BARNEHAGE ÅRSPLAN

Tilpassa opplæring i Tysnesbarnehagane.

RAVNEBJERGET BARNEHAGE. Årsplan med fellesplan for barnehagene i Helse Bergen

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Årsplan for BJORHAUG BARNEHAGE

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

UTVIKLINGSPLAN Pedagogiske rom

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Utviklingsplan Borsheim barnehage Vi skaper livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn. Tryggleik, respekt og inkludering

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Årsplan Årstad Brannstasjon Barnehage

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

MEBOND BARNEHAGE

Fladbyseter barnehage 2015

Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017

Barns leik og vennskap. Utviklingsarbeid i Mork barnehage hausten våren 2018

Bærekraftig utvikling

VINTERDALEN BARNEHAGE Årsplan

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Årsplan Klara`s familiebarnehage 2016

Du må tru det for å sjå det

Halvårsrapport lyseblå haust 2017

ÅRSPLAN SiO BARNEHAGE BAMSEBO

Årsplan 2019/2020 Virksomhet Raet barnehager

Å RSPLÅN. Treungen barnehage RELASJONAR

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

ÅRSPLAN. Pedagogisk utvikling 2018/2019. Tiurkroken barnehage. «Læring i alt for alle»

I Borsheim skal vi vere saman om å skape livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn.

Innhald. Innleiing s. 4. Formål s. 6. Språk, kultur og natur s. 8. Leik og læring s.10. Barnehagen som lærande organisasjon s.12. Sluttord s.

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Saksgang. Møtedato Saksnr. Kultur- og oppvekstutvalet /05. Sakshandsamar: Arkiv: K2-A10 Arkivsaknr Runa Nybakk Objekt 04/33

Vi har fått SU si tilslutning til å prolongere langtidsplanen fram til ny Rammeplan føreligg i 2017.

LEIRELVAPOSTEN SEPTEMBER 2014

Kva er nytt i rammeplanen?

Modulhefte PROGRESJON I BARNEHAGEN

Haust 2018 EIN TRYGG START PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE - SKULE KVITESEID KOMMUNE

STRAND BARNEHAGE ÅRSPLAN «BARNETS BESTE VÅRT ANSVAR»

Årshjul 2014/ 2015 og 2015/ Formål 4. Hvordan arbeide målrettet med fagområdene i årshjulet? 4. Hvordan ivareta barns medvirkning?

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

ÅRSPLAN FOR SØMME BARNEHAGE SØMME BARNEHAGE Vi setter spor!

Skjema for eigenvurdering

Sandøy kommune Eining for Oppvekst og kultur

Årsplan Venåsløkka barnehage

GJENSIDIG RESPEKT INKLUDERANDRE SKAPANDE KOMMUNIKATIVE ENGASJERTE GISKE BARNEHAGE SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING

Årsplan for Trollebo Høsten 2014/ våren 2015

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Stokkalandsmarka barnehage

Å byggje utviklingskompetanse for framtidas barnehage. Erfaringar frå prosjektet «barnehagen som lærande organisasjon» Aud Marie Stundal 12.

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Saman om Ørstabarnehagen

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Transkript:

RAVNEBJERGET BARNEHAGE Årsplan 2017 2018

FORORD Helse Bergen Hf eig og driv 4 barnehagar som vert nytta til rekruttering av nøkkelpersonell og for å sikre stabil arbeidskraft i Helse Bergen HF. Barnehagane vert driven i samsvar med «Lov om barnehagar» og «Rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver». I følgje lova skal kvar barnehage ha ein årsplan som skal gje opplysningar om barnehagen sitt satsingsområde, mål og vurderingsområder. Den skal innehal de informasjon om barnehagen sitt arbeid med melom anna omsorg, danning, leik og læring, og er eit viktig arbeidsreiskap for personalet. Årsplanen gir informasjon til føresette, eigar, og andre interesserte og er viktig for samarbeidet med føresette. Årsplanen byggjer på Langtidsplan 2012-2015 som er eit felles styringsdokument for barnehagane i Helse Bergen. Det er vedtatt i SU at denne blir forlenga i påvente av ny rammeplan. Langtidsplanen skal sikre progresjon og samanheng i barna si læring og opplevingar gjennom heile barnehageopphaldet, og byggjer på «Lov om barnehagar» og «Rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver». Inger Johanne Klausen Barnehagesjef

VÅR VISJON Ein grunnmur for livet Vår visjon ein grunnmur for livet skildrar vårt ønske om å gjere barna trygge på eigne verdiar, at dei skal få eit positivt sjølvbilde, utvikle sosial kompetanse og stå rusta til å møte utfordringar i livet. Sosial kompetanse er svært viktig i vårt arbeid med å gi barna ein grunnmur for livet. Vi arbeidar bevisst med å framheve barna sin empati, sjølvstendighet og sjølvkjensle. Vi vaksne er tydelege rollemodellar både i leiken og i kvardagssituasjonar. Vi nyttar dei pedagogiske verktøya «Kanin og Piggsvin» og «Grøne tankar Glade barn» i samlingstunder, for å tydeleggjere kor viktig det er å utvikle barna sin sosiale kompetanse. ÅRSTEMA 2017 2018 Mennesket og livet I 2017 2018 har vi valt å dele årstemaet Mennesket og livet inn i tre emneblokker. Dei tre emna vi har valt er: Frå jord til bord, Sjuande far i huset og Fugl og fisk. Ved å dele året inn i tre emneblokker gir vi personalet og barna anledning til å gå meir inn i kvart emne. Vi skapar samtidig større rom for barna si undring og medverking. Når vi gir barna meir tid til å arbeide med eit emne vil personalet kunne fange opp barna sine interesser og bruke dette som utgangspunkt i vidare arbeid. Gjennom arbeidet med dei tre emneblokkene vil vi også vere innom dei sju fagområda i Rammeplanen.

DEI TRE SATSINGSOMRÅDA Frå jord til bord Mål: I Ravnebjerget barnehage ønskjer vi å gje barna førstehandserfaring med matproduksjon der dei lærar kvar maten vi et kjem frå og korleis den dyrkast. Vi vil også gi barna kunnskap om menneskekroppen og ei forståing for kor viktig det er med gode vanar og eit sunt kosthold. Vi vil og fremme forståing og respekt for eigen og andre sin kropp, og ei forståing av att vi som menneske er ulike. Hensikt: Vi vil att barna skal få delta i heile prosessen med å dyrke grønsaker. At dei lærar kor maten kjem frå før den kjem til butikken. Vi vil at barna skal undre, utforske og lære om ulike typar mat og korleis den påverkar kroppen vår. Arbeidsmåte: Vi vil gjennom ein introduksjon av kvart tema gi barna eit grunnlag til å utforske, lære og undre seg over kvart emne vi arbeidar med. Ved å observere barna sine interesser og uttrykk, bruke barneintervju og samtalar vil vi la barna medverke arbeidet med kvart emne. Vi vil la barna sine interesser skape grunnlaget for vidare utvikling av arbeidet med emnet. Metodar og tiltak: Gjennom arbeidet med emnet vil vi: La barna plante frukt og grønsaker på avdelinga før sommaren og følgje opp dette gjennom året Dra på ekskursjonar til bondegard, meieri, fisketorg o.l for å få førstehandserfaringar med ulike matvarer og kvar dei kjem frå Lage grønsaksakshage i fellesområdet Bruke fakta frå internett og bøker til å gi personalet og barna moglegheit til å reflektere og filosofere over matproduksjon, etikk og kosthold Når: September oktober november Kven: Dei pedagogiske leiarane har ei eit særleg ansvar for planlegging og oppfølging på si avdeling Fagområda: Kropp, rørsle, mat og helse. Etikk, religion og filosofi. Nærmiljø og samfunn

Sjuande far i huset Mål: Med utgangspunkt i eventyret «Sjuande far i huset» skal vi arbeide med tall og teljing, utforske rom og former, og lære omgrep knytt til dette. Vi ønskjer på denne måten å legge til rette for at barna saman kan undre seg over likskapar, ulikskapar, størringar og tal. Gjennom arbeidet med dette emnet skal vi også gi barna moglegheit til å oppleve kunst og kultur, og til å sjølv uttrykke seg estetisk. (Rammeplanen 2011) Hensikt: Vi vil lære barna om omgrep i matematikken og arbeide med antal, rom og form på ein leiken og kjekk måte. Vi vil styrke barna si forståing av dette ved å la dei utrykke seg estetisk. Arbeidsmåte: Gjennom ein introduksjon av kvart emne vil vi gi barna eit grunnlag til å utforske, lære og undre seg over emna. Vi observerer barna sine interesser og uttrykk, brukar barneintervju og samtale for å la barna få medverke over dei ulike emna. Metodar og tiltak: Gjennom arbeidet med emnet vil vi: Lage «storyline» eit bilde i stadig endring, der barna sjølv heng opp kunst og prosjekt dei interesserar seg for. For inspirasjon, førstehandserfaringar og som eit grunnlag for undring Arbeide med former Legge til rette for at barna kan lage eigne karakterar og gjenstandar som skal vere med å skape ei verden/storyline, og gi barna tilknyting til prosjektet Bygge huset, roma ved bruk av papir, duplo, lego mm Dramatisere (gi barna kjennskap til prosjektet) Bruke matematiske omgrep (gjentaking i eventyr) Uttrykke oss gjennom ulike kunstforme og materiale Når: Januar februar mars Kven: Dei pedagogiske leiarane har ei eit særleg ansvar for planlegging og oppfølging på si avdeling Fagområda: Kunst, kultur og kreativitet. Antal, rom og form. Kommunikasjon, språk og tekst.

Fugl og fisk Mål: Vi ønskjer at arbeidet med «Fugl og fisk» skal gi barna ei begynnande forståing av berekraftig utvikling og miljøvern. Vi skal også ha fokus på naturen sitt samspel og forholdet mellom menneske og natur. Ved å støtte opp om barna sin kjærleik til naturen, legg vi grunnsteinen for framtidig naturvern. (Rammeplanen 2011) Hensikt: Vi vil gi barna grunnleggande kunnskap om naturen, berekraftig utvikling og miljø Arbeidsmåte: Gjennom ein introduksjon av kvart emne vil vi gi barna eit grunnlag til å utforske, lære og undre seg over emna. Vi observerer barna sine interesser og uttrykk, brukar barneintervju og samtale for å la barna få medverke over dei ulike emna. Metodar og tiltak: Gjennom arbeidet med emnet vil vi: Bygge fuglekasser og følgje utviklinga i desse Dra på ekskursjonar til sjøen, for å gi barna si første erfaring med livet i fjøra Bli betre kjent med ulike artar i nærmiljøet Gi barna erfaring med korleis forsøpling påverkar naturen og dyrelivet Besøke museum og akvariet Når: April mai juni Kven: Dei pedagogiske leiarane har ei eit særleg ansvar for planlegging og oppfølging på si avdeling Fagområda: Natur, miljø og teknikk. Etikk, religion og filosofi. Nærmiljø og samfunn PLANLEGGING, DOKUMENTASJON OG VURDERING Vurderingsområde: Barna si medverking Mål: Barna skal få medverke i planleggingsarbeidet i barnehagen Hensikt: Vi vil styrke barna si sjølvkjensle og tru på seg sjølv Arbeidsmetodar: Vi tek utgangspunkt i barna sine utsegn, filosofering og nysgjerrigheit rundt emne, og bygger vidare på desse i det vidare arbeidet Metode og tiltak: Vi brukar observasjon, barneintervju og pedagogisk dokumentasjon Når: Vi vil holde på med prosjektet heile barnehageåret 2017 2018 og evaluerer dette i juni 2018

TRADISJONAR August Oppstart og tilvenning September Barnehagen sin bursdag 15 september Oktober FN-dagen 24 oktober Desember Langegården Nissefest Julevandring i Årstad kyrkje Lucia med foreldrekaffe Februar Samefolket sin dag Fastelavn og Temafest Mars Påskevandring i Årstad kyrkje Barnehagedagen April Langegården Mai 17 mai. Markering i barnehagen onsdag 16 mai. Juni Sommarfest Overnatting for førskulebarna Tur til Ulriken med barna 3-6 år

BARNA SI MEDVERKNAD I barnehageåret 2017-2018 ynskjer vi å ha barna si medverking som fokusområde. Ved å velja årstemaet «Mennesket og livet» meiner vi at vi har eit godt utgangspunkt for arbeidet med barna si medverknad. Vi tek utgangspunkt i barna sine tankar, filosofering og nysgjerrighet rundt årstemaet og bygger aktivitetar rundt desse. Ved å høyre på barna sine initiativ og ved å sjå kva dei er opptekne av tek vi dei med i planlegging og evaluering av aktivitetar. Dette trur vi styrkar barna si sjølvkjensle og gir dei meir tru på seg sjølve. OMSORG For oss er omsorg at vi bryr oss om kvarandre, være empatisk, syne vilje og evne til samspel. Vi legg vekt på at dei vaksne ser kvart enkelt barn og verdset barna sine skilnadar. Personalet syner omsorg ved å delta og engasjere seg i kvardagsaktivitetar og leik saman med barna. For at barna skal få ein grunnmur for livet er det avgjerande for oss å syne omsorg slik at kvart barn skal kjenne seg sett, trygg og verdifull. Når barnet byrjar i barnehagen vil ei primærkontakt ha ekstra ansvar slik at barnet kjenner tryggheit i den nye kvardagen i barnehagen. LIKESTILLING, INKLUDERING OG LIKEVERD Vi arbeider kontinuerleg for å skape eit inkluderande fellesskap der det er plass til kvart enkelt barn, uansett funksjonsnivå, alder, kjønn og familiebakgrunn. Vi arbeider bevisst for at barna skal bli sjølvstendige og at dei skal ha tru på seg sjølve. Helse Bergen har produsert ein handlingsplan mot mobbing, den inneheld to sjekklister som vi skal bruke til kartlegging to gongar i året. Handlingsplanen seier og at barnehagane i Helse Bergen har nulltoleranse mot mobbing. Personalet arbeidar dagleg aktivt for å oppretthalde eit venleg og inkluderande oppvekstmiljø i barnehagen. Alle ansatte skal heve eigen kompeanse på leik, vennskap og sosial kompetanse for å styrke gode relasjonar i barnehagen. LEIK Leiken har eigenverdi og er ei viktig side ved barnekulturen. Vi ønskjer å legge til rette for mykje god leik, både barnestyrt og inspirert frå dei vaksne. Vi vaksne er bevisst vår avgjerande rolle i barna sin leik og fungerer som støttande stillas der vi gir tid og rom for leik. Vi meiner at barna sin leik er viktig fordi det er her ein dannar vennskap og gjennom leik utviklar barna sine sosiale ferdigheiter. Dei lærer å samarbeide, vente på tur og å bry seg om kvarandre. At barna utviklar sosial kompetanse er ein viktig grunnmur å ha seinare i livet. I leiken blir barna kreative og oppfinnsame og dei trenar opp evna til fantasi og lærar å tolke situasjonar på ulike måtar. Gjennom leik kan barnet øve, prøve, uttrykke seg og lære å meistre kjenslene sine. Ein annan viktig del av leiken er den språklege kompetansen, det er i leiken barnet utviklar språket mest.

LÆRING Barn er nysgjerrige, søkande, skapande og kreative. Vi tek utgangspunkt i barna si nysgjerrigheit og skapar tilpassa læringssituasjonar. I barnehagen har vi både formelle læringssituasjonar dei som er planlagd og leda av personalet (samlingstunder, prosjekt, temaarbeid, aktivitetsgrupper og aldersinndelte grupper) og uformelle læringssituasjonar («her-og-no-situasjonar», kvardagsaktivitetar, leik og annan samhandling). Vi er gode, tydelege rollemodellar og rettleiarar for barna. MILJØARBEID Ravnebjerget barnehage er miljøsertifisert etter ISO 14001. I barnehagen er vi opptatt av miljø og berekraftig utvikling. Vi brukar naturen og nærmiljøet rundt oss, og målet er at når barna ferdast i naturen så vil dei bli glad i den og dermed ynskjer å ta vare på den i framtida. Vi sorterer avfall og barna blir opplærde i dette frå dei er små. Vi har ulike bærbuskar og frukttre i barnehagen, og barna får vere med å hauste frukta kvar haust. På denne måten får barna lære og forstå kvar maten kjem frå. SAMARBEIDSPARTNARAR Banehagen og heimen - Til barnet sitt beste Vi meiner det viktigaste grunnlaget for samarbeid leggast i den daglege kontakta når barna bringast og hentast i barnehagen. Openheit mellom barnehagen og heimen skapar ei kjensle av trygghet, det gir større utviklingsmoglegheiter og gjer barna tilfreds. Vi tek i bruk ulike metodar som saman dannar grunnlag for samarbeid: Foreldremøte for nye barn (juni kvart år). Velkomst- og informasjonsskriv til alle nye foreldre Foreldremøte for alle foreldre i løpet av hausten. Invitasjon til foreldresamtale minimum to gangar i året, med moglegheit for fleire på initiativ frå foreldre eller personale. Foreldrerepresentantar i Samarbeidsutvalet Referat frå FAU- og SU-møter skal ut til alle foreldre Foreldra sin medverknad: Brukar undersøking utførast som utgangspunkt for vidareutvikling og forbetringsområder

OVERGANG MELLOM BARNEHAGE OG SKULE Minna har vi saman Barna i Ravnebjerget barnehage kjem får ulike bydelar og soknar dermed til ulike skular. Vi har diverre ikkje moglegheit til å besøke alle skulane som barna skal begynne på, men vi er så heldige å ha eit godt samarbeid med Haukeland skule. Her ønskjast våre barn velkomen til ulike samlingar slik at barna skal få eit trygt og godt første møte med skulen. Siste året i barnehagen samlast dei eldste på avdeling Ole Brumm. Vi vil framheve at barna framleis går i barnehagen og vi verdsett framleis leiken sine verdiar. Vi vil inspirere barna til å glede seg til skulestart, slik at barnet møter skulen med nysgjerrigheit. Det vil bli fokus på praktiske ting som å knyte sko, ta att glidelås, skrive namnet sitt sjølv, ta imot ein kollektiv beskjed, ta ansvar for sine eigne ting etc. Dette ynskjer vi å fokusere på sidan vi veit at i skulekvardagen er det færre vaksne til å hjelpe barna, og vi ynskjer at barna skal utvikle ei kjensle av meistring og få sjølvtillit til å klare ting sjølv. PRAKSISBARNEHAGE Barnehagen tek i mot studentar frå barnehagelærarlinja ved Høgskulen i Bergen. Dette er lærerikt og inspirerande for både oss og studentane. Det kan mellom anna være aktuelt at studentane deltek på foreldremøte og tek observasjonar til bruk i skuleoppgåver. Barna blir då anonymisert. Vi tek også imot lærlingar. ANDRE SAMARBEIDSPARTNAR Barnehagen samarbeider med blant andre Pedagogisk Psykologisk Teneste (PPT), helsestasjonen og barnevernet. I dette samarbeidet gjelder lov om tausheit- og opplysningsplikt. I tilfelle der vi eller foreldra er usikre på om barnet utviklar seg som forventa har vi ulike observasjonsverktøy som vi brukar. Dette er: TRAS (Tidleg registrering av språkutvikling) ALLE MED (observasjonsskjema) Kartlegging med nemnde verktøy gjerast i samråd med foreldra. KOMPETANSEUTVIKLING Barnehagane i Helse Bergen har fokus på kompetanseutvikling. Kvaliteten i barnehagane avhenger av personalet sin kunnskap og erfaring. Vi legg vekt på fagleg utvikling gjennom intern opplæring og rettleiing, deltaking på eksterne kurs, fagutviklingsdagar og foredrag. Dei fem planleggingsdagane brukast primært til planlegging og kompetanseutvikling for heile personalgruppa.

PLANLEGGINGSDAGAR Planleggingsdagane for barnehageåret 2016-2017 er no fastsatt. Dei blir som følgjer: 22. september 10. Oktober 02. Februar 20. April 18. Mai Kontaktinfo Avdelingene: Bukkene Bruse / 55 97 49 58 / 902 83 896 Askeladden / 55 97 49 47 / 469 23 983 Bikuben / 55 97 49 57 / 481 42 988 Ole Brumm / 55 97 49 19 / 905 35 727 Lilleputtene / 55 97 49 46 / 481 43 141 Styrer: Ragnhild S Åsheim / 55 97 49 44 / 948 85 758. E-post: ravnebjerget.barnehage@helse-bergen.no Layot Torun Hunnes Foto Ansatte ved Ravnebjerget Barnehage Teikning forside Tuva Ansatte Styrer: Ragnhild S. Åsheim Bukkene Bruse: Linn, Synnøve, Harald, Helene Askeladden: Bente, Oddveig, Anette, Lorenzo Bikuben: Karoline, Maria, May Hilde Ole Brumm: Heine, Hilde-Mari, Åse Lilleputtene: Espen, Annbjørg, Christin, Camilla C