Dei flinke kommunane: Art Kommune Beskrivelse (frå Direktoratet for naturforvaltning) Sumpjordtunge Per Fadnes Fræna Sumpjordtunge (Geoglossum uliginosum) er ein liten mørk, fingeraktig sopp som veks i ugjødsla beitemark og slåtteeng. Den er kjent frå slåttemark på Skutholmen i Fræna, og er berre kjent frå ni stader totalt i Noreg. Sumpjordtunge er sårbar for gjengroing og oppgitt som "sterkt trua" i raudlista. Status 21. november 2010 Kystblåstjerne J B Jordal Haram Kystblåstjerne (Tractema verna) er ein vakker og karakteristisk vårplante som i Noreg er kjent frå eit fåtall veksestader på ytterkysten frå Karmøy til Haram. Den verkar å vere avhengig av tradisjonelt drivne areal med fuktig eller frisk slåttemark eller beitemark. Bestandane i Haram, til dømes på Hildrestranda og Synnalandet, har gått kraftig tilbake, og den vert no rekna som "sårbar" på landsbasis.
Stor bloddråpesvermer Arild Lindgaard Rauma Stor bloddråpesvermer (Zygaena lonicerae) er en sommerfugl som tidligere var utbredt over store deler av Norge. Arten har hatt en sterk tilbakegang og finnes i dag kun spredt mellom Sogn og Sunndal, bl.a. i Rauma kommune. Denne vakre sommerfuglen kjennetegnes bl.a. av de røde flekkene på fremvingene. Arten foretrekker solrike enger og bakker med mye blomster og urter, og lever av erteplanter. Den kan derfor finnes både i det gamle kulturlandskapet, men og på rasmarker. Stor bloddråpesvermer trues av gjengroing av leveområder og er derfor oppført på rødlista som "sterkt truet". Elvemusling Bjørn Mejdell Larsen Rindal Elvemusling (Margaritifera margaritifera) finnes i elver og bekker i lavlandet over det meste av Norge, men antall lokaliteter har gått ned med mer enn 30 prosent etter 1900. De fleste bestandene sør for Dovre har problemer. På tross av at noen bestander synes å ta seg sakte opp, forventes det fortsatt bestandsnedgang. Elvemusling er oppført i rødlista som "sårbar", og regnes som norsk ansvarsart fordi vi kanskje har så mye som en firedel av alle verdens elvemuslinger. Det er utarbeidet en handlingsplan for elvemuslingen.
Dvergdykker Bård Bredesen, Naturarkivet.no Sula Dvergdykkaren (Tachybaptus ruficollis) er ein sjeldan hekkefugl i Noreg, men den hekkar mellom anna i Oslofjordområdet, i Rogaland og i Møre og Romsdal. Den har tilhald ved mindre vegetasjonsrike dammar og tjønner med rikt dyreliv. Den er liten og såleis lett å oversjå i hekketida. Dvergdykkaren er ein trekkfugl, men vandringsmønsteret er lite kjend. Fuglen er oppført i raudlista som "nær trua". Sula kommune er aktiv i arbeidet kring verning av dette våtmarksområdet. Det ligg i planverktøyet til Hareid Fastlandssamband ei skisse på å føre ein veg midt i marka. Det er også utarbeida ein plan å føre tidlegare R657 i dagen frå Mauseidvåg til Vedde. Desse løysingane vil ha innverknader på heile våtmarksområdet, faunaen og dyrelivet, heilt frå Vasset, til Sætrevatnet og Veddemarka fram til Mausa og Eikrem.. Vi arbeider aktivt for å hindre dette og har lagt fram alternative og meir miljøvennlege trasear. Vegløysinga vil koste noko meir, men vil likevel vere ei økonomisk god løysing set opp mot kva vi kan miste. Marka ligg svært tilgjengeleg, mange nyttar difor marka som rekreasjon og turterreng. For å verne om spesielt sårbare områder vurderer vi å legge ei turløype som styrer trafikken vekk frå desse områda. Dette gjeld spesielt hekkeområde og områder som ikkje vil tåle mykje trakk. Dette planarbeidet vil bli gjort i tett dialog med Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Dette er eit området som, etter mitt syn, bør få verninga "Landskapsvern". Deler av våtmarksområdet er allereie verna, men denne verninga vil ha liten verdi om ein ikkje er medviten om korleis ein handsamar det tilstøytane området. Ronny Harald Blomvik Ordførar
Sunnmørsmarikåpe Dag Holtan Sykkylven Sunnmørsmarikåpe () er ein art som ganske nyleg blei oppdaga og som så langt berre er funne i tre kommunar i Møre og Romsdal; Norddal, Stranda og Sykkylven. Den veks helst i fuktige rasmarker, gjerne ved fossar. På grunn av dei fåtallige kjente førekomstane er den vurdert som "sårbar". I Sykkylven har den ein rik bestand ved Hundeidvik i Megardsdalen. Kvit skogfrue Bård Bredesen, Naturarkivet.no Ørsta Kvit skogfrue (Cephalanthera longifolia) er ein vakker orkidé som i Noreg veks mest i edellauvskog i kyst- og fjordstrok fra Hurum til Ørlandet. Nokre av veksestadene har gått ut på grunn av hogst, treslagsskifte og nedbygging, mens den spreier seg på stader der det gamle kulturlandskapet veks igjen. Kvit skogfrue er førebels vurdert som "nær trua". I Ørsta har den berre vore kjent i bratt lauvskogsur mellom Leknes og Urke. Planten er freda. Den aktuell lokaliteten er i kommuneplanen si arealdel avsett til LNF sone D - kommuneplanen si strengaste LNF sone. Arealet er også merka som "bandlagt område" med naturverdiar som skal sikrast ved reg.plan eller etter naturvernlova. Det vart starta ein prosess her med tanke på å verne arealet som naturreservat i verneplanen for edellauvskog, men Miljøverndepartementet trakk framlegget av omsyn til konflikt med intensiv bruk av arealet til geitebeite tidleg på 90-tallet. Geitebeite var ein trussel mot forynging av sommereik. Etter 2005 har bruken som geitebeite opphøyrt. Lokaliteten (16) har fått prioritet A- nasjonalt viktig - i kommunen si kartlegging av viktige naturtyper frå 2007. Kommunestyret har i samband med denne kartlegginga og rapporten om viktige naturtyper gjort slikt vedtak: Kommunen vi vil no overvake utviklinga i bestanden regelmessig. Vi registrerer at sommareika no igjen
foryngar seg, men vi vil også følgje opp om opphøyr av geitebeite også kan ha negative konsekvensar for artar som kvit skogfrue. Det viktige her er å unngå fysiske inngrep og treslagsskifte. Magnar Selbervik Miljøvernrådgjevar