Plan Vestlandshus Sogn AS Postboks 54 6854 KAUPANGER 22.07.2016 Arkivsak: 16 / 2190 Løpenr.: 16 / 9804 Sakshandsamar: Haakon Stauri Begby Vedtak om dispensasjon frå krav til ventilasjon i TEK 10 13-3 og oppføring av tilbygg til kyrkjegardshus - gbnr. 193/13 og 14 Vi viser til søknad motteken her 18.05.2016 og etterfølgjande korrespondanse i saka. Søknaden vart rekna som komplett frå 27.06.2016. Det vert med dette gjeve melding om at plansjefen har teke slik avgjerd i d - sak 345 / 16 : Vedtak: Det vert gjeve dispensasjon frå kravet til ventilasjon i byggteknisk forskrift kapittel 13, slik det er søkt om, jf pbl 19-2. Det vert gjeve løyve til oppføring av tiltaket som skissert i søknaden av 18.05.2016, jf pbl 20-1 fyrste ledd bokstav a, jf pbl 21-4. Klagerett: De har rett til å klaga på vedtaket. Klaga må vere skriftleg og sett fram innan 3 veker frå De har motteke melding om vedtaket. Vi viser til vedlagde orientering. Gebyr: Tiltakshavar får tilsendt krav om sakshandsamingsgebyr på kr. 6 180, - Med helsing Haakon Stauri Begby (e.f) b yggesakshandsamar hsb@luster.kommune.no tlf.: 57 68 55 98 Dokumentet er elektronisk godkjent og har difor ikkje underskrift. Vedlegg: Orientering om klagerett på forvaltningsvedtak. Elektronisk k opi til: Kyrkjeverje Inga Reidun Sjøthun Plan, Anne Britt Kilen, her Ar beidstilsynet (ref. 2016/6078) Bjørgvin biskop (ref. 11/243) Sogn og Fj ordane fylkeskommune, v/ kulturavdelinga (ref 13/5930) Riksantikvaren, postmottak@ra.no ADRESSE: TELEFON: TELEFAX E - POST ADRESSE: ORGANISASJONSNR. Rådhuset Sentralbord: 57 68 55 01 postmottak@luster.kommune.no 964 968 241 6868 GAUPNE 57 68 55 00 Bankgiro : 3785.07.00142
Luster kommune Delegert vedtak Utval som skal ha melding om vedtak: Plan - og forvaltningsstyret Vedtaksdato: 22.07.2016 Vedtak om dispensasjon frå krav til ventilasjon i TEK 10 13-1 og oppføring av tilbygg til kyrkjegardshus - gbnr. 193/13 og 14 Arkivsak: 16 / 2190 Sakshandsamar: Haakon Stauri Begby Arkivkode: MTR 193/13 Delegert s ak: 345 / 16. Delegert mynde er gjeve i delegeringsreglementet. Vedtak: Det vert gjeve dispensasjon frå kravet til ventilasjon i byggteknisk forskrift kapittel 13, slik det er søkt om, jf pbl 19-2. Det vert gjeve løyve til oppføring av tiltaket som skissert i søknad en av 18.05.2016, jf pbl 20-1 fyrste ledd bokstav a, jf pbl 21-4. Arne Ingjald Lerum Plansjef Saksutgreiing Søknaden: Vi viser til søknad motteken her 18.05.2016 og etterfølgjande korrespondanse i saka. Søknaden vart rekna som komplett frå 27.06.2016. Eigedom: Gbnr. 193/13 og 14 Ansvarleg søkjar: Vestlandshus Sogn AS Tiltakshavar: Luster kyrkjelege Fellesråd Søknaden er handsama etter plan - og bygningslova (pbl) av 27.06.2008 nr. 71, jf 21-4. Tiltaket: Det omsøkte tiltaket inneber oppføring av eit nytt reidskapshus til eksisterande uthus på Jostedal kyrkje. I tillegg skal eksisterande uthus få eit lite påbygg mot kyrkja. Det skal også pussast opp innvendig. Tiltaket er oppgjeve å ha eit bebygd areal (BYA) på 32,7 m 2. Tiltaket er søknadspliktig og krev ansvarsrett, jf pbl 20-3. Gjeldande plangrunnlag: E igedomen er omfatta av kommuneplanen sin arealdel vedteken av Luster ko mmunestyre 05.03.2015, sak 13/15. Eigedomen er avsett til «grav - og urnelund». Tiltaket vert etter dette rekna for å vere i tråd med arealføremålet. Nabovarsel: Tiltaket har vore nabovarsla, jf pbl 21-4. Ingen merknadar er registrert i saka.
Uttale frå anna offentleg mynde: Søknaden har vore handsama av Arbeidstilsynet, jf arbeidsmiljølova 18-9. Arbeidstilsynet gav i vedtak av 17.02.2016 samtykke til tiltaket. Sogn og Fjordane fylkeskommune v/ kulturavdelinga har i brev av 23.10.2013 understreka at viktigheita av tilbygga ikkje vert større og høgare enn det teikningane viser for å sikre at kyrkja vert den dominerande bygningen på kyrkjestaden. Det går fram av same brev at saka er teke opp med Riksantikvaren. Riksantikvaren hadde ikkje merknadar t il tiltaket. Biskopen i Bjørgvin handsama saka i brev av 05.11.2013 og godkjente samstundes tiltaket, slik at det kunne oppførast nærmare Jostedal kyrkje enn 60 meter, jf kyrkjelova 21 femte ledd. Luster kommune si v urdering: Vurdering av søknad om dispensasjon: Det er søkt dispensasjon frå kapittel 13 i byggt eknisk forskrift om krav til ventilasjon i byggverk. Krava til ventilasjon i byggverk for publikum og arbeidsbygning går fram av 13-3. Føresegna har følgjande ordlyd: «I byggverk f or publikum og arbeidsbygning skal gjennomsnittlig frisklufttilførsel på grunn av forurensninger fra personer med lett aktivitet være minimum 26 m 3 pr. time pr. person. Ved høyere aktivitet skal frisklufttilførsel økes slik at luftkvaliteten blir tilfredss tillende.» S øknad en om dispensasjon vart levert samtidig med byggesøknaden 18.05.2016. Luster kommune svarte i brev av 21.06.2016 at det ikkje kunne gjevast generell dispensasjon frå krava i kapittel 13 utan at det v a rt gjort avbøtande tiltak. Kommunen mottok supplerande opplysningar i brev av 27.06.2016 frå ansvarleg søkjar. Dispensasjonss øknaden av 18.05.2016 er grunngjeve med at bygget berre skal nyttast til kyrkjekaffi om lag 1 gong kvar 14. dag samt at presten vil bruke bygget ein kort periode på 1-2 timar i samband med føre buing til gudsteneste. Det vert elles vist til at det ut i frå byggherren si drift er vanskeleg å forsvare den økonomiske investeringa som må gjerast for å fullt ut stette krava i TEK 10 13-1 på grunn av omfattande inngrep i eksisterande konstruksjonar. Det går fram av brevet av 27.06.2016 at det skal «installerast eit standard avtrekksaggregat over himlinga på ny Hc Wc» og at «Tillufta til romma blir sørga for gjennom ventilar i vind au ga sa mt veggventilar til wc i kjellaren samt i sakresti/forsamlingslokale og trapperom». Det er elles opplyst at vifta har ein kapasitet på 500 m 3 /h samt lagt til grunn ein personbelastning på 16 personar. Luster kommune legg til grunn desse opplysningane i den vidare handsaminga av saka. Spørsmålet er så om dei materielle vilkåra for dispensasjon er oppfylt. Materielle vilkår for dispensasjon: Vilkåra for dispensasjon følgjer av pbl 19-2 andr e ledd, fyrste og andre punktum: «Dispensasjon kan ikke gis dersom hensynene bak bestemmelsen det dispenseres fra, eller hensynene i lovens formålsbestemmelse, blir vesentlig tilsidesatt. I tillegg må fordelene ved å gi dispensasjon være klart større enn ulempene etter en samlet vurdering.» Dei to kumulative vilkå ra i pbl 19-2 erstattar vilkåret om «særlige grunner» i pbl 1985 7. Moglegheita for å gje dispensasjon er stramma inn i ny lov, jf Ot. prp nr. 32 (2007-2008 s. 242.
Det fyrste vilkåret for å gje dispensasjon er at omsyna bak føresegna ikkje vert vesentleg tilsidesett. Omsyna bak energikrava er mellom anna omsynet til miljø. Luster kommune vurderer det slik at omsyna bak føresegna ikkje vert vesentleg sett til side dersom det vert gjeve dispensasjon i denne saka. Inn under denne vurderinga legg vi vekt på opplysningane om at bygget skal nyttast av få personar og at det skal installerast avtrekksaggregat som etter det opplyste skal sørge for rikeleg med luft i forhold til ein personbelastning på 16 personar. Spørsmålet er dernest om fordelane er «klart større» enn ulempene etter ei samla vurdering av tilhøva. Det er presisert i forarbeida at det må vere ei klar overvekt av omsyn som taler for dispensasjon og at det normalt ikkje vil vere høve til å gje dispensasjon når omsyna bak føresegna forts att «gjør seg gjeldende med styrke», jf. Ot. prp nr. 32 (2007-2008) s. 242. Etter sikker rett må fordelane vere relevante og vere tilstrekkeleg spesifisert og klart angjeve samt liggje innafor rammene som plan - og bygningslova set. Luster kommune vurder er det slik at også dette vilkåret er oppfylt i denne saka. Inn under denne vurderinga legg vi mello m anna vekt på dei same momenta som ovanfor. Vi vektlegg i tillegg opplysningane om at tilluft til romma vert sørga for gjennom ventilar i vindauga og veggv entilar i både toalett, sakristi/forsamlingslokalet og trapperom. Konklusjonen er etter dette at det kan gjevast dispensasjon i denne saka. Avsluttande merknadar: Luster kommune har elles vurdert tiltaket og kan ikkje sjå at det er i strid med plan, plan - og bygningslova eller forskrifter gjeve i medhald av lov. Kommunen sine generelle merknader til tiltaket: Tiltaket kan ikkje takast i bruk utan at det er søkt om ferdigattest eller mellombels bruksløyve, jf. Pbl. 21-10 og SAK 10 8-1. Bruk av tiltak utan ferdigattest eller mellombels bruksløyve er ulovleg bruk og kan følgjast opp med sanksjonar etter pbl. kapittel 32. Tiltaket må ikkje nyttast til andre fø remål enn det som går fram av løyve. Bruksendring krev særskilt løyve, jf. pbl. 20-1. Dersom tiltaket ikkje er sett i gong innan 3 år etter at løyve er gitt eller arbeidet opphøyrer i meir enn 2 år, fell løyve bort, jf. Pbl. 21-9. Det må gjerast naudsynte tiltak slik at skade ikkje kan oppstå på person eller eigedom, jf. Pbl. 28-2. Dette løyve og teikningar det viser til skal alltid vere til stades på byggeplassen. Ansvarsrettar: Følgjande føretak har erklært ansvarsrett, jf pbl 23-4 - 23-7 og SAK 10 kap 12 : Føretak: S /S B * Funksjon Ansvarsområde Tiltaksklasse Vestlandshus S SØK Heile tiltaket 1 Sogn AS Vestlandshus S PRO Heile tiltaket 1 Sogn AS Vestlandshus Sogn AS S U TF Heile tiltaket 1 * *) S= sentral godkjenning, SB= Sjølvbyggar
Gebyr for tenester etter plan - og bygningslova: Jf. Forskrift om gebyrregulativ for sakshandsaming etter Plan - og bygningslova, vedteken med heimel i pbl. 33-1. Tilbygg >30 m 2 <100 m 2 3 450, - Dispensasjon TEK 10 13-3. 2 730, - To talt: 6 180, - Tiltakshavar får tilsendt krav om gebyr. Vedtak: Det vert gjeve dispensasjon frå kravet til ventilasjon i byggteknisk forskrift kapittel 13, slik det er søkt om, jf pbl 19-2. Det vert gjeve løyve til oppføring av tiltaket som skissert i søknaden av 18.05.2016, jf pbl 20-1 fyrste ledd bokstav a, jf pbl 21-4. LUSTER KOMMUNE, Plan Gaupne, den 22.07.2016 Haakon Stauri Begby b yggesakshandsamar
Avsendar: Luster kommune Stabseining plan Rådhuset 6868 GAUPNE Melding om rett til å klaga over forvaltningsvedtak (Forvaltningslova 27 tredje ledd og fjerde ledd) Mottakar Vestlandshus Sogn AS Postboks 54 6854 KAUPANGER Dato 22.07.2016 Klageinstans Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Njøsavegen 2 6863 Leikanger Denne meldinga gir viktige opplysningar dersom De ynskjer å klaga over vedtak De har fått underretning om. Klagerett Kven kan De klaga til Klagefrist Rett til å krevje grunngjeving Klagen sitt innhald Utsetjing av vedtaket Rett til å sjå saka sine dokument og til å krevja rettleiing Kostnader ved klagesaka Klage til Sivilombudsmannen De har rett til å klaga over vedtaket. Klagen skal først sendastil avsendaren av denne meldinga. Dersom dette organet ikkje endrar vedtaket som fylgje av klagen, vil han bli sendt vidare til klageinstansen for avgjerd. Dersom vedtaket er fatta av kommunale eller fylkeskommunale organ, er klageinstansen kommunestyret eller fylkestinget, eller det organ desse har bestemt. Dersom vedtaket er fatta av kommunestyret eller fylkestinget, er kla geinstansen kommunaldepartementet eller det organ det har gitt mynde til. Klagefristen er 3 veker frå den dag dette brevet kom fram. Det er tilstrekkeleg at klagen er postlagd innan fristen går ut. Dersom De klagar så sei nt at det kan vere uklart for oss om De har klaga i rett tid, ber vi Dykk oppgi når denne meldinga kom fram. Dersom klagen blir send for seint, er det adgang til å sjå bort frå den. Om De har særleg grunn til det, kan De likevel søkje om å få forlenga kl agefristen. De bør då i tilfelle nemne grunnen til utsettinga. Dersom De ikkje allereie har fått grunngjeving for vedtaket, kan De setja fram krav om å få det. Slikt krav må setjast fram i løpet av klagefristen. Klagefristen blir i så fall avbroten, og ny frist startar frå det tidspunkt De mottek grunngjevinga. Klagen skal nemna det vedtak det vert klaga over, og den eller dei endringar som De ynskjer. De bør nemna Dykkar grunngjeving for å klaga o g evnt. andre opplysningar som kan ha noko å seia for vurderinga av klagen. Klagen må underskrivast. Sjølv om De har klagerett, kan vedtaket vanlegvis gjennomførast straks. De har imidlertid adgang til å søkja om å få utsett iverksettinga av vedtaket inntil klagefristen er ute eller klagen er avgjord. Med visse avgrensninger har De rett til å sjå dokumenta i saka. De må i tilfelle vende Dykk til det forvaltningsorgan som har se ndt denne meldinga. Der kan De også få nærare rettleiing om adgangen til å klage og om reglane for handsaminga elles. De kan søkja om å få dekt utgifter til naudsynt advokatbistand ette r reglane om fritt rettsråd. Her gjeld imidlertid normalt visse inntekts - og formuegrenser. Fylkesmannen sitt kontor eller vedkommande advokat kan gi nærare rettleiing. Det er også særskild adgang til å krevja dekning for vesentlege kostnader i samband med klagesaka, t.d. til advokatbistand. Dersom vedtaket er blitt endra til gunst for ein part, er det også adgang til å søkja dekning for vesentlege kostnader i samband med saka. Klageinstansen vil om naudsynt orientera Dykk om retten til å krevja slik dekning for sakskostnader. Det er også mogeleg å klaga til Stortinget sin ombudsmann for forvaltningen (Sivilombudsmannen). Sivilombudsmannen har ikkje adgang til å handsama saker som er avgjort av Kongen i statsråd. Dersom De no får Dykkar klage avgjort i statsråd fordi Kongen er klageinstans, kan De difor ikkje seinare bringa saka inn for Sivilombudsmannen. Særlege opplysningar