Vår dato: Vår referanse: Sak nr D- 12.06.2017 2016/1957-50414500/2017 Vår saksbehandlar: Direkte telefonnr.: Dykkar dato: Dykkar referanse: Linda Djuvik 53423156 PLANLEGG BØMLO AS Fylkesnesvegen 31 5430 BREMNES SVAR PÅ SØKNAD OM OPPSTART AV DETALJREGULERINGSPLAN FRITIDSBUSTADER LYKLINGSJØEN 136/6 OG 80 M.FL. LYKLING PLANID 201616 Bømlo kommune, Utval for areal og samferdsel handsama søknad om oppstart av detaljreguleringsplan for fritidsbustadområde Lyklingsjøen 136/6 og 80 m.fl. Lykling i møte 07.06.2017 sak PS 55/17. Utval for areal og samferdsel gjorde samrøystes slikt vedtak: 1. I samsvar med 12-3 i Plan- og bygningslova vil rådmannen rå til at gnr.136, bnr. 6 og 80 m.fl. Lyklingsjøen i Bømlo vert teke opp til regulering til fritidsbustadføremål med tilhøyrande småbåtanlegg, kai, tilkomstveg og parkeringsplassar. Forslagsstillar skal melde oppstart av planarbeidet i samsvar med Plan- og bygningslova 12-8. 2. Som ein del av arbeidet med detaljreguleringsplanen skal det i samsvar med sjekklistene vist i Akseptkriterium ROS-analyse i arealplanlegging i Bømlo kommune dato 06.02.2013 gjennomførast ein risiko- og sårbarhetsanalyse. Eventuelle tiltak og avbøtande tiltak skal innpassast i føresegnene til detaljreguleringsplanen og takast omsyn til ved utbygging. 3. Krav til parkering for fritidseigedomar, jmf. 4.3.6 i føresegner til gjeldande kommuneplan må takast med i reguleringsføresegner og i reguleringsplankart. 4. Bømlo kommune set ikkje krav om konsekvensutgreiing av reguleringsplanen jf. 3 i forskrift om konsekvensutgreiing. Saksutgreiinga ligg ved. Faktura på gebyr vert sendt Roald Hope i eigen sending. Ber om at kopi av vedtak og saksutgreiing frå politisk møte vert sendt til alle høyringspartar i samband med oppstartsmelding. Med helsing Bømlo kommune Linda Djuvik Sakshandsamar arealplan Dette brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift Adresse: Rådhuset, Leirdalen 1, 5430 BREMNES Telefon: 53 42 30 00 Organisasjonsnr.: 834 210 622 postmottak@bomlo.kommune.no Telefax: 53 42 30 01 Bankgiro: 3201.61.51687 www.bomlo.kommune.no Postgiro for skatt: 6345.06.12199
Side 2 av 5 Saksutgreiing til folkevalde organ Dato: Arkivref: 05.05.2017 2016/1957-10976/2017 / 504 Saksbehandlar: Linda Djuvik 53423156 linda.djuvik@bomlo.kommune.no Sak nr i møte Utval Møtedato 55/17 Utval for areal og samferdsel 07.06.2017 SØKNAD OM LØYVE TIL OPPSTART AV DETALJREGULERINGSPLAN FRITIDSBUSTADER LYKLINGSJØEN 136/6 OG 80 M.FL. LYKLING PLANID 201616 Rådmannen sitt framlegg til vedtak: 1. I samsvar med 12-3 i Plan- og bygningslova vil rådmannen rå til at gnr.136, bnr. 6 og 80 m.fl. Lyklingsjøen i Bømlo vert teke opp til regulering til fritidsbustadføremål med tilhøyrande småbåtanlegg, kai, tilkomstveg og parkeringsplassar. Forslagsstillar skal melde oppstart av planarbeidet i samsvar med Plan- og bygningslova 12-8. 2. Som ein del av arbeidet med detaljreguleringsplanen skal det i samsvar med sjekklistene vist i Akseptkriterium ROS-analyse i arealplanlegging i Bømlo kommune dato 06.02.2013 gjennomførast ein risiko- og sårbarhetsanalyse. Eventuelle tiltak og avbøtande tiltak skal innpassast i føresegnene til detaljreguleringsplanen og takast omsyn til ved utbygging. 3. Krav til parkering for fritidseigedomar, jmf. 4.3.6 i føresegner til gjeldande kommuneplan må takast med i reguleringsføresegner og i reguleringsplankart. 4. Bømlo kommune set ikkje krav om konsekvensutgreiing av reguleringsplanen jf. 3 i forskrift om konsekvensutgreiing. Saksprotokoll i Utval for areal og samferdsel - 07.06.2017 Vedtak: Utval for areal og samferdsel gjorde samrøystes vedtak i samsvar med rådmannen sitt framlegg. Dokument i saka: Brev frå Planlegg Bømlo AS v/vidar Onarheim på vegne av Roald Hope m/fl. dato 17.04.2017
Side 3 av 5 Bakgrunn for saka: I brevet av 17.04.2017 står det: På vegne av grunneigar Roald Hope m.fl sender me med dette prinsippsøknad for oppstart av detaljregulering av ovannemnde område ved Lyklingsjøen i Bømlo kommune. I gjeldande kommuneplan er området i hovudsak disponert til noverande fritidsbustadbygging, noverande andre typar bebyggelse og anlegg, småbåtanlegg og spredt bustadbygging. Ein søkjer å planlegga detaljregulering av område for utbygging til fritidsbustadar med tilhøyrande infrastruktur medan eksisterande bustadhus m.m. vert regulert inn slik det er i dag. x I kommuneplanen sine føresegner 3.1.4 vert det stilt krav til detaljregulering for område der det er plass til meir enn 3 fritidsbygg i rekkje, og det er på denne bakgrunn at ein ynskjer oppstart av detaljregulering av området. Utbyggingsområdet området omfattar g.nr 136, b.nr 4, 6, 17, 54 og 80. I samråd med planavdelinga i Bømlo Kommune er det tatt med eit større område i planarbeidet for å få ein meir heilhetleg plan. Her vert det også inkluder tilførselsveg o g eksisterande bebyggelsesområde samt sjøområde som ligg mellom utbyggingsområda. Føremålet med detaljreguleringsplanen er å planleggja for bygging av inntil 12 fritidsbustadar. Innanfor planområdet vert det tilrettelagt for naudsynt trafikkareal, parkering, kaiar, flytebrygger, småbåtanlegg i sjø og friområde i sjø Sørom 136/80 ynskjer ein å byggja tiltak som går noko lengre enn 3m ut frå kystkonturen for å fungera som fundament for bygning. I tillegg ynskjer ein å leggja føremål fritidsbustad ut i ein liten del av føremål småbåtanlegg av same grunn. Delar av planområdet nord for kommunal veg Gullvegen ligg i område angitt som mogeleg rasfarleg område (hensynssone H310-57). Ein planlegg difor ingen bygningar i dette området, men vurderar det som aktuelt for parkering. Vurderingar: Det omsøkte arealet er på gnr. 136, bnr. 6 og 80 m.fl. Søknaden gjeld løyve til oppstart av detaljreguleringsplan for å regulere området til ca. 12 fritidsbustader med tilhøyrande småbåtanlegg, kai, tilkomstveg og parkeringsplassar. I planområdet ligg det i dag eksisterande naust, bustader og garasjar. Området er ikkje regulert tidlegare. I gjeldande kommuneplan er området vist som fritidsbustader, noverande LNF-område og LNF-område for spreidd bustadbygging. Område i sjø er vist som noverande småbåtanlegg og bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone. Tiltaket vil difor vera i tråd med gjeldande kommuneplan. Sidan det er plass til meir enn 3 fritidsbygg i området utløyser tiltaket krav til reguleringsplan jmf. føresegner til kommuneplan 3.1.4. «I eksisterande fritidsområde skal det utarbeidast detaljplan før utbygging der det er plass til meir enn 3 fritidsbygg i rekkje». Omsøkt areal grensar ikkje til gjeldande reguleringsplanar. Planlagd utbygging fylgjer i stor grad rammene som er satt i kommuneplanen, men fråvik litt på eitt punkt: For å få fundament til bygning ynskjer ein sør for gnr. 136, bnr. 80 å byggje tiltak som er lenger ut enn 3 meter ut frå kystkonturen. Søm fylgje av dette vil difor føremål fritidsbustad koma ut i ein liten del av føremål småbåtanlegg.
Side 4 av 5 Planen skal utarbeidast som detaljregulering jmf. 12-3 i plan-og bygningslova. Etter vår vurdering utløyser ikkje detaljreguleringsplanen krav om konsekvensutgreiing etter forskrift om konsekvensutgreiing 4, bokstav a-d. Kommunen har vurdert denne planen til å ikkje ha vesentleg virkning for miljø og samfunn. Når det gjeld parkering viser me til 4.3.6 i føresegner til gjeldande kommuneplan som seier: «Fritidseigedomar skal ha tilgang til minst 2 parkeringsplasser. Rett til veg og parkeringsplass må dokumenterast før det vert gjeve delings- eller byggjeløyve. Bygging av garasje er ikkje tillatt». Dette kravet må takast inn i reguleringsføresegner til reguleringsplan. Føresegner til kommuneplan 4.3.1 seier dette om fritidsføremål: «Innafor føremålet sett av til fritidsbygg i strandsona kan det byggjast fritidsbygg, uthus og i tillegg kai som fundament for fritidsbygget». Føresegner til kommuneplan 3.3.4. seier dette om utforming og estetikk: «I nye naustområde skal det etablerast felles løysingar for småbåtanlegg. I eksisterande naustområde kan det opnast for enkeltbryggjer der det ikkje er rom for felles løysingar». Dette må takast omsyn til i planarbeidet. Tiltakshavar må etter oppmoding frå kommunen ta med eit større område enn gnr.136, bnr. 6 og 80. Dette er gjort med bakgrunn i ei planfagleg vurdering for å få klare føringar for område i sjø med tanke på grenser og avklaring i høve til behov for parkeringsareal, veg og ein total samla heilhet ved utbygging. Plangrensa er difor sett i samråd med kommunen. Planområdet utgjer ca. 21 daa. Føresegner til kommuneplan skal følgjast i planarbeidet. Rådmannen rår til at det vert gjeve løyve til oppstart av arbeidet med detaljreguleringsplan for dette området ved Lyklingsjøen som omsøkt. Økonomiske konsekvensar: Utbyggjar skal dekka alle kostnadane med utbygginga. Miljømessige konsekvensar: Det er ikkje registrert viktige viltområder i planområdet. Sør-vest for planområdet er det registrert viktig naturtype skjellsand, verdi B. Områdenamn Bømlo med id 34535. Nord for planområdet er det registrert viktig naturtype, rik edellauvskog, verdi B. Områdenamn Naustdalen med id 12120. Kulturminne: Det er registrert automatisk freda kulturminne klebersteinsbrudd frå jernalder-middelalder like nordvest for planområdet. Kulturminne lokalitetsid 66742. Beredskap- og samfunnstryggleik: Som ein del av arbeidet med detaljreguleringsplanen skal det i samsvar med sjekklistene vist i Akseptkriterium ROS-analyse i arealplanlegging i Bømlo kommune dato 06.02.2013 gjennomførast ein risiko- og sårbarhetsanalyse. Eventuelle tiltak og avbøtande tiltak skal innpassast i føresegnene til detaljreguleringsplanen og takast omsyn til ved utbygging.
Side 5 av 5 Store deler av planområdet ligg i omsynssone for ras- og skredfare H 310_57. Eventuelle tiltak må vurderast i ROS-analysen. Folkehelse: Vert omtala i reguleringsplan. Oppsummering og konklusjon: I kommuneplan for Bømlo er det sett av eit område til fritidsbusetnad ved Lyklingsjøen. No har Planlegg Bømlo AS V/Vidar Onarheim på vegne av Roald Hope m.fl. søkt om løyve til å starta opp arbeidet med detaljreguleringsplan for området. Sidan området er avsett til fritidsbustadføremål i kommuneplan er det ikkje trong for konsekvensutgreiing av reguleringsplan. Rådmannen finn å tilrå oppstart av arbeidet med detaljregulering for dette området.