Morfologioppgåva om tarahumara

Like dokumenter
Morfologioppgåva om Kongo-swahili

Morfologioppgåva om klassisk gresk

Å løyse kvadratiske likningar

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Biletbruk på nettet 1 2

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Refleksjon og skriving

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

/ʃop/ /ʃop-ə/ drenched /kəzad/ /kəzad-ə/ married. /tot/ /tot-ə/ all /orb/ /orb-ə/ blind. /pɔk/ /pɔk-ə/ little /seɡ/ /seɡ-ə/ blind

Fonetikk og fonologi Oppgåver

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Eksamen S1, Hausten 2013

Tilgangskontroll i arbeidslivet

PXT: Det regnar mat! Introduksjon. Steg 1: Grunnlag. Sjekkliste. Skrevet av: Helene Isnes. Oversatt av: Stein Olav Romslo

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/639 12/5927 L32 RIF Vedlagt følgjer Høyanger kommune sin uttale til høyringsframlegget.

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Informasjon og brukarrettleiing

Arbeidsmiljølova gjev arbeidstakarar rett til å varsla om kritikkverdige tilhøve i eiga verksemd:

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

Elevundersøkinga 2016

UNIVERSITETET I OSLO

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Teknisk rapport og analyse av resultat frå Nasjonale prøvar i engelsk 2008

DISPENSASJON. Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE

Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur

1.8 Binære tal DØME. Vi skal no lære å omsetje tal mellom totalssystemet og titalssystemet.

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Definisjonar: Kva slags gjerde og leveggar er søknadspliktige og kva typar er unntatt frå søknadsplikt?

Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG

Høyring - Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Store dokument i Word

TEORI FOR OPTISKE FIBRAR MED BRAGGITTER

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

Å observere saman med barn

Å skrive brev. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. Læringsmål: Å skrive kort og brev. Du er i gang Du er på god veg Du har kome langt

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

Brukarrettleiing E-post lesar

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Høgskolen i Telemark Fakultet for allmennvitenskapelige fag

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2014

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Dilemma ved ei folkerøysting. Oddvar Flæte og Jan Øhlckers

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Eksamen matematikk S1 løysing

Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Jon Fosse. For seint. Libretto

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

Eksamen i LING 1112 Morfologi og syntaks 1. Våren 2012

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?

Sensurveiledning til skriftlig eksamen i Matematikk 1, 1-7

Til deg som bur i fosterheim år

ORDINÆR EKSAMEN FOR 1R BOKMÅL Sensur faller innen


MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

RAUMA KOMMUNE Kultur- og oppvekstetaten

De Bonos tenkehattar. Slik arbeider de i Luster Tipset er laget av Ragnhild Sviggum. Til bruk i samtalegruppene og i klassemøtene

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Fonetikk og fonologi Fasit

Foreldreråd utan tilsette - Helland Barnehage 25. september 2012 kl

Innovasjonsmetoden vår

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Rettleiing. Nasjonale prøver i rekning for 5. trinn. Versjon: juli 2010, nynorsk

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

UKM 05/16 «Det er jo derfor vi plar gjere det

MEDBORGERNOTAT. «Stortingsval Veljarvandring»

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Rettane til sterkt svaksynte og blinde elevar Udir

Eksamen REA3028 Matematikk S2. Nynorsk/Bokmål

1. Oppretting og vedlikehald av utvekslingsavtalar i FS

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Frå novelle til teikneserie

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Styresak. Synnøve Serigstad Retningslinjer for brukarmedverknad i Helse Vest. Arkivsak 2012/105 Styresak 043/14 Styremøte

Tollkreditt. Her er eit utdrag frå ein statleg informasjonsbrosjyre om tollkreditt.

E39 Stord Os Kommunedelplan med konsekvensutgreiing

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Ekstern revisor - opsjon og ny konkurranse

Kunstforeiningane har samla ein del av kulturarven vår

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

NY/UTSATT NASJONAL DELEKSAMEN I MATEMATIKK FOR GRUNNSKULELÆRAR - UTDANNINGANE GLU 1 7 OG GLU 5 10

Lærlinghefte Elektrisitet Namn:

Melås Helse AS PB ØVRE ÅRDAL VEDTAK OM AVSLAG PÅ SØKNAD OM UTVIDA OVERTID ARBEIDSMILJØLOVA INNLEIING

Transkript:

Morfologioppgåva om tarahumara Aronoff & Fudeman: What is Morphology? Ch. 3, oppgåve 5. Merknader skrivne av Rolf Theil 1. Innleiing Vi skal beskrive den fonologiske omgjevnaden (eng. environment) til alle allomorfane i ein del ord frå det meksikanske språket tarahumara, og så beskrive den typen assimilasjon som avgjer distribusjonen til dei ulike allomorfane. Til høgre ser du forresten ei lita tarahumara-jente! Med den fonologiske omgjevnaden til ein allomorf meiner vi slikt som (i) dei språklydane som finst i nærleiken av allomorfen og (ii) den fonologiske posisjonen som allomorfen står i, t.d. i høve til ordgrenser og stavingsstruktur. Med distribusjonen til ein allomorf meiner vi summen av omgjevnadene til denne allomorfen. 2. Segmentering av orda og identifiseringa av morfem Det fyrste steget vårt er å segmentere orda morfologisk. Du bør kanskje lese avsnittet 1.5 Introduction to Morphological Analysis (Aronoff & Fudeman: 12 21) om att før du tek til. Orda vi skal analysere, står i (1). (1) Orda vi skal analysere a. mitsiru to make shavings b. mitsiruku shavings c. sikwitsi anthill d. sikwiki ant e. ritu to be icy f. rituku ice g. reme to make tortillas h. remeke tortillas i. patsi to grow ears of corn j. patsiki an ear of corn k. opatsa to be dressed l. opatsaka garment 2.1 Fyrste steg På s. 14 17 i læreboka finn du fire morfologiske analyseprinsipp. Det fyrste i norsk språkdrakt er:

Prinsipp 1 Former med same tyding og same lydlege form i alle førekomstar er instansieringar av eitt og same morfem. På grunnlag av dette prinsippet kan vi identifisere morfema i (2), som er morfem der vi ikkje observerer noka allomorfisk veksling. (2) Morfem utan allomorfisk veksling a/b mitsiru to make shavings c/d sikwi noko som har med maur å gjere e/f ritu to be icy g/h reme to make tortillas i/j patsi to grow ears of corn k/l opatsa to be dressed Ingen av desse morfema varierer i form, og det er heller ingen særskilde problem med å postulere at også tydinga er konstant. Det inneber at den semantiske skilnaden mellom dei orda som berre består av desse morfema og dei orda som består av desse morfema pluss noko som fylgjer, den semantiske skilnaden må liggje i det som fylgjer. Semantikken til det som fylgjer, kjem vi attende til i 2.2. 2.2 Andre steg Det andre morfologiske analyseprinsippet står på s. 15 i læreboka: Prinsipp 2 Former med same tyding men forskjellig lydleg form kan vere instansieringar av det same morfemet dersom distribusjonen deira ikkje overlappar. At distribusjonen til to eller fleire former ikkje overlappar, tyder at dei to formene har såkalla komplementær distribusjon: dei finst aldri i same omgjevnad. I (3) har eg sett opp alle orda våre på nytt. (3) Former med same tyding men forskjellig lydleg form 1. kolonne 2. kolonne a. mitsiru to make shavings b. mitsiru-ku shavings c. sikwi-tsi anthill d. sikwi-ki ant e. ritu to be icy f. ritu-ku ice g. reme to make tortillas h. reme-ke tortillas i. patsi to grow ears of corn j. patsi-ki an ear of corn k. opatsa to be dressed l. opatsa-ka garment Vi ventar litt med sikwi-tsi anthill og sikwi-ki ant, og ser på dei andre orda fyrst. 2

I dei andre tilfella har vi eit verb i 1. kolonne og eit substantiv i 2. kolonne. Vidare ser vi at vi i 1. kolonne har morfema i (2) aleine, og i 2. kolonne ser det ut til at vi har morfema i (2) pluss eitt einskilt morfem, lat oss kalle det kv, med fire allomorfar i komplementær distribusjon. Dei fire allomorfane er ku, ki, ke og ka. Vi kjem tilbake til den komplementære distribusjonen i avsnitt 3. Morfemet kv ser ut til å kunne beskrivast som eit avleiingssuffiks som gjer eit verb til et substantiv. Substantivet viser til konkrete gjenstandar. Når verbet ser ut til å vere transitivt, viser substantivet til noko som er resultatet av den handlinga verbet viser til: Lagar du spon, så får du flis/spon (shavings), så får du flis/spon. Lagar du tortillas, så får du tortillas. Dyrkar du maiskolbar, så får du maiskolbar (ears of corn). Tydinga liknar på ei av tydingane til det norske suffikset ing, som anten viser til ei handling eller til resultatet av ei handling jamfør verbet TEIKNE V med TEIKNING S 1. handlinga å teikne, 2. noko som er teikna. 2.2.1 Maurorda I avsnitt 2.1 identifiserte vi morfemet sikwi, som vi kjenner att i både sikwi-tsi anthill og sikwi-ki ant. Resonnementet er enkelt. Det er ein klår semantisk slektskap mellom anthill og ant, og begge orda inneheld elementet sikwi. Vi postulerer at tydinga til sikwi er noko som har med maur å gjere. Meir presise har vi ikkje grunnlag for å vere. Det er rimeleg å tru at sikwi er eit verb, sidan morfemet kv elles berre blir lagt til verb, men sikre kan vi sjølvsagt ikkje vere. Når vi legg morfemet tsi til sikwi, får vi eit ord med tydinga anthill (maurtuve), og når vi legg til morfemet kv til sikwi, får vi eit substantiv med tydinga ant. Morfemet tsi veit vi svært lite om, sidan vi berre har funne det i ordet sikwitsi anthill. Det verkar absolutt rimeleg å identifisere ki i sikwiki som ein allomorf av det morfemet kv som vi har funne i fem andre ord. 3. Omgjevnader og allomorfisk veksling Her skal vi sjå nærmare på det postulerte morfemet kv, som vi påstår har fire allomorfar, ku, ki, ke og ka. Tyding og funskjon drøfte vi i førre avsnitt. Det er veldig lett å sjå at dei fire allomorfane av dette morfemet har komplementær distribusjon omgjevnadene deira overlappar ikkje som vist i (4). (4) Omgjevnadene til allomorfane til morfemet kv Allomorfen ku finst etter vokalen u Allomorfen ki finst etter vokalen i Allomorfen ke finst etter vokalen e Allomorfen ka finst etter vokalen a Det er freistande å prøve å postulere ein grunnform for morfemet kv, men vi møter på eit lite problem, for det er ingen av dei vokalane som finst i dei ulike allomorfane som peikar seg ut som meir grunnleggjande enn andre. I eit slikt tilfelle er det ikkje uvanleg å tenkje seg at vokalen i grunnforma er litt "abstrakt", og at det berre dreiar seg om ein vokal utan nærmare spesifisert kvalitet, som vi skriv /V/. Då blir grunnforma /kv/. Den allomorfiske vekslinga ved dette morfemet kan vi då gjere greie for ved hjelp av fylgjande morfofonologiske regel, som vi skal kalle Progressiv vokalassimilasjon: 3

Progressiv vokalassimilasjon V Æ V a / V a k _ # Denne regelen seier at ein vokal som står i slutten av eit ord (dvs. føre ei ordgrense, #) får same kvalitet som føregåande vokal, når dei to vokalane er skildre frå kvarandre av konsonanten k. At to vokalar har same kvalitet, er her uttrykt ved at begge har ein liten senka a etter seg. Den vassrette streken, _, viser kvar endringa frå V til V a skjer. At ein språklyd overtek eigenskapar frå ein annan språklyd, er eit døme på assimilasjon, som nemnt i oppgåveteksten. Når eigenskapane spreier seg frå "venstre" mot "høgre" dvs. frå ein tidlegare til ein seinare språklyd snakkar vi om ein progressiv assimilasjon. Hadde assimilasjonen gått den andre vegen, så hadde assimilasjonen vore regressiv. Jamfør dei latinske verba PROGREDIOR V gå framover og REGREDIOR V gå attende ; adjektiva er danna får den stamma vi finn i perfektum partisipp progressus og regressus. 4. Andre tenkjelege analysar Eg har til no berre sett på éin måte å analysere materialet på, der det sentrale punktet er morfemet kv og den allomorfiske vekslinga til dette morfemet. Dette skal vi kalle suffigeringsanalysen. Fleire studentar har føreslege andre analysar, og her skal vi sjå litt på kvifor eg ikkje har valt desse analysane. 4.1 Infigeringsanalysen Somme har føreslege ein analyse der morfemet Vk blir infigert framføre siste vokalen i stamma, som vist i (5). (5) Infigering av morfemet Vk 1. kolonne 2. kolonne a. mitsiru to make shavings b. mitsir-uk-u shavings c. sikwi-tsi anthill d. sikw-ik-i ant e. ritu to be icy f. rit-uk-u ice g. reme to make tortillas h. rem-ek-e tortillas i. patsi to grow ears of corn j. pats-ik-i an ear of corn k. opatsa to be dressed l. opats-ak-a garment Ein slik analyse føreset ei grunnform /Vk/ for morfemet Vk, som har akkurat same tyding eller funksjon som det morfemet kv som vi postulerte i suffigeringsanalysen, og i staden for ein progressiv assimilasjon får vi ein regressiv assimilasjon. Dette har eg vist i denne regelen, som ikkje skulle trenge nærmare forklaring: Progressiv vokalassimilasjon V Æ V a / _ k V a # 4

Infigeringsanalysen fungerer heilt greitt, men vi vel ikkje ein infigeringsanalyse dersom suffigeringsanalysen fungerer like godt. Vi kan dra fram to grunnar, som riktignok ikkje er heilt uavhengige av kvarandre. Lat oss sjå på dei. 4.1.1 Typologiargumentet Dersom vi ser på språka i verda, oppdagar vi at infiks er mykje mindre vanlege enn prefiks og suffiks. Vi kan faktisk setje opp ei språktypologisk generalisering kall det gjerne eit språkleg universale som seier at infiks berre finst i språk som også har prefiks og/eller suffiks, medan det motsette ikkje er tilfelle (mange språk har prefiks og/eller suffiks utan å ha infiks). Når vi gjennomfører ein morfologisk analyse, vel vi ei løysing som gjev ein typologisk vanleg struktur framfor ei løysing som gjev ein uvanleg struktur. Dette kan vi kalle typologiargumentet, og det talar for suffigeringsanalysen. 4.1.2 Integritetsargumentet Når vi samanliknar ritu to be icy med rituku ice, er det mest nærliggjande å identifisere ritu med ein samanhengande del av rituku, som vist i (6a), i staden for ein usamanhengande, som i (6b). (6) Morfologisk identifisering (a) ritu (b) ritu ritu ku ritu uk u Vi identifiserer samanhengande delar med kvarandre, og avvik berre frå dette prinsippet så sant det finst særskilde argument for det. Språklydane i eit morfem eller ein allomorf fylgjer normalt rett etter kvarandre utan avbrot. Dette kan vi kalle integritetsprinsippet. Eg kan ikkje sjå at det finst noko grunnar til å bryte kontinuitetsprinsippet i dette tilfellet. Difor føretrekkjer vi suffigeringsanalysen framfor infigeringsanalysen. 4.2 Amputeringsanalysen Somme studentar har føreslege ein avkuttingsanalyse, der dei har rekna med at substantiva berre består av eitt einskilt morfem, og vi tek vekk siste stavinga i substantiva for å danne verba, som vist i (7). (7) Amputering av siste stavinga 1. kolonne 2. kolonne b. mitsiruku shavings a. mitsiru to make shavings d. sikwiki ant c. sikwi ant f. rituku ice e. ritu to be icy h. remeke tortillas g. reme to make tortillas j. patsiki an ear of corn i. patsi to grow ears of corn l. opatsaka garment k. opatsa to be dressed 5

Det er heilt klårt at lærebokforfattarane ikkje har tenkt på ein slik analyse, for då finn vi ingen morfem med allomorfar med assimilasjon i. Men det er sjølvsagt ikkje noko argument mot amputeringsanalysen, og vi må sjølv sjå om vi finn nokon slike motargument. 4.2.1 Generaliseringsargumentet Det viktigaste motargumentet kan vi kalle generaliseringsargumentet. I amputeringsanalysen går vi glepp av ei viktig generalisering: Alle substantiva i 1. kolonne i (7) endar på V a kv a det vil seie to like vokalar med ein k imellom. I amputeringsanalysen blir det heilt tilfeldig. I suffigeringsanalysen og infigerings-analysen er det ei fylgje av at eitt og same morfem er lagt til (eit suffiks eller eit infiks) i alle orda. Som ein hovudregel nyttar vi berre ein amputeringsanalyse når dei elementa som vi lurar på om er affigerte til det eine settet med ord eller amputerte frå det andre settet med ord ikkje har noko felles fonologisk. Då blir affigering svært vanskeleg å få til, for di vi ikkje greier å lage nokon regel for kva som skal affigerast. Eit døme på dette finn du i det franske dømet på s. 19 i læreboka; hokjønnsforma er nesten alltid nokre lydar lengre enn hankjønnsforma, men lydane varierer frå ord til ord. Då er det aktuelt å føreslå at hankjønnsformene er danna ved amputering av hokjønnsformene. Hadde derimot alle hokjønnsformene enda på dei same lydane, så hadde vi heller føreslege at hokjønnsformene hadde eit eige suffiks, ellers hadde vi ikkje kunna gjere greie for likskapen. 4.2.2 Typologiargumentet Også her kan vi argumentere typologisk. Amputering er eit uvanleg fenomen, og vi vel føreslår aldri ein amputeringsanalyse dersom ein affigeringsanalyse fungerer like godt eller betre. Igjen kan vi setje opp ei språktypologisk generalisering kall det gjerne eit språkleg universale som seier at amputering berre finst i språk som også har affigering, medan det motsette ikkje er tilfelle (mange språk har affigering utan å ha amputering). Vi føreslår difor berre ein amputeringsanalyse når ein affigeringsanalyse ikkje fungerer. Men her fungerer affigering heilt greitt. 5 Andre problem Her skal eg ta opp eit par andre problem. Det fyrste er skal vi kalle semantikkproblemet, det andre skal vi kalle tsv-problemet. 5.1 Semantikkproblemet Somme studentar har hatt problem med analysen på grunn av semantikken. Til dømes er det ein og annan som synest det er rart at ordet som tyder tortillas er avleitt frå eit ord som tyder to make tortillas for kan språket ha eit verb som tyder to make tortillas utan at det har eit ord som tyder tortillas. Som ein hovudregel vil eg tilrå dykk til å sjå bort frå slike problemstellingar. Dette blir lett noko i retning av kva som kom fyrst av høna og egget. Sjå i staden på 6

den morfologiske strukturen. Det er heilt tydeleg ordet remeke tortillas er lengre enn ordet reme to make tortillas, og at det som gjer remeke lengre, nemleg ke ganske tydeleg er ein allomorf av eit morfem vi finn vi fem andre substantiv. Lat meg likevel nemne at det ikkje er noko semantisk merkeleg med at ordet for tortillas er avleitt frå eit verb med tydinga to make tortillas. Ein ganske god parallell har vi i det norske substantivet BRØD S, som opphavleg ser ut til å vere danna frå eit verb som tydde steike. Sjå under brød i Harald Bjorvand og Fredrik Otto Lindeman: Våre arveord. Etymologisk ordbok (Novus Forlag, Oslo, 2000). 5.2 tsv-problemet Fleire studentar har prøvd å finne fleire morfem, og særleg peikar "morfemet tsv" seg ut. Vi har allereie identifisert eit morfem tsi i substantivet sikwi-tsi maurtuve, men spørsmålet er om dette morfemet også finst i patsi to grow ears of corn, og at ein annan allomorf tsa av same morfemet finst i opatsa to be dressed. Problema her er fleire, og vi kan skilje mellom semantikkproblemet og identifiseringsproblemet. 5.2.1 Semantikkproblemet Semantikkproblemet går rett og slett ut på at det er vanskeleg å finne fram til ei sams tyding for morfemet tsi i sikwi-tsi maurtuve og eit eventuelt morfem tsi / tsa i patsi to grow ears of corn og opatsa to be dressed. 5.2.2 Identifiseringsproblemet Dersom tsi / tsa i patsi to grow ears of corn og opatsa to be dressed skulle vere eit morfem, så måtte også pa og opa vere det. Materialet vårt strekk ikkje til for å underbyggje ein slik hypotese. *Pa og *opa opptrer ikkje i datasamlinga vår utan å vere fylgde av tsi / tsa, og vi manglar grunnlag for å segmentere. Vi har svært lite grunnlag for å dele opatsa to be dressed i opa og tsa, for ingen av desse elementa finst att elles i datasamlinga vår. Vi kan heller ikkje hevde at tsi blir til tsa ved assimilasjon etter a, for då skulle det ha vore assimilasjon i patsi to grow ears of corn også. Det er noko heilt anna med dei to delane reme og ke i remeke tortillas. Desse delane kan vi identifisere med reme to make tortillas og kv i fem andre substantiv. 7