Månedsbrev for Steingrua! Februar 2017 Foto: Helén Eliassen
Nok ein måned har gått på Steingrua og me avrundar februar. Det har vore ein måned med varierande værforhold; alt frå mykje snø der me har kunna sett spor etter dyr i snøen, til lite snø og vårfølelse. Sola byrjar å varme godt i ansiktet og fleire fruktmåltid nytast ute. Me starta måneden med stor fest på Samefolkets dag saman med småbarn. Det var ein dag med mykje moro og latter, gode samtalar rundt bålet, mange lajpier i magen, musikk, maling og lassokasting. Me har også hatt ekstra fokus på frokostmåltidet denne måneden. Her ynskjer me å innvitere til ei roleg stund med moglegheit for god tid til måltid og fellesskap. Me les gjerne bøker eller pratar saman om ulike ting som opptek oss og brukar god tid før dagen «startar» opp igjen med samlingsstunder, påkledning og aktiviteter. Denne måneden har me jobba mykje med resultata frå Brukerundersøkelsen og jobbar spesielt med henting og levering. Det handlar blant anna om korleis me har organisert oss og korleis me møter dykk foreldre og barn. Me ynskjer også at barna sjølv skal få moglegheit til å fortelle om dagen sin. Gi oss gjerne tilbakemeldingar på korleis de opplever det. Innimellom alle planar og rutinar har me også mange gode kvardagsaugneblikk; både store og små. Me arbeidar aktivt med å vere tilstadeværande voksne som kan ta del i desse gode og spennande opplevingane barna gjerne vil dele med oss. God lesing!
Samefolkets dag 6 februar! Gjennom fagområdet Nærmiljø og samfunn ynskjer me at barna skal få lære om samisk kultur og urbefolkning. (Progresjonsplanen/ Rammeplanen 2006) Me laga ein lavvostemning ved hjelp av presenning over huset på toppen av haugen. Her var det lunt å sitte og høyre på eventyr. Dette vart eit godt møtepunkt for både småbarn og storbarn.
Male- og teikneaktivitet var veldig populært saman med samisk musikk! Det var også blitt laga ein eigen lasso med trinse saman med barna dagane i forvegen. Her øvdes det på å kaste den over katten som fekk rollen som reinsdyr!
Glimt frå turar til Nilsbyen, stubbetoppen, indianerskogen, akebakken og gamle hoppbakken!
Land-Art! Gjennom fagområdet Kropp, bevegelse og helse ynskjer me at barna skal få bevege seg i ulendt terreng og utvikle sin kroppsbeherskelse. (Progresjonsplan/Rammeplan 2006)
Trollskog! Ake fort! Stå på snowboard! Gode samtaler og latter! Personalet skal legge til rette for vennskap gjennom lek og aktivitet. (Årsplanen 2017) Gjennom leik skapast gode fellesopplevingar som gir grobotn for nære relasjoner.
Kor fort kan det gå over hoppet? God oppleving av meistring! Barn skal få erfare gode opplevelser i naturen. (Årsplanen 2017) Her var det stor samarbeidsvilje for å lage eit bål og grille pølser; på liksom.
Eit kjent fjes susa forbi... Stor fart og kiling i magen!
Gjennom fagområdet etikk, religion og filosofi ynskjer me at barna skal bli kjent med andre kulturer og religioner som er representert på barnehagen (Progresjonsplaner/Rammeplanen 2006) Me markerte Vietnamesisk nyttår! Pham hadde med drakter som barna fekk prøve og laga vietnamesisk mat til lunsj. Det vart lang kø for å få meir mat. Me såg også på film frå Vietnam og nyttårsfeiringa.
På skifer starta studentane opp med eit flyteksperiment som me utvikla vidare til eit lite prosjekt. Kva flyter? Kva synker? Kva skjer om ein legg rosinene opp i skjellet? Me hadde også fokus på volum og undra oss over kor mange små glass med vatn som går oppi ein melkekartong. Gjennom fagområdet etikk, religion og filosofi ynskjer me å vere med å utvikle evne til å stille spørsmål, resonere og undre seg.(progresjonspl anen/rammeplanen 2006)
Gjennom kroppslig aktivitet lærer barn verden og seg selv å kjenne. Ved sanseinntrykk og bevegelse skaffer barn seg erfaringer, ferdigheter og kunnskaper på mange områder (Rammeplanen 2006) Gjennom kropp, bevegelse og helse skal barna få ein bevisstgjøring av egen kropp. (Progresjonsplaner/Rammeplanen 2006) Gjennom yoga får ein moglegheit til å utfordre seg sjølv i samspel med andre. Her er samarbeid, konsentrasjon og leik i fokus.
Førskolegruppa har fortsatt arbeidet med geometriske former; her viser dei stolt fram sirkler, kvadrater, rektangler og trekanter. Kor mange ulike former finnes det i barnehagen? Samtale i perlekroken: Det der er eit rektangel og peiker på hylla over bordet. Det har me lært i forskolegruppa! Gjennom fagområdet antall, rom og form ynskjer me at barna skal få oppleve glede over å utforske og leke med tall og former. (Progresjonsplanen/Rammeplan en 2006)
Kvardagsglimt! Bokstaver til å gå på! Sprusikk! Språk og musikk hand i hand! Starten på eit spanande prosjekt! Nokon var på togreise; kunne det passe med litt musikk til?
Utforsking og kreativitet!
Samarbeid og glede!
BURSDAGER ME HAR FEIRA! MILJA 5 ÅR
Nyttig å vite: Førskolegruppa på tur til Dmmh 3.mars. Ferdig påkledd 9.15. 2.klassestudent frå Dmmh; Tomas Dahlberg skal vere på Steingrua frå 6.mars- 2.mai. WorldCup i Granåsen 15. og 16. mars. Gjeld fyrst og fremst førskolegruppa. Meir info kjem. Vinterfest 24.mars Me oppfordrer til å la skistavane vere igjen heime; dei vil ikkje bli brukt i barnehagen framover. Skøyter ligg i ein boks på tørkerommet. Me ynskjer ikkje at dei skal ligge i groveller fingarderoben. Ta gjerne ein titt i kledebeholdninga til barna. Kanskje treng det ein liten opprydning? Flott om dagens klede blir lagt lett tilgjengeleg i fingarderoben. Det gjer det lettare for alle å finne det ein treng. Telefon nummer, Steingrua: Skifer: 908 84 235 Granitt: 90880766
UKE MANDAG TIRSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG 9 1.-3.Mars Skifer tur Granitt prosjekt Gruppedeling Språkgrupper Førskolegruppe - TUR TIL DMMH. Felles samlingsstund Varmlunsj 10 Granitt tur Granitt tur Granitt tur Gruppedeling Førskolegruppe 6.-10.Mars Skifer prosjekt Skifer prosjekt Skifer prosjekt Språkgrupper Felles samlingsstund Varmlunsj 11 Skifer tur Skifer tur Skifer tur Gruppedeling Førskolegruppe 13.-17.Mars Granitt prosjekt Granitt prosjekt Granitt prosjekt WorldCup Språkgrupper WorldCup Felles samlingsstund Varmlunsj 12 Granitt tur Granitt tur Granitt tur Gruppedeling 20.-24.Mars Skifer prosjekt Karoline 4 År Skifer prosjekt Skifer prosjekt Språkgrupper VINTERFEST! 13 Skifer tur Skifer tur Skifer tur Gruppedeling Førskolegruppe 27.-31.Mars Granitt prosjekt Granitt prosjekt Granitt prosjekt Språkgrupper Felles samlingsstund Varmlunsj