Utval Administrasjonsutvalet Møtest a d: Rådhuset Møtedato: 30.11.2016 MØTE P ROTOKOLL Start kl.: 14.00 Slutt kl.: 16.30 Til stades på møtet Medl.: Ivar Kvalen (leiar), Marit Aakre Tennø (nestleiar), Arne Johannessen Arbeidstakarrepresentant Mary Karin Sagerøy, Svein Bjarne Steig Forfall: Varamedl.: Fr å adm. (evt. andre): Rådmann Jarle Skartun, Olaug Marie Bjelde Medlemene hadde ikkje merknad til innkalling og sakliste. Saksnr. Tittel 4 / 16 16 / 4222 Godkjenning av møtebok SAKLISTE 5 / 16 16 / 2911 Budsjett, økonomiplan og planleggingsprogram 2017 6 / 16 16 / 4221 Referat - og drøftingssaker 7 / 16 16 / 4223 Open post Underskrifter: Vi stadfester møtet. at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på Møteprotokoll er sendt til: Side 1 av 5
Medlemene, varamedlemer, rådmann, revisor, kontrollutvalet, bibliotek et i kommunen, lokalavis a, N RK - Førde og Luster radio.
4 / 16 Godkjenning av møtebok Det var ingen merknader til møteboka. Møteboka frå møte 07.04.16 vart godkjent. Arne Johannessen og Mary Karin Sagerøy vart valde til å skrive under møteboka. 5 / 16 Budsjett, økonomiplan og planleggingsprogram 2017 Ordførar Ivar Kvalen informerte om den generelle økonomiske situasjonen til kommunen. Rådmann informerte om eigedomsskatt, skulestruktur, bedriftshelseteneste, organisering av reinhaldstenester m.m. opp mot budsjettarbeidet. Luster kommune har ikkje så s tore ressursar til rådvelde som før. Situasjonen krev omstillingar og det er viktig at politisk nivå, tilsette og tillitsvalte erkjenner og forstår utfordringane, spelar godt i lag og dreg i same retning. Både arbeidstakar - og arbeidsgivar sida fokuserte på at tidleg informasjon, deltaking og involvering frå tilsette via tillitsvalte er viktig i budsjettprosessen - særleg når disponible ressursar går ned. Dette blir enno viktigare når arbeidet med 2018 budsjettet tek til - då kan den økonomiske situasjo nen få enno større verknader på budsjettet. Arbeidstakarsida etterlyste informasjon til H TV om status og utfordringar i budsjettarbeidet. Rådmann beklaga at H TV ikkje vart invitert til leiarsamling som tidlegare år. Rådmann føl opp med e - post der det vert informert om høyringsrunde og oppmoda til innspel. (etter avtale med arbeidstakarrepr.) Ved gjennomføring av budsjett 2017 og utgreiingsarbeidet omkring dei økonomiske utfordringane som ligg som budsjett tiltak må det sikrast god informasjon og deltaking frå arbeidstakarsida. Informasjonen og diskusjonen blir teken til etterretning. 6 / 16 Referat - og drøftingssaker KS - debatthefte: Rådmann informerte om saka, prosessen og framlegget til uttale så langt. Dette framlegget skal så dis kuterast og takast vidare i rådmannsgrupa i Sogn regionråd og vidare til KS - sogn og fjordane. Delegasjonsreglementet: Kvart kommunestyre skal få høve til å justere delegasjonsreglementet. Revisjon av dette blir ikkje lagt fram i desembermøtet som planlagt. Det må arbeidast meir med det før framlegging til kommunestyret. Lærlingordninga: (Opplæringskontoret Luster Kommune seier opp medlems avtale n med OKOS for offentleg sektor) og kjem til å inngå ny avtale med SOK (Sogn
opplæringskontor). Grunngjevinga for dette er kvaliteten i samarbeidet og oppfylginga både av kommunen som lærebedrift og den enkelte lærling. Lønsoppgjeret 2017 : Rådmann informerte: Tilsette i kapittel 4 etter hovudtariffavtalen vart forhandla sentralt før seinare lokale forhandlingar for kapittel 3.4 og 5. Fokuset var på økonomisk ramme med årslønsvekst på om lag 2,5%, oppretting av skeivheiter, vurdering a v kvar enkelt og samspel med organisasjonane sine vurderingar/prioriteringar. Det er ikkje lagt til grunn prorata fordeling. Det er semjeprotokollar med alle organisasjonane. Arbeidstakarsida kommenterte at det hadde vore ein ryddig prosess med rimeleg opp retting og fordeling. Medarbeidarundersøking/10 - faktor: Rådmann informerte om KS sitt nye verktøy for medarbeidarundersøking 10 faktor. Den er lagt opp som påstandar tilsette skal ta stilling til, den er nettbasert og gjeld heile den kommunale organisasjonen. Blir gjennomført første kvartal 2017 med medar beidarsamtale som oppfølging etterpå. Orienteringane vart tekne til etterretning. 7 / 16 Open post Det vart informert om: - Arbeidet med «Heiltidskultur»- og kartlegging i desember 16/januar 17. - Det vart informert om nytt kapittel i «Forskrift om utførelse av arbeid», gjeldande frå 010117: Her er det auka fokus på arbeidsgjevar sitt ansvar for risikovurdering, opplæring, informa sjon, tiltak og oppfølging av va ld og trusslar i arbeidssituasjonen. Både arbeidsgjevar - og arbeidstakarsida kommenterte at det her er viktig at tillitsvalde får informasjon og blir tekne med i prosessane. - Det vart informert om nye retningslinjer for politiattest i arbeidstilhøve : Frå 010117 må også dei som jobbar i plei e og omsorgstenester legge fram slik attest før oppstart i arbeid. Jamfør helse og omsorgstenestelova 4 og 5. Frå før må dei som jobbar med barn og ungdom legge fram slik attest. - Frå arbeidstakarsida kom det ynskje om ein tema dag om Hovudavtalen som var ny frå 010116. Rådmann sa at det skal ein arbeide for å få til. Møteplan for administrasjonsutvalet 2017 Minimum tre møte i administrasjonsutvalet årleg der hovudfokus blir treparts samarbeidet mellom politisk nivå, administrasjon og tillitsval te, årsrapport og budsjett. I 2017, på plan for 170217, blir det lagt opp til temamøte i kommunestyret på treparts samarbeidet.
Møteplanen blir endra/utvida ved behov, men elles sett opp slik: 31. 01. 17 (etter formannskapsmøtet)/planlegging av temadag m.v., 06. 04. 17 (ettermiddag)/årsrapport m.v. 30. 11. 17 (ettermiddag)/budsjett/økonomiplan.