Arbeidsmiljøutvalet REFERAT 03/2004 MØTE I ARBEIDSMILJØUTVALET TYSDAG 21. SEPTEMBER 2004 Tid: Kl 13.00 14.40 Stad: Møterom 220, Berte Kanutte-huset Til stades frå arbeidsgjevarsida: Til stades frå arbeidstakarsida: Ingvar Elgesem Gonnie Smit Løseth Signe Valsø Bente Afset, Norsk forskerforbund Kjellfrid Osdal, NTL Anne Humberset, 2fo (varamedlem) Hovudverneombod Rune Mo Frå HMS-Consult Ørsta Volda A/S møtte: Bedriftssjukepleiar Odd-Jonny Telseth Forfall: Møteleiar: Referent: Heidrun Torbjørnson, 2fo Roy Asle Andreassen, Utdanningsforbundet. Varamedlem, Anne Steinsvik Nordal, kunne ikkje møte. Bjørn Krøvel. Varamedlem, Sverre Tverberg, kunne ikkje møte. Signe Valsø Sissel Grete Wahlstrøm Innkalling Ordinær innkalling og saksdokument vart sende ut i brev 14. september 2004. Det var ingen merknader til innkallinga, som vart godkjend. Desse saksdokumenta vart lagde fram i møtet: Vedlegg til AMU-S 16/2004: Tilbod frå TriCo Treningssenter ANS Side 1 av 6
Saksbehandling: AMU-S 14/2004 GODKJENNING AV REFERAT FRÅ MØTE 02/2004, 20. APRIL 2004 Samrøystes vedtak: Referatet frå møte 02/2004, 20. april 2004, blir godkjend. AMU-S 15/2004 GODKJENNING AV SAKLISTE TIL MØTE 21. SEPTEMBER 2004 Bente Afset gjorde framlegg om å flytte orienteringane, både dei oppsette orienteringssakene og dei munnlege orienteringane, fram som første post i møtet. Det var ikkje innvendingar til dette. Alle orienteringane er likevel ført opp til slutt i referatet. Denne saklista vart godkjend: AMU-S 14/2004 GODKJENNING AV REFERAT FRÅ MØTE 02/2004, 20. APRIL 2004 AMU-S 15/2004 GODKJENNING AV SAKLISTE TIL MØTE 21. SEPTEMBER 2004 AMU-S 16/2004 AVTALE OM TRENINGSTILBOD FOR DEI TILSETTE AMU-S 17/2004 FASTSETJING AV DATO OG TEMA FOR HMS-DAGEN 2004 AMU-S 18/2004 AMU-S 19/2004 AMU-S 20/2004 STATUTTAR FOR HMS-PRISEN ENDELEG VEDTAK PÅ BAKGRUNN AV HØYRING Jf. AMU-S 12/2004 REVISJON AV HMS-SYSTEMET VED HØGSKULEN I VOLDA TILRÅDING OM IGANGSETJING YMSE AMU-S 16/2004 AVTALE OM TRENINGSTILBOD FOR DEI TILSETTE Det låg ikkje føre noko tilbod frå aktuelle aktørar i Volda/Ørsta-området ved utsending av saksdokumenta, men i møtet vart det lagt fram eit tilbod frå TriCo Treningssenter ANS. Trass i fleire forsøk på å få kontakt med Trening Volda AS låg det ikkje føre noko tilbod frå dette firmaet til møtestart. Side 2 av 6
Samrøystes vedtak: Hovudverneombodet blir bede om å arbeide vidare med saka med sikte på også å få eit tilbod frå Trening Volda AS. Hovudverneombodet orienterer om framdrifta i neste møte. AMU-S 17/2004 FASTSETJING AV DATO OG TEMA FOR HMS-DAGEN 2004 I e-post til fagleg og administrative leiarar, funksjonsansvarlege og STIV 10. september d.å. vart det antyda at årets HMS-dag truleg ville bli gjennomført i løpet av vekene 45-47. Til møtet låg det ikkje føre tilbakemeldingar om andre interne arrangement som evt. ville kollidere med ein HMS-dag. AMU-leiaren gjorde framlegg om tysdag 9. november som aktuell dato for HMS-dagen. Utifrå diskusjonar og synspunkt som har kome fram både i AMU og elles i miljøet, peikar psykososialt arbeidsmiljø seg ut som sentralt stikkord for det faglege innhaldet. Leiaren meinte at ein kan bruke ei mindre gruppe til å jobbe med programmet. Rune Mo hadde vore i kontakt med sine hovudverneombods-kollegaer ved universiteta i Bergen og Oslo, og har fått tips om dyktige forelesarar på feltet. Ingvar Elgesem gjorde framlegg om å setje av berre ein halv dag til arrangementet. På denne måten vil det vere sjanse for større deltaking frå dei fagleg tilsette og frå studentane enn ved fjorårets HMS-dag. Frå HMS-Consult Ørsta/Volda AS vart det halde fram at ein også bør ha med nokre lokale forelesarar. Arbeidstilsynet 9. distrikt kan vere ein aktuell aktør i denne samanhengen. Arbeidstilsynet har i sin Strategisk plan 2002-2006, under Hovudmål i del 2 m.a. framheva organisatoriske forhold som fører til psykososiale problem blant arbeidsmiljøforhold som er ein viktig årsak til utstøting frå arbeidslivet. Andre lokale aktørar vart også nemnde. HMS-Consult Ørsta/Volda kan også vere bidragsytar på HMS-dagen. Rune Mo heldt fram at ein bør få nokon til å innleie om korleis ein kan få engasjert fleire i avdelingane i spørsmål som gjeld HMS. Bente Afset meinte at ein under planlegginga av HMS-dagen må ha ei forestilling om kva ein vil oppnå med ein HMS-dag. På bakgrunn av diskusjonen fremja AMU-leiaren slikt framlegg til vedtak: 1 Arbeidsmiljøutvalet fastset HMS-dagen til 9. november 2004. Side 3 av 6
2 Psykososialt arbeidsmiljø blir hovudtemaet på HMS-dagen. 3 Ei arbeidsgruppe samansett av arbeidsutvalet for AMU, Bente Afset og Anne Humberset får i oppdrag å førebu programmet for HMS-dagen. Framlegget vart samrøystes vedteke. AMU-S 18/2004 STATUTTAR FOR HMS-PRISEN ENDELEG VEDTAK PÅ BAKGRUNN AV HØYRING Jf. AMU-S 12/2004 Da høyringsfristen gjekk ut 10. september, hadde det ikkje kome inn fråsegner til det utsende forslaget til statuttar. AMU vel å sjå dette som ei tilslutning i miljøet til det framlegget som ligg føre. Samrøystes vedtak: Arbeidsmiljøutvalet fastset statuttane for HMS-prisen i samsvar med det utsende høyringsutkastet. Statuttane vil bli lagde på på HMS-sidene på internett så snart som mogleg. Det blir vidare sendt ut ein e-post til alle tilsette, der ein viser til den aktuelle nettsida. AMU-S 19/2004 REVISJON AV HMS-SYSTEMET VED HØGSKULEN I VOLDA TILRÅDING OM IGANGSETJING AMU-medlemmer peika på at det har skjedd store endringar i organisasjonen vår sidan IK-permen vart laga. HVO er t.d. blitt IA-bedrift sidan IK-permen vart laga. Eit anna viktig moment i denne samanhengen er kravet frå dei sentrale styresmaktene om å utarbeide eit kvalitetssikringssystem. I tillegg skal studentane omfattast av HMS-systemet. AMU gjorde slikt samrøystes vedtak i saka: AMU tilrår at det blir sett i gang revisjon av HMS-systemet ved Høgskulen i Volda, og at dette blir sett i samanheng med kvalitetssikringssystemet. Studentane skal vere omfatta av dette arbeidet. AMU-S 20/2004 YMSE Det vart ikkje meldt saker under YMSE. ORIENTERING FRÅ BEDRIFTSHELSETENESTA Odd-Jonny Telseth orienterte. Side 4 av 6
Telseth minte om at HMS-Consult Ørsta Volda AS har kontortid i Lettbygget tysdagar kl 09.00-12.00. Rapporten frå arbeidsmiljøkartlegginga ved Avdeling for lærarutdanning i perioden desember 2003 mars 2004 er no ferdig. Den blir sendt til høgskulen v/arkivet, dekanus, kontorsjef og dei to verneomboda ved Avdeling for lærarutdanning. Telseth vurderer dette som ein positiv rapport, i den forstand at det ikkje er så mykje å utsetje på arbeidsmiljøet ved avdelinga. Sosiale treffpunkt blir av mange tilsette framheva som svært viktig arenaer der ein kan drøfte faglege spørsmål på tvers av fagseksjonane. Blant personalet ved ALU er det ein del eldre arbeidstakarar, og utfordringar knytte til seniorpolitikk, dvs. korleis ein best mogleg kan fungere i jobben fram til pensjonsalderen, blir sentrale i tida framover. Elles har BHT sendt ein e-post til personalsjefen med tilbod om influensavaksinering i haust. HMS-Consult Ørsta Volda AS har eit nytt grunnkurs i arbeidsmiljø under planlegging. Når det gjeld kontakten med HVO generelt, er denne i første rekkje på individnivå. I den seinare tida har det ikkje vore så stor pågang frå tilsette i spørsmål som gjeld psykososiale tilhøve. Førespurnadene er stort sett av ein slik karakter at dei er enkle å ordne opp i. Men det kan også dukke opp meir innfløkte saker, t.d. samarbeidsproblem/konfliktsaker, som det tek tid å løyse. Telseth rådde til å sende e-post, dersom ein har behov for rask kontakt med HMS-Consult. MUNNLEG ORIENTERING V/AMU-LEIAREN Lyddemping i Miljørommet Høgskuledirektøren har opplyst at Statsbygg tek på seg å utbetre Miljørommet, både kostnadsmessig og oppfølgingsmessig. ORIENTERINGSSAKER 13/2004 Målsettingar angåande IA avtalen. Brev frå Trygdeetatens arbeidslivssenter i Møre og Romsdal Senter for inkluderende arbeidsliv 13. april 2004 Svar frå Høgskulen i Volda 21. april 2004 14/2004 Intensjonsavtale mellom Statsbygg Midt-Norge og Høgskolen i Volda, underteikna 15. april 2004 15/2004 HiVo; Erstatningsbygg Ivar Aasen-huset Søknad om midler til husleie. Brev frå Utdannings- og forskingsdepartementet 4. mai 2004 16/2004 Notat frå KBD-Gruppen v/reinhaldsteknisk rådgjevar etter besøk 4. mai 2004 Side 5 av 6
Notat frå KBD-Gruppen v/reinhaldsteknisk rådgjevar etter kvalitetskontroll/møte 4. mai 2004 17/2004 Kvartalsvis oversyn over sjukefråvær, 2. kvartal 2004 18/2004 Oppsummering HMS-samtalar ved ASF våren 2004 Det var spørsmål og kommentarar til desse orienteringssakene: 13/2004 og 17/2004 Arbeidsmiljøutvalet tok dei oppførde orienteringssakene og den munnlege orienteringa til vitande. NESTE MØTE: Etter oppsett møteplan skulle møtet haldast 9. november. Sidan HMS-dagen er fastsett til same dato, må AMU-møtet flyttast. Høgskulen i Volda, 22. september 2004 Sissel Grete Wahlstrøm referent Side 6 av 6