Statens vegvesen Notat Til: Frå: Kopi: Bjørn Romsås, Ole Egil Hagen Vegteknisk v/jens Tveit Sakshandsamar/innvalsnr: Jens Tveit - 57655949 Vår dato: 20.09.2013 Vår referanse: 2013/109321-001 Rv 15 Radarvarsling ved Knutstugrove, Lom kommune Det er planar for å erstatte det gamle geofonanlegget ved Knutstugrove med eit radarvarslingsanlegg. Onsdag 11. september vart området synfara av Bjørn Romsås, Ivar Skogum, Ole Egil Hagen, Marius Meland, Jens Tveit, Gunne Håland og Njål Farestveit frå Statens vegvesen. Med på synfaringa var også vegmester Erik Turtum frå Mesta. Situasjon Knutstugrove har hatt skredvarsling sidan det på 1980-talet vart montert opp eit geofonanlegg. Anlegget har ikkje lenger tilfredsstillande stabilitet, og det vart derfor bestilt ein rapport for å sjå på alternative moglegheiter. Rapporten har sveis-nr 2011/044877-12 og er utarbeida av Gunne Håland, vegdirektoratet og Jens Tveit, region vest vinteren 2012/2013. Eit av alternativa nemnt i rapporten er varsling av snøskred med radar. Alternativet er no ynskja av vegseksjonen, og arbeid for å få dette på plass er no sett i gong. Vurdering og tilråding Generelt Det er tilrådd å montere opp radar og signalanlegg som varslar billistar og stoppar trafikken ved skredhending. Ein radar brukar prinsippet om fjernmåling, og den er derfor ikkje i direkte kontakt med skredet. Dette gjer løysinga robust, og det er ikkje behov for vedlikehald etter kvar skredhending. Radaren står i trygg avstand frå skredområdet og sendar ut kontinuerlege radarbølgar. Endringar i området som overvakast vil bli fanga opp, og varsling aktivert. Skredområdet er vist i figur 1, vedlegg 1 og 2. Stoppsignal Signalanlegget kan vere plassert på same fundament som dagens anlegg. Det er tilrådd at det er trådlaus kommunikasjon frå radareininga til signala. Sjølve signalanlegga bør vere batteridrevet med statusindikator og rutinar for sjekk og vedlikehald på batteria, mogleg også med solcellepanel. Radar - plassering Radaren bør plasserast så den «ser» rett i mot skredområdet. Då vil den gi best resultat. Plassering på campingplassen «Nissegarden» er ideelt. Her er det god oversikt til Postadresse Telefon: 02030 Kontoradresse Fakturaadresse Statens vegvesen Telefaks: 57 65 59 86 Askedalen 4 Statens vegvesen Region vest firmapost-vest@vegvesen.no 6863 LEIKANGER Regnskap Askedalen 4 Båtsfjordveien 18 6863 Leikanger Org.nr: 971032081 9815 VADSØ Telefon: 78 94 15 50 Telefaks: 78 95 33 52
skredområdet, og det er heller ikkje vegetasjon som sperrer for sikta, sjå figur 1. Radaren bør sikte på ein måte som gjer at den fanger opp skredet frå profil 650-800 i vedlegg 2. Det er viktig at radaren fangar opp skredet minst 850 meter frå vegbana. Plassering av radaren er tilrådd i området ved profil 1800 1850, men kan justerast etter ynskje frå eigarane av campingplassen. Radaranlegg - Tekniske spesifikasjonar - Straum Det er tilgang på straum på campingplassen, og det er tilrådd at SVV gjer klar nettstraum for radaranlegget. - System o Det er tilrådd at systemet har trådlaus overføring til stopplys. Status på stopplysa sin funksjon og spenningsnivå må kunne sjekkast online. o Systemet må ha trådlaus overføring til VTS/byggherrevakt/vegmester. Det må vere ei nettbasert softwareløysing som gjer at Personell frå SVV og driftsentreprenør kan logge inn på systemet for status og fjernstyring. o Det må vere eit kamera som filmar skredbana og aktiverast ved skredhending eller etter ynskje. Dette er viktig for å identifisere falske alarmar, og gir også nyttig informasjon om oppførsla til skredet. o Det kan også vere aktuelt å ha eit kamera på eit av stoppsignala som filmar vegbana. Det er nyttig for å få informasjon om det befinn seg trafikantar i området når skredet går. Kalibrering Det er ikkje venta at eit nyoppsett anlegg fungerer tilfredsstillande den fyrste sesongen. Det må kalibrerast for kvart enkelt skredområde. Det går få naturlege skred på Knutstugrove, og det kan vere ein moglegheit å bruke kunstig utløysing for kalibrering av systemet. Det må i så fall vurderast nøye i kvart enkelt tilfelle. Døme på kunstig utløysing er det helikopterbaserte systemet DaisyBell. Systemet har vore testa ut i SVV region nord og region vest. Grunna kalibreringstid er det tilrådd å vente med demontering av det gamle systemet før det nye har stått ein sesong eller to. Radarsystemet bør ikkje vere tilkopla til stoppsignal før det er kalibrert og i operativ drift. 2
Figur 1 - Bilete tatt frå område for tilrådd plassering av radar. Skredområde i bakgrunnen. Antatt losneområde i øvste ring, tilrådd område for deteksjon i nedste ring 3
4
5