Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

Like dokumenter
HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Plan for å sikre elevane eit godt psykososialt miljø på Tuv og Ulsåk skular og sfo

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS)

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Rosendal ungdomsskule er ein trygg og utviklande læringsarena for alle elevane. VISJON. Partar: Rektor.

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Lysheim skole Plan for å sikre elevene et godt psykososialt miljø

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

PLAN FOR ET GODT OG TRYGT SKOLEMILJØ BRØNNERUD SKOLE

Handlingsplan mot mobbing

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ATFERD

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )

1. AVDEKKING AV MOBBING

Denne planen består av fire deler 1. AVDEKKING AV MOBBING 2. PROBLEMLØYSING AV MOBBESAKER 3. FØREBYGGING 4. KONTINUITET

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

Plan for elevenes psykososiale skolemiljø

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKINGAR. Danielsen Ungdomsskule Osterøy

PLAN FOR ET GODT OG TRYGT SKOLEMILJØ BRØNNERUD SKOLE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Handlingsplan mot mobbing. Grunnskolen i Søgne

Handlingsplan for elevane sitt psykososiale skulemiljø

VIGRESTAD SKULE PLAN FOR EIT GODT PSYKOSOSIALT MILJØ. Vigrestad skule

Plan for et godt læringsmiljø ved Nordre Modum ungdomsskole

Plan for oppfølging av elevenes skolemiljø.

Arbeid med det psykososiale miljøet. Byåsen skole

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

GISKE OPPVEKSTSENTER SKULE OG SFO

Plan mot mobbing og mistrivsel

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Du må tru det for å sjå det

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Vedteken av kommunestyret i Samnanger i sak 54/13 den Forskrift om ordensreglement for skulane i Samnanger

Nytt kapittel 9 A. Elevane sitt skolemiljø

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Statens tilsyn med opplæringsloven kapittel 9a

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

Handlingsplan mot mobbing. Grunnskolen i Søgne

Plan for elevane sitt skulemiljø

Fedje Skule HANDLINGSPLAN OG FØREBYGGJANDE ARBEID MOT MOBBING. Fedje kommune 2015/2016

Elevene sitt psykososiale arbeidsmiljø, mobbing og andre brudd på opplæringsloven 9a-3. Sentrum skole. Meldeskjema og tiltaksplan

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

KVITESEID SKULE. Planen er handsama i FaU , Samarbeidsutvalet og i TPO team med PPT

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN FOR ET GODT PSYKOSOSIALT MILJØ OPPLÆRINGSLOVEN 9a-3

Opplæringslova 9A Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø

Erfarings- og kunnskapsinnhenting - tilbakemelding frå Hatlestrand oppvekstsenter

Plan for å sikre elevene et godt psykososialt miljø i askerskolen

TILTAK MOT MOBBING Geiranger skule og barnehage 2012

Plan for å sikre elevene et godt psykososialt læringsmiljø ved Gjettum skole

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

HANDLINGSPLAN FOR ET GODT LÆRINGSMILJØ VED STORE BERGAN SKOLE

Lærdal kommune. Prosedyrar for eit godt psykososialt skulemiljø

1. Forord fra rektor s Bakgrunn og definisjoner s Avdekking av mobbing s Problemløsning av mobbesaker s. 7

Velkommen til foreldremøte trinn høst Vesterskaun skole

Handlingsplan mot mobbing. for. Stranda ungdomsskule

PLAN FOR ET TRYGT OG GODT SKOLEMILJØ FOR ALLE ELEVER I ØSTRE TOTEN KOMMUNE

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den..

FEVIK SKOLE. Sosial handlingsplan. Handlingsplanen revideres hvert år i april.

Plan for å sikre elevene et godt psykososialt miljø i Stor-Elvdal kommune

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

Forord

HANDLINGSPLAN FOR arbeid med skulemiljø ved Stord vidaregåande skule

HEIDAL SKULE. Plan for arbeidet med elevane sitt skulemiljø Heidal skule SKULEMILJØARBEID. Heidal skule har nulltoleranse mot krenkjande åtferd!

Handlingsplan for et godt psykososialt skolemiljø

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

Føreord side 2. Innhald side 3. Førebyggjande arbeid side 4. Avdekking av mobbing side 5. Problemløysing side 6

Godkjent av driftsstyret Handlingsplan mot mobbing

Plan for å sikre elevene et godt psykososialt miljø i bærumsskolen

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt elevmiljø ved Svortland skule

Definisjoner 5. Hva kjennetegner et godt læringsmiljø? 6. Hva er digital mobbing? 8. A. Forebyggende og holdningsskapende arbeid 8. B.

Utviklingsplan skuleåret Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.»

Hvordan håndtere mobbesaker? Prosedyre i mobbesaker ved Montessoriskolen i Bergen

Plan for elevane sitt psykososiale skulemiljø Kolltveit, juni 2014

Plan for elevenes psykososiale skolemiljø Lyngdalsskolen

FORELDREMØTE STORETVEIT SKOLE KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT

Retten til et godt psykososialt miljø etter opplæringsloven kapittel 9a

TILTAKSPLAN MOT MOBBING

PLAN MOT MOBBING FOR NYMANNSBRÅTET BARNEHAGE

9 A-2 Retten til eit trygt og godt skolemiljø Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Transkript:

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen. Innhald 1. Formål 2. Innleiing 3. Opplæringslova 9a 4. Definisjonar 5. Førebygging 6. Avdekking av negativ åtferd 7. Handtering 8. Sanksjonar 9. Kontinuitet 1. Formål Voss husflidskule skal arbeida for at våre elevar ikkje skal bli utsette for krenkande ord og handlingar som mobbing (inklusiv utestenging), vald, diskriminering eller rasisme på skulen. Me legg vekt på: at tydelig leiing er viktig for å førebygga, avdekka og handtera krenkjande ord og handlingar at skulen, elevane og føresette samarbeider om å førebyggja, avdekkja og handtera krenkjande ord og handlingar. 2. Innleiing Elevane ved Voss husflidskule skal ikkje bli utsette for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald, rasisme eller utestenging på skulen eller på skulevegen. Med mobbing eller plaging forstår me psykisk og/eller fysisk vold retta mot eit offer, utført av ein person eller grupper. Mobbing føreset eit ujamt styrkeforhold mellom offer og plagar, og episodane gjentek seg over tid (Roland og Sørensen Vaaland). Fysisk eller psykisk mobbing er svært alvorleg og skadar menneske, ofte for livet. Det er likevel viktig at me skil mellom det som verkeleg er mobbing og det som me i daglegtale ofte kan kalla mobbing, men som er meir erting mellom jambyrdige partar. Denne typen erting kan likevel skapa eit dårleg miljø og kan utvikla seg til mobbing: Difor må den stoppast. På alle skular finn ein mobbing, men me vil at mobbing skal ha dårlege kår på Voss husflidskule ved å: skapa eit så godt miljø at me hindrar at mobbing oppstår ha enkle system for å melda ifrå dersom ein oppdagar/blir utsett for mobbing stoppa mobbing effektivt når me har mistanke om at det er mobbing på skulen vår

For å få dette best mogleg til, må alle på skulen hjelpa til; alle skulen sine tilsette, elevar og foreldre. Skulen sine tilsette har ei plikt gjennom Opplæringslova 9a. Dersom me også har elevar og foreldre med på laget, kan me lukkast endå betre. Skulen sitt ansvar for å setja i verk tiltak er knytt opp mot Forvaltingslova. Foreldre eller elevar har klagerett via Fylkesmannen dersom dei ikkje er nøgde med dei tiltaka skulen set i verk. Eit godt skulemiljø må skapast på nytt og på nytt, kvar einaste dag, og i det arbeidet er alle som høyrer til Voss husflidskule viktige. Det du vel å gjera, eller vel å ikkje gjera, har noko å seia både for deg og for andre. 3. Opplæringslova 9a-3 Det psykososiale miljøet: Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhør. Dersom nokon som er tilsett ved skolen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skuleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn. Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet, til dømes tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal skulen snarast mogleg behandla saka etter reglane om enkeltvedtak i Forvaltingslova. Om skulen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter reglane i Forvaltingslova som om det var fatta enkeltvedtak. 4. Definisjonar Definisjonane er henta frå Utdanningsdirektoratet sin brosjyre om elevane sitt skulemiljø. Mobbing vil seia at ein eller fleire elevar seier eller gjer noko som er vondt for ein annan elev. Ved mobbing skjer dette fleire gonger, og den som blir utsett, har vanskeleg for å forsvara seg. Utestenging vil seia at nokon så godt som alltid blir halden utanfor ei gruppe eller ein klasse. Vald vil seia at nokon brukar fysisk makt for å skada andre. Rasisme vil seia at nokon blir forskjellsbehandla eller plaga, til dømes fordi dei har ein annan hudfarge eller snakkar eit anna språk. Diskriminering vil seia at ein person blir dårlegare behandla eller trakassert, til dømes på grunn av kjønn, funksjonsevne, tru, hudfarge eller opphav. 5. Førebygging Tilsette ved Voss husflidskule har fokus på å utvikle eit godt læringsmiljø. Det inneber kunnskap om: Klasseleiing relasjonar mellom lærar og elev relasjonar mellom elevane reglar og regelhandheving

sosial kompetanse og læringsmiljø mobbing samarbeid skule-heim involvering av elevar i læringsarbeidet det fysiske miljøet Voss husflidskule har utarbeidd a) årshjul for førebygging av krenkjande/uønskt åtferd, b) tiltaksplan mot mobbing, c) tiltaksplan mot rus, d)årshjul for arbeid i ressursteam og årshjul for elevrådsarbeid. Voss husflidskule sin utviklingsplan seier fylgjande om vår ståstad: Visjon for Voss husflidskule Voss husflidskule for ungdom i utvikling! Grunngjeving: Visjonen er tydeleg på kvifor me er til, kva som er vår kjerneoppgåve som skule, nemleg å utdanna og utvikla ungdom. Det er for elevane me er til. I tillegg er den inkluderande, den viser at Voss husflidskule er for alle. I botnen ligg eit positivt menneskesyn med ei overtyding om at alle menneske har eit utviklingspotensiale. Den verdset framgang. Vidare kjem ikkje utvikling av seg sjølv, det er nødvendig med innsats både frå lærarar og elevar. Visjonen er ambisiøs og forpliktande for alle ved skulen. Voss husflidskule sine verdiar Utvikling Læring Alle skal bli sett og få utvikla seg ut frå eigne føresetnader og interesser Me arbeider for å få til gode læreprosessar for å tilegna oss kunnskap og dugleik Trivsel Saman skapar me ein god arbeidsplass for alle i skulen Respekt Me utviklar oss gjennom å visa respekt for kvarandre, me tek omsyn og viser omsorg Ansvar Me tek ansvar for utviklinga saman. Gjennom god tilrettelegging, samarbeid og eigeninnsats deler me kunnskap og dugleik Ved Voss husflidskule legg me vekt på: 5.1 Relasjon tilsett - elev Den tilsette har eit positivt elevsyn og er ein tydeleg vaksen som eleven kan ha tillit til.

Den tilsette gjev eleven høve til utvikling av potensialet sitt gjennom god undervisning. Den tilsette ser kvar enkelt elev positivt kvar dag. Alle vaksne på skulen er tydelege, og trygge vaksne som elevane kan ha tillit til, mellom anna ved god klasseleiing, ved å ta elevkontakt på alvor og ved å ta tak i konfliktar. Den tilsette fokuserer på elevane sine positive sider og hjelper til med å dempa negative. Den tilsette er observant på endringar i eleven si åtferd og eleven sine skuleprestasjonar. Lærar brukar elevsamtalane aktivt for å skapa ein god relasjon. 5.2 Relasjon tilsett klassen / undervisningsgruppa Den tilsette er leiar på ein slik måte at klassen/gruppa vert opplevd som ein trygg stad for alle elevane. Den tilsette uttrykkjer positive forventningar til alle elevane, både til enkeltindivid og grupper. Den tilsette er klar og tydeleg med grensesetjing, instruksjonar og rettleiing på ein slik måte at skulen vert opplevd som ein trygg stad for alle elevane. Den tilsette skal bli oppfatta som tydeleg, føreseieleg og rettferdig. Alle klassar gjennomfører jamlege økter der ein drøftar status for trivsel og moglege tiltak for å betra læringsmiljøet. 5.3 Relasjon elev - elev Elevane i klassen og på skulen tek vare på kvarandre og er opptekne av at alle har det trygt. Elevane får hjelp til å ordna opp i konfliktar. Alle partar vert høyrde og får høve til å ordna opp etter seg. Den tilsette har godt oversyn over det sosiale livet i klassen og melder frå til føresette/leiinga ved uheldige episodar. Nye elever vert tekne godt imot. 5.4 Relasjon tilsett - føresette Relasjonen mellom lærar og elevane sine føresette er prega av respekt, tillit og samarbeidsvilje. På foreldremøte på hausten strekar læraren under kor viktig det er at koplinga mellom skule og heim er prega av tillit og at spørsmål vert tekne opp direkte med den det gjeld. Den tilsette oppmuntrar til openheit og felles forståing i formelle og uformelle samtalar med føresette. Foreldra får god informasjon gjennom foreldremøta, i utviklingssamtalar og elles via telefon/ e-post 5.5 Skulen sitt samarbeid med heimane Skulen har eit ope og aktivt samarbeid med dei føresette som gruppe. Skulen ønskjer å kommunisera at foreldra er viktige ressursar.

5.6 Årleg skulestart Skulestarten skal vera føreseieleg, trygg og gje alle elevar ei positiv oppleving. Den tilsette er tydeleg på faglege og sosiale krav og forventningar og meininga med å gå på skulen. Den tilsette er tydeleg på at kvar elev sjølv er viktig for korleis skulen er. Elevrådet vert aktivisert til tydeleg medansvar for skulen og kommuniserer dette i klassane. 5.7 Overgangen mellom skuleslag Overgang mellom grunnskule og Voss husflidskule skal verta opplevd som god. Voss husflidskule har eit samarbeid med ungdomsskulane i inntaksområdet. Det er utarbeidd plan med Voss kommune om god overgang. 6. Avdekking av negativ åtferd Voss husflidskule skal avdekkja mobbing, diskriminering, vald og rasisme. Sentrale omgrep er undersøkja, varsla og gripa inn. Voss husflidskule har: årleg undersøking av omfanget av mobbing ved skulen gjennom elevundersøkinga fokus på dette området i elevsamtalar handlingsplikt for tilsette ved skulen. Dei skal melda frå i samsvar med Tiltaksplan mot mobbing ved kunnskap om eller mistanke om at ein elev vert utsett for krenkjande ord eller handlingar 6.1 Tema i elevråd Kvart år er Elevundersøkinga tema for diskusjon i Elevrådet. Elevundersøkinga omfattar også temaet mobbing. Underpunkt (som også vert diskuterte i klassane): Veit du om det skjer mobbing på Voss husflidskule? Kva kan elevane/dei tilsette/skuleleiinga gjera for at det ikkje skal vera mobbing på vår skule? Korleis kan me oppdaga mobbing? Korleis kan me stoppa mobbing? 6.2 Meldeplikt I Voss husflidskule sitt tilleggsreglement står fylgjande: 5.1 Trivsel Eleven og alt personale som er knytt til skulen, utgjer skulesamfunnet. Samværsformene i undervisninga og fritid må leggjast til rette både for elevane og dei tilsette, slik at det fremjar samarbeid og trivsel, respekt og medansvar for alle i skulesamfunnet. 5.2 Meldeplikt Elevane har plikt til å melda frå til kontaktlærar dersom det går føre seg ting mellom elevane som kan skada miljøet eller vere trugande for elevflokken. Tilløp til mobbing må meldast til kontaktlærar snarast. Melding kan også leggjast i eiga hylle på kontoret. Tillitsvalde/vara skal melda frå til kontoret etter 10 minutt dersom lærar ikkje møter til undervisninga.

7. Handtering Ved Voss husflidskule skal alle elevar og føresette oppleva å bli tatt på alvor dersom dei kjem til skulen med uro om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar. Skulen tek ansvar og initiativ for å stoppa slik åtferd. Elevar som har opplevd å bli utsette for eller sjølv har utsett andre for krenkjande ord eller handlingar, skal vita at dei blir følgt opp av skulen etter at den krenkjande åtferda er avslutta. Leiinga har det overordna ansvaret for at skulen følgjer opp saker som gjeld læringsmiljø. Når elev, føresette eller tilsette ved skulen har mistanke om eller kunnskap om at elevar vert utsett for krenkjande ord og handlingar, skal dette følgjast opp med ein gong. Skulen skal sikra ei sakshandsaming og oppfølging i tråd med lovar, forskrifter, kommunal/lokal plan. Munnlege eller skriftlege meldingar frå føresette om alvorlege tilhøve skal etter samtykke frå dei svarast på med eit enkeltvedtak (viser til mal for enkeltvedtak). Leiinga skal sikra at tiltaka vert evaluerte og eventuelt setja i verk nye tiltak. Viser til Plan mot mobbing: 7.1 Enkeltvedtak Dersom ein elev eller føresett ber om tiltak knytt til skulen sitt psykososiale læringsmiljø (gjeld også mobbing) skal rektor snarast råd behandla saka etter reglane om enkeltvedtak i Forvaltingslova. 7.2 Dersom tilsette er involvert i ei mobbesak Viser til HFK sitt regelverk for handtering av denne type saker: http://hordalandleder.phb.no/default.aspx?itemid=4405 8. Sanksjonar Viser til Reglement for Hordaland fylkeskommune http://vog.hfk.no/uploadextern/vog/dokument/ordensreglement%20hfk%20h09.pdf 9. Kontinuitet Voss husflidskule arbeider kontinuerleg for å ha eit godt skulemiljø. 9.1 Informasjon om plan mot mobbing personalet vert oppdatert ved skulestart planen ligg fast på skulen si heimeside og på ITsL. elevrådet har eigne møte saman med elevinspektør for å sjå på aktivitetar som kan gjera planen levande og dynamisk 9.2 Gjennomgang og revisjon Handlingsplanen blir vurdert og eventuelt justert av personalgruppa og elevråd kvart år. Rektor reviderer deretter planen. Voss husflidskule, skuleåret 2015/16