Saksframlegg Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/3332-3 Arkiv: V70 Interkommunalt samarbeid om skogbrukskompetanse i Sogn - Sogndal kommune Formannskapet si tilråding: 1) Sogndal kommune deltek i eit interkommunalt samarbeid innan skogbrukskompetanse i Sogn. 2) Samarbeid omfattar ei 100% stilling til å ta det lovpålagde forvaltningsarbeidet og ei 100% stilling i eit nærings- og utviklingsprosjekt. For utviklingsprosjektet er det ei målsetjinga å skaffe finansiering til ytterlegare ei 100% stilling av eksterne midlar over ein periode på 4-5 år. For kostnadane ved ordninga vert 27 % fordelt likt og 73 % etter skogressursane der økonomisk drivverdig skogareal, planta skog og tal bruk er vektlagt. Kvar stilling får eit budsjett på kr 750 000. Kommunestyret ber formannskapet leggje dette til grunn for arbeidet med økonomiplanen 2015 2018. 3) Med utgangspunkt i dei eksisterande fagstillingane vert ordninga ved oppstart lokalisert ved to kontorstader, Balestrand og Gaupne. Det vert etablert ein vertskommuneavtale. Målsetjinga er oppstart av ordninga innan 01.08.2015.Administrasjonskommune vert avtalt seinare. Rådmann får fullmakt til å inngå vertskommuneavtale. 4) Når det ligg føre klarsignal frå kommunane om å gå vidare så må utviklings- og næringsprosjektet definerast nærare og arbeidet med å sikra ekstern finansiering prioriterast. Vertskommunen må stå føre dette arbeidet. Rådmannen si tilråding: 1) Sogndal kommune deltek i eit interkommunalt samarbeid innan skogbrukskompetanse i Sogn. 2) Samarbeid omfattar ei 100% stilling til å ta det lovpålagde forvaltningsarbeidet og ei 100% stilling i eit nærings- og utviklingsprosjekt. For utviklingsprosjektet er det ei målsetjinga å skaffe finansiering til ytterlegare ei 100% stilling av eksterne midlar over ein periode på 4-5 år. For kostnadane ved ordninga vert 27 % fordelt likt og 73 % etter skogressursane der økonomisk drivverdig skogareal, planta skog og tal bruk er vektlagt. Kvar stilling får eit budsjett på kr 750 000. Kommunestyret ber formannskapet leggje dette til grunn for arbeidet med økonomiplanen 2015 2018. 3) Med utgangspunkt i dei eksisterande fagstillingane vert ordninga ved oppstart lokalisert ved to kontorstader, Balestrand og Gaupne. Det vert etablert ein vertskommuneavtale. Målsetjinga er oppstart av ordninga innan 01.08.2015.Administrasjonskommune vert avtalt seinare. Rådmann får fullmakt til å inngå vertskommuneavtale.
4) Når det ligg føre klarsignal frå kommunane om å gå vidare så må utviklings- og næringsprosjektet definerast nærare og arbeidet med å sikra ekstern finansiering prioriterast. Vertskommunen må stå føre dette arbeidet. Saksutgreiing: Dei komande åra vil det vera behov for auka uttak av skog i Sogn. Det er mykje hogstmoden skog som vi bør utnytta og hausta av, og som kan gje arbeidsplassar i regionen. For å møta behovet for auka uttak må kommunane ha skogbrukskompetanse, men fleire av kommunane manglar idag skogbruksfagleg kompetanse. Luster og Balestrand/Høyanger har i dag eigen fagressursar på skog, dei andre kommunane har det ikkje. Det har vore arbeidd med å få til eit utvida samarbeid om skogbrukskompetanse i regionen. Ei arbeidsgruppe (landbruksansvarlege i kommunane) utarbeidde ein rapport av 30.9.2013 med framlegg til samarbeidsløysingar. Det var møte med ulike aktørar (arbeidsgruppa, representantar frå landbrukskontora i kommunane, regionalt nivå, næringa) den 21.03.14 der kompetanse innan forvaltnings- og utviklingsoppgåver vart drøfta. Rådmannsgruppa i Sogn regionråd har drøfta saka fleire gonger, sist 26. september mellom anna om fordeling av kostnader og oppfølging i kommunane i høve budsjett/økonomiplanarbeid. Ulike samarbeidsløysingar har vore drøfta. Med utgangspunkt i eksisterande fagstillingar vil kontorstadene vera Balestrand og Gaupne. Det vil vera ein styrke å få større fagmiljø samstundes vil utviklingsoppgåvene ofte vera kommuneovergripande. Forvaltningsdelen er ei lovpålagt kommunal oppgåve. Aktuelle forvaltningsoppgåver er desse: Planlegga og følgja opp skogsvegprosjekt, koordinera skogplanting, skoghogst og skogrydding Organisera opplæring/kursverksemd, gje rådgjeving/rettleiing Forvaltning av ulike tilskotsordningar Generell arealforvaltning og ressurskartlegging Arbeida for auka hogst i regionen Døme på utviklingsoppgåver: Detaljplanlegging av skogsvegar (i den grad kommunen har kompetanse og kapasitet) Stimulere til samarbeid mellom skogeigarar Organisera opplæring/kursverksemd, gje rådgjeving/rettleiing Arbeida for auka hogst i regionen Lokal foredling, «kortreist» skog Bioenergi Oppgåver knytta til skogsvegprosjekt, skogvegplanlegging og rådgjeving/ rettleiing og opplæring vert særskilt trekte fram som viktige oppgåver og som vil styrka næringa. Det vil vere både ulike interessentar og ulik finansiering i høve dei ulike oppgåvene; forvaltning og utvikling, og saksframstillinga er derfor delt tilsvarande. Forvaltningsoppgåver Finansiering av stillingsressurs knytta til forvaltningsoppgåver ligg til kommunane. Det er lagt til grunn at regionrådskommunane minimum treng ein 100% stilling til å utføre dei lovpålagde
oppgåvene. Frå fagleg hald er ønskjemålet høgare, og det vert stilt spørsmål om 100% stilling er tilstrekkeleg til forvaltningsoppgåver for ni kommunar. Samstundes vert det vurdert som positivt at ressursane blir kombinert med nærings- og utviklingsarbeid. Forvaltningsoppgåvene vil bli fordelte mellom fagpersonane slik at kvar kommune har ein skogbrukssjef. Ulike modellar/ fordelingar for stillinga mellom kommunane har vore drøfta i rådmannsgruppa. I arbeidet har ein kartlagt ressursar i den einskilde kommune og behov for stillingsressursar for å følgje opp arbeidet. Det er også henta inn oversikt over skogareal, produktivt areal og tal bruk, jf oversikt under, slik at dette kan inngå i ei vurdering ved fordeling. Det er ulike syn på behovet for forvaltningsressursar og gjerne også kva som er pliktige forvaltningsoppgåver. I alternativet som ligg føre og som rådmennene har slutta seg til, er det teke omsyn til dei faglege innspela som er komne inn. Økonomisk drivverdig skogareal, av dette gran Tal bruk % «skog» Høyanger (66 900) 12-3% (7 500) 10% (290) 12-13% 8 Vik (94 100) 17-18% (20 000) 24-25% (368) 16-17% 15 Balestrand (38 600) 7-8% (12 300) 15-16% (158) 7% 8 Leikanger (28 270) 5-6% (6 700) 8% (107) 5% 3 Sogndal (143 000) 26-27% (15 000) 18-19% (355) 15-16% 15 Aurland (3 500) 1% (1 500) 2% (106) 5% 2 Lærdal (40 000) 7-8 (3 000) 4% (168) 7-8% 3 Årdal (28 430) 5-6 (1 000) 1-2% (74) 3-4% 2 Luster (92 107) 17-18 (14 000) 17-18% (648) 28-29% 17
Det er nytta tre kriterium for fordeling; 1) alle kommunar skal ha kompetanse/har oppgåver 2) produktivt skogareal og 3) tal brukarar. I tabellen under er 3% av kostnadane fordelt likt på alle kommunane (dvs 27%) og resterande 73% vert fordelt etter økonomisk drivverdig skogareal, planta skog og tal bruk. Fordelinga blir slik: Kommune Likt (i prosent) Variabel (i prosent) Fordeling (i prosent) Høyanger 3 8 11 Balestrand 3 8 11 Vik 3 15 18 Leikanger 3 3 6 Sogndal 3 15 18 Luster 3 17 20 Aurland 3 2 5 Lærdal 3 3 6 Årdal 3 2 5 27 73 100 Budsjett for stillinga: Løn inkl. sosiale utgifter kr 670 000 Kontorleige og mobil kr 40 000 Reiseutgifter og kurs /opplæring kr 30 000 Totalt kr 750 000 Årleg kostnad for forvaltningsoppgåvene for kvar kommune blir: Kommune Sum 100% Høyanger 82 500 Balestrand 82 500 Vik 135 000 Leikanger 45 000 Sogndal 135 000 Luster 150 000 Aurland 37 500 Lærdal 45 000 Årdal 37 500 Totalt 750 000 Beløpet vil bli justert etter gjeldande deflator i statsbudsjettet. Utviklings- og næringsoppgåver Skogen representerer store verdiar, særleg viss trevirket kan nyttast lokalt. Sogn har nokre av dei viktigaste skogressursane på Vestlandet med stort potensiale for lønsam lokal vidareforedling. I alle kommunane er det relativt store skogressursar og ressursar som nærmar seg avverking. Oppgåver knytta til skogsvegprosjekt vert særskilt trekt fram som ei viktig oppgåve der behova er større enn ein får dekka i dag. Fellesressurs til planlegging på desse områda vil vere svært positivt.
Lokal/regional bruk og foredling av skogen er også eit område med næringspotensiale. Potensiale for lokale sagbruk, bruk av massiv tre, større og mindre biovarmeanlegg og vedproduksjon er område med interessante næringsperspektiv. Det er behov for fellesressurs som kan fremje og hjelpe fram prosjekt på desse områda. Eit 4-5 årig prosjekt på dette område vil kunne finansierast av kommunale næringsfond samt eksterne midlar frå fylkeskommune/innovasjon Norge, Fylkesmannen og andre eksterne midlar. Ei målsetjing bør vere at kommunane finansierar ein 100% stilling og at ein får til tilsvarande bidrag frå eksterne partar slik at prosjektet kan ha ein ressurs på 200% stilling. For kommunane bør ein kunne nytta tilsvarande fordeling som til forvaltningsoppgåvene, jf ovanfor. Det må utformast prosjektsøknad med mål om prosjektperiode 2016-2020/21. Prosjektet vil då kunne vidareføra tiltak/arbeid som no pågår mellom sørsidekommunane, i Feios og på fylkesnivå. Stillingar bør koplast mot eksisterande ressursar slik at kontor i Gaupne og Balestrand vert styrka og ein får til eit godt samarbeid mellom tiltaka, kontora og kompetansen. Oppsummering: For å møta det aukande behovet for uttak av skog i åra framover, blir kommunane bedne om å samarbeida om felles skogbrukskompetanse på følgjande måte: 1.- samarbeida om pliktige forvaltningsoppgåver innan skog der ein sikrar og samordnar kompetanse/stillingsressursar til å utføra oppgåvene - finansiert over driftsbudsjettet. 2.-vera med i eit 4-5 årig prosjekt for å fremje utviklings- og næringstiltak med utgangspunkt i skogressursane i regionen der kommunedelen vert finansiert av til dømes kommunale næringsfond. I dette 4-5 årige prosjektet er det målsetjing om å skaffa ytterlegare 100% stilling finansiert av eksterne midlar til dømes Fylkesmann, fylkeskommune og Innovasjon Norge. 13.10.2014 Jastein Aanestad -rådmann-