Statusrapport per 31. desember 2013 Handlingsplan 2014 for prosjekt Kommunal næringsutvikling

Like dokumenter
Kommuneretta næringsutvikling - statusrapport, evaluering og vidare arbeid

Næringsforum 14.april 2015 Plantema nyskaping.

Prosjektplan Kommunal næringsutvikling

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Notat. Prosjekt kommunal næringsutvikling - statusrapport og evaluering

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutvalet for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Program for entreprenørskap. Eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylke og Innovasjon Norge og KOMMUNANE

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Vi hoppa i det korleis har vi jobba i programmet, og kva har vi oppnådd?

Frå plan til handling

Plantema nyskaping i verdiskapingsplanen

INTERNASJONAL STRATEGI

Søknad - Energiregion Sogn og Fjordane

PROSJEKTPLAN. Program for lokalsamfunnsutvikling i Hordaland - BULYST HORDALAND

Fylkeskommunen får tildelt midlar til kommunale næringsfond frå Kap 551, post 60 i dei årlege statsbudsjetta.

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Ny regional satsing frå Norges Forskingsråd, i Sogn og Fjordane VRI 4

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: U01 Arkivsaksnr.: 14/912

Fagdag for næringsmedarbeidarar

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

3 FORVALTNING AV FONDET 3.1 Forvalting Omstillingsstyret er fondsstyre i søknader om midlar frå næringsfondet.

Dykkar ref Vår ref Dato

SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1. Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan Pilotfylke Møre og Romsdal

Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar

HANDLINGSPLAN FYRSTE HALVÅR 2013 OMSTILLINGSPROGRAMMET I LÆRDAL OG ÅRDAL

Saksframstilling. Arkivsaksnr: 12/1264 Saksbeh.: Karina Nerland Arkivkode: /12 Sogn regionråd Saksframlegg

Kva kan gjerast for at kommunane og fylkeskommunen arbeider stadig betre med næringsutvikling: Temaet no: Nytt næringshageprogram

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Samhandlingsstrukturen i Sogn og Fjordane

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom Haugesund kommune og Haugesund sjukehus, Helse Fonna Dato: 23.februar.2015

REGIONALT UTVIKLINGSPROGRAM FOR HORDALAND 2007 TILSEGN OM TILSKOT INNTIL KR 1,2 mill, TIL PROSJEKT Tiltaksprosjekt i Tysnes TILSEGN 40-07ON

Korleis skape samhandlig lokal og regionalt Solstrand, 26.september 2012

Skaparkraft og partnarskap i samspel

LUK- slik vi forstår intensjonane frå KRD

Naturfag vidareutdanning

Om VRI4 Sogn og Fjordane mobilisering til forsking og utvikling

MØTEBOK. Arve Helle Ap Karen Marie Hjelmeseter Sp Aleksander Øren Heen Sp Bjørn Hollevik H Olav Klungre Krf. Rita Navarsete Frp Klaus Iversen V

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

Regionalplan for Sogn regionråd Utviklingstrekk og scenario Oppsummering etter møta Prosess og framdrift Innspel til vidare arbeid

Dykkar ref Vår ref Dato

Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt

Agenda. Etablerarkurs Sogn og Fjordane. forretningsidé forretningsmodell - forretningsplan

MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Quality Hotel Sogndal Møtedato: Tid: 09:30-13:45

Møteprotokoll. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Høyanger rådhus Møtedato: Tid: 09:45-14:15. A. Desse møtte:

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Nye strukturar og vegen vidare

Ved handsaminga av arbeidsdokument nr. 3, , konkluderte planutvalet slik:

KVA NO ØRSKOG? - Muligheter og utfordringer i ei ny kommune...

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad. Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

Fellestenester - Politisk sekretariat Vår ref: 2016/ Dato:

-fl- P4AR HAIVIAR

Dykkar ref Vår ref Dato 12/

Strategisk plan for kystensamling. Prosjektleiar Arne Kringlen Norconsult AS

Forprosjekt Interkommunalt Friluftsråd

Prosjektskisse Versjon 3. Arbeidspakke 5

Næringspolitikk for auka nyskaping og betre konkurranseevne

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet Utgreiing: Møreforsking og Ideas2Evidence Oppdragsgjevar:

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Framlegg til samarbeidsavtale og reviderte vedtekter for Vestlandsrådet

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Interkommunalt samarbeid om skogbrukskompetanse i Sogn - Sogndal kommune

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

Tilskot i Prosjekt Bryggen - Framlegg til presisering av retningsliner

Delavtale om drift av nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling mellom. Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

FROKOSTMØTE 12. JANUAR 2016: Informasjonsmøte om RDA-midler - næringsretta midler til regional utvikling

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

STRATEGIPLAN

Evaluering av Fylkesplan for Hordaland /09 September 2009

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 056 A20 Arkivsaksnr.: 11/682-3

Natur- og kulturbasert næringsutvikling. rundt Den Grøne Sløyfa

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: G21 Arkivsaksnr.: 14/745-7

Trond Ueland, Åse Neraas, Inger Auestad, Jan Olav Fretland, Ole Tormod Kleiven, Skage Schei, Kari Kjenndalen, Ingrid Moe Albrigtsen

Innkalling til møte i arbeidsutvalet for vassregion Sogn og Fjordane

Prosjektplan Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune. Utkast for drøfting

30. APRIL 2019 PROSJEKTPLAN FELLES PROFIL OG MERKEVARE FOR SOGN. SOGN REGIONRÅD NÆRINGSNETTVERKET Sogndal

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Framtidsfylket AS v/ Linda Hovland Naustdalsvegen 1B 6800 FØRDE

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015

Studieplan for BACHELORSTUDIET I NYSKAPING OG SAMFUNNSUTVIKLING ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB)

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Årsplan Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane

1 Fylkestinget går inn for å styrke kapitalbasen i Fjord Invest A/S med 15 mill kr.

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2

NØKKELDATA ANSVAR OG LEIING MÅL OG OPPDRAG MÅLDEFINERING OG INDIKATORAR OVERORDNA MÅL OG FORVENTA EFFEKT BAKGRUNN, UTFORDRINGAR OG FØRESETNADER

Transkript:

1 Statusrapport per 31. desember 2013 Handlingsplan 2014 for prosjekt Kommunal næringsutvikling Innleiing Prosjekt kommunal næringsutvikling er sett i verk av partnarskapen for å spele kvarandre betre på næringsutvikling. I partnarskapen er kommunane, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Innovasjon Norge og Fylkesmannen si landbruksavdeling. Denne rapporten gjer opp status etter om lag 3 år i drift i prosjektet og skisserer vegen vidare. Rapporten tek ein statusgjennomgang av kvart delprosjekt slik det var per 31.desember 2013. Målsetting Styrke førstelinetenesta sitt næringsutviklingsarbeid, slik at dei kan gje etablerarar og lokalt næringsliv eit betre tilbod. Målsettinga skal vi nå gjennom resultatmåla nedanfor. Resultatmål Vi har følgjande resultatmål for prosjektet: Ei betre organisering av arbeidet med næringsutvikling på kommune- og regionnivå. Større fagmiljø med auka stillingsressursar i minst ti kommunar i løpet av prosjektperioden. Auka kompetanse og auka merksemd rundt næringsutvikling på kommunalt nivå og betre verkty for næringsutvikling. Alle i målgruppa skal ha eit fått eit kompetanseløft i løpet av prosjektperioden. Utvikle betre verkty for målgruppa for å betre næringsutviklingsarbeidet. Betre kommunikasjon mellom lokalt og regionalt nivå og betre samhandling og kommunikasjon ut frå regionale aktørar. www.driftig.no skal vere hovudkanalen for informasjon relatert til nærings- og gründerarbeid. Ha gode nettverk og treffpunkt for tiltaksapparatet og regionalt nivå. Måloppnåing Fleire kommunar har inngått samarbeid og har på denne måten fått breiare kompetanse og betre kapasitet. Dei fleste i førstelinetenesta har auka kompetansen gjennom prosjekt kommunal næringsutvikling sitt kompetansetilbod. Partnarskapen har fått utvikla program for småbedrifter som set dei betre i stand til å arbeide med næringsutvikling. Driftig.no er nettsida som gjev god kommunikasjon mellom gründerane, førstelina og partnarskapen. Slik sett er vi på rett veg i høve måloppnåing. Det gjenstår arbeid med å tilby nettverksarena for småbedrifter og motivere for auka grad av næringssamarbeid. Framdrift Det er gjennomført tiltak som planlagt i handlingsplanen for 2013. Høgskulestudium er gjennomført med godt resultat. Program for småbedrifter er ferdig utvikla og skal settast i verk i

2014. Rådgjevarkorpset er i hovudsak samansett av prekvalifiserte konsulentar i Innovasjon Norge sitt program for vekstbedrifter. I år 2014 styrkjer vi arbeidet med å marknadsføre Driftig.no og dei to dørene inn til virkemiddelapparatet. Informasjon om driftig.no og korte videosnuttar om å vere gründer vert å sjå på reklameskjermane i ventehallane på flyplassane i fylket og på ekspressbåtane. 2014 vert eit viktig år for evaluering av tiltaka i prosjektet og kva tiltak som bør vidareførast Økonomi Prosjektrekneskapen syner noko lågare kostnader i 2013 enn budsjettert. Restmidlar er overført til 2014 med kr. 254 252,-. Rekneskap 2013 Lønskostnader 742 279 Etablerarkurs 783 382 Kurs og Verkty 593 262 Tiltaksforum 26 291 Dialogmøte med kommunane ----- Driftig.no 382 867 Diverse samlingar / seminar 30 377 EtalblerarLink 21 070 SUM 2 579 528 Finansiering 2013 Restmidlar 2012 overført til 2013 816 780 HPN sitt budsjett 2013 900 000 HPN sak 64/12 475 000 Innovasjon Norge 392 000 Fylkesmannens landbruksavdeling 250 000 Restmidlar 2013 overført til 2014-254 252 SUM Finansiert 2 579 528 Budsjett 2014 Lønskostnader 750 000 Etablerarkurs 974 000 Kurs og Verkty 360 000 Tiltaksforum 40 000 Dialogmøte med kommunane 40 000 Driftig.no 450 000 Diverse samlingar / seminar 40 000 SUM 2 654 000 2

Finansiering 2014 Restmidlar 2013 overført til 2014 254 000 HPN sitt budsjett 2014 900 000 HPN sak 18/13 750 000 Innovasjon Norge 500 000 Fylkesmannens landbruksavdeling 250 000 Fylkeskommunen Løyving HPN 0 SUM Finansiert 2 654 000 Nærare status for kvart tiltak Kjenneteikn på næringskommunar Statusrapport 2013: Distriktssenteret sin rapport vart presentert 6. juni i 2012. Vi har valt å nytte denne rapporten i vårt vidare arbeid. Handlingsplan 2014: Temaet vert teke naturleg opp i dialogmøte med kommunane. 1.2.1. Organisering av tiltaksapparatet Statusrapport 2013: Arbeidet med organisering av tiltaksapparatet har i hovudsak vore arbeidd vidare med i Regional verdiskapingsplan under temaet Nyskaping. Fleire kommunar vurderer å samarbeide om førstelinetenesta for å få auka kapasitet og breiare kompetanse. Vår rolle har vore å peike på kor viktig det er at kommunane har styring med verkemiddelbruken gjennom god representasjon i styret og at vedtektene for selskapet er i tråd med retningslinene for bruken av næringsfond. Særleg er det viktig at lokalt næringsliv vert engasjert i arbeidet med næringsutviklinga. Prosjekt kommunal næringsutvikling har gjennomført dialogmøte med 15 kommunar i 2013. Tilbakemeldinga frå kommunane er udelt positive. Vi får klåre tilbakemeldingar om at desse møta må verte eit årleg tiltak. I møta får vi ein god dialog om kommunane sine utfordringar og moglegheiter, kva dei er opptekne av og kva partnarskapen kan vere med å legge til rette for. Handlingsplan 2014: Det er lagt opp til vidareføring av dialogmøte med kommunane for vidare oppfølging. Arbeidet med å få fleire til å samarbeide om 1.linjetenesta vert ein viktig del av dialogmøta med kommunane. 1.2.2. Samarbeidsavtalar mellom kommunalt og regionalt nivå Statusrapport 2013: Temaet var oppe som sak i siste møte i styringsgruppa. Tilrådinga var at samarbeidsavtalar mellom kommunane og fylkeskommunen ikkje vert nytta. Det har derfor ikkje vore arbeidd vidare med dette tiltaket. 3

2.1.1. Kompetansenivå i førstelinetenesta Statusrapport 2013: Høgskulestudium i bedriftsutvikling/knoppskyting- og entreprenørskap var det viktigaste tiltaket i 2013. Tiltaket er kommentert i eige punkt. I tillegg vart det lagt opp til informasjonsmøte om program for småbedrifter. Det melde seg 16 deltakarar. Det har seinare vore halde individuelle møter med 3 næringssjefar om same temaet. Handlingsplan 2014: Fleire praktiske kurs vert tilbydd gjennom året 2014. Særleg gjeld dette satsinga på småbedriftene med kurs i næringssamarbeid og nye informasjonsmøter om program for småbedrifter som rekrutteringstiltak av småbedrifter. For nærare informasjon viser vi til vedlagt utkast til kursplan for 2014. 2.1.2. PLP-kurs Statusrapport 2013: Det vart ikkje gjennomført kurs i PLP. Grunnen er at behovet er dekka for dei fleste i førstelina. Handlingsplan 2014: Nytt kurs er planlagt i 2014 der målgruppa er både førstelina og småbedrifter. Kurset er lagt opp til ein dags kurs. 2.1.3. Kompetanseheving i dagleg arbeid Statusrapport 2013:. Kurset Gode pengar til Gode prosjekt vart gjennomført i 2013. førstelinjetenesta fekk også tilbod om kurs i forretningsmodellering og vekstbedrifter. Det vart gjeve kurs i statstøtte og innkjøp. Det er stadige utskiftingar av personell i tiltaksapparatet i kommunane. Kontinuerleg tilbod av slike kurs er difor naudsynt.. Tiltak Resultatmål Kurs i Vekstbedrifter 19 deltakarar Gode pengar til Gode prosjekt 23 deltakarar Statsstøtte og innkjøp 27 deltakarar Forretningsmodellering 12 deltakarar Handlingsplan 2014: Nytt kurs for næringsmedarbeidarar i kommunane om statsstøtte og innkjøp vert tilbydd i løpet av våren 2014. Kurset Gode pengar til gode prosjekt vert gjennomført på haustparten. Nytt av året er kurs i program for småbedrifter og næringssamarbeid. 2.1.4. Høgskulestudium Statusrapport 2013: Høgskulestudium i bedriftsutvikling/knoppskyting og entreprenørskap starta 20. august. Målsettinga var å få med 15 deltakarar, der 10 tok eksamen. 19 deltakarar var påmeld. 15 av dei ønskte å ta eksamen. Siste samling vart gjennomført 25. til 26. november. Innlevering av oppgåve til skriftleg eksamen var sett til 3. januar 2013. Tilbakemeldingane frå deltakarane er at dette var eit relevant og godt gjennomført kurs. Alle fire samlingane var lagt til Førde. Handlingsplan 2014: Alle 15 deltakarar som tok eksamen leverte inn sine skriftlege oppgåver og fekk bestått. Det vart gjennomført munnleg eksamen 29. januar 2014. Alle fekk bestått. 4

Det er ikkje lagt opp til oppstart av nytt høgskulestudie i 2014. Det skal vurderast om eit tilsvarande studie vert sett i verk i 2015. 2.2.1. Vidareutvikling av kommunale næringsfond Statusrapport 2013: Arbeidet med nye retningsliner vart ferdigstilt før tildeling for 2012. Det vart gjennomført ein brei prosess med kommunane gjennom høyringsmøte og skriftlege innspel. Det vart lagt større vekt på folketalet i kommunane enn ved tidlegare tildelingar. Grensa for kven som kan få midlar vart auka frå 1 million kroner i inntekter frå konsesjonsavgifter til 2 million kroner. Dette er dei viktigaste endringane i utviklingsarbeidet. Handlingsplan 2014: Arbeidet med kommunale næringsfond er ein del av næringsavdelinga sine ordinære oppgåver, men er tett kopla til aktiviteten i prosjektet. Vi vil følgje opp kommunane i deira forvalting av kommunale næringsfond mellom anna gjennom dialogmøter og kurs. Frå 2014 vil alle midlar frå kommunale næringsfond bli lyst ut elektronisk gjennom nettsida www.regionalforvaltning.no. Gjennom dette blir det ein portal for utlysing av midlar, og oversikt over midlar og rapportering blir enklare. Vi gjennomfører kurs i regionalforvaltning.no. Vi vil gjere ei evaluering av retningslinene i løpet av 2014. Retningslinene kan også bli endra frå 2015 som følgje av regional verdiskapingsplan. 5 2.2.2. Etablererkurs Statusrapport 2013: Etablererkurs er gjennomført i alle fire regionane med følgjande resultat. Sogn 16 deltakarar 4 deltakarar fullførte ikkje Nordjord 15 deltakarar 6 deltakarar fullførte ikkje Sunnfjord 12 deltakarar alle deltakarane fullførte HAFS 9 deltakarar 4 deltakarar fullførte ikkje Det er ulike grunnar til at fleire av deltakarane ikkje fullførte. Noko av føremålet med etablererkursa er å realitetsorientere deltakarane om kva som krevst av dei og idéen deira. Nokre slutta også fordi det var meir arbeid enn dei hadde føresett. Dei vil difor ta det igjen når situasjonen deira tilseier det. Målet må vere at vi slepp dei ut att med eit ope sinn om tanken på at når den «rette» forretningsidéen dukkar opp så veit dei meir om kva som krevst og har større sjanse for å lukkast. Etter at vi har spurt deltakarane om kor mange som skal starte opp svarer 39 % at dei vil etablere seg. Dei som etablerer seg gjer det som regel i løpet av dei to til tre første åra. Dersom tal deltakarar går ned må vi finne meir fleksible løysingar med mindre kostnadsbruk. Det er viktig å vite at kostnadene med samlingane er fast. Det er rådgjeving til kvar deltakar som varierer. Dersom tal deltakarar aukar vil også kostnaden auke. Kvar deltakar får inntil 5 timar individudell rådgjeving. Handlingsplan 2014: Det vert gjennomført 4 etablererkurs, eitt i kvar region, i 2014. Sogn og Fjordane fylkeskommune nyttar opsjonen på eitt ekstra år for Mentor AS som skal stå for gjennomføring av etablererkursa samt delta i rekruttering av gründerar saman med kommunane. Førstelinetenesta i kommunane har eit særleg ansvar for oppfølging av gründerane etter gjennomført etablererkurs. Etablererkurs startar i Sogn 20. februar. Etablererkurs startar i Nordfjord 3. mars. Etablererkurs i Sunnfjord startar den. 4. september.

Etablererkurs i HAFS startar den 8. september. Det vert køyrt introduksjonskurs i forretningsmodellering som lekk i rekrutteringa til kursa. 2.2.3. Statistikk over nyetableringar Statusrapport 2013: EtablererLINK vart vurdert til å ha for låg nytte sett i høve til kostnaden. Inngått avtale er oppsagt. Handlingsplan 2014: Brønnøysundregistrene skal levere oversikt over nyetableringar på fylkesnivå og per kommune. Det er inngått avtale om leveranse av statistikk per månad for 2014. Statistikken gjev oversikt over nyetableringar per bransje. 3.1.1. Driftig.no - Ein informasjonskanal for gründerar og tiltaksapparat Statusrapport 2013: www.driftig.no er hovudkanalen for informasjon relatert til nærings- og gründerarbeid i Sogn og Fjordane. I driftig.no finn gründerane og bedrifter kontaktperson i sin kommune. Her finn dei også aktivitetskalender der dei får informasjon om kva tilbod som finst og kor tid / kvar det finn stad. Driftig.no er fornya og relansert. Ny driftsmodell er laga. Det er oppretta redaktørgruppe som skal syte for å halde sida oppdatert og levande. Handlingsplan 2014: Driftig.no skal vere i normalt gjenge i si nye form. Driftig.no vert marknadsført på alle flyplassane sine reklameskjermar. Det same gjeld ekspressbåtane mellom Bergen Nordfjord og Bergen Sogn. Det vert arbeidd med å få marknadsført Driftig.no på Høgskulen i Sogn og Fjordane og alle dei vidaregåande skulane. Driftig.no har ein prøveperiode fram til 1. juni 2014. På grunn av at utprøvingsperioden var forseinka bør prøveperioden forlengast ut året. Då skal alle tiltaka evaluerast og vurderast opp mot nytten. 3.1.2. Treffpunkt nytilsette Statusrapport 2013: Det er gjennomført møte med representantar frå Lærdal og Hyllestad. Deltakarane har også fått møte representant frå Innovasjon Norge. Tilbakemeldingane er at møta er nyttige og positive. Handlingsplan 2014: Nytilsette vert invitert til fylkeshuset der dei møter representantar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Innovasjon Norge. Alle nytilsette i kommunane vert invitert inn til møte i løpet av 2014. 3.2.2. Tiltaksforum Statusrapport 2013: Tiltaksforum er nettverksarenaen for næringsapparatet til kommunane i fylket og den regionale partnarskapen. Som del av programmet får lokale suksessbedrifter presentere seg. Tiltaksforum vart gjennomført 12. og 13. november i Sogndal. 52 deltakarar var påmelde. Den raude tråden var arbeidet med småbedriftene under temaet «frå liten til litt større». Fylkeskommunen nytta høve til sette fokus på småbedriftene sitt behov for proaktiv tilrettelegging. Ein viktig del av dette arbeidet vert bruken av utviklingsverktyet «program for småbedrifter». Tilbakemeldingane var gode. 6

7 Handlingsplan 2014: Nytt Tiltaksforum er planlagt til oktober 2014. Tema vil vere intraprenørskap (bedriftsutvikling/knoppskyting). Tiltaksforum skal sette på dagsorden føresetnader for å lukkast og kva erfaringar 1.linja har med program for småbedrifter. Arbeid med næringssamarbeid vil vere tema der vi skal få både teori og presentasjon av gode næringsklynger på Sunnmøre og i Hordaland.