HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201208495-4 Arkivnr. 811 Saksh. Iversen, Erlend Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 14.11.2012 21.11.2012-22.11.2012 TRAFIKKAVVIKLING RV 555 MOT ASKØY OG SOTRA SAMANDRAG I fylkesutvalet sitt møte 25.10.12 vart det lagt fram melding om trafikkavviklingsproblem på Rv 555 mot Sotra og Askøy 25.10.12. Fylkesutvalet bad om å få lagt fram meldinga som sak til neste møte. Fylkesrådmannen legg med dette fram sak om trafikkavviklingssituasjonen Rv 555. På bakgrunn av møte med Fjell kommune om trafikkavviklingsproblem på riksvegen, utarbeidde Statens vegvesen ein rapport med oversyn over trafikksituasjonen på Sotrasambandet, inkludert vurdering av maksimal kapasitet for ein tofeltsveg av denne typen. I tillegg er det vurdert om stenging av på- og avkøyring Fv 209 Arefjordvegen i rushtida kan betre framkomsten på Rv 555. Statens vegvesen har gjennomført teljing av køyretøy, ÅDT og køyretidsmålingar, som alle viser at trafikken på Sotrasambandet er nær maksgrensa for ein tofeltsveg av denne type. Vidare viste gjennomgangen at stenging av kryss mot Arefjordvegen i rushtida berre vil ha minimal innverknad på framkomsten på riksvegen. Med utgangspunkt i rapporten ser fylkesrådmannen at det ikkje finst enkle tiltak som kan løyse dei trafikale utfordringane på Rv 555 på kort sikt. Dersom framkomsten skal betrast, er det naudsynt å få endra reisemiddelfordelinga slik at fleire reiser kollektivt. Budsjettforslaget for 2013 inneheld forslag til kapasitetsauke for buss i morgon- og ettermiddagsrushet. I tillegg er det starta opp eit prosjekt i regi av Skyss for å vurdere samla verkemiddelbruk i vestkorridoren (Bergen vest, Sotra, Askøy), for å styrke kollektivtilbodet der behovet er størst. Fylkesrådmannen viser til det statlege ansvaret for riksveg. Vidare kan det peikast på at så lenge buss ikkje har prioritet framfor biltrafikk, vil det vere utfordrande å endre reisemiddelfordelinga i favør av kollektivtransport, samstundes som framkomstproblem har direkte innverknad på driftsutgiftene til kollektivtrafikken. I samband med dette bør det nemnast at prosjektet med kollektivfelt mellom
Drotningsvik og Breivikskiftet er starta opp gjennom fylkeskommunal forskottering, og at Fjell kommune har regulert kollektivfelt på strekninga Straume Sotrabrua. I tillegg til prosjektet for vestkorridoren, vil fylkesrådmannen halde fram med dialogen med Fjell kommune om innfartsparkering, på bakgrunn av dei forslag til aktuelle areal som er lansert av kommunen. FORSLAG TIL INNSTILLING Fylkesutvalet tek saka til orientering. Paul M. Nilsen fylkesrådmann Anne Iren Fagerbakke samferdselssjef Vedlegg: 1 Notat Statens vegvesen: Dagens trafikksituasjon Rv 555 Straume Sotrabroen 2
FYLKESRÅDMANNEN, 25.10.2012: I fylkesutvalet sitt møte 25.10.12 vart det lagt fram melding i møtet om trafikkavviklingsproblem på Rv 555 mot Sotra og Askøy 25.10.12. Fylkesutvalet bad om å få lagt fram sak om dette, og fylkesrådmannen legg med dette fram sak om trafikkavviklingsproblema Rv 555. 1. Bakgrunn 10. september vart trafikksituasjonen på Rv 555 til og frå Straume diskutert i møte mellom fylkesordførar og ordførar i Fjell kommune. I tillegg var samferdselsavdelinga og Skyss og representert. Føremålet med møtet var vurdering av strakstiltak som kan bidra til å redusere køane over Sotrasambandet. I fyrste omgang vart det konkludert med Statens vegvesen skulle utarbeide ein rapport med oversyn over trafikksituasjonen på Sotrasambandet, inkludert vurdering av maksimal kapasitet for ein tofeltsveg av denne typen. I tillegg skulle det vurderast om stenging av på- og avkøyring Fv 209 Arefjordvegen i rushtida kan betre framkomsten på Rv 555. I tillegg skulle Fjell kommune undersøke aktuelle areal for mellombels innfartsparkering i Straumeområdet, og Skyss skulle sjå på høve til å auke bussproduksjonen i rush. Desse vurderingane ligg no føre, og utgjer grunnlaget for denne saka. 2. Rapport frå Statens vegvesen: Dagens trafikksituasjon Rv 555 på Sotra og vurdering av tiltak FV 209 Arefjordvegen 2.1.ÅDT, trafikkteljing og køyretidsmåling Sotrasambandet Figur 1 gir eit oversyn over ÅDT (årsdøgertrafikk) for Sotrasambandet. ÅDT er summen av alle køyretøy som passerar eit snitt av vegen (begge retningar) i løpet av eitt år, dividert med 365. Dette er ikkje ei eksakt måling av kva slags trafikk som passerar eit snitt ein bestemt dag. Ein sundag i juli vil til dømes ha ein døgertrafikk som er vesentleg under vegen sin ÅDT, samstundes som ein fredag i september vil ha vesentleg høgare trafikk enn registrert ÅDT. Ein kan altså ikkje på bakgrunn av ÅDT si i kva grad vegen sin kapasitet er overskriden. Generelt kan det peikast på at ein tofeltsveg med kryss i plan vil få kapasitetsproblem ved 20 22000 ÅDT. Dette kan observerast gjennom at rushtida ved høg ÅDT ikkje lengre er ein kort periode, men i staden ein situasjon som kan vare i fleire timar (som på Sotrasambandet). Største registrerte døgertrafikk over Sotrabrua har så langt vore 32 400 køyretøy (6. september). Normalt vert det rekna med at eit køyrefelt under optimale forhold kan avvikle ca 1 300-1 400 køyretøy per time. Snittet av dei seks høgaste registrerte timeteljingane for køyrefeltet frå Sotra er 1340 køyretøy per time. Mot Sotra er tilsvarande tall 1370 per time, dvs. 30 køyretøy per time høgare enn trafikken frå Sotra. Dette kan skyldast at kryssområdet på Drotningsvik har noko betre kapasitet enn kryssområda ved Knarrevik. Årsaka til dette er todelt. I Drotningsvik ligg krysset i svak nedoverbakke, noko som gir litt betre kapasitet, og samstundes som det ikkje er venstresvingar (planskilt). 3
Figur 1: Trafikktal 2009, Sotrasambandet Tal for ÅDT i figur 1 og teljingar er supplert med køyretidsmålingar, jf. tabell 1. Målingane viser vesentleg forseinking for trafikk retning frå Straume mot Knarrevik, men liten eller ingen forseinking for trafikk frå Knarrevik retning Straume. Morgonrushet er meir konsentrert i tid enn ettermiddagsrushet, derfor er forseinkinga størst om morgonen. Statens vegvesen legg derfor til grunn at det er viktigast å få etablert kollektivfelt retning frå Straume mot Knarrevik, mens kollektivfelt motsett retning vil ha mindre effekt. Morgon 07:00-09:00 Straume mot Knarrevik Ettermiddag 15:00-16:30 Morgon 07:00-09:00 Knarrevik mot Straume Ettermiddag 15:00-16:30 Max forseinking 18 minutt 8 minutt 0,5 minutt 0,5 minutt Gjennomsnittleg 8 minutt 4 minutt Minimal Minimal forseinking Tabell 1: Køyretidsmålingar Straume Knarrevik 22. mai 2012. 2.2 Stenging av kryss ved Arefjordvegen Statens vegvesen konkluderar førebels med at det kan vere potensiale for ei marginal auke i timekapasitet for trafikk mot Bergen, men at denne er avhengig av kor mange køyretøy som vert flytta over til lokalvegnettet. Det er særleg venstresvingtrafikken (som kryssar køyrefelt mot Knarrevik) som set ned kapasiteten. Statens vegvesen legg likevel til grunn at stenging av Arefjordvegen berre i liten grad vil redusere køproblema, pga av at kapasiteten over Sotrabrua som nemnt allereie er tilnærma fullt utnytta. Det vert også presisert at overflytting av trafikk til lokalvegnettet totalt vil kunne føre til auka ulukkesrisiko. 4
3. Avlasting av Rv 555 ved bruk av lokalvegnettet Fylkesrådmannen har og vore i dialog med Statens vegvesen i samband med spørsmålet om bruk av lokalvegen frå Loddefjord til Storavatnet (Lyderhornsvegen og Godviksvingene) som avlasting for Rv 555. Fylkesrådmannen gjer merksam på at det har vore ei målsetting å avlaste lokalvegen for trafikk. I tillegg peiker Statens vegvesen på at auka trafikk langs denne traseen vil representere utfordringar med tanke på miljø og trafikktryggleik Den kapasitetsmessige gevinst av ei slik løysing vert og vurdert som særs avgrensa, då det er kapasiteten i kryssa som er avgjerande. Sjølv om lokalvegen frå Loddefjord til Storavatnet isolert sett tilfører ekstra kapasitet på strekninga så lenge den går parallelt med Rv 555, så skal den same trafikken flettast inn att på Rv 555. Dette vil hovudsakeleg skje ved kryss Olsvik og Storavatnet, for trafikk som skal vidare mot Sotra eller fylkesvegen mot Askøy. Ei slik auka trafikk i kryssa vert ikkje vurdert å gi kapasitetsauke på vegsystemet, men i staden forsinke framkomsten på hovudvegen med hyppigare stopp for fletting av trafikk. 4. Endringar i busstilbodet På bakgrunn av rapportar om fulle bussar frå Straume terminal til Bergen, har Skyss arbeidd med å vurdere auke i bussproduksjonen på strekninga. Budsjettforslaget for 2013 inneheld forslag om eit avgrensa tal ekstraavgangar Straume sentrum Straume i morgonrushet, og motsett retning i ettermiddagsrushet. Det bør i tillegg nemnast at det er starta opp eit prosjekt for evaluering av det totale rutetilbodet i vestkorridoren (Bergen vest, Sotra, Askøy) i regi av Skyss. Føremålet med dette er samla verkemiddelbruk for heile området, for utvikling av eit betre og meir effektivt kollektivtilbod der behovet er størst. 5. Innfartsparkering i Straumeområdet Dagens situasjon på Straume er at fylkeskommunen leiger 132 plassar av Thon Sartor AS ut 2014. Fjell kommune har presentert forslag til ny, mellombels innfartsparkering for å lette trafikksituasjonen frå Straume i retning Bergen. Aktuelle plasseringar for ny, mellombels innfartsparkering i Straumeområdet kan i følgje kommunen vere grovplanert areal rett nord for rådhuset, eller Straume Næringspark, som ligg sør for dagens senterområde. Avstanden mellom tomtane og Straume terminal er mindre enn 1 km. Det er førebels ikkje utarbeidd kostnadsestimat for å sette tomtane i stand som innfartsparkering, og dette er igjen avhengig av tidsperspektiv og kva krav som vert sett til kvaliteten på parkeringsareala. Fjell kommune peiker på at tomtane krev relativt lite arbeid for å kunne setjast i stand. Det er ikkje avklart om tomtane er aktuelle for sal eller leige. Det kan også nemnast at Fjell kommune og har undersøkt høve til å etablere innfartsparkering på Ågotnes, og er positiv til å nytte ein gamal idrettsplass til dette føremålet. Fylkeskommunen har tidlegare vurdert å etablere innfartsparkering på den såkalla McDonald s-tomta mellom Rv 555 og Sartor senter. Kommunen har tidlegare ikkje teke stilling til spørsmålet, mellom anna på grunn av at dette i dag er eit grøntområde. Fjell kommune har likevel no regulert tomta til innfartsparkering, men strekar under at denne tomta krev vesentleg meir opparbeiding enn dei andre areala som er føreslått. Med unnatak av McDonald s-tomta, bør det nemnast at alle dei andre forslaga vil krevje ekstraproduksjon/ tilpassing i busstilbodet, for å gi kontakt mot Straume terminal. 5
6. Kollektivtilbod Askøy Kapasitet på hurtigbåten (og busstilbodet) frå Askøy er ein del av arbeidet med evaluering av kollektivtilbodet i vestkorridoren. Det er utfordringar knytt til å auke kapasiteten utan å setje inn ein ekstra båt i rush, og det er ikkje sett av budsjettmidlar til dette. Når det gjeld buss, så ligg det i budsjettforslaget inne forslag om ekstra avgang til/ frå Kleppestø i morgon- og ettermiddagsrushet. For innfartsparkeringa på Askøy er situasjonen i dag at kapasiteten på Kleppestø er fullt utnytta på dagtid. Askøy kommune har spørsmålet om ny og/ eller utvida innfartsparkering til vurdering. 7. Fylkesrådmannen si vurdering Fylkesrådmannen vil streke under det statlege ansvaret for riksvegar. Samstundes må det peikast på at det ikkje finst enkle tiltak som kan løyse dei trafikale utfordringane på Rv 555, korkje på kort eller lengre sikt fram mot nytt Sotrasamband. For å betre framkomsten for alle trafikantgrupper på Rv 555, ser fylkesrådmannen det som naudsynt at fleire reiser kollektivt. Fylkesrådmannen vil her vise til at prosjektet med bygging av kollektivfelt mellom Drotningsvik og Breivikskiftet er starta opp, ved hjelp av fylkeskommunal forskottering på inntil 100 mill kr. Køyretidsmålingar i regi av Statens vegvesen viser store forseinkingar på strekninga frå Straume mot Sotrabrua. I eit system der fylkeskommunen kompenserer operatør etter rutetimar, betyr dårleg framkomst også auka driftsutgifter for kollektivtrafikken, som igjen har konsekvensar for rutetilbodet. Fjell kommune har regulert inn kollektivfelt på strekninga, men det er førebels ikkje sett av midlar til eit slik tiltak. Fylkesrådmannen ser kollektivfelt på Sotrasida, kombinert med kollektivfelt Drotningsvik, som eit sentralt verkemiddel for å få fleire til å reise kollektivt, og dermed bidra til å betre trafikksituasjonen på heile Rv 555. Så lenge buss ikkje har prioritet framfor biltrafikken, vil det vere utfordrande å få endra reisemiddelfordelinga i så stor grad at det vil ha innverknad på trafikksituasjonen. Det bør også nemnast at meir effektiv og føreseieleg framkomst vil ha direkte innverknad på driftsutgiftene for kollektivtrafikken. Fylkesrådmannen vil og vise til prosjektet med evaluering av kollektivtilbodet i vestkorridoren (Bergen vest, Sotra, Askøy). Sentralt i prosjektet står mellom anna kapasitetsvurderingar, gjennom samla verkemiddelbruk for å styrke kollektivtilbodet der behovet er størst. I tillegg til dette kjem den føreslåtte kapasitetsauken i budsjettforslaget for 2013. Fylkesrådmannen legg til grunn vurderinga frå Statens vegvesen om at effekten av å stenge Fv 209 Arefjordvegen mot Rv 555 i rushtida vil ha liten effekt på framkomsten på riksvegen. Samstundes må dette sjåast i samanheng med at kapasiteten på riksvegen er sprengt, med tanke på at teljingar viser at trafikken tidvis ligg på maksgrensa for kva ein tofeltsveg av denne typen kan klare under optimale forhold. Under slike forhold finst det grunn til å rekne med at sjølv mindre hendingar på riksvegen vil få store konsekvensar for framkomsten. På bakgrunn av at stenging av kryss ved Arefjordvegen er vurdert til å gi liten effekt, og at det vert gjennomført ei avgrensa kapasitetsauke på buss, vil fylkesrådmannen halde fram med dialogen med Fjell kommune om styrking av innfartsparkeringstilbodet i Straumeområdet. 6