1 RETNINGSLINJER FOR LEIKE- OG UTEOPPHALDSAREAL I TYSVÆR KOMMUNE Vedtatt i kommunestyret 19.03.2013 Forord Følgjande retningslinjer for leike- og uteopphaldsareal skal nyttast i samband med utarbeiding av reguleringsplanar og opparbeidinga av leikeplassar og uteopphaldsareal i Tysvær kommune. Alle leikeplassar i Tysvær kommune skal ha leikeutstyr som tilfredstiller krav til offentlige leikeplassar. Tysvær kommune skal godkjenne teknisk plan for opparbeiding av leikeplassane med leikeutstyr og plassering. Kommuneplanen sett krav til kor mykje areal som skal vere velegna for leik, men det er ikkje krav til at alt leikeareal vert opparbeidd. Område der born leikar, og areal som peikar seg ut som naturlege leikeareal, bør i størst mogleg grad verte avsett til friområde i reguleringsplan, og bør ikkje opparbeidast utover naudsynte sikringstiltak. Areal som ikkje er velegna for leik vert ikkje rekna som leikeareal. 1. SENTRALT LEIKEOMRÅDE For bustadområde med over 100 bustader skal det avsetjast plass for eit sentralt leikeområde. Arealet skal vere minst 6 daa og liggje tilgjengelig for heile området. Adkomst til området bør ikkje kome i konflikt med køyrande trafikk. Området bør ha variert terreng. Ein kan innpasse ballfelt (punkt 2), kvartalsleikeplass (punkt 3) og nærleikeplass (punkt 4) i området. Ved tilrettelegging av arealet bør ein ta vare på variert terreng og naturleg trevegetasjon. Tilrettelegging og leikereiskapen skal stimulere til allsidig leik og aktivitet. Eks. er rolleleik, byggeleikeplass, akebakke. Det bør vere mogleg å anlegga leskur og sitteplassar.
2 2. BALLFELT For bustadområde med over 50 bustader skal det setjast av plass til ballfelt. Arealet skal vere minst 2,5 daa og bør ikkje ligge lenger frå bustaden enn 400 meter. Det skal ha ei form som kan gi plass til ein ballbane på minimum 15x26 meter, samt buffersone. Ballfeltet bør frå naturen si side vere slik at ein unngår store masseinngrep. Tilkomst til området bør ikkje kome i konflikt med køyrande trafikk. Kvartalsleikeplass (punkt 3) og nærleikeplass (punkt 4) kan innpassast i området. Området skal ha plass til eit ballfelt på 15x26 meter med buffersone i tillegg. Ved opparbeiding bør ein unngå store terrenginngrep. Større balløkker bør ha belysning, og det bør finnast sittegrupper nær ballbanen. Ein bør ikkje bygge ballbinge dersom ballfeltet ligg nær bustader, då dei som bor nærast vil verte påverka av støyen. 3. KVARTALSLEIKEPLASS For kvar bustadgruppe med over 25 bustader skal det avsetjast plass til kvartalsleikeplass. Arealet skal vere minst 1,5 daa og bør ikkje liggje lenger frå bustad enn 200 meter. Plassen bør ha variert terreng og skal liggje på ein lun og solrik plass. Tilkomst til området bør ikkje kome i konflikt med køyrande trafikk. Ein kan innpasse nærleikeplass (punkt 4) i området. Ved tilrettelegging av arealet bør ein ta vare på variert terreng og naturleg trevegetasjon. Tilrettelegging og leikereiskap skal stimulere til allsidig leik og aktivitet for aldersgruppa 4-10 år, rolleleik m.v. Arealet bør utstyrast med minimum tre leikereiskap og sittegrupper. Fast fallunderlag skal leggast der det trengst.
3 4. NÆRLEIKEPLASS Innan ein avstand på 50-100 meter skal det regulerast plass for nærleikeplass. Kvar leikeplass skal betene ca. 25 bustader. Arealet skal vere minst 150 kvadratmeter. Nærleikeplassen må ha god arrondering og helingstilhøve, og liggje på lun og solrik plass. Leikeplassen bør vere godt synleg frå alle bustadene han skal betene. Tilrettelegging og leikereiskap skal stimulere til allsidig leik og aktivitet for aldersgruppa 1-7 år, rolleleik mv. Arealet bør utstyrast med minimum tre leikereiskap og sittegrupper. I tillegg bør det settast av areal for sandkasse. Fast fallunderlag skal leggast der det trengst. 5. LEIKE OG OPPHALDSAREAL SENTRUMSOMRÅDE, LEILEGHEITER MV. Det skal vere minimum 16 m2 leike- og uteopphaldsareal pr. bueining større enn 50 m2. Areala skal vere lune og solrike. Arealet skal fordelast på sandleikeplassar, kvartalsleikeplassar, balløkker og evt. sentrale leikeområde. Krava til areal er i samsvar med punkt 1-4. Kravet kan reduserast dersom det kan dokumenterast at kravet til leikeareal er ivaretatt i nærleiken, jf. krava til avstand og tilkomst jf. sandleikeplass, kvartalsleikeplass, balløkker og sentrale leikeområde. Dersom et område ikkje klarer å tilfredstille krava til leikeplassar kan det stillast krav om ein høgare opparbeidingsstandard enn det som er vanleg i kommunen elles. Krava til opparbeiding er i samsvar med punkt 1-4.
4 6. ANDRE FELLES RETNINGSLINJER FOR LEIKEPLASSAR a. Teknisk plan for opparbeiding av leikeplassar med leikeutstyr og plassering i høve til retningslinjer for leikeplassar skal godkjennast av seksjon drift og vedlikehald i Tysvær kommune. b. Uteopphalds- og leikeareal skal opparbeidast samtidig med omkringliggande busetnad. c. Leikeplassar skal plasserast og opparbeidast med sikte på best mogleg utnytting av soltilhøve og lokalklima. d. Uteopphalds- og leikeareal, samt tilkomst til desse, skal utformast slik at dei kan brukast av alle menneske i så stor utstrekning som mogleg utan trong for tilpassing eller spesiell utforming. e. Det bør ikkje plantast særleg allergiframkallande vekstar på eller rundt leike- og uteopphaldsareala. f. Leikeareal skal vere sikra mot støy, forureining, trafikkfare og annan helsefare. Areal med støynivå over 55 db (A) og areal sett av til køyreveg, parkering eller fareområde skal ikkje reknast som leikeareal. Areal nær høgspentleidningar og transformatorar er ikkje eigna til leik. g. Leikeareal og område rundt skal sikrast mot uhell og ulykker, til dømes trafikkulykker, drukning, stup, steinblokker og lause masser. Der det er påkravd skal leikeområda sikrast med flettegjerde eller liknande. Det skal setjast av eigne areal til snøopplag slik at snø ikkje dumpast på leikeplassane. h. Alle leikeplassar bør ha ein port på minimum 3,5 meter, plassert slik at det er mogleg å kjøre ein lastebil inn på området i samband med vedlikehald. Lastebilen treng enkel tilgang på sandkasse, ballbinge og andre apparat som krev jamleg vedlikehald. i. Ta vare på naturlege leikestader. Barn i bustadfelt må ha tilgang til kupert, variert og fantasistimulerande terreng. Stader som peiker seg ut som framtidige naturlege leikestader, eller som allereie er tatt i bruk av barn som naturlege leikeområder bør sikrast som ein del av framtidige leikeplassar eller uteområde og setjast av til dette formålet. Der det er mogleg bør det setjast av areal til aking og skileik. j. Skjerping av krav til leikeareal: Krava til leikeplass, uteområde mv. kan skjerpast dersom særlige tilhøve tilseier det.
5 KOMMUNEPLANEN: Kommuneplanen har følgjande føresegner om uteoppholdsareal, leikeareal og grønstruktur: 6.9 Uteoppholdsareal / leikeareal Føresegner: 1. For nye bustader skal minste uteopphaldsareal (MUA) vera 50 m 2 per bueining. Kvar bueining skal ha minimum 5 m 2 privat uteareal, jf. pbl. 11-9 nr. 5. 2. I bustadområde med fleire enn seks bueininger skal minimum 20 m 2 av MUA opparbeidast som leikeareal, jf. pbl. 11-9 nr. 5. 3. I LNF-område og bustadområde med ei til seks bueininger kan heile MUA opparbeidast som privat uteareal, jf. pbl. 11-9 nr. 5. 4. For sentrumsområde skal minste uteopphaldsareal (MUA) vera 20 m 2 per bueining. Kvar bueining skal ha minimum 5 m 2 privat uteareal. Det skal vera ein nærleikeplass maks 100 meter frå bustaden. Arealet skal vera minst 150 m 2, jf. pbl. 11-9 nr. 5. 5. Leikeareal skal vera store nok og eigna for leik og opphald heile året, kunna nyttast av ulike aldersgrupper og sikra samhandling mellom barn, unge og vaksne. Leikeplassar skal vera sentralt plasserte i høve til flest mogleg bustader og i høve til andre grøntområde i nærleiken, jf. pbl. 11-9 nr. 5 og 6. 6. Leikeareal skal vera sikra mot støy, forureining, trafikkfare og annan helsefare. Areal med støynivå over 55 db (A) og areal sette av til køyreveg, parkering eller fareområde skal ikkje reknast som leikeareal. Areal nær høgspentleidningar og transformatorar er ikkje eigna til leik, jf. pbl. 11-9 nr. 5 og 6. 7. Leikeareal skal som hovudregel ikkje vera brattare enn 1 : 3 og ikkje smalare enn 10 meter. Brattare eller smalare areal må ha særskilde kvalitetar, til dømes at det er eigna til akebakke. Leikeplassar skal plasserast og opparbeidast med sikte på best mogleg utnytting av soltilhøve og lokalklima, jf. pbl. 11-9 nr. 5 og 6. 8. Krav til leikeareal gjeld framfor tillaten utnyttingsgrad og framfor krav til kor mange parkeringsplassar det skal vera, jf. pbl. 11-9 nr. 5. 9. Leikeplassar og anna uteopphaldsareal skal opparbeidast samtidig med omkringliggjande bustader, jf. pbl. 11-9 nr. 4. 10. Det skal vera ein nærleikeplass for born i aldersgruppa 1 7 år maks 100 meter frå bustaden. Kvar nærleikeplass kan dekkja ca. 25 bustader. Arealet skal vera minst 150 m 2, jf. pbl. 11-9 nr. 5. 11. Det skal vera ein kvartalsleikeplass for born i aldersgruppa 4 10 år for kvar bustadgruppe med over 25 bustader. Leikearealet skal vera minst 1,5 daa og skal liggja i gangavstand frå bustaden, jf. pbl. 11-9 nr. 5. 12. Det skal vera eit ballfelt for bustadområde med over 50 bustader. Leikearealet skal vera minst 2,5 daa og ha ei form som kan gje plass til ein bane på minimum 15 x 26 meter med buffersone i tillegg. Ballfeltet skal liggja i gangavstand frå bustaden, jf. pbl. 11-9 nr. 5. 13. For bustadområde med over 100 bustader skal det vera eit sentralt leikeareal på minst 6 daa. Tilkomst til området skal ikkje komma i konflikt med køyrande trafikk, jf. pbl. 11-9 nr. 5. 14. Mindre leikeareal kan innpassast i dei større så lenge krava til avstand frå bustad er tilfredstilte. Dersom det er fleire leikeplassar og ballplass innanfor same areal, skal dei ulike plassane skiljast frå einannan med vegetasjonsskjermar eller liknande, jf. pbl. 11-9 nr. 5.
6 15. Krava til leikeområda kan reduserast dersom det kan dokumenterast at kravet til leikeareal er tatt hand om i nærleiken, jf. pbl. 11-9 nr. 5. Retningslinjer: 16. Stader som peiker seg ut som framtidige naturlege leikestader, eller som allereie er tatt i bruk av barn som naturlege leikeområde, bør sikrast som ein del av framtidige leikeareal eller uteområde og setjast av til dette formålet, jf. pbl. 11-9 nr. 6. 17. Ved tilrettelegging av areala bør ein så langt som mogleg prøva å ta vare på variert terreng og naturleg trevegetasjon. Ballfelt bør liggja slik at ein unngår store terrenginngrep, jf. pbl. 11-9 nr. 6. 18. Nærleikeplassar bør vera synlege frå alle bustader dei skal dekkja. 19. Ved fortetting eller utviding av eksisterande bustadområde bør ein vurdera det totale behovet for leikeareal. Areala bør dimensjonerast for det forventa talet på brukarar. 20. Dersom eit område ikkje klarar å tilfredsstilla arealkrava til leikeområda, bør kommunen stilla krav om høgare opparbeidingsstandard enn det som er vanleg i kommunen elles, jf. pbl. 11-9 nr. 5. 8 Grønstruktur Føresegner: 1. Grønstrukturen i og mellom byggjeområda skal i størst mogleg grad vera samanhengande. Han skal knytast opp mot lokale tur- og friluftsområde der det er naturleg, jf. pbl. 11-9 nr. 6. 2. Karaktertrekka i landskapet skal i størst mogleg grad takast vare på med omsyn til rekreasjonsverdi, fleirbruk og grønstruktur, jf. pbl. 11-9 nr. 6. 3. Alle hovudturvegar og spesielt attraktive turmål skal vera tilrettelagde for alle brukargrupper, jf. pbl. 11-9 nr. 5.