Utval Møtedato Utvalssak Helse- og omsorgsutvalet Formannskapet Kommunestyret

Like dokumenter
Helse- og omsorgsutvalet OBS OPPMØTE PÅ TRESFJORD TRYGDEHEIM KL 1500

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Følgjande medlemmar hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer. Følgjande varamedlemmar møtte: Navn Møtte for Representerer

VESTNES KOMMUNE. Møteprotokoll. Utval: Kommunestyret Møtestad: Kommunestyresalen, Rådhuset Dato: Tidspunkt: 14:00

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2012/5 Arkiv: 143

Politisk organisering frå Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE OG OMSORG PLANPROGRAM SIST REVIDERT VARSEL OM OPPSTART

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Samhandlingsreforma - framdrift og organisering 2010 og 2011

VESTNES KOMMUNE. Møteprotokoll. Utval: Helse- og omsorgsutvalet Møtestad: Formannskapssalen, Rådhuset Dato: Tidspunkt: 15:00

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

Kommunereforma - prosessvedtak med tidsplan for Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Forvaltningsrevisjonsrapport - "Samhandlingsreforma i Vestnes kommune" Utval Møtedato Utvalssak Kommunestyret

Utval Møtedato Utvalssak Drifts- og forvaltningsutvalet Kommunestyret

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Strategi Helse Midt-Norge - Uttale frå Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Utval Møtedato Utvalssak Helse- og omsorgsutvalet /2012 Formannskapet /2012 Kommunestyret

Utval Møtedato Utvalssak Kommunestyret

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

MØTEPROTOKOLL FUSA KOMMUNE. Utval: Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 17:00 18:50

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

VANYLVEN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Livsløpsutvalet Råd for funksjonshemma Eldrerådet Formannskapet Kommunestyret

Dato Dykkar ref. Vår ref. Saksnr. Saksbehandlar / Tlf / /246 Tone Roaldsnes

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Lovendring om rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad

Samspill Prosjektering

Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 35/17 Formannskapet

Austevoll kommune. Austevoll kommune viser til NOU 2006:2 om Staten og Den norske kyrkja.

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland - høyring

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Side1

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSDOKUMENT. Sakshandsamar: Bård Dalen Arkivsaknr: 2016/ /2017 Arkiv: H12. Utvalsaksnr Utval Møtedato 31/17 Formannskapet

MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Lars Christian Fjørtoft Leiar Njål Sellereite

Forslag til forskrift om rett til opphald i sjukeheim - kriterie og venteliste

Styresak. Synnøve Serigstad Retningslinjer for brukarmedverknad i Helse Vest. Arkivsak 2012/105 Styresak 043/14 Styremøte

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Saksnr. Utval Møtedato 054/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Britt Veum Hauge/ Jarle Skartun Arkiv: 143 L7 Arkivsaksnr.: 15/445

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035

Brukarutvalet i Sogn og Fjordane

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

Sauda kommune. Planprogram Kommunedelplan for helse og omsorg i Sauda

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

STATLEG GODKJENNING AV KOMMUNALE LÅNEOPPTAK OG LEIGEAVTALAR FØR IVERKSETJING AV KOMMUNEREFORMA - FRÅSEGN

Skildring av kommunen sitt tilbod om døgnopphald for øyeblikkelig hjelp etter 3-5, 3.ledd (Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester 6-2 nr.

HØRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL FORSKRIFT OM RETT TIL FAST OPPHALD I SJUKEHEIM KRITERIAR OG VENTELISTE, FJALER KOMMUNE

SAKSFRAMLEGG. SAKSGANG Styre, utval, komité m.m. Møtedato Saksnr. Saksbeh. Utvalet for oppvekst og omsorg /11 HLV

Framlegg til samarbeidsavtale og reviderte vedtekter for Vestlandsrådet

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2

Dykkar ref. Vår ref. Sakshandsamar: Arkivkode: Dato: 2012/ Sverre Sæter,

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: John Olaf Røhme Arkivsaksnr.: 08/2829. Helse- og omsorgsplan for Luster kommune Rådmannen si tilråding:

Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Lars Christian Fjørtoft Leiar Njål Sellereite

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

HØYRING VEDK FORSLAG TIL STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR DIFFERENSIERT FORVALTNING AV STRANDSONA LANGS SJØEN

Møteinnkalling SAKLISTE SKODJE KOMMUNE. Utval: RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA Møtestad: Skodje rådhus Møtedato: Tid: 16:00

PLANPROGRAM KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE OG OMSORG I RADØY KOMMUNE

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

MØTEPROTOKOLL. Arbeidstakarrepresentant Anne Siri Bentsen. Vara var kalla inn men kunne ikkje møte. BHT ved Inger Johanne Lomheim SAKLISTE

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Følgjande medlemmar hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Karsten Perry Gjerde Medlem SP/KRF

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Innkalling til Flora eldreråd

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 19/12 26/12

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet /2011 Kommunestyret

Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høyring

SAKSPAPIR. Vaksdal kommune RÅDMANNS FRAMLEGG TIL ØKONOMIPLAN

Mestring og deltaking heile livet

VANG KOMMUNE. Dykkar ref.: Vår ref.: Arkiv: Vår dato: SUNHAK - 15/2285 G Folkehelseplan til offentlig ettersyn og høyring

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Kommunestyret. Tilleggsinnkalling

Kartlegging av rammevilkår

Vågå kommune Felles tenester

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Transkript:

VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: F00 Arkivsaksnr.: 2013/4 Saksbehandlar: Tone Roaldsnes Dato: 18.05.2014 Omsorgsplan 2020 Vestnes kommune Utval Møtedato Utvalssak Helse- og omsorgsutvalet Formannskapet Kommunestyret Administrasjonssjefen si innstilling 1. Vestnes kommunestyre godkjenner Omsorgsplan 2020 slik han ligg føre som vedlegg til denne saka. 2. Kommunestyret ønskjer å få ei trinnvis forankring av den vidare utbygginga av institusjonsplassar og evt andre bufellesskapsløysingar. Kommunestyret set difor i gang eit skisseprosjekt som forløpar til seinare byggeprosjekt. Til gjennomføring av skisseprosjekt vert det oppnemnt eit ad hoc utval som innan februar 2015 skal kome med vidare tilrådingar. Ad hoc utvalet blir samansett slik: 2 medlemmar av formannskapet:. og., samt 2 medlemmar av Helse- og omsorgsutvalet. Administrasjonssjefen stiller med relevant fagpersonell og sekretær. Mandat: - Leige inn ekstern konsulent som på fagleg grunnlag kjem med ei tilråding om framtidig bruk av Vestnes sjukeheim, om bygninga kan ombyggast/nyttast til moderne institusjonsplassar eller om det vil vere meir formålstenleg å bruke bygget til bufellesskap. Utvalet skal også levere skisse med tilråding til alternative løysingar for evt bygging av nye institusjonsplassar (jf side 29 i planen) 3. Ad hoc utvalet for eigedomsdrift, som vart oppnemnt tidlegare i KST sak 35/12, med oppdrag å vurdere framtidig bruk av kommunal bygningsmasse, skal også vurdere kva kommunale bustader som skal frigjerast for å kunne iverksette Bustadsosial handlingsplan. 4. Vestnes kommune skal ha fokus på førebyggande tiltak. I tilknytning til dette skal det arbeidast for oppretting av helsestasjon for eldre ved budsjettbehandlinga for 2015. 5. Vestnes kommune skal arbeide for å styrke demensomsorga, fortrinnsvis prioritere auka dagsentertilbod og styrka demensteam. Det skal fokuserast på dette i budsjettbehandlinga for 2015 anten ved omprioriteringar eller auka budsjettramme.

SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Helse- og omsorgsutvalet har utarbeidd framlegg til Omsorgsplan 2020. Utvalet fekk sitt mandat frå kommunestyret i vedtak av 7.februar 2013. Mandat: 1. Helse- og omsorgsutvalet skal stå for utarbeiding av omsorgsplanen og kjem med innstilling til kommunestyret mars 2014. 2. Aktuelle råd og organisasjonar blir invitert til dialog med Helse- og omsorgsutvalet. 3. MANDAT: a) Planen skal ha hovudfokus på utfordringane Samhandlingsreforma stiller kommunen overfor, og korleis desse skal møtast på kort og lang sikt. Av tema kan nemnast: førebyggande arbeid, interkommunalt samarbeid, samarbeidsavtale med HF, medfinansiering, kortare liggetid i sjukehus, auka ansvar for rehabilitering, framtidig ansvar for øyeblikkeleg hjelp (døgntilbod). For evt framlegg til førebyggande tiltak bør det takast utgangspunkt i Folkehelseplanen for Vestnes som vart vedteken av kommunestyret i september 2012. b) Utvalet skal vurdere forholdet mellom heimetenester og institusjonsplassar, samt evt gi innspel til alternative buformer, m.a. vurdere behovet for fleire omsorgsbustader. Utvalet skal også kome med framlegg om kva type institusjonsplassar det behov for (t.d. ordinære, kort tids plassar, avlastning, spesialplassar), samt vurdere i kva grad tiltak i heimetenestene kan redusere behovet for institusjonsplassar og sikre at den einskilde kan få hjelp til å leve og bu sjølvstendig. c) Utvalet skal kome med framlegg om ulike alternativ til lokalisering av nye institusjonsplassar. Etter vedtak i investeringsbudsjett for 2013 har utvalet til disposisjon kr 200.000 til denne delen av arbeidet. 4. Tiltaksdelen i planen skal vere realistisk og berekraftig i forhold til kommunens økonomi, og kostnader ved nye tiltak skal bereknast for økonomiplanperioden. 5. Planen skal utarbeidast som temaplan. Planen skal sendast til offentleg høyring. Utvalet sjølv avgjer elles korleis medverknad skal gjennomførast. Arbeidsmåte: Helse- og omsorgsutvalet hadde eit såkalla kick-off-seminar i september 2013, før planarbeidet tok til. Konsulentselskapet Deloitte var innleigd til formålet. Dette var eit heildagsseminar med vekselsvis føredrag og samtalar. Konferansen hadde brei deltaking, og fokus var samhandlingsreforma. Vi hadde deltakarar frå Eldreråd, rådet for funksjonshemma, pensjonistlaga, tilsette, politikarar, fagfolk/leiarar og tillitsvalte. Helse- og omsorgsutvalet har etter dette hatt mange arbeidsmøte der struktur og innhald i planen har blitt gjennomarbeidd i møte. Utvalet har innhenta synspunkt frå fagfolk og leiarar undervegs. Desse har delteke i utvalet sine møte. Framlegg til plan vart lagt ut til offentleg høyring den 31.mars 2014.

Høyringsdokumentet vart lagt ut på Vestnes kommune sine heimesider. Framlegg til plan vart også lagt ut i papirformat i Servicekontoret. Det vart annonsert i lokalavisene. Høyringsfrist vart sett til 29.april 2014. Eldrerådet og Rådet for funksjonshemma fekk framlegg til plan lagt fram som sak i møte. Pensjonistlaga fekk høyringsbrev og plan direkte tilsendt pr papirpost. Høyringssvar Utanom vedtaka i Eldrerådet og i Rådet for funksjonshemma har det kome inn eitt høyringssvar. Dette er ein uttale frå Vestnes Pensjonistlag på vegne av alle pensjonistlaga i kommunen. Alle tre høyringssvara ligg vedlagt saka. Eldrerådet: Eldrerådet sluttar seg til hovudlinjene i planen. Eldrerådet seier i tillegg følgjande: Eldrerådet vil i tillegg påpeike at mange eldre, både hjelpetrengande og friske, ofte kjenner einsemd og utryggleik når dei vert buande aleine. Dei fleste eldre er også utrygge på bruk av ny teknologi, og ikkje minst sårbarheit ved denne teknologien i beredskapssituasjonar. Helse- og omsorgsutvalet har drøfta dette innspelet og meiner det er ei viktig påminning. Teknologi kan aldri erstatte menneskeleg kontakt. Rådet for funksjonshemma: I uttalen heiter det: Rådet for funksjonshemma har på møte mandag 28.04.2014 behandla nevnte plan og vil komme med følgende spørsmål: 1. Kvifor vart ikkje brukarorganisasjonane inviterte til å delta i planarbeidet. Stikkord: Brukarmedverknad. 2. Er dette ei plan for «seniorar»? Ein kan ikkje se at det i særleg grad er teke omsyn til yngre behovstrengande. Ein tenkjer her på t.d. tilrettelagte boligar. Jfr vedteke Budstadsosial handlingsplan frå 2010 som ikkje er sett i verk. 3. Kva med flyktningar med opphaldsløyve? Er deira særskilte behov ivareteke? Ein kan ikkje sjå at spørsmålet er drøfta i det heile. Helse- og omsorgsutvalet har drøfta innspelet og har følgjande merknader/kommentarar: Til pkt 1: Brukarorganisasjonane var med på oppstartkonferansen og kom med innspel då. I det vidare arbeidet har Helse- og omsorgsutvalet vurdert det slik at det kunne bli for mange å involvere i sjølve arbeidet, og at det såleis vart vanskeleg å sette grenser for mulige deltakarar. Dessutan ønskte ein at brukarorganisasjonane ikkje skulle bli gislar, men heller kome med frie og uavhengige innspel i høyringsprosessen. Til pkt 2: Helse- og omsorgsutvalet er usamd i at dette er ein seniorplan. Tvert imot har ein ved å ta utgangspunkt i tenestene/tenestetrappa, unngått å peike på at tenestene er knytta til bestemte aldersgrupper. Helse- og omsorgsutvalet er godt kjent med at til dømes brukarar under 67 år no utgjer nesten halvparten av tenestemottakarane for Heimetenestene. Når det gjeld iverksetting av bustadsosial handlingsplan viser Helse- og omsorgsutvalet til tilrådinga pkt 3. Til pkt 3: Busette flyktningar har krav på hjelp som andre innbyggarar i kommunen. Det er tilsett personell som særleg skal ha fokus på deira livssituasjon. Vi ser difor i denne omgang at dette skal ha ytterlegare fokus. Uttale frå pensjonistlaga: Sjå vedlegg 4. Helse- og omsorgsutvalet meiner at pensjonistlaga i sin felles uttale peikar på mange vesentlege moment.

Kommentarar til kap 6 demografi, kap 9 bygningsmessige forhold og kap 11 -demens: Pensjonistlaga meiner at planlegginga går for seint. Helse- og omsorgsutvalet meiner at ein må ha ei trinnvis forankring i kommunestyret når det gjeld planverk for denne store sektoren. Det er ikkje eintydig korleis kommunen bør satse for framtida. Det å ta stilling til korleis prioriteringane skal vere mellom satsing på heimetenester, omsorgsbustader, bufellesskap og institusjonsplassar er særs krevande, og det må gjerast eit grundig forarbeid. Feilinvesteringar kan koste dyrt både i kroner og feil dimensjonerte tenester. Investeringar knytta til utbygging av institusjonsplasser kan bli den tyngste økonomiske investeringa nokon gong i Vestnes kommune. Då gjeld det at satsinga er basert på grundig forarbeid med trinnvis forankring av behov og økonomiske prioriteringar. Kommentarar til kap 8 førebygging og folkehelse: Pensjonistlaga vil ha satsing på Helsestasjon for eldre som lavterskeltilbod. Helse- og omsorgsutvalet er enig i behovet for dette tiltaket, og har lagt det inn i framlegg til vedtak. Kommentarar til kap 10 alternative buformer for framtida: Pensjonistlaget seier: Vi rettar spesielt fokus på følgjande formulering: Mest sannsynleg vil ein stor del av framtidige buløysingar ha meir fokus på brukarstyring og private initiativ. Kommunane kan her få ei endra rolle. Frå å planlegge, bygge, etablere og drifte, kan kommunane meir bli ein tilretteleggar. Er dette eit ønske om at andre aktørar skal ta frå politikarane, og dermed kommunen, den oppgåva dei har? Dette samsvarar dårleg med at brukarane må oppleve kommunen som ein samla tilbydar av tenester. Helse- og omsorgsutvalet merkar seg at det synast å vere tverrpolitisk semje om å ha ei vid, breispektra og mangfaldig portefølgje av tenestetilbod. Dette for å møte framtidige krav til omsorgstenestene. Dessutan er det i dag fleirtal i Stortinget for eit auka samarbeid med private aktørar. Trass dette står det framleis heilt klart i lovverket at kommunen har ansvaret. Vi viser der til Helse- og omsorgslova 3-1 der det heiter: Kommunen skal sørge for at personer som oppholder seg i kommunen, tilbys nødvendige helse- og omsorgstjenester. Kommentarar til kap 12 rus/psykiatri: Pensjonistlaget stiller seg undrande til at Helse- og omsorgsutvalet forstår at Heimetenestene prioriterer yngre menneske med bistandsbehov. Helse- og omsorgsutvalet forstår i betydning av at tenesta har knappe ressursar. Yngre menneske er det vanskeleg å finne kompenserande tiltak til. Det er noko lettare for ein del eldre ved t.d. å gi tilbod om plass i dagsenter, evt støttekontakt. Utvalet har likevel valt å endre ordlyden i denne teksten noko. Kommentarar til kap 13 og 15 -IKT og Velferdsteknologi Pensjonistlaga seier: Vi advarer mot ordet velferdsteknologi som kan bli oppfatta som ei løysing på alt til ein lav pris. Helse- og omsorgsutvalet er samd i at velferdsteknologi ikkje løyser alt til ein lav pris. Utvalet vil påpeike semje med pensjonistlaget på dette punktet. For å unngå misforståingar her vil helse- og omsorgsutvalet presisere kva velferdsteknologi er. Velferdsteknologi skal ikkje erstatte menneskeleg kontakt eller bistand. Velferdsteknologi kan bli ein noko annan måte å yte omsorg på. Her legg omsorgstenestene til rette for eigenmestring og sjølvstende. Målet er at enkeltmennesket får livskvalitet på eigne premissar. Sjå planen side 41. Vurdering:

Tilrådinga frå Helse- og omsorgsutvalet bygger på at framtida for omsorgstenestene i Vestnes vil krevje store investeringar. Dette gjer at prosessen må forankrast trinn for trinn i kommunestyret. Vi bør ikkje kome i ein situasjon der det til dømes seint i prosessen blir stor usemje om plasseringsalternativ for institusjonsplassar. Det bør nok også tilrådast at ad hoc utvalet som no blir oppnemnt får ei politisk forankring både frå fagutval og formannskap. Prosessen bør forankrast også hos politikarar i sentrale verv. Særutskrift til: Vedlegg: 1 Framlegg til Omsorgsplan 2020 for Vestnes kommune 2 Særutskrift frå rådet for funksjonshemma sak 3/2014 - Omsorgsplan 2020 - Høyring 3 Særutskrift frå eldrerådet sak 3/2014 - Omsorgsplan 2020 - høyring 4 Omsorgsplan 2020 - Høyringsnotat