splan for programfag innanfor framandspråk Halden, mai 2009 Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa
splan for programfag innanfor framandspråk Kunnskapsdepartementet har med bakgrunn i St.meld. nr. 23 (2007 2008) Språk bygger broer innført tilleggspoeng ved opptak til høgare utdanning for elevar med programfag innanfor framandspråk, 1 dette som eit første tiltak for å auke rekrutteringa til faga. Endringane gjeld frå og med studieåret 2011 2012 (sjå rundskriv F-15-08). Vedtaket må sjåast i samanheng med strategiplanen for å styrkje framandspråk i grunnopplæringa, Språk åpner dører (revidert versjon 2007), der departementet seier at det er eit overordna mål å bedre ferdigheter i flere fremmedspråk hos elever, lærlinger og lærere i grunnskole og videregående opplæring. I Språk bygger broer varslar Kunnskapsdepartementet òg at det skal utarbeidast ein tiltaksplan for å få fleire elevar til å velje framandspråk som programfag. Kunnskapsdepartementet har bedt Utdanningsdirektoratet om å gi Framandspråksenteret i oppdrag å skrive ein slik tiltaksplan, som vi hermed legg fram. I læreplanane for framandspråk (fellesfag og programfag) er det formulert kompetansekrav på tre nivå. Framandspråkundervisninga i ungdomsskulen er alltid på begynnarnivå (nivå I), mens undervisninga i vidaregåande opplæring kan vere på nivå I, II eller III. Nivå III blir berre tilbydd som programfag, mens nivå I og II kan bli tilbydd både som fellesfag og som programfag. Elevar som har fullført framandspråk på ungdomsskulen, og som held fram med studieførebuande utdanningsprogram, har to val: Dei kan anten halde fram med same framandspråk som fellesfag på nivå II, eller dei kan velje eit nytt framandspråk på nivå I. I begge tilfella går undervisninga over to år. Elevar som ikkje har fullført framandspråk på ungdomsskulen, har framandspråk som fellesfag på nivå I og II over tre år. Programfaga innanfor framandspråk ligg under programområde for språk, samfunnsfag og økonomi, men elevar som følgjer eit av dei to andre programområda innanfor utdanningsprogram for studiespesialisering (programområde for realfag og programområde for formgivingsfag), og elevar som følgjer utdanningsprogram for idrettsfag og utdanningsprogram for musikk, dans og drama, kan òg velje framandspråk som programfag, jf. rundskriv F-12-08. Få elevar, få tilbod Talet på elevar som vel framandspråk i ungdomsskulen, har auka etter at Kunnskapsløftet blei innført. Denne auken må sjåast i samanheng med at faget praktisk prosjektarbeid blei avskaffa. I inneverande skuleår har ca. 75 % av elevane på 8. trinnet anten tysk, fransk, spansk eller eit anna framandspråk. Tilsvarande tal for 10. trinnet er ca. 65 %. Sjølv om det altså er snakk om noko fråfall undervegs i ungdomsskulen, har ca. 2/3 av elevane hatt framandspråk når dei begynner i vidaregåande opplæring. Desse elevane må reknast for å ha gode føresetnader for å velje programfag innanfor framandspråk. Likevel er rekrutteringa til desse programfaga for tida marginal. Tal som Framandspråksenteret samla i februar 2008 med bakgrunn i Vg1-elevars ønske til val av programfag til Vg2 (studieførebuande utdanningsprogram) skuleåret 2008 2009, viser at svært få elevar ønskjer eit framandspråk som programfag. I alt ønskte ca. 2 3 % av elevane tysk, fransk eller spansk som programfag, langt færre enn dei som ønskte internasjonal engelsk. Også faget kommunikasjon og kultur trekte fleire elevar. Det er ikkje kjent kor 1 Denne endringa av opptaksforskrifta (jf. rundskriv F-15-08) gjeld frå opptak til studieåret 2011 2012. Programfag innanfor framandspråk på nivå I og II vil då gi 0,5 tilleggspoeng, mens elevane får 1,0 tilleggspoeng for nivå III. 2
mange av desse elevane som har fått oppfylt ønska sine, men det er rimeleg å gå ut frå at mange skular har valt å ikkje setje i gang faga på grunn av dei låge påmeldingstala. Inndelinga av planen splanen strekkjer seg over fire skuleår (perioden 2009 2010 til 2012 2013) og omfattar i alt 18 tiltak som saman skal bidra til å auke rekrutteringa til programfag innanfor framandspråk. Planen er firedelt (jf. innhaldslista på neste side): Kartlegging Auka rekrutteringsgrunnlag Auka rekruttering Årlege markeringar Første delen, Kartlegging, består av tre tiltak som skal gjennomførast for å skaffe detaljerte opplysningar om framandspråktilbodet til skulane, kva fag elevane vel, informasjon og rådgiving rundt val av framandspråk og behovet for etter- og vidareutdanning hos lærarar som underviser i framandspråk som programfag. Opplysningane tener som grunnlag for å følgje opp tiltaka i dei andre delane av tiltaksplanen. Andre delen, Auka rekrutteringsgrunnlag, konsentrerer seg om fagvalet til elevane når det gjeld framandspråk på ungdomsskulen og framandspråk som fellesfag på Vg1 og Vg2. I desse fagvala ligg det eit potensial for å auke rekrutteringa til programfag innanfor framandspråk, særleg når det gjeld nivå II og III. Det blir mellom anna satsa på å intensivere informasjonsarbeidet rundt val av framandspråk generelt og å auke samarbeidet mellom dei vidaregåande skulane og mellom ungdomsskular og vidaregåande skular. Tredje delen, Auka rekruttering, dannar kjernen i tiltaksplanen og omfattar ei rekkje tiltak for å auke rekrutteringa til programfag innanfor framandspråk. a er delte inn i tre grupper: a) informasjon, b) innhald og c) internasjonalisering. Når det gjeld informasjon, blir det mellom anna foreslått å intensivere informasjonsarbeidet rundt val av framandspråk som programfag, å dokumentere nytteverdien av gode framandspråkkunnskapar og å arrangere årlege, språkspesifikke rekrutteringsaksjonar. For å gjere faga attraktive må det òg jobbast intensivt med å leggje til rette faginnhaldet. Vi foreslår derfor å opprette ekspertgrupper for tysk, fransk, spansk og russisk. I tillegg skal det setjast i gang ei rekkje nye FoU-prosjekt som har IKT i fokus. CLIL-utprøvinga som er varsla i St.meld. nr. 23, er òg inkludert i gruppa med tiltak som rettar seg mot faginnhald. Til slutt omfattar denne delen av planen tre tiltak som satsar på auka internasjonalisering gjennom eit informasjonshefte om eksisterande ordningar, utviding av reiselektorordninga og utanlandske elevar og studentar i klasserommet. splanen blir avslutta med to tiltak som skal bidra til å synleggjere programfag innanfor framandspråk i offentlegheita, ein årleg programfagdag og ein pris for skular som på ein inspirerande og nyskapande måte bidreg til å auke rekrutteringa til programfag innanfor framandspråk. Ansvarleg for gjennomføring Framandspråksenteret vil ha hovudansvaret for å gjennomføre tiltaksplanen. 3
Innhald TILTAKSPLAN FOR PROGRAMFAG INNANFOR FRAMANDSPRÅK KARTLEGGING 1 Kartlegging av fagtilbod og elev-/studenttal s. 5 2 Kartlegging av informasjons- og rådgivingsprosessen s. 5 3 Kartlegging av behovet for etter- og vidareutdanning s. 6 AUKA REKRUTTERINGSGRUNNLAG 4 Informasjon om val av framandspråk s. 7 5 Samarbeid mellom ungdomsskular og vidaregåande skular s. 7 6 Utprøving av kinesisk og arabisk s. 8 7 Samarbeid mellom vidaregåande skular s. 8 AUKA REKRUTTERING Informasjon 8 Informasjon om val av programfag s. 9 9 Dokumentere nytteverdien av framandspråk s. 10 10 Språkspesifikke rekrutteringsaksjonar s. 10 Innhald 11 Ekspertgrupper for tysk, fransk, spansk og russisk s. 10 12 Auka bruk av IKT i framandspråkundervisninga s. 11 13 Engelsk som undervisningsspråk i andre fag (CLIL) s. 11 Internasjonalisering 14 Ut i verda! s. 12 15 Utvida bruk av ordninga med tyske og franske reiselektorar s. 12 16 Utvekslingselevar og -studentar i klasserommet s. 13 ÅRLEGE MARKERINGAR 17 Programfagdag framandspråk s. 14 18 Programfagpris framandspråk s. 14 4
Kartlegging a i denne delen av planen har som mål å skaffe bakgrunnsinformasjon om fagtilbod, fagvalet til elevane, informasjons- og rådgivingsprosessen på den enkelte skulen og behovet for etter- og vidareutdanning hos lærarar som underviser i framandspråk som programfag. Informasjonen er avgjerande for ei målretta og effektiv oppfølging av tiltaka i tiltaksplanen. 1 Kartlegging av fagtilbod og elev-/studenttal Framandspråksenteret gjennomfører kvart år ei fullstendig kartlegging av tilbod innanfor og val av framandspråk. Kartlegginga omfattar heile utdanningsløpet, det vil seie at ho må gi informasjon om tilbod og val av framandspråk ved tidleg start-skular, i ungdomsskulen, på vidaregåande trinn (fellesfag og programfag) og ved universitet og høgskular. Det vil vere naturleg å inkludere engelsk og ei rekkje andre språkfag, til dømes reiseliv og språk, i kartlegginga. Kartlegginga tek utgangspunkt i tal frå mellom anna GSI, VIGO, PAS og Samordna opptak og blir supplert med eigne spørjingar og analysar. Utover dette ønskjer senteret å innhente data frå fleire andre land i Norden og Europa for å kunne samanlikne situasjonen i desse landa med situasjonen i Noreg. I dag finst det inga systematisk og heilskapleg beskriving av framandspråktilbodet i grunnopplæringa og i universitets- og høgskulesektoren. Oversikta er i all hovudsak avgrensa til ungdomsskulen, jf. Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa, notat 1/2009. Gjennomføring av tiltaka i tiltaksplanen føreset at vi har ei fullstendig og årleg oppdatert oversikt over fagtilbodet og elevane sine val av fag innanfor framandspråk både på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Kartlegginga er dessutan nødvendig for å kunne måle om den sentrale målsetjinga i tiltaksplanen om auka rekruttering til programfag innanfor framandspråk er blitt oppnådd. Kartlegginga skjer fortløpande med oppstart i 2009. Tala for grunnskulen blir publiserte årleg i oktober/november, tala for vidaregåande opplæring og for UH-sektoren blir publiserte årleg i mai/juni. Resultata blir diskuterte årleg på programfagdagen (jf. tiltak 17). 2 Kartlegging av informasjons- og rådgivingsprosessen Framandspråksenteret kartlegg informasjons- og rådgivingsprosessen rundt val av fellesfag og programfag innanfor framandspråk i vidaregåande skule. Våren 2009 publiserte Framandspråksenteret og NAFO ein rapport med utgangspunkt i ei kartlegging av elevane sitt val av framandspråk og språkleg fordjuping i ungdomsskulen (Doetjes & Ryen 2009). Undersøkinga gav verdifull innsikt i mellom anna informasjons- og rådgivingsprosessen i samband med dette fagvalet. Undersøkinga skal følgjast opp med ei tilsvarande kart- 5
legging av (bakgrunnen for) elevane sitt val av framandspråk og andre språkfag i vidaregåande opplæring. Kartlegginga tek utgangspunkt i ungdomsskulekartlegginga frå 2009 og kartlegginga som er beskriven i tiltak 1, og bør omfatte val av både fellesfag og programfag. Målgruppene for undersøkinga er rådgivarar (og eventuelt andre skuletilsette) og elevar på 10. trinnet, Vg1 og Vg2. Vi har p.t. ikkje innsikt i skulanes informasjon og rådgiving om val av framandspråk i vidaregåande skule. For å kunne gjennomføre tiltaka i planen, særleg når det gjeld informasjon om val av framandspråk (tiltak 4 og 8), treng vi ei slik oversikt. Kartlegginga blir gjennomført skuleåret 2009 2010, og resultata blir publiserte hausten 2010 og diskuterte på programfagdagen i 2010 (jf. tiltak 17). 3 Kartlegging av behovet for etter- og vidareutdanning Framandspråksenteret kartlegg behovet for etter- og vidareutdanning hos lærarar som underviser i framandspråk som programfag. Læreplanen i framandspråk programfag skil seg frå læreplanen for fellesfaget på to viktige punkt: a) Progresjonen i programfaget er raskare, det vil seie eitt nivå per skuleår, og b) nivå III blir berre tilbydd som programfag. Utover dette står lærarar som underviser i framandspråk på nivå III, overfor den utfordringa at det ikkje finst eigne læreverk for dette nivået. Framandspråksenteret ser det derfor som nødvendig å undersøkje om det finst eit konkret behov for etter- og vidareutdanning hos lærarar og skular som underviser i / tilbyr framandspråk som programfag, og kva dette behovet i så fall består i. Vi ønskjer å kartleggje behovet før det eventuelt blir aktuelt å søkje om midlar til å gjennomføre slike kurs. Kartlegginga blir gjennomført våren 2010. Resultata blir diskuterte på programfagdagen i 2010 (jf. tiltak 17) og dannar grunnlaget for arbeidet i ekspertgruppene (jf. tiltak 11). 6
Auka rekrutteringsgrunnlag For å kunne auke rekrutteringa til programfag innanfor framandspråk, særleg på nivå II og III, er det viktig også å styrkje rekrutteringsgrunnlaget. To faktorar er avgjerande når det gjeld å auke talet på elevar som kan velje faga på nivå II og III: a) tilbodet til skulane og b) elevane sitt val av språkfag på ungdomsskulen og i vidaregåande skule (fellesfag på Vg1/Vg2). I denne delen av tiltaksplanen beskriv vi tiltak som skal bidra til å auke rekrutteringsgrunnlaget. a omfattar målretta informasjonsspreiing, lokalt samarbeid mellom ungdomsskular og vidaregåande skular og regionalt samarbeid mellom vidaregåande skular. Resultata frå kartleggingstiltaka 1 og 2 er grunnlag for eit målretta arbeid med dei øvrige tiltaka. 4 Informasjon om val av framandspråk Elevane på 7./8. trinnet får informasjon om val av framandspråk på ungdomsskulen, og elevane på 10. trinnet får informasjon om val av framandspråk som fellesfag på vidaregåande skule. Det blir lagt vekt på kva konsekvensar det å velje bort framandspråk på ungdomsskulen får for eleven sitt høve til å velje på vidaregåande trinn. Informasjonen til elevar på 10. trinnet tek omsyn til om eleven har eller ikkje har hatt framandspråk frå 8. trinnet. I tillegg til elevane er tilsette i skulen (som rektorar, rådgivarar og lærarar) og føresette målgrupper for dette tiltaket. Vi ønskjer å bruke tilgjengelege kanalar til å intensivere informasjonsarbeidet retta mot elevar som skal velje framandspråk på ungdomsskulen, eller som skal velje det som fellesfag i vidaregåande opplæring det vil seie elevane som dannar rekrutteringsgrunnlaget for programfag framandspråk på nivå II og III. Oppfølginga av tiltaket består i å intensivere eksisterande informasjonsverksemd (brosjyrar, nettside osv.). For å kunne jobbe målretta blir kartleggingane som er nemnde under 1 og 2, lagde til grunn for arbeidet. Arbeidet skjer fortløpande. 5 Samarbeid mellom ungdomsskular og vidaregåande skular Framandspråksenteret innhentar, systematiserer og spreier døme på god praksis for lokalt samarbeid om framandspråk mellom ungdomsskular og vidaregåande skular. Arbeidet inkluderer òg spreiing av informasjon om høvet til å bruke 60 % av timane i faget utdanningsval i ungdomsskulen til å følgje undervisning på vidaregåande nivå. Samkøyring av fagtilbodet på lokalt plan kan bidra til å auke grunnlaget for val av framandspråk som programfag på nivå II og III. Vi ønskjer derfor å samle døme på god samarbeidspraksis mellom skuleslaga og spreie denne informasjonen til andre skular. Kartlegginga av tilbodsstrukturen og fagvalet til elevane (jf. tiltak 1) blir brukt for å gjere informasjonsverksemda meir målretta. Arbeidet skjer fortløpande. 7
6 Utprøving av kinesisk og arabisk Framandspråksenteret vidarefører prosjektet med utprøving av kinesisk på ungdomsskulen og i vidaregåande opplæring i Trondheim. Prosjektet blir evaluert i skuleåret 2009 2010 og blir utvida frå 2010 2011 med ei tilsvarande utprøving av arabisk i Oslo. Utprøvinga av kinesisk og arabisk tener som modell for eventuell vidare utbygging av tilbod innanfor andre framandspråk som er små i norsk skulekontekst. Kvar slike nye språkcluster eventuelt kan etablerast, må vurderast mellom anna med utgangspunkt i kartlegginga av tilbodsstrukturen, jf. tiltak 1. Tysk, fransk, spansk og russisk er dei største framandspråka i norsk skule, og arbeidet med tiltaksplanen vil i stor grad konsentrere seg om desse fire språka. Samtidig må det òg arbeidast for å auke mangfaldet av framandspråk i grunnopplæringa, jf. mellom anna Kunnskapsdepartementets strategiplan for å styrkje framandspråk i grunnopplæringa, Språk åpner dører, og St.meld. nr. 23 (2007 2008) Språk bygger broer. Dette gjeld både framandspråk i ungdomsskulen og fellesfag og programfag i vidaregåande opplæring. Kinesisk: skuleåra 2009 2010 til 2011 2012. Første prosjektåret (inkl. evaluering) er planlagt som ledd i oppfølginga av Språk åpner dører. Arabisk: skuleåra 2010 2011 til 2012 2013, evaluering i 2010 2011. 7 Samarbeid mellom vidaregåande skular Framandspråksenteret utviklar modellar for regionalt samarbeid om tilbod av programfag innanfor framandspråk på nivå II og III. Informasjon om modellane blir spreidd til andre skular/regionar. I dag er det som regel så få elevar som vel programfag framandspråk, at tilboda ved mange skular ikkje kjem i gang. Nokre skular har funne alternative løysingar for å oppfylle ønska til elevane, til dømes gjennom regionalt samarbeid med andre vidaregåande skular (jf. samarbeidet om fransk i Aust- Agder og samarbeidet om tysk i Østfold). Vi ønskjer med utgangspunkt i eksisterande samarbeidsprosjekt å utvikle modellar som kan sikre tilbod om framandspråk som programfag på nivå II og III på skular der gruppene er for små til at ein kan setje i gang undervisning i desse faga. Arbeidet skjer fortløpande. 8
Auka rekruttering Den sentrale målsetjinga i denne tiltaksplanen er auka rekruttering til programfag innanfor framandspråk. I del 2 blei det foreslått tiltak som kan sikre rekrutteringsgrunnlaget. I denne delen presenterer vi ei rekkje tiltak som kan auke sjølve rekrutteringa til faga. Vi reknar rett informasjon om faga, konkret tilrettelegging av innhaldet i faga med utgangspunkt i kompetansemåla i læreplanen, og auka internasjonalisering som tre like viktige faktorar for å få fleire elevar til å velje framandspråk som programfag. a i del 3 er derfor delte inn i tre hovudgrupper: informasjon (tiltak 8, 9 og 10) innhald (tiltak 11, 12 og 13) internasjonalisering (tiltak 14, 15 og 16) Informasjon Riktig og målretta informasjon til elevane om moglege val er éin av grunnpilarane i arbeidet for å auke rekrutteringa til programfag innanfor framandspråk. 8 Informasjon om val av programfag Elevar på 10. trinnet og elevar på Vg1 (og Vg2) som har valt relevante utdanningsprogram/programområde, får målretta informasjon om kva moglegheiter dei har når det gjeld val av programfag framandspråk. Vi ønskjer å ta i bruk forskjellige kanalar (som brosjyrar og nettsider) for å formidle informasjon om programfag framandspråk til aktuelle elevar. Informasjonen kan differensierast mellom anna med utgangspunkt i desse faktorane: tilbodet til skulen trinnet eleven er på (10. trinnet, Vg1, Vg2) fagvalet til eleven på ungdomsskulen (fullført eller ikkje fullført framandspråk, eventuelt teke delar av framandspråk frå vidaregåande) eleven sitt val av utdanningsprogram og programområde (anten programområde for språk, samfunnsfag og økonomi eller programområde for realfag, programområde for formgivingsfag, utdanningsprogram for idrettsfag eller utdanningsprogram for musikk, dans og drama) I tillegg til elevane er skular (rektorar, rådgivarar, lærarar osv.) og føresette målgrupper for dette tiltaket. Ein viktig føresetnad for å auke rekrutteringa til framandspråk som programfag er nøyaktig og målretta informasjon til elevane, dei føresette og skulane om moglege val innanfor dei forskjellige utdanningsprogramma og programområda. Arbeidet skjer fortløpande. 9
9 Dokumentere nytteverdien av framandspråk Nytteverdien av framandspråkkunnskapar i arbeidslivet og i samband med studium i utlandet blir dokumentert. Informasjonen blir spreidd aktivt blant elevar, føresette og skuleeigarar/rådgivarar. Grunnlaget for denne dokumentasjonen er mellom anna resultat frå ei spørjeundersøking som blei gjennomført i samarbeid med NHO, og forskjellige undersøkingar som blei utførte på oppdrag av Framandspråksenteret i 2006 2007 og i 2009, jf. Hellekjær 2007. Mange elevar vel bort framandspråk fordi dei ikkje ser den direkte verdien av å meistre eit ekstra framandspråk. Det er derfor eit viktig ledd i informasjonsarbeidet å vise elevane nytteverdien av gode framandspråkkunnskapar i arbeidslivet og i samband med studium. Arbeidet skjer fortløpande med oppstart hausten 2009. 10 Språkspesifikke rekrutteringsaksjonar Framandspråksenteret arrangerer årleg språkspesifikke rekrutteringsaksjonar for tysk, fransk, spansk og russisk. Situasjonen for dei enkelte språkfaga er forskjellig, derfor er det viktig å setje i gang fagspesifikke aksjonar for å auke rekrutteringa til tysk, fransk, spansk og russisk som programfag, i tillegg til å gi generell informasjon om fagval og dokumentere nytteverdien av språkkunnskapar for elevar (jf. tiltak 8 og 9). Årleg før (prøve)val på Vg1 og Vg2. Innhald Intensivt arbeid med innhaldet i framandspråkfaga generelt og innhaldet i programfaga innanfor framandspråk spesielt vil vere eit viktig bidrag til å gjere faga meir attraktive og valbare for elevane. Vi ønskjer derfor å opprette ekspertgrupper for tysk, fransk, spansk og russisk og å setje i gang ei rekkje FoU-prosjekt for å prøve ut forskjellige former for pedagogisk bruk av IKT i programfaga på nivå II og III. 11 Ekspertgrupper for tysk, fransk, spansk og russisk Det blir oppretta ekspertgrupper som skal jobbe med innhaldet i faga. Arbeidet tek utgangspunkt i kompetansemåla i læreplanen. Framandspråksenteret koordinerer ekspertgruppene. Gruppene blir organiserte etter språk. Ekspertgruppene får i oppdrag å samle og kvalitetsvurdere opplegg o.a. som kan brukast i undervisninga i programfaga tysk, fransk, spansk og russisk. Opplegga blir lagde ut på ressurssidene til Framandspråksenteret og/eller publiserte i papirform. 10
Ekspertgruppene blir sette saman i løpet av skuleåret 2009 2010. Ekspertane blir rekrutterte frå vidaregåande skular og relevante LU-/PPU-miljø. Det er Framandspråksenteret som leier gruppene, og samansetjinga kan endrast undervegs. For at framandspråk som programfag på sikt skal kunne trekkje fleire elevar, er det først og fremst viktig at faga er attraktive både for elevane, lærarane og skulane. I denne samanhengen må det takast omsyn til at læreplanen for framandspråk programfag legg opp til ein rask progresjon (eitt nivå per skuleår), at faget blir tilbydd på tre nivå, og at det p.t. ikkje eksisterer eigne læreverk. Dette er ei stor utfordring både for skulane, lærarane og elevane, og det må derfor setjast i gang eit fagdidaktisk godt fundert arbeid. Gruppene rapporterer årleg på programfagdagen (jf. tiltak 17). Det blir òg spreidd informasjon gjennom nettsidene til senteret. 12 Auka bruk av IKT i framandspråkundervisninga Framandspråksenteret gir fagleg og økonomisk støtte til opptil tre FoU-prosjekt for å prøve ut forskjellige former for pedagogisk bruk av IKT i programfaga på nivå II og III. IKT gir høve til kontakt mellom norske elevar og elevar i målspråksland og mellom elevar som lærer det same språket, men som held til på forskjellige skular anten i Noreg eller i utlandet. Framandspråksenteret har i samarbeid med ITU utvikla ei digital rettleiing for bruk av IKT i engelsk og andre framandspråk. Nettstaden blir oppdatert med jamne mellomrom (sjå http://www.fremmedspraksenteret.no/ikt-veiledning). I tillegg har senteret gitt støtte til eit prosjekt som involverer etwinning og Skype, og til to prosjekt som bruker wikiar i språkundervisninga. Vi meiner at programfaga innanfor framandspråk, særleg på nivå II og III, kan dra stor nytte av auka bruk av IKT-baserte undervisningsopplegg. Prosjekta bør ha forankring i programfaga tysk, fransk, spansk eller russisk på nivå II eller III, og resultata bør ha overføringsverdi til dei andre språka. Igangsetjing i løpet av skuleåret 2009 2010. Resultata skal diskuterast på programfagdagen i 2010 eller 2011 (avhengig av omfanget på prosjekta) og/eller i ekspertgruppene (jf. tiltak 11). I tillegg skal resultata publiserast på ressurssidene til senteret. 13 Engelsk som undervisningsspråk i andre fag (CLIL) Framandspråksenteret set i gang med å prøve ut CLIL (Content & Language Integrated Learning) i ikkje-språkfag på vidaregåande trinn, til dømes historie, matematikk og samfunnsfag. Utprøvinga er avgrensa til å gjelde engelsk. et tek utgangspunkt i Kunnskapsdepartementet si vurdering av CLIL i St.meld. nr. 23 (2007 2008) Språk bygger broer (side 58). Engelsk, tysk eller 11
fransk er blitt brukt som undervisningsspråk i andre fag i Noreg sidan 1990- talet. Resultata frå desse prosjekta viser at CLIL i kombinasjon med auka mengdelesing kan bidra til å betre leseferdigheitene hos elevane. Undersøkingane tyder òg på at det er behov for å utvide eller supplere tradisjonell språkundervisning med metodar som i større grad legg opp til mengdelesing (jf. Hellekjær 2005 og Hestnes 2006). Framandspråksenteret meiner at det å styrkje elevane sine leseferdigheiter i engelsk kan ha ein positiv effekt også på framandspråk. Senteret har i fleire år støtta CLIL-prosjekt, jf. http://www.fremmedspraksenteret.no/clil. Skuleåra 2009 2010 og 2010 2011. Prosjektresultata skal publiserast hausten 2011 i ein eigen publikasjon i serien Fokus på språk. Internasjonalisering Tysk, fransk, spansk og russisk er framande språk for mange elevar. Ei reise til eit av landa der desse språka blir snakka, eller eit møte i Noreg med ein morsmålsbrukar kan bidra til å synleggjere nytteverdien av språkferdigheiter og kulturkunnskap. Elevane som reiser til eit målspråksland, får eit konkret inntrykk av kva måtar språket kan brukast på i praksis. Framandspråk blir eit meir realistisk val for desse elevane, og vi reknar derfor auka internasjonalisering som eit viktig ledd i arbeidet med å betre rekrutteringa til språkfaga generelt og til programfag innanfor framandspråk spesielt. 14 Ut i verda! Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) og Framandspråksenteret utviklar eit informasjonshefte med grunnleggjande informasjon for skular og lærarar som er interesserte i internasjonalisering. Heftet omfattar mellom anna ei samla oversikt over eksisterande program og støtteordningar (jf. St.meld. nr. 14 (2008 2009) Internasjonalisering av utdanning, side 38), svar på dei viktigaste spørsmåla og ei rekkje praksisdøme frå skular som er involverte i forskjellige typar internasjonaliseringsprosjekt. Kunnskapsdepartementet formulerer i St.meld. nr. 14 (2008 2009) ein ambisjon om at norske elever og studenter skal være verdensborgere (side 6). For å nå dette målet er det viktig at eksisterande norske, bilaterale og europeiske stipendordningar for elevutveksling osv. blir betre kjende og brukte oftare. Eit hefte med grunnleggjande informasjon om internasjonalisering vil kunne gi eit viktig bidrag til dette. Heftet skal publiserast i 2010 og eventuelt trykkjast opp att i løpet av skuleåret 2011 2012. 12
15 Utvida bruk av ordninga med tyske og franske reiselektorar Eksisterande ordningar med franske og tyske reiselektorar blir vidareførte og i større og større grad brukte i arbeidet mot skular som har framandspråk som programfag. I ei årrekkje har franske og tyske reiselektorar reist rundt og besøkt skular i heile landet. Ordninga er vellykka, og Framandspråksenteret meiner at møteromma for kulturutveksling mellom Noreg og fransk- og tyskspråklege land som blir skapte på denne måten, kan bidra til større rekruttering til framandspråk, også til programfaga. Som ledd i oppfølginga av tiltaksplanen ønskjer vi derfor å sjå på korleis bruken av reiselektorordninga kan utvidast med tanke på auka rekruttering til framandspråk som programfag. Arbeidet skjer fortløpande. 16 Utvekslingselevar og -studentar i klasserommet Utanlandske elevar som deltek eller har delteke i utvekslingsprogram gjennom AFS og YFU, besøkjer skular i heile landet og gir eit innblikk i eige land og språk. et blir vurdert utvida til også å omfatte utvekslingsstudentar og norske elevar som har delteke i utvekslingsprogram. et viser nytteverdien av framandspråk og gjer faga til eit meir konkret og realistisk val for den enkelte eleven. Besøka kan òg integrerast i undervisninga i programfaga, då som eit ledd i arbeidet med faginnhaldet. Arbeidet skjer fortløpande. 13
Årlege markeringar For å synleggjere programfag innanfor framandspråk og markere arbeidet med tiltaksplanen blir det arrangert ein årleg programfagdag. I tillegg blir det oppretta ein årleg programfagpris. 17 Programfagdag framandspråk Framandspråksenteret arrangerer ein årleg programfagdag. Då samlar rektorar, lærarar og andre involverte frå heile landet seg for å utveksle erfaringar frå faget og gjere opp status for tiltaka i den føreliggjande planen. splanen har som målsetjing å auke rekrutteringa til programfaga innanfor framandspråk. I dag er det få elevar som vel framandspråk utover fellesfaget, og tilbodet på skulane er tilsvarande marginalt. Planen strekkjer seg over fire skuleår, og målet er at tiltaka samla sett skal resultere i eit breiare tilbod og merkbart fleire søkjarar til faga. a som er beskrivne ovanfor, inneheld ei lang rekkje aktivitetar retta mot skular, lærarar, rådgivarar og andre. Vi ønskjer å arrangere eit årleg møte med så mange involverte som mogleg for å diskutere framgangen i arbeidet med planen. Eit slikt årleg møte vil i tillegg markere overfor elevar, skular og offentlegheita kor viktige faga er. Møta skal arrangerast i 2010, 2011 og 2012. Hausten 2009 blir det arrangert eit mindre oppstartsmøte der mellom anna ekspertgruppene vil bli konstituerte (jf. tiltak 11). 18 Programfagpris framandspråk Framandspråksenteret opprettar ein programfagpris. Prisen blir kvart år gitt til skular, lærarar, elevar eller andre som på ein inspirerande og nyskapande måte har bidrege til å auke rekrutteringa til programfag innanfor framandspråk. Ei utmerking kan bidra til å motivere skular og enkeltpersonar i arbeidet med framandspråk som programfag. Formålet med ei slik utmerking eller ein slik pris er å vise kor viktig det er med auka språkkompetanse, og å bidra til nytenking og større rekruttering til framandspråk som programfag. Prisen blir delt ut på Den europeiske språkdagen 26. september frå og med skuleåret 2009 2010. 14