Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 014/17 Formannskapet PS 20.03.2017 017/17 Bystyret PS 21.03.2017 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Rolf Bjarne Sund K1-026, K1-002 16/1456 Søknad om samanslåing mellom Vågsøy og Flora kommunar Framlegg til vedtak: 1. Bystyret godkjenner inngått intensjonsavtale med Vågsøy kommune om samanslåing frå 01.01.2020. 2. Bystyret i Flora sender søknad til Kommunaldepartementet der ein ber om Stortinget si godkjenning av den nye kommunen frå same dato. 3. Styringsgruppa blir bedt om å utarbeide eit strategidokument som bygger på målsettingane i intensjonsavtalen og innspel frå felles formannskapsmøte i mars i år. 4. Bystyret ber ordførar nytte strategidokumentet i dialog med sentrale styresmakter om best mogelege rammevilkår for den nye kommunen. Terje Heggheim Rådmann Dette dokumentet er elektronisk godkjent og har difor ingen signatur. Formannskapet - 014/17 FORM - handsaming: Rådmannen si tilråding vart vedteken med 10 mot ei -1- røyst (SV). Repr. Gustav Johan Nydal la fram slik protokoll-tilførsel som var lagt ved protokollen Stemmer for framlegget med følgjande protokoll tilførsel. Primært ynskjer Flora KrF ein ny Kinn kommune der både Vågsøy og Bremanger blir med
FORM - vedtak: 1. Bystyret godkjenner inngått intensjonsavtale med Vågsøy kommune om samanslåing frå 01.01.2020. 2. Bystyret i Flora sender søknad til Kommunaldepartementet der ein ber om Stortinget si godkjenning av den nye kommunen frå same dato. 3. Styringsgruppa blir bedt om å utarbeide eit strategidokument som bygger på målsettingane i intensjonsavtalen og innspel frå felles formannskapsmøte i mars i år. 4. Bystyret ber ordførar nytte strategidokumentet i dialog med sentrale styresmakter om best mogelege rammevilkår for den nye kommunen. Protokolltilførsel: Stemmer for framlegget med følgjande protokoll tilførsel. Primært ynskjer Flora KrF ein ny Kinn kommune der både Vågsøy og Bremanger blir med Bystyret - 017/17 BYST - handsaming: Representanten frå KRF John Bjarne Geithus tok vidare protokolltilførselen som repr.gustav Johan Nydal hadde i formannskapet: Protokolltilførsel: Stemmer for framlegget med følgjande protokoll tilførsel. Primært ynskjer Flora KrF ein ny Kinn kommune der både Vågsøy og Bremanger blir med Formannskapet si tilråding vart vedteken mot 6 røyster. BYST - vedtak: 1. Bystyret godkjenner inngått intensjonsavtale med Vågsøy kommune om samanslåing frå 01.01.2020. 2. Bystyret i Flora sender søknad til Kommunaldepartementet der ein ber om Stortinget si godkjenning av den nye kommunen frå same dato. 3. Styringsgruppa blir bedt om å utarbeide eit strategidokument som bygger på målsettingane i intensjonsavtalen og innspel frå felles formannskapsmøte i mars i år. 4. Bystyret ber ordførar nytte strategidokumentet i dialog med sentrale styresmakter om best mogelege rammevilkår for den nye kommunen.
Saksopplysingar: Kva saka gjeld: Etter oppdrag frå Bystyret i sak 004/17 har forhandlingsutvala har vorten samde om å tilrå intensjonsavtalen om samanslåing. No blir den lagt fram for politisk førehaving. Innleiing: Bystyret har tidlegare vedteke å avslutte arbeidet med kommunereforma, men no er arbeidet starta opp igjen. Vi kjenner til at: Bremanger har gjort vedtak om å stå åleine. Vågsøy hadde tidlegare ei orientering mot Selje og Eid. Dei to sistnemnde har ein intensjonsavtale. No har Vågsøy gjort vedtak om at dei ønskjer ein kystkommune. Det har også Flora gjort. Det har vore stilt spørsmål om Vågsøy kunne bli slått saman med Selje og Eid mot sin vilje. Ei samanslåing av dei ytre Nordfjordkommunane kan bli eit hinder for kystkommunen. Av omsyn til det forpliktande samarbeidet mellom kystkommunane, og ut frå ønskje om ei avklaring av Vågsøy si stilling, vart det tatt initiativ til eit møte med kommunal- og moderniseringsministeren. Forhandlingsutvala i Bremanger, Flora og Vågsøy møtte statsråden, som var klar i tilbakemeldinga: dersom det vert arbeidd vidare med ein kystkommune, og det vert gjort gjensidige vedtak om dette i 2017, vil ikkje Vågsøy bli tilrådd samanslått med Selje og Eid. Ein ny kystkommune får tilgang til dei økonomiske verkemiddel som gjeld no Bystyret gjorde i sak 004/17, den 07.02.17 følgjande vedtak: 1. Flora kommune ønskjer å slå seg saman med Bremanger og Vågsøy 2. Forhandlingsutvalet går i tingingar med Vågsøy om ei intensjonsavtale 3. Vi ønskjer at Bremanger kommune tar del i forhandlingane 4. Avtala skal opne for at Bremanger kan bli med seinare. Intensjonsavtala vert å handsame innan mars 2017 5. Det vert sett av 500 kroner til arbeidet med ein kystkommune. Avsettinga vert å stadfeste i revidert budsjett i juni 2017. 6. Forhandlingsutvalet får vide fullmakter til å ta stilling til alle eventualitetar som måtte oppstå undervegs i forhandlingane, herunder kva det skal forhandlast om 7. Det skal føretakast folkemøte og innbyggarundersøking Det har vore gjennomført fire forhandlingsmøte i forhandlingsutvala; 13.02, 20.02, 27.02 og 06.03. Referat frå møta er vedlagt saka.
Forhandlingsutvalet i Flora kommune er sett saman av ordførar Ola Teigen, varaordførar Jan Henrik Nygård, gruppeleiar for Samlingslista, Jacob Nødseth, gruppeleiar for Høgre Hanne Kristensen og rådmann Terje Heggheim. Tilsette har vore representert i alle møte ved Wenke Kvalvik frå Fagforbundet. Det har vore gjennomført folkemøte i både Vågsøy og Flora. I Vågsøy møte det om lag 150 personar samt at inntil 3700 brukarar var inne og såg møtet via internett. I Flora møtte om lag 200 personar og inntil 4 brukarar var inne og såg møtet via internett. Etter at intensjonsavtalen blei ferdigforhandla har den vore annonsert i Firdaposten og i perioden 9 mars til 16 mars vart gjennomført ei innbyggjarhøyring i Vågsøy (600 stk) og Flora (800 stk). Spørsmålet handla om å seie ja eller nei til samanslåinga. Rapport frå høyringa blir lagt fram 17 mars. Det er usikkerheit knytt til økonomiske konsekvensar ved ei samanslåing. Det som er sikkert er at det vil vere økonomisk gunstig å slå seg saman samanlikna med det å ikkje slå seg saman. Moment kring dette er oppsummert i vedlagt sak frå rådmannen i Vågsøy. Nedanfor er nøkkeltall frå rekneskapen for 2016 for dei to kommunane oppsummert. Vågsøy Flora Diverse aktiva Disposisjonsfond 16 830 12 112 Kraftaksjer 0 34 868 Ubunden investeringsfond 1 6 159 Lånegjeld 531 532 1 402 604 Herav: VAR 113 387 Startlån 6 84 432 Andre sjølvfinansierande tiltak 30 34 119 614 Netto driftsresultat 2016 13 11 055 Mindreforbruk 5 572 072 4 997 Utlån kommunale føretak 51 188 Lån knytt til Flora bygg og eigedom 123 335 Sum sjølvfinansierande tiltak 149 715 665 614
Del sjølvfinansierande lån 28 % 51 % Lån som må dekkast av frie 382 532 686 938 386 inntekter Tall innbyggjarar 6 12 Lånegjeld (frie inntekter) pr innbyggjar 63 755 57 245 Vurdering: I tillegg til dei momenta som er nemnt i innleiinga meiner Rådmannen det har vore riktige å ta initiativet til eit arbeid med å slå saman kommunane Vågsøy, Bremanger og Flora no. Sjølv om Bremanger etter eige ynskje har vald å ikkje delta i tingingane har det vore rett av kommunane Vågsøy og Flora å gå vidare med arbeidet. Det er fleire grunnar til dette. Kommunereforma har mellom anna ført til at det blir danna ein ny og vesentleg større kommune kring Førde. Dette vil bli ein sentral aktør i regional utvikling i og kring Sunnfjord. For å kunne oppretthalde eit fokus på utvikling på kysten og dei verdiane som kan skapast på kysten er det kritisk å få på plass ein kommune med kystfokus som vil gje ei likevekt i utviklinga i heile regionen. Vidare vil danning av ein ny Vestlandsregion føre til at det er viktig å kunne posisjonere seg for å kunne ta ei rolle i den vidare utviklinga på kysten. I denne regionen vil det naturleg nok bli eit tyngdepunkt kring Bergen og i dei relativt store omkringliggande kystkommunane. Dette er kommunar som også har tradisjon, kraft og erfaring i å skape vekst og utvikling på kysten. Sett i dette perspektivet vil dagens kommunar i vårt område bli for små og lite kraftfulle i det å ta ein posisjon i den nye regionen. Regjeringa har laga eit sett med økonomiske verkemiddel for dei kommunane som vel å slå seg saman i løpet av 2017. I praksis må kommunane gjere vedtak no i vinter for å kome med i denne ordninga. Dette er også eit moment som tilseier at det bør gjerast vedtak om samanslåing no, dersom det er aktuelt å slå saman kommunen. Rådmannen meiner avtalen er god for både for dagens Flora og ikkje minst med tanke på framtidig moglegheit for utvikling på kysten i ein ny større og meir slagkraftig kommune. At avtalen er god for dagens Flora og dagens tenesteproduksjon er mellom anna basert på avtalen sine målsettingar om å satse på Florø som senter og by. Vidare legg avtalen opp til at tenestestrukturen ikkje skal endrast med bakgrunn i ei samanslåing. Tvert imot vil ei slik samanslåing gje den nye kommunen moglegheit for å utvikle større og enda meir kompetente og attraktive fagmiljø, som vil vere med å utvikle dei kommunale tenestene i heile kommunen.
I lys av oppgåvefordeling, regionsreform, kommunereform og at denne samanslåinga først og fremst er eit samfunnsutviklingsprosjekt må det krevjast og forventas at den nye kommunen får tilført nye verkemiddel for både tenesteproduksjon, men ikkje minst til samfunnsutvikling. Slike nye verkemiddel må vere med å gje eit grunnlag for gjennomføring av intensjonsavtalen på ein slik måte at den kommunale tenesteproduksjonen blir betre og at den nye kommunen sine moglegheiter for samfunnsutvikling blir vesentleg betre. Innhaldet og retninga på dette arbeidet vil bli konkretisert i det strategidokumentet som avtalen legg opp til skal utarbeidast, og i dialog med statlege mynde. Sidan prosessen med å slå saman kystkommunane i slutten av januar blei starta opp og fram til no har det vore ein kort og hektisk prosess. Når prosessar går så fort kan det føre til at prosessen får eit «elitepreg», dvs at det bere er kommunen si leiing og eit lite utval elles som har delteke som har eigarskap til ideen og resultatet av prosessen. Rådmannen meiner dette også kunne ha vore realiteten i dette tilfellet. Men det er forhold som tilseier at prosessen har legitimitet hos eit breitt utval av politikarar, næringsliv og innbyggjarar. Mellom anna så har delar av næringslivet sjølv teke initiativ til ein slik prosess. Politikarar og innbyggjarar vart gjennom siste runde med kommunestruktur, for om lag eit år sida, godt vand med tanken og innhaldet i ei eventuell samanslåing. Dette har nok gjort det vesentleg lettare no for dei fleste å ta realitetane av ei mogleg samanslåing inn over seg, og dermed også gjere seg opp eit standpunkt i saka. Det har på den korte tida prosessen har gått føre vore informert aktivt om kva som det har vore arbeid med. Dette gjeld både prosessen og innhaldet i den. Kort kan informasjonsaktivitetane oppsummerast slik: Pressa har dekt saka og prosessen på ein informativ måte. Det har vore gjennomført folkemøte i begge kommunane, som også har vore lagt ut på internett, Annonsar har vore med å på å gje folk informasjon Kommunen si heimeside har heile tida vore oppdatert med informasjon. Nyhende er spreidd via facebook. Punkta overfor gjer grunn til å hevde at dei fleste burde hatt høve til å bli informert om kva som er i ferd med å skje. Med dette som utgangspunkt blir det i perioden 9 16 mars gjennomført ei innbyggjarhøyring som vil gje ein peikepinn på om innbyggjarane ynskjer dette eller ikkje. Oppsummert så er prosessen godt innfor dei krava regjeringa har sett for slike prosessar. Rådmannen tilrår at Flora kommune søkjar å bli ein del av ein større og meir slagkraftig kommune på kysten.
Økonomiske konsekvensar: Avsetnad til sjølve arbeidet med saka er handtert i sak 004/17. Når det gjeld økonomiske konsekvensar av evt. vedtak visas det til saksutgreiing og vedlegg. Miljømessige konsekvensar: Aktuelle lover, forskrifter, avtalar mm: Vedlegg: Søknad om samanslåing mellom Flora og Vågsøy kommunar. Utkast Intensjonsavtale versjon for pol handsaming 21 mars 17