Statens vegvesen Notat Til: Frå: Kopi: Hordaland fylkeskommune Statens vegvesen, Region vest Sakshandsamar/innvalsnr: Olav Terje Hove - 57655802 Vår dato: 29.04.2015 Vår referanse: 2015/052515-001 Val av standard på fylkesvegar 1. Bakgrunn Hordaland fylkeskommune har teke opp spørsmålet om standardval ved bygging/utbetring av fylkesvegar med Statens vegvesen. Kontakten er teken med bakgrunn i ein interpellasjon i fylkestinget der det vert sagt at standarden på ny/oppgradert veg ofte vert svært høg, spesielt sett i samanheng med tilstøytande vegar som har ein heilt anna standard. Det vert i inerpellasjonen spurt om ein ved å senka standarden, kan få meir veg for pengane. Fylkesordføraren har gitt eit utfyllande svar til interpellasjonen der det også vert peika på at Statens vegvesen forheld seg til vegnormalane som gjeld for alle offentlege vegar. Til slutt i svaret har fylkesordføraren sagt han vil ta initiativ til ein diskusjon med Statens vegvesen omkring spørsmålet. 2. Vegnormalane Den av vegnormalane som omtalar standarden mest direkte, er handbok N100 Veg- og gateutforming. Der er omtala standardkrav for nye vegar og for utbetring av eksisterande vegar. I N100 er vegane inndelt i dimensjoneringsklassar. I dei ulike dimensjoneringsklassane er sett krav til ei rekke faktorar som vil ha betydning for tryggleik og køyrekomfort. Slike faktorar er t.d krav til siktlengder som stoppsikt og forbikøyringssikt, horisontalkurvatur for vegen og for nabokurver, maksimal stigning, overhøgde og resulterande fall. I tillegg er det krav til kryssløysingar, avkøyrsler, tilbod til gåande og syklande, kollektivanlegg, belysning o.l. Dimensjoneringskrava er sett ut frå matematiske utrekningar og føreset våt, men rein og isfri veg og køyring i dagslys. Detaljar omkring dei ulike parametrane finn ein i vegvesenet si handbok V120 Premisser for geometrisk utforming av veger. Kriteria for plassering i dimensjoneringsklasse er vegen sin funksjon, årsdøgntrafikk (ÅDT) og fartsgrense. ÅDT for vegar skal vanlegvis vera prognose for trafikkmengde 20 år etter forventa opningsår av prosjektet. For fastsetting av ÅDT skal nyttast dei fylkesvise Postadresse Telefon: 02030 Kontoradresse Fakturaadresse Statens vegvesen Telefaks: 57 65 59 86 Askedalen 4 Statens vegvesen Region vest firmapost-vest@vegvesen.no 6863 LEIKANGER Landsdekkende regnskap Askedalen 4 6863 Leikanger Org.nr: 971032081 9815 Vadsø Telefon: Telefaks:
2 prognosane for biltrafikken som vert reviderte kvart 4. år, dersom det ikkje finst eit betre grunnlag som t.d regionale transportmodellar. Andre normalar som vil kunne ha stor betydning for kostnadane er N200 Vegbygging og N500 Vegtunneler. Desse vert ikkje kommenterte i dette notatet. 2.1 Val av dimensjoneringsklasse Korleis ein skal gå fram for å velja dimensjoneringsklasse er omtala i handbok N100: Dimensjoneringsklasse velges i en overordnet planprosess ut fra en helhetsvurdering av ruta/vegnettet den planlagte parsellen inngår i. (N100, kap C.1 og kap D.1 (utbetring)) For mindre utbetringar heiter det: Det er ikke definert en standard for mindre utbedringstiltak eller punktutbedringer (N100, kap D.2) Det heiter også: Vegnormalene skal sikre en tilfredsstillende og enhetlig kvalitet på vegnettet ut fra samferdselspolitiske mål. Vegnormalene vil derfor måtte inneholde en del standardkrav. Vegnormalene skal likevel gi frihet til å velge løsning tilpasset forholdene på stedet. (N100, Forord, referert forskrift etter vegloven 13) Vurdering: Som det går fram av N100, skal det vera ein prosess i forkant for val av dimensjoneringsklasse. Det bør drøftast med vegeigaren korleis dette bør gjerast for fylkesvegar. Det er mogeleg vegeigar bør koma sterkare inn i denne prosessen enn det som har vore tilfelle til no. 2.2 Dimensjoneringsklassar for nye vegar Innanfor kvar dimensjoneringsklasse er det ulike krav til m.a vegbreidde, køyrefeltbreidde, skulder, midtdelar, horisontalkurvatur, stoppsikt, forbikøyring, vertikalkurveparametre (m.a maks stigning), kryssløysingar, avkøyrsler, tilbod til gåande og syklande o.s.b. Val av dimensjoneringsklasse er viktig med tanke på vegen sin funksjon, men vil og påvirka kostnaden. Det vert føreset at fylkeskommunen i denne problemstillinga har fokus på dei lågtrafikerte vegene og at max fartsgrense er 80 km/t. Det kan innanfor same ÅDT og fartsgrense veljast ulike dimensjoneringsklassar etter kva funksjon vegen skal stetta. I dei etterfylgjande tabellane har vi satt opp dei aktuelle dimensjoneringsklassane saman med nokre av krava innanfor kvar klasse. Vi har fylgjande alternativ:
3 ÅDT<1500: ÅDT <300 < 1500 Fartsgrense 50 80 50 60 60 80 80 80 Dim.klasse A3 Sa3 Sa1 H1 H1(ø) H2 Hø1 Sa3 Vegbreidde (m) 4 4 6 7,5 6,5 8,5/7,5 6,5 6,5 Køyrefeltbr. (m) 4 3 2,75 3,00 2,75 3,25/3,00 2,75 2,75 Stoppsikt (min) 45 100 45 70 70 115 100 100 Min. horisontalk. 60 200 55 125 125 250 200 200 Max. Stigning % 8 8 6 8 8 6 8 8 Avst mellom kryss - - - 250 250 500 250 - ÅDT 1500 4000: ÅDT 1500-4000 Fartsgrense 50 60 60 80 80 Dim.klasse Sa2 H1 H1(ø) H2 Hø2 Vegbreidde 6 (10,5) 7,5 6,5 8,5 7,5 Køyrefeltbr. 2,75 3,00 2,75 3,25 3,00 Stoppsikt (min) 45 70 70 115 100 Min. horisontalk. 55 125 125 250 200 Max. Stigning % 6 8 8 6 8 Avst mellom kryss - 250 250 500 250 ÅDT 4000 6000: ÅDT 4000-6000 Fartsgrense 60 80 Dim.klasse H1 H4 Vegbreidde 8,5 10 Køyrefeltbr. 3,25 3,50 Stoppsikt (min) 70 145 Min. horisontalk. 125 300 Max. Stigning % 6 6 Avst mellom kryss 250 1000 A3: Adkomstveg i spreidd bebyggelse. Bør ikkje vera lenger enn 3 km
4 Sa3: Samlevegar. Har øvre grense for trafikkbelastning på ÅDT 1500. Der trafikkgrunnlaget er lite, ÅDT<300, bør utformast som 1-feltsveg, medan vegar med ÅDT>300 bør utformast som 2-feltsveg Sa1: Samleveg i bustadområde. Bør ikkje vera lenger enn 2 km H1: Nyttast for nasjonale hovudvegar og øvrige hovudvegar der arealdisponering og aktivitet inntil vegen gjer at fartsgrensa vert sett til 60 km/t H1(ø): Dette er variant av H1 der nasjonale hovudvegar skal ha breidde 7,5 m, øvrige hovudvegar (H1(ø))vegbreidde 6,5 m H2: Nasjonale hovudvegar. Vegbreidde kan reduserast til 7,5 m når ÅDT<1500 og det er kostbart/sårbart terreng Hø1: Øvrige hovudvegar. Skal berre brukast når ÅDT<1500 Sa2: Samlevegar. Interne vegforbindelser i byer eller vegforbindelse mellom bygder der vegen går gjennom bebygde område. Vegen skal byggjast med fortau eller gang- /sykkelveg. (Totalbreidde med fortau i parentes.) Hø2: Gjeld øvrige hovudvegar med ÅDT 1500 4000 H4: Nasjonale hovudvegar og øvrige hovudvegar. Vegen er avklørslefri Nokre dimensjoneringsklassar kan også ha fleire alternative utformingar. T.d kan Sa1 byggjast med eller utan fortau på eine eller begge sider, og med ulik køyrebanebreidde avhengig av fortauløysing. Vurdering: Som det går fram av tabellane vil val av dimensjoneringsklasse gje ulike utslag. Viss forventa trafikk ÅDT<300, kan einfeltsveg med møteplassar byggjast både med fartsgrense 50 km/t og 80 km/t. Med ÅDT>300 må det etter vegnormalane byggjast fleirfeltsveg. Det er sjeldan fylkeskommunen byggjer nasjonale hovudvegar. Ved trafikk ÅDT<1500 og fartsgrense 80 km/t vil det derfor vera Hø1 eller Sa3 som bør veljast. Desse vegstandardane er i utgangspunktet nokså like, men for Sa3 er det ikkje direkte krav til nabokurve. Ei vurdering her kan vera at ved stort innslag av tunge køyretøy, vert køyrefeltbreidden smal (2,75). I nokre tilfelle har ein difor valt dimensjoneringsklasse H2. Denne klassen gir ein stivare veg m.a med minste tilletne horisontalradius på 250 m medan ein etter Hø1 og Sa3 kan byggja med 200 m horisontalradius. Viss derimot trafikkmengda>1500, skal dimensjoneringsklasse Hø2 nyttast med 3,00 m køyrebanebreidde og same krav til m.a horisontalkurvatur, stigning og stoppsikt som klasse Hø1. Viss klasse H1 vert valt, vil ein få ein stivare veg som også i dei fleste tilfelle vil gje meir kostbare løysingar. Størst utslag vil det truleg gje viss ein kjem ut med dimensjonerande trafikkmengde rundt ÅDT 4000. Viss trafikkmengda kjem ut like under 4000, er det dimensjoneringsklasse Hø2 som i dei fleste tilfelle vil vera det naturlege valet på fylkesvegar. Viss ein kjem ut med trafikkmengde like over 4000, vil H4 vera det rette valet dersom fartsgrensa er 80 km/t. Forskjellen på desse dimensjoneringsklassane er store:
5 Dimensjoneringsklasse Hø2 H4 Fartsgrense (km/t) 80 80 Vegbreidde (m) 7,5 10,0 Køyrefeltbreidde (m) 3,00 3,50 Stoppsikt (m) 100 145 Min. horisontalkurve radius (m) 200 300 Maks stigning % 8 6 Avst. mellom kryss (m) 250 1000 H4 skal byggjast med forsterka midtoppmerking medan det ikkje er eit krav for Hø2. H4 vil dermed også vera ein meir trafikksikker veg, men dette vil også slå ut på kostnaden. Forskjellen i kostnadane med bygging av desse vegane vil i dei fleste tilfelle vera store. Både krav til vegbreidde, horisontalkurveradius, stigning og sikt vil gje betydeleg utslag. 2.3 Dimensjoneringsklassar for utbetring av eksisterande vegar Handbok N100 Veg- og gateutforming har eit eige kapittel om standardkrav ved utbetring av eksisterande vegar (kap. D). Utbetringsstandarden gjeld vegar med ÅDT<12000 og fartsgrense 60 km/t eller 80 km/t. ÅDT <1500 1500-4000 <4000 4000- Fartsgrense 60 80 60 80 60 80 80 Dim.klasse Hø1/ Sa3 Hø1/ Sa3 Hø2 Hø2 H2 H2 H4 6000 Vegbreidde 6,5 6,5 6,5 7,5 7,5 8,5 10/8,5 Køyrefeltbr. 2,75 2,75 2,75 3,00 3,00 3,25 3,5/3,25 Stoppsikt (min) 60 100 60 100 60 100 120 Min. horisontalk. 100 200 100 200 100 200 250 Max. Stigning % 8 8 8 8 6 6 8 Avst mellom kryss 250 250 250 250 400 400 800 Som det går fram av tabellane er det noko mindre krav til standard ved utbetring av eksisterande vegar i forhold til nybygging. T.d er minste horisontalradius ved 60 km/t 125 m
6 ved nybygg og 100 m ved utbetring, krav til stoppsikt 70 m ved nybygg og 60 m ved utbetring o.s.b. Også i utbetringsstandarden finn ein eit sprang i normalane ved ÅDT 4000. Spranget vert ikkje like stort som ved nybygg, m.a er kravet til minste horisontalkurvatur ved utbetring 250 m ved ÅDT>4000 (300 m ved nybygg) mot 200 m for ÅDT<4000 (som ved nybygg). I tillegg er det ved utbetring opna for at H4 kan byggjast med vegbreidde 8,5 m (køyrebanebreidde 3,25 m) i kostbart og/eller sårbart terreng. Vurdering Utbetringsstandarden er utarbeidd med tanke på at eksisterande vegar skal kunne utbetrast til brukbar standard utan at full vegnormalstandard vert lagt til grunn. Omsynet til tryggleik er likevel ivareteke. Utbetringsstandarden gjer at det er mogeleg å nyttiggjera seg av deler av den vegkapitalen som er lagt ned tidlegare. Statens vegvesen ser på dette som ei god løysing som er med å gje tilfredsstillande standard til ein redusert kostnad i forhold til å byggja nytt. 3. Endring av standardkrav Statens vegvesen må forholda seg til dei normalane som ligg føre. Krava i normalane byggjer på omfattande tekniske berekningar. Grunnlaget går fram av Statens vegvesen si handbok V120 Premisser for geometrisk utforming av veger. Det vil ikkje vera mogeleg for verken regionkontoret eller vegavdelingar i vegvesenet å endra krava. Viss fylkeskommunen meiner krava til standard bør endrast, evt at ein bør få reviderte normalar som er betre tilpassa fylkeskommunen sine behov, bør det koma innspel om dette. Vegdirektoratet har sett i gang eit revideringsarbeid av handbok N100. Planen var at ny handbok skulle vera klar innan 2017, men dette arbeidet er no forsert. Det vert no lagt opp til at deler av revisjonen skal leggjast fram inneværande år. Arbeidet med revisjon av N100 er organisert som eit prosjekt. Fylkeskommunane er representerte i arbeidet gjennom KS som har eit medlem i styringsgruppa. Vurdering Største utfordringa i vanskeleg terreng, som vi ofte har på Vestlandet, er truleg å halda kurvaturkrava. Det er mogeleg at det bør inn ein dimensjoneringsklasse med lågare fartsgrense, (dette vil i så fall truleg måtte føra til endring av skiltforskriftene) evt at ein går tilbake til systemet med dimensjonerande fart. Ein slik klasse vil kunne gje ein mjukare linjeføring som lettare kan tilpassast geografien. Eit slikt forslag må i så fall spelast inn i det pågåande arbeidet med revidering av handbok N100. Det kan også vera behov for å sjå spesielt på krava der ÅDT ligg rundt 4000.
7 Innspel her bør også koma i samband med revidering av handbok N100. 4. Fråvik frå vegnormalane Det kan gjevast fråvik frå dei gjeldande vegnormalane som beskriv standardkrava. I rettleiinga for fråvikshandsaming heiter det: «For fylkesveg skal fråvik frå normalane heimla i forskrift til 13 i veglova vedtakast av fylkeskommunen, dersom ikkje noko anna er avtala. Unnataket er krava i normalane knytta til bru, ferjekai og andre berande konstruksjonar (heimla i bruforskrifta), og normalane heimla i skiltforskrifta 35, som alltid skal vedtakast i regionen (bør-krav) eller Vegdirektoratet (skalkrav)». Vurdering Sjølv om fylkeskommunen kan gi fråvik frå mange av krava i vegnormalane, vil ein praksis med utstrakt bruk av fråvik vera uheldig. Bruk av gjeldande normalar må tilstrebast både ved å gå gjennom gjeldande praksis med praktisering av normalane, og å koma med ynskjelege endringar av normalane som innspel i den pågåande revisjonen av N100. Det er ein prosess på gang for å sjå på handsaminga av fråvik på fylkesvegar. Vi reknar med at vi kjem tilbake til korleis dette praktisk bør gjennomførast i løpet av året. 5. Andre kostnadsdrivarar Når det gjeld kostnadane med veganlegg, er det også ein del andre forhold enn vegstandarden etter N100 som spelar inn. Det er strengare krav til både ytre- og indre miljøforhold enn det har vore tidlegare. Dette gjeld både i anleggsfasen og overfor omgivnadane. Det kan nemnast støy, vassureining, tilrettelegging for gåande og syklande etc. Det er også strengare krav til oppbygging av vegkroppen, noko som på sikt vil redusere vedlikeholdskostnadane (handbok N200). M.a gjer strengare krav til bruk av massar at det må foretakast større masseutskifting og det vert meir transport både av massar som må fjernast og massar som må tilførast. Krava til utforming av tunnelar er innskjerpa, noko som også fører til høgare kostnader (handbok N500). Ein stor del av desse krava vil måtte gjennomførast dersom tunnelane skal kunne sikkerheitsgodkjennast. 6. Andre prosjekt på gang Det kan nemnast at i tillegg til at Statens vegvesen har starta arbeidet med revisjon av handbok N100, har etaten under arbeid rapporten «Systematisk utvikling av riks- og fylkesveger (SURF) som ikke er prioritert med større tiltak i overordnede planer». Det heiter i høyringsutgåva av rapporten:
Målet med SURF er å oppnå ensartet og forbedret standard på en lengre strekning enten det er standard slik den er beskrevet i vegnormalene eller en lavere, men jevn og stedtilpasset standard. Vegdirektoratet opplyser at dei håpar å kunne gjera ferdig rapporten våren 2015. 8 7. Konklusjon Statens vegvesen må til ei kvar tid forholda seg til gjeldande vegnormalar. Dette gjeld også ved planlegging/utbetring av fylkesvegar. I nokre tilfelle kan ein planlagt veg plasserast i fleire dimensjoneringsklassar ut frå kva formål vegen skal ha og ut frå forventa trafikkutvikling på strekninga. Prosessen med fastsetjing av dimensjoneringsklasse for fylkesvegar må avklarast med fylkeskommunen. Dersom fylkeskommunen finn at dagens vegnormalar ikkje stettar dei krav/ ynskje fylkeskommunen måtte ha, må fylkeskommunen presisere kva behov dei har for endring av vegnormalane, eventuelt nye standardkrav. Endringsforslaga må spelast inn i den pågåande prosessen med revidering av handbok N100. Fylkeskommunane er representerte i styringsgruppa for arbeidet gjennom KS. Innspel bør koma gjennom arbeidet i styringsgruppa, eventuelt som høyringsuttale når forslaget vert sendt på høyring. Statens vegvesen presiserer at punktutbetring/ mindre utbetringar kan gjennomførast utan at krava i vegnormalane vert gjort gjeldande.