REKRUTTERING TIL MARIN SEKTOR

Like dokumenter
Rekruttering til marin sektor Rådgjevarsamling Trond Wahl

Rekruttering i Hordaland. Trond Wahl

Rekruttering til marin sektor

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

INTERNASJONAL STRATEGI FOR HORDALAND

MIDLAR TIL REKRUTTERING, LIKESTILLING OG KOMPETANSEHEVING I LANDBRUKET - FORVALTNING

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Birgit Aarønæs Lisbeth Nervik

Vurdering av eit tilbod innan blått naturbruk på Nordmøre

Strategiplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland

OPPSTART OG ORGANISERING AV REGIONAL PLAN FOR SUNNHORDLAND

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Samanslåing av Hordaland helsefagskole og Fagskolen i Hordaland

Til: Fylkesutvalet Dato: 26.juni 2013 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: /TROWAH Kopi til: Arkivnr.: 313

REGIONAL KYSTSONEPLAN FOR SUNNHORDLAND OG YTRE HARDANGER. VEDTAK AV PLANPROGRAM

VIDARE FYLKESKOMMUNALT ENGASJEMENT I ARBEIDSMARKNADSBEDRIFTENE

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

MUSEUMSPLANEN - HANDLINGSPROGRAM FOR 2013

Vedlegg: doc; doc

RALLARVEGRÅD - UTNEMNING AV REPRESENTANT

TENESTEPENSJON - EVALUERINGSKRITERIER

FORSLAG TIL ORGANISERING, METODE OG FRAMDRIFTSPLAN

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Disponering av investeringsmidlar i opplæringssektoren 2017

Opplærings- og helseutvalet Innstilling til fylkesutvalet behandles i møte vedtak ettersendes.

INTERNASJONAL STRATEGI

GRUPPER MED REDUSERT ELEVTAL

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

TILSKOT TIL KULTURMINNEÅRET 2009

RAPPORT FRÅ FORSØK MED ANONYME PRØVAR

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

Kvam herad. Arkiv: N-634 Objekt: Uttale frå Kvam herad i samband med søknad om ny lokalitet for oppdrett av matfisk av laks og aure ved Tveitnes

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden i Avslag i perioden i Laks og aure i sjø 22

Opplæring av faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter

TILTAK FOR Å BETRE KVALITETEN I OPPLÆRING I BEDRIFT

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

HØYRING - FORSLAG TIL FORSKRIFT OM KVALIFIKASJONSKRAV FOR PERSONALE I FOLKEBIBLIOTEK

Framtidas kunnskapsklynge i Nye Øygarden kommune. Prosjekt under utvikling 11/ 2017

Elev- og lærlingombod i HFK

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

MØTE BOK. Varamedlemer til stades: Ingen vararepr esentantar hadde høve til å møta

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Forvaltingsrevisjon av Regionale utviklingsmidlar - handlingsplan for oppfølging

Løypemelding: Prosjektet "Auka gjennomføring - fleire ut i lære"

FYLKESKOMMUNEN SITT ENGASJEMENT I OG ORGANISERING AV HORDALAND OLJE OG GASS

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

HØYRING - FORSLAG TIL FORSKRIFT OM SÆRSKILDE KRAV TIL AKVAKULTURRELATERT VERKSEMD I HARDANGERFJORDEN

NÆRINGSRETTA MIDLAR TIL REGIONAL UTVIKLING - GODKJENNING AV ANDRE TILTAK I PLAN FOR BRUK AV KOMPENSASJONSMIDLAR 2012.

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

HØYRING NYE BESTEMMELSER OM TORSKEOPPDRETT

Høyring - Forslag til forskrift om tildeling av løyve til havbruk med laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn 2009

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

SØKNADER FRÅ HORDALAND FYLKESKOMMUNE OM STATLEGE TILSKOTSMIDLAR FOR 2013 FOR AUKA TILGJENGE TIL KOLLEKTIVTRANSPORTEN

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet Godkjenning av prosjektrekneskap Stend vgs Ombygging for tilrettelagt opplæring

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

Økonomisk situasjon ved Hordaland helsefagskole

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

FAGSKOLETILBOD I HORDALAND HAUSTEN 2010

Nåværende og fremtidige utfordringer i forhold til utdanning til fiskerifag

Plan for forvaltningsrevisjon Sogn og Fjordane fylkeskommune

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Oppretting av nye klassar hausten 2015 ved Hordaland helsefagskole

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

ETABLERING OG FINANSIERING AV KNOWLEDGE HUB I BERGEN

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

TILBODSSTRUKTUR FOR FAGSKULANE I HORDALAND FOR SKULEÅRET 2012/13

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

EIGENKONTROLL OPPFØLGING

FINANSFORVALTNINGA I 2012

9,101-23P-doknr HORDALAND FYLKESKOMMUNE. -gg nr_l_av 1 SÆRUTSKRIFT

MIDLAR TIL FOLKEHELSEARBEID 2012

Redusert eigendel elev-pc

RETNINGSLINE FOR RESERVERTE KONTRAKTAR

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Prosjektretta tiltak innan rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Sogn og Støtteordning

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå

Vedlegg: saksframlegg høring læremiddel.doc; vedak ophe.doc

HØRING AV ENDRINGER I DEN YRKESFAGLIGE TILBUSSTRUKTUREN

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

Transkript:

HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Klima- og naturressursseksjonen Arkivsak 201010115-6 Arkivnr. 313 Saksh. Wahl, Trond Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 24.11.2010-25.11.2010 REKRUTTERING TIL MARIN SEKTOR 2011-2014. SAMANDRAG Ved tildelinga av nye løyve til oppdrett av matfisk av laks og aure i 2009, har regjeringa fastsett at delar av vederlaget for desse løyva skal gå til fylkeskommunane som frie midlar. Hordaland fylkeskommune har fått 15 mill. kr., av desse har fylkesutvalet sett av 4 mill. kr. til rekruttering til næringa. Den marine sektoren i Hordaland er stor både i regional og nasjonal samanheng. Trass i dette har talet på ungdommar som vil inn i næringa minka kraftig. Dette er ei utvikling som er negativ både, for Hordaland fylke som ein viktig produsent av sjømat og den nasjonale verdiskapinga innan desse næringane. Regionalt er det viktig med utdanning av ungdom med høgt kunnskapsnivå og å oppretthalde utdanningstilboda i distrikta med store næringsaktørar. Prosjektet Rekruttering til marin sektor 2011 2014 har m.a. som mål at ungdommen skal få god og rett informasjon om dei marine næringane, og at dei vil ønskje å velje ei utdanning og eit yrke innan marin sektor. Prosjektet er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune (Regionalavdelinga og Opplæringsavdelinga), den marine næringa, fleire aktuelle vidaregåande skuler og det regionale utviklings selskapet Gode Sirklar AS. Det vert organisert i eit hovudprosjekt og fleire delprosjekt for å sikra at dei lokale interessene blir tekne hand om på best mogleg måte. FORSLAG TIL VEDTAK 1. Fylkesutvalet tek organiseringa av prosjektet Rekruttering til marin sektor 2011-2014 til orientering. 2. Fylkesutvalet vedtek at midlane 4 mill.kr. sett av til rekruttering til næringa skal brukas i prosjektet Rekruttering til marin sektor 2011-2014. Paul M. Nilsen Jan Per Styve Vedlegg: Prosjektskisse til Rekruttering til marin sektor 2011-2014

FYLKESRÅDMANNEN, 10.11.2010: 1. Bakgrunn I samband med tildelinga av nye løyve til oppdrett av matfisk av laks og aure i 2009, har regjeringa fastsett at delar av vederlaget for desse løyva skal gå til fylkeskommunane som frie midlar. Oppdrettarar i Hordaland fekk tildelt fem løyve. Hordaland fylkeskommune fekk med det tilført 15 millionar kroner som eit eingongstilskot. Tidlegare handsaming Fylkesutvalet i Hordaland fylkeskommune vedtok 21.01.10 (sak 03/10): 1. Hordaland fylkeskommune nyttar vederlaget på totalt 15 millionar kroner, som fylket får i samband med tildeling av nye havbruksløyve i 2009, til å opprette ei eiga tilskotsordning med sikte på vidare utvikling av dei marine næringane i fylket. 2. Utarbeiding av tilskotsordninga skal skje i nært samarbeid med kommunane og næringa. Fylkesutvalet skal vedta kriterium for bruk av midlane. Fylkesutvalet ber om at ein i dialog med kommunane vurdere om ein mindre del av vederlaget bør overførast som direkte tilskot til vertskommunane for nye konsesjonar. Fylkesutvalet ber også om at ein har særskilt fokus på utdanningstilbodet og rekruttering til marin sektor, samt miljøutfordingane knytte til næringa. Fylkesutvalet i Hordaland fylkeskommune vedtok 16.06.2010: 1. Fylkesutvalet vedtek at marin tilskotsordning skal nyttast til a. Rekruttering til næringa b. Arealbruk og lokalisering c. Miljøtiltak 2. Fylkesutvalet vedtek retningslinjer som det går fram av saka, med dei endringar som går fram av vedtaket her: a. Avgjerdsmynde på tildelinga vert lagt til fylkesutvalet. b. Av dei 7 mill kr som er sett av til miljøtiltak vert 1,0 mill kr sett av til tiltak for å fremja villstammane av laks og aure. c. Av dei 4 mill kr som er avsett til arealbruk og lokalisering skal 1,5 mill kr fordelast direkte til vertskommunane med kr. 300 000.- pr. konsesjon tildelt i 2009. I retningslinene som går fram av saka er følgjande prioriteringar sett; Tema NOK Ansvar og målgruppe Rekruttering til næringa 4 mill HFK, Regionalavdelinga i samarbeid med Opplæringsavdelinga Arealbruk og lokalisering 4 mill HFK, Regionalavdelinga i samarbeid med kommunane Miljøtiltak 7 mill Søkbare midlar/eksterne prosjekt Inndelinga er ikkje endeleg, fordelinga av søknader og tilskot mellom postane vil vere mogleg. 2. Vurderingar og utfordringar for rekruttering Det er synkande søkjartal til alle linjer som dekker fiskeri og havbruk innan vidaregåande opplæring. Svikten i rekrutteringa har vorte så stor at dette utdanningstilbodet er lagt ned på einskilde skular i fylket. Det er spesielt for retningane VG1 Naturbruk, VG2 Akvakultur og VG2 Sjømatproduksjon og VG2 Sjømathandlerfaget rekrutteringa har svikta dei seinare åra. Frå sluttrapport i RUP-prosjektet Rekruttering til marine fag i Hordaland II heiter det; 2

Antall søkere til de marine fag har i de siste årene hatt en negativ utvikling. Dette kan på sikt gjøre at de marine næringene ikke klarer å skaffe nok kvalifisert arbeidskraft. Undersøkelsen viser at sjømatnæringen i fylket trenger og etterspør faglært arbeidskraft, både nå og på lengre tid. Selv om næringen har vært gjennom flere år med finansiell uro, er det ingenting som tyder på lavere aktivitet. Når bedriftene skal ansette flere, er det særlig erfarne personer med fagbrev og sertifikater som er vanskelig å få tak i, mens personer med høyskole og universitetsutdannelse så langt ikke har vært noe problem. Å opprettholde relevante linjer på høyskolenivå i regionen vil likevel være viktig, også i rekruttering-sammenheng, der det er viktig med tydelige muligheter for videreutdanning. Bedriftene innen akvakultur og fiske har så langt stort sett fått fatt i de lærlinger de trenger. Dette betyr at nedgangen i søkertall de siste år enda ikke har fått merkbart utslag i bedriftene, men vil bli tydelig de kommende år. Bedriftene innen sjømathandel og sjømatproduksjon ønsker å ta inn lærlinger, men det har ikke vært søkere på flere år. Skal en få søkere må Fylket ha et skoletilbud som gir elevene mulighet for å fordype seg i sjømat. Hvis ikke skolene har kompetanse og utstyr til å gjøre dette selv, må dette skje i nært samarbeid med dem som innehar slik kompetanse. Det har de siste år vært flere rapporter som peker på hva som bør gjøres for å øke rekrutteringen til marin sektor. Områdene som går igjen er bedre synlighet og omdømme, bedre informasjon til elever, rådgivere og lærere og tydeliggjøring av karriereveier og arbeidsmuligheter. For å øke rekrutteringen er det også en forutsetning at utdanningstilbudene i akvakultur og fiske- og fangst opprettholdes, og at et skoletilbud med sjømatfordypning innen restaurant- og matfag blir varig. Nasjonale og regionale strategiplanar Svikta i rekrutteringa er negativ, både for Hordaland fylke som ein viktig produsent av sjømat og den nasjonale verdiskapinga innan sjømatproduksjon. Skal norsk marin sektor framleis utvikle seg bærekraftig og økonomisk lønsamt og samtidig vidareutvikle det eksisterande høge kunnskapsnivået, er det viktig at ungdom ser moglegheitene og utfordringane i å vere med på denne utviklinga. I regjeringa sin strategiplan for havbruksnæringa (Strategi for en konkurransedyktig norsk havbruksnæring) heiter det m.a. at: regjeringa skal legge til rette for at norsk havbruksnæring skal behalde sin stilling som en ledene internasjonal produsent og eksportør (...) Forsking og utvikling vil styrke grunnlaget for den vidare utvikling av næringa. Strategiplanen peiker på ein del hovudutfordringar og oppsummerar desse i Marknad, Berekraftig vekst og trygg sjømat, Framtidsretta næringspolitikk og Forsking og utvikling.. Skal ein kunne fortsette dette arbeidet, og klare å nå måla, er det trong for kontinuerleg rekruttering inn i næringa på alle utdanningsnivå. Frå fiskeriministeren sin tale på konferansen Håp i havet, februar 2010: Jevn og god rekruttering til næringa er avgjørende for at vi også i framtida skal ha ei fiskeri- og havbruksnæring. Her er tilgang på kunnskap og kompetanse kritiske nøkkelfaktorer for næringas konkurranseevne. I det regionale utviklingsprogrammet for Hordaland 2010 heiter det m.a. Leggje vekt på utdanning og kompetanseheving innan marin sektor. 3

3. Rekruttering til marin sektor 2011 2014 Dette prosjektet vil kunne gjere ungdom meir bevisste på dei ulike utdanningsmoglegheitene dei har og samstundes syne at det er eit stort behov for god og variert kompetanse innan marine næringar. Innsatsen vil vere retta mot å auke kunnskapen til elevar/føresette og å utvikle kompetansen til arbeidsplassane slik at dei på best mogleg vis kan ta imot og følgje opp dei som tek delar av opplæringa i bedrift. Hovudprosjekt Prosjektet skal organiserast i eitt overordna hovudprosjekt og med fleire underprosjekt. Følgjande deltakarar er tenkt med (fleire kan komme til): Hordaland fylkeskommune Regionalavdelinga Opplæringsavdelinga Senter for yrkesrettleiing Delprosjekta har følgjande deltakarar: Austevoll Vgs. Fusa Vgs. Sandsli Vgs. Gode Sirklar AS Norsk Sjømatsenter Senter for yrkesrettleiing SettSjøbein Andre samarbeidspartnarar: Opplæringskontoret for fiskerifag i Hordaland Hovudprosjektet si rolle er først og fremst koordinerande, samstundes med at det skal arrangere fleire møter og seminar for deltakarar og med elevar og næringa. Hovudprosjektet skal og stå for rapportering til styringsgruppa. Delprosjekt Dei ulike skulane og Gode Sirklar AS skal lage sine eigne lokale prosjekt og hovudprosjektet skal ha leiing og koordinerande rolle i dette samarbeidet. Døme på aktivitetar kan vere fleire møte/seminar med involverte partar, tokt med skuleskipet M/S Støkurs, fleire turar kor ungdom og lærarar kan møte representantar frå industri, næring og forsking. Ungdommane vil få informasjon direkte frå næringa, samstundes som dei får praksisnær undervisning og får sjå/oppleve på ein positiv måte nokre av dei ulike yrkene innan marin næring dei kan velje. Den marine næringa får på denne måten ein unik sjanse til å vise at dei ønskjer å framstå som ei miljø- og berekraftig næring med framtidsmoglegheiter. 4. Organisering Rekruttering til marin sektor 2011 2014 vil etablere ei styringsgruppe, prosjektgruppe og ei referansegruppe. Styringsgruppa blir sett saman av representantar frå Regionalavdelinga, Opplæringsavdelinga og dei vidaregåande skulane i Hordaland fylkeskommune, samt representantar frå næringa. Prosjektansvarleg og leiar av styringsgruppa blir Regionalavdelinga. Prosjektet tek sikte på å leige inn ekstern kapasitet til prosjektarbeid og administrasjon. Dette skal gjerast etter gjeldande retningslinjer for innkjøp i Hordaland fylkeskommune. 4

5. Budsjett Følgjande fordelinga av midlar er tenkt, men er ikkje endeleg, og omfordeling mellom aktørane kan bli aktuelt. 1 år 2 år 3 år Totalt Prosjektarbeid/leiing 510 000 510 000 505 000 1 525 000 1. Austevoll vgs. 210 000 210 000 210 000 630 000 2. Fusa vgs. 205 000 205 000 205 000 615 000 3. Sandsli vgs. 205 000 205 000 205 000 615 000 4. Gode Sirklar AS 205 000 205 000 205 000 615 000 Totalt 1 335 000 1 335 000 1 330 000 4 000 000 5