Vinje kommune Økonomi, plan og utvikling Arkiv saknr: 2016/1053 Løpenr.: 20391/2016 Arkivkode: 150 Utval Møtedato Utval Saksnr Rådet for eldre og personar med nedsett 16/14 funksjonsevne Arbeidsmiljøutvalet Formannskapet Sakshandsamar: Gry Åsne Aksvik Årsbudsjett 2017 og Økonomiplan 2017-2020 Vedlegg: 1 Økonomiplan og handlingsprogram 2017-2020 og budsjett 2017 2 Oversyn over eksisterande lån 3 Kommunale prisar og gebyr Dokument i saka: Økonomiplan 2016-2019 Prop. 1S (2016-2017) Bakgrunn: Eit utvida formannskap har hatt ei to dagars samling med einingsleiarane og tillitsvalde der det vart gjeve informasjon om verknadene av statsbudsjettet, investeringssida og drifta i resultateiningane. Formannskapet gjev innstilling i møte 24. november. Budsjettinnstillinga vert deretter lagt ut til offentleg ettersyn, for så å endeleg handsamast i kommunestyret 15. desember. Vurdering: Rådmannen legg med dette fram forslag til Økonomiplan og handlingsprogram 2017 2020. Rammene for dokumenta bygger på gjeldande økonomiplan (2016-2019) og forslag til Statsbudsjett for 2017 Prop. 1S (2016 2017). I økonomiplanen legg ein til grunn delvis brukarfinansiering av renter og avskriving gjennom sjølvkostregimet. Renter og avskriving kjem inn med større beløp enn gebyrauken i planperioden kan dekke, ettersom auken i talet på abonnentar kjem i åra etter at utbygginga er ferdig.
Det generelle økonomiske biletet er at gjennomføring av dei store vedtekne investeringane i hovudplan for vatn og avlaup og svekka inntekter frå eigedomskatt (ca 11 mill. kr) og sal av straum, legg press på tenesteytinga i kommunen. Ved å fylgje desse utbyggingsplanane, så vil gjelda auke med om lag 8,8 % i perioden, med ein topp på 503 mill. kr i 2018. Då går ca 8 % av frie inntekter til betening av gjeld. Det er særleg inntektene til næringsfondet som får ein knekk framover. Det er her ein har henta dekning av satsingar på løypekøyring, nærings- og landbruksstøtte, samt infrastruktur på teknisk. Dersom ein skal oppretthalde nivået på desse ytingane, lyt ein truleg skjere ned på andre tenesteområde. Alternativt vurdere innføring av generell eigedomsskatt. For å kompensere for inntektsnedgangen har ein auka ein del av dei kommunale gebyra. Ein finn den største gebyrauken innan plan og byggesak, der reknar ein med ei meirinntekt på ca 1,2 mill., noko som gjer at ein kan redusere bruk av konsesjonsavgiftsfondet på plan og nytte dette til andre formål. Som fylgje av dette har ein i budsjettet 2017 lagt opp til auka bruk av konsesjonsavgiftsfond og redusert bruk av næringsfond på næring, dette for å skjerme næringsfondet noko. Frie inntekter Dei frie inntektene til kommunane består av rammetilskot og skatteinntekter. Det er inntekter kommunane kan rå fritt over, utan andre føringar frå staten enn gjeldande lovar og regelverk. Nivået på dei frie inntektene vert bestemt ut frå pris- og lønsvekst, vekst i frie inntekter, innlemming av øyremerkte tilskot, satsingar over rammetilskot og korreksjon av rammetilskot for oppgåveendringar. Når nivået på samla frie inntekter for 2017 er fastsett, kjem ein fram til storleiken på samla rammetilskot ved å trekkje anslaget for skatteinntekter frå nivået på samla fire inntekter. Vinje kommune har inntekter frå sal av konsesjonskraft gjennom «Avtale om disponering av konsesjonskraft» (KKST). I tillegg har kommunane inntekter frå sal av særavtalekraft til alminneleg forsyning. For 2017 tek kommunen ut all tilgjengeleg særavtalekraft, samt noko ordinær konsesjonskraft til dette formålet. Innkjøpspris på særavtalekraft er lågare enn innkjøpsprisen på konsesjonskrafta. Prisen på konsesjonskrafta har auka dei siste åra. Det er ei utfordring at ein ikkje får pris for budsjettåret (2017) før påfylgjande haust. Det er med på å gjere det vanskeleg å budsjettere kostnadane for krafta, då ein må ta utgangspunkt i a- konto prisar. Det er også vanskeleg å budsjettere inntekter frå krafta grunna store variasjonar i marknadsprisane. I skrivande stund er prisane for dei komande åra på veg opp i den finansielle marknaden. Det er desse prisane vi legg til grunn i økonomiplanen. Det er fleire grunnar til at prisane er på veg opp. Mellom anna har det vore kaldt vêr, samt at kolprisane også har vore med på å dra prisane opp. Dei langsiktige prisane blir svært fort påverka av vêrsituasjonen. Krafta blir omsett i EURO på Nordpool, slik at prisane også er påverka av svingingane i valutakursen. I dei siste åra har salsprisen for konsesjons-/særavtalekraft vore sett til månadsmiddel spotpris-10% ref Kristiansand, med eit golv på 100 kr/mwh og eit tak på 450 kr/mwh. Hausten 2015 fjerna ein golvet og reduksjonen på 10 %, samt senka taket til 360 kr/mwh. Rådmannen rår til at ein har same prisregime i 2017.
KKST forventar langt lågare inntekter i åra framover samanlikna med dei siste åra. Det betyr mindre midlar til næringsfond for Vinje sin del. Rådmannen ber politikarane også for denne økonomiplanen, ta omsyn til reduksjon i desse inntektene. I høve til driftsbudsjettet er det gjerne demografiske tilhøve som folketalsutvikling og alderssamansetjing, som er avgjerande for utgiftsbehovet i kommunen. Samstundes har desse faktorane stor innverknad på nivået for dei statlege overføringane. Meininga er at rammetilskotet skal reflektere at dei ulike aldersgruppene ikkje kostar kommunekassa det same. Yrkesaktive menneske klarar seg i hovudsak sjølv, mens dei yngste skal ha barnehage og skuleplass. Dei eldre gjev kostnadar på helse- og omsorgstenestene. Samstundes er det ikkje sikkert at ein får redusert kostnadar i tenestetilbodet på grunn av demografiske endringar. Me vil då oppleve at det blir mindre pengar til rådvelde. I forslaget til statsbudsjett er utgiftsbehovet for 2017 på landsbasis berekna til om lag 260,4 mrd.kr, noko som utgjer 49 738 kr pr. innbyggar. Vinje kommune er ca. 12% dyrare å drifte enn landsgjennomsnittet. Gjennom utgiftsutjamninga i inntektssystemet får Vinje kommune tilført 5 993 kr pr. innbyggjar. Kommunane skal i prinsippet få full kompensasjon for dei kostnadsskilnadane som dei ikkje har verknad på sjølv via utgiftsutjamninga i inntektssystemet. Kompensasjonane skjer i praksis gjennom kostnadsnøkkelen, som består av ulike kriterium med vekter. For å danne seg eit bilete av utviklinga i planperioden innafor dei ulike tenesteområda, går ein nærare inn på dette i økonomiplandokumentet. Budsjett og økonomiplan er sett opp i faste prisar med ein årleg kostnadsvekst (deflator) i kommunal sektor på 2,5 %. Neste års lønnsvekst er isolert sett rekna til 2,7 % (utgjer 2/3 av deflator) og prisvekst på vare- og tenestekjøp på om lag 2,1 %. Endringar i ramma for driftseiningane for 2017 For å få budsjettet i balanse har rådmannen justert ramma til fleire av einingane, spesifikasjon går fram av tabellane under. Kostnadsreduksjon: Eining Tiltak Sum Rådmann Reduksjon av kost. Samhandlingskoordinator 32 OAI&TT Bemanningsreduksjon 155 Barnevern Reduksjon av kostnadar - tiltak i heimen 190 Rauland skule Reduksjon i utg. til ressurskrevjande brukarar 954 Helse og omsorg Reduksjon i utgifter til kvardagsrehabilitering 280 Næring Reduksjon i etablerartilskot 150 Kultur Drift av frivilligsentral 310 Totalt 2 071 Når det gjeld drift av frivilligsentralen har ein sett av kr 365 000 jamfør grønt hefte tabell c-k. Eininga må drifte sentralen innafor denne ramma, noko som betyr ei reduksjon på kr 310 000 i høve til 2016 budsjettet.
Auka inntektskrav: Eining Tiltak Sum Sjølvkostområde Auka vassavgifter -585 Sjølvkostområde Auka avløpsavgifter -615 Sjølvkostområde Auka tilknytingsgebyr - avløp -217 Sjølvkostområde Gebyrauke - byggesak -440 Sjølvkostområde Gebyrauke - plan -800 Rauland skule Auka inntektskrav - SFO -160 Åmot skule Auka inntektskrav - SFO -205 Edland skule Auka inntektskrav - SFO -89 Øyfjell oppvekst Auka makspris barnehage -17 Øyfjell oppvekst Auka inntektskrav - barnetal -234 Åmot barnehage Auka makspris barnehage -30 Rauland barnehage Auka inntektskrav -130 Rauland barnehage Auka makspris barnehage -37 Edland barnehage Auka makspris barnehage -18 Vinje kjøkken Prisauke - heimebuande -65 Vinje kjøkken Prisauke - sjukeheimen -71 Helse og omsorg Statlege refusjonar -3 000 Helse og omsorg Avvikling av diagnoseliste fysioterapi -136 TDV Auka inntekter - brøyting -25 Totalt -6 874 Driftseiningane I og med at helse og omsorg er den største eininga, finn sakshandsamar det naturleg å kommentere denne eininga nærare. Helse og omsorg Dei økonomiske verkemidla knytt til Samhandlingsreforma vert fasa inn i rammetilskotet i kommunen etter kvart som oppgåveforskuving mellom sjukehus og kommune vert realisert. I 2015 og 2016 har det kome fleire nye Stortingsmeldingar, samt lov og forskriftsendringar som gjev føringar for framtidig tenesteutvikling og kva forventingar som vert stilt til kommunane. Frå 01.01.2016 vert døgnopphald for akutt hjelp heimla som plikt for kommunen i Helse og omsorgstenestelova. Til no har denne plikta vore knytt til somatikk. Frå 01.01.2017 vert plikta utvida til og å omfatte psykisk helse og rus. Tilboda inngår som del av det akuttmedisinske tilbodet kommunane har ansvaret for. Vinje kommune driv døgntilbodet for Tokke og Vinje kommunar og får refusjon frå Tokke kommune jamført avtale. Helsestasjons- og skulehelsetenesta er eit av dei nasjonale satsingsområda som kommunane er forventa å styrke, og der eininga blir tilført midlar i ramma for å tilpasse seg endra forventningar og krav. Tverrfagleg arbeid og fokus på tidleg innsats er vektlagt. Det same gjeld psykisk helse og rus og rehabilitering/habilitering. Helse og omsorg overtok ansvaret for rusarbeid i 2015 og 2016.
I rehabiliteringsarbeid er ergoterapi ein viktig fagkompetanse for det tverrfaglege arbeidet knytt til rehabiliteringspasientar. Det er teke høgde for ein auka ressurs på 70%. Parallelt føreset ein at kvardagsrehabilitering går inn som del av ordinær drift. Innslagspunktet for refusjon frå staten for ressurskrevjande tenester er justert opp. Det er teke høgde for meirutgifta med kr 500 000. Parallelt er det sett i verk tiltak for å optimalisere inntektssida. Ein har forventningar om 3 mill. kr, og budsjettert med det. Den demografiske utviklinga kombinert med auka kompetansekrav tilseier at kommunen vil ha stort behov for helsepersonell i åra som kjem. Det er i budsjettet ikkje teke høgde for endringar i kompetansekrav som fylgje av nye krav i mellom anna akuttforskrifta av 01.05.2015. På dette området må ein fylgje utviklinga år for år. Innkomne søknadar IL Dyre Vaa Tilskot til rulleskitrase 2 mill. kr er lagt inn i ramma til næring. Ein rulleskitrase på Rauland knytt til skiskyttaranlegget vil vera ei viktig framtidig investering i Vinje kommune. Traseen vil koma mange ulike aktørar til gode. Det er i dag mange unge utøvarar frå heile kommunen som nyttar skyttaranlegget. I tillegg nyttar hytteeigarar og tilreisande idrettsutøvarar anlegget. I dag nyttar idrettsutøvarar trafikkerte vegar til barmarkstrening. Dette gjev ofte trafikkfarlege situasjonar. Ein rulleskitrase som denne, knytt til skiskyttaranlegget, vil kunne førebyggje for trafikkulykker. Traseen kor rulleskiløypa er tenkt, er knytt til både bustadområde, næringar, barnehage, skule, parkeringsplass og omsorgsbustadar. Dette gjer at traseen vil kunne nyttast til ulike aktivitetar, og vil dermed vera eit viktig tiltak knytt til helseførebyggande arbeid. Det vert arbeidd med å få på plass ein universell utforma turveg i same området. Delar av rulleskitraseen vil kunne nyttast som del av den universelle utforma turvegen. Samstundes er det naudsynt med ei opprusting/omlegging av dagens skiløyper. Rauland har dei siste åra tapa i konkurranse med andre destinasjonar i forhold til å få køyrt skiløypene så tidleg som råd. Det er årsaka til opprusting av løypene. Delar av den planlagde rulleskitraseen er i dag en del av løypene som må rustast opp. Utgiftene knytt til ei slik investering vert store. Men med bakgrunn i at ein kan nytta traseen til ulike prosjekt, ser ein det som ein fornuftig bruk av midlar. Vinje Næringslag Støtte til blomar og pynting av Åmot sentrum kr 100 000,-. Ein har ikkje funne å kunne prioritere dette tiltaket i driftsbudsjettet. Oppsummering Rådmannen legg fram eit driftsbudsjett i balanse med ei ramme på 500,8 mill. kr i 2017, og ein investeringsplan på 104,8 mill. kr. Utover sjølvkost innan vatn, avløp og renovasjon foreslår rådmannen prisauke på ulike tenester slik det går fram av eigne vedlegg.
Rådmannens framlegg til vedtak: 1. Kommunestyret vedtek forslag til Budsjett 2017 og Økonomiplan/handlingsprogram 2017-2020 slik det ligg føre i innstillinga frå rådmannen, og med endringane tilrådd av formannskapet 17.11.2016. 2. Det kommunale skatteøret vert fastsett til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek. 3. For eigedomsskatteåret 2017 skal det skrivast ut eigedomsskatt på verk og bruk. Jf. Eigedomsskattelova (esktl.) 3 første ledd bokstav c. Den alminnelege eigedomsskattesatsen for skatteåret 2017 er 7 av takstverdi, jf. esktl. 11 første ledd. Takstvedtekter for eigedomsskatt i Vinje kommune vart vedtekne i kommunestyret 31.10.2008, dei skal gjelde for eigedomsskatteåret 2017, jf. esktl. 10. I medhald av kap 5. i lov om eigedomsskatt av 6. juni 1975 nr. 29, vert det skrive ut eigedomsskatt på verk og bruk i kommunen med 7 av takstverdi. Eigedomsskatten forfell til betaling i 2 terminar, 1. april og 1. september. 4. Vinje kommune tek opp lån 54 mill., med avdragstid 30 år. 5. Salsprisen for konsesjons-/særavtalekraft vert sett til månadsmiddel spotpris Kristiansand, med eit tak på 360 kr/mwh. 6. Andre kommunale prisar blir vedtekne slik det går fram av vedlegget «kommunale prisar og gebyr». 7. Drifta av friviljugsentralen har ei ramme på kr 365 000 i 2017. 8. Kommunestyret vedtek framlegget til detaljert driftsmål for 2017, slik dei går fram av vedlegget «driftsmål» Rådmannen, 15.11.16 Jan Myrekrok, rådmann /s/