NOTAT Frå: Rune Sjurgard Sak: Årsbudsjett 2013 og økonomiplan 2013-2016 Arkivsak nr. Løpenr. Arkivkode Avd / Sakshandsamar Dato 2012/1691 11781/2012 151 ADM/RSJ 12.12.2012 SVAR PÅ SPØRSMÅL FRÅ JON GEORG DALE (FRP) - ÅRSBUDSJETT 2013 OG ØKONOMIPLAN 2013-2016 Det vert synt til spørsmål sendt frå Jon Georg Dale i dokument journalført 11. desember. Administrasjonen sitt budsjettframlegg vart presentert for kommunestyret 13. november. Formannskapet drøfta budsjettframlegget i møte 27. november og handsama innstillinga til kommunestyret i møte 4. desember. Etter kommunelova er det formannskapet som skal leggje fram budsjettinnstilling. Når no denne ligg føre, vil spørsmål til budsjettet i prinsippet vere å rette til formannskapet. Formannskapet si innstilling til budsjett og økonomiplan ligg ute til offentleg ettersyn i 14 dagar, jfr Kommunelova 44, nr 7 og 45, nr 3. Kravet om at innstillinga skal leggjast ut til alminneleg ettersyn er for at det skal mogleggjere debatt i offentlegheita, og at folk skal ha høve til å kome med innspel til innstillinga før den vert handsama av kommunestyret. Kommunelova 23, jfr 44 og 45 stiller krav om at saksframlegg skal vere forsvarleg utgreidd (når det gjeld budsjett og økonomiplan påkviler det eit særskilt ansvar på formannskapet). Eit politisk organ kan påleggje rådmannen å utgreie ei sak eller konsekvensane av ei sak. I dette høvet svarer rådmannen på konkrete spørsmål reist av ein kommunestyremedlem, og presiserer at dette ikkje er ei utgreiing av ei sak med full konsekvensutgreiing. Ifølgje kommunelova 45, nr 1 skal kommunestyret vedta budsjettet for komande kalenderår innan årets utgang. Spørsmåla frå Dale er gjengjeve nedanfor: 1. Kor mykje meirinntekter i det enkelte år kan ein kalkulere dersom ein aukar foreldrebetalinga i SFO med 5 %, 10 %, eller gjer den sjølvfinansierande? 2. Kor mange born pr. tilsett er det i SFO? 3. Kor mykje meirinntekter vil det gi dersom Volda aukar sine byggesaksgebyr med 5 %, 10 %, eller til å ligge på nivå med Ørsta? 4. Kva er den årlege innsparinga ved å legge ned frivilligsentralen? 5. Kva er den årlege innsparinga av å legge ned stillinga som folkehelsekoordinator? (jf. Forslag i arkivsak 2009/701)
6. Er det framleis ungdomsrettleiar og valdskoordinator tilsett i Kommunen og kva er eventuelt innsparingspotensiale ved å fjerne desse stillingsressursane?(jf. forslag i rapport i samband med ØOT-prosjektet. 7. Kor mykje mindre vil kapitalutgiftene for Volda kommune være dersom ein selg seg ut av børs og betaler ned gjeld for dei same midlane, dersom ein legg til grunn at Kommunen betaler ned dei dyraste låna? 8. Kor mykje ressursar vil det frigjere dersom helsestasjonen sluttar å tilby reisevaksine og kva innsparingar kan ein foreta som følgje av dette? 9. Kor mykje meirinntekter kan ein budsjettere med dersom reisevaksiner skal dekkast til sjølvkost av den einskilde brukar? 10. Kva er dagens eigenbetaling for bruk av dagsenterplass for eldre og kva meirinntekt vil det gi dersom ein aukar eigenbetalinga med kr. 10, 20, 30, 40, og 50 pr. bruker pr.dag. 11. Har dagsenteret for eldre ope 12 mnd. I året og kva vil eventuell effekt av å stenge 4 veker på sommaren gi? 12. Kva årstal går avtalen mellom Volda kommune og Legesenteret ut og dermed gir rom for reforhandling? 13. Kor mange vaktmeistrar er tilsett i Volda Kommune? 14. Kva er innsparingspotensiale dersom ein samlar alle vaktmeistertenestene i ein vaktmeisterbase og deretter reduserer med 2 årsverk? 15. Kor stor meirinntekt vil Volda Kommune få dersom ein føreset at gebyr til Kart og oppmåling skal være sjølvkost? 16. Kor stor vil den årlege innsparinga være dersom ein legg til grunn ei felles voksenopplæring for innvandrarar lokalisert på Hareid som i dag framfor ei eiga vaksenopplæring lokalisert i Volda. 17. Kor stor vil innsparinga være dersom ein reduserer dei politiske godtgjerslene for Kommunestyret til kr. 500 pr. møte og justerer alle andre godtgjersler for politiske verv tilsvarande i prosent? 18. Kor stor innsparing vil det gje dersom Volda melder seg ut av Destinasjon Ålesund/Sunnmøre? 19. Kor stort er innsparingspotensiale dersom ein reduserer Kultur og næringsavdelinga med 1. årsverk? (ettersom deler av det næringsretta arbeidet no er flytta ut av kommunen) 20. Kor stort er inntektspotensiale dersom ein reduserer Landbruksavdelinga slik at ein sit att med 1,5 årsverk for landbruk og skog? 21. Kor stort er potensiale for meirinntekter dersom Volda kommune endrar praksis og sel tomteareal til etablerte prisar i område? 22. Kva er dagens eigenbetaling for kulturskulen og kor mykje meirinntekt vil ein få dersom ei aukar eigenbetalinga med 5 % eller 10 %? 23. Kor mange av innsparingsforslaga frå administrasjonen i Arkivsak 2008/1005 er framleis tidsaktuelle og kva er innsparingspotensiale dersom ein gjennomfører dette?
Spørsmål 1. og 2. SFO 2012 Brukarbetaling 2012 5% auke i pris 10 % auke i pris Merknad Mork 233602 11680 23360 Øyra 2563260 128163 256326 Bratteberg 1075764 53788 107576 Vikebygda 1096885 54844 109689 Austefjord 51024 2551 5102 Folkestad 160261 8013 16026 Ulvestad 195520 9776 19552 Drift haust 2012 Sum 5376316 268816 537632 Når behovet for personalressurs vert rekna ut før kvart skuleår tek til, er det vedtektene som ligg til grunn. I vedtektene står det at det kan vere 12-14 born pr tilsett. I vedtektene står det vidare at born med særskilde behov skal prioriterast ved inntak. Særleg i sentrum ( Øyra, Brattberg og Vikebygda) er det eit ekstra behov for bemanning grunna born med særskilde behov i SFO. 7,3 heile stillingar er knytt til born med særskilde behov i SFO. I 2012 har skulefritidsordningane i Voldaskulen eit meirforbruk i høve til brukarbetalinga på kr. 2 500 000,- Dette tilsvarar om lag dei 7 heile stillingane SFO må bemanne opp i høve til born med særskilde behov. Dersom ordninga skal gjerast sjølvfinanisert, må den samla brukarbetalinga aukast med om lag 45%. Det er 333 born i SFO i Voldaskulen. Av desse har 201 heil plass. Det er 19,6 heile stillingar i SFO. Spørsmål 3 Det vart fakturert for 2 285 633,- i fjor (2011). Viss ein anslår gebyrinntekter på 2,3 millioner så er det da berre å øke tallet med ønska prosent. Vi ligg no minst på nivå med Ørsta, om ikkje litt høgare. Litt vanskeleg å samanlikne da Ørsta har ein anna form på sitt regulativ. Spørsmål 4 Nedlegging av frivilligsentralen vil medføre ein innsparing på 250 000,- Statleg tilskot på kroner 300 000 frå Kulturdepartementet fell bort. Frivilligsentralar er eit statleg satsingsfelt som skal styrke dei positive effektane ved frivillig arbeid i eit lokalsamfunn. Ein vil og miste
dei eksterne midlane til ulike tiltak som sentralen hentar inn kvart år. Oversikt over aktivitetane til frivilligsentralen i Volda finn ein i årsmeldingane. Sjå: http://www.frivilligvolda.no Det vil bli krevjande å finne andre til å ivareta desse aktivitetane utan frivilligsentralen. Spørsmål 5 Nettokostnad 60% stilling: 190.000 Kommunen mottek 125.000 frå M&R fylke som God helse-partnerskapskommune. I tillegg har ein lokale partnerskapsavtalar med nokre bedrifter (25.000). Folkehelsekoordinator genererer ei rekkje prosjektmidlar til ulike folkehelseprosjekt; både innad i kommunen og til frivillege lag og organisasjonar som ikkje er tatt med i dette reknestykket. Det vert vist til informasjon (årsmeldingar m.m.) på http://www.volda.kommune.no/modules/servicecategory.aspx?objecttype=category&categ ory.id=1543 Spørsmål 6 Valdskoordinator: Det er tilsett valdskoordinator i 20% stilling. Kostnaden er kr 113.100 i året. Midlane til foreldre- og ungdomsrettleiar (FUR) er omdisponerte til kommunepsykologstilling. Ein får tilskot frå Helsedirektoratet i 3 år. FUR-stillinga vart oppretta fordi ein den gong ikkje fekk søkjarar til psykologstilling. Midlane til FUR og valdskoordinator er totalt 100% stilling. Spørsmål 7 Pr 31.12.2011 utgjorde våre plasseringar i finansmarknaden (aksjefond, obligasjonsfond, pengemarknadsfond og eigedomsfond) kr 99.918.229. Av dette er kr. 50.815.837 ubunde investeringsfond (knytt til sal av Tussa-aksjar), og kan berre nyttast på investeringsbudsjettet (til finansiering av investeringsprosjekt). Det attståande beløpet på ca 49,1mill kr er plassering av overskuddslikviditet, og kan ikkje nyttast til løyvingar (verken på drift eller investering). Dette er likviditet som er plassert i verdipapir, og som over tid inneber større avkastning enn renteinntekter på bankinnskot. Når kommunens utgifter overstig tilgang på løpande betalingsmidlar, så må deler av desse plasseringane gjerast disponibel.
I haust vedtok kommunestyret å skifte ut Storebrand med KLP som pensjonsleverandør. Innskyting av eigenkapital (kr. 8.103.238) vert finansiert ved bruk av ubunde investeringsfond. Ubunde investeringsfond (knytt til sal av Tussa-aksjar) vert dermed redusert frå 50,8 mill kr pr. 31.12.2011 til 42,7 mill kr pr 31.12.2012. Volda har 3mnnd nibor( + ein margin på 0,20%) som rentevilkår på vår låneportefølje. Vi har i tillegg rentesikring (gjennom rentebytteavtaler) på 250 mill kr av innlåna. I komande økonomiplanperiode er det lagt opp til ei gjennomsnittleg porteføljerente på ca 3%. Dersom ein reduserer låneopptaka med 42,7 mill kr, så fører det til kr. 1.281.000 i sparte renteutgifter. Men over tid er der det grunn til å tru at avkastninga (på plasseringane i finansmarknaden) er større enn dei sparte renteutgiftene. Vi har store utfordingar på likviditeten framover. Det vert vist til omtale i budsjettdokumentet (som til dømes premieavvik). en har difor instruert forvaltarane (Storebrand og DNB) om å vekte oss ned med til saman 20 mill kr (10 mill kr pr forvaltar). Pengane vil vere på vår foliokonto innan utgangen av året. Nedvektinga skjer pro-rata, og vil vere i samsvar med reglane i Volda kommune sitt finansreglement. Tidspunktet for å gjere denne transaksjonen er gunstig. For det første har vi i skrivande stund hatt ei verdiauke hittil i år (over 4 mill kr). For det andre er desember ein tradisjonell god og rolig månad på børsen. Spørsmål 8 30% stilling vert nytta til reisevaksinering (kr.170.000). Netto inntekt vaksiner er venta å utgjere kr 112.00. Konsultasjonsinntekter er budsjettert med kr. 140.000. Vi får dermed ei forventa netto inntekt på kr. 82.000 i 2013. Vaksineprisane er auka frå 01.01.13 og ein ligg på omlag same nivå som Medi3 og høgre enn andre helsestasjonar. Volda kommune har mange studentar som har praksisperiodar utanlands i til dels eksotiske strok. Det er viktig at desse vaksinerer seg. Det er ei tålegrense for kor høge vaksineprisane kan vere for å sikre at vaksinasjon blir gjort. Eigenbetaling for sjølve vaksinane er sentralt bestemt: vaksinepris + max 10%. Dette tek vi i Volda i dag.
Spørsmål 9 Tilbodet er sjølvfinansiert. Spørsmål 10 Betalingssatsar for dagsenterplass: I 2012 kostar ein dag på dagsenteret kr. 177,-. Dette inkluderer: Transport til og frå: 55,- Dagopphald: 52,- Middag/ kaffe: 70,- Frukost på kr. 32,- kjem i tillegg for dei som ynskjer det. Summane for maten er ikkje klare endå, vi ventar på statleg fastsatt pris for korttidsopphald, då vi har hatt prinsippet om at den statleg fastsette døgnprisen skal tilsvare summen av tre måltid(frukost-middag- kvelds) Den statleg fastsette summen var kr. 133,- i 2012. Summen er venta å auke litt. I budsjettframlegget for 2013 er det foreslått slik auke: Transport til/frå, + 5kroner/dag til 60,- Dagopphald + 3kroner til 55,- Maten vil og auke med? (avventar statleg sum) Effekt ved evt forslag om auke med ca 10-15,-/pr dag: Dagleg er det om lag 15 brukarar av tilbodet. Gjennom eit år er det ope ca. 240-245 dagar. Ein auke på 10,-/dag gir ca. 36.000,- i årleg inntektsauke. Spørsmål 11 Dagsenteret har siste åra vore stengt i to veker midt på sommaren. Ferieavviklinga for dei tilsette har blitt strekt over 6 veker, der dei to stengte vekene er midt i 6-vekers- perioden. To veker før og to veker etter dei stengte vekene har ein gjort ei fagleg vurdering på kven som må ha tilbodet til tross for redusert drift/ bemanning. Det vert først prioritert brukarar som bur i privat bustad og treng tilbodet dagsenteret gir. Det er ikkje budsjettert med ferievikarar, så dagtilbodet og ferieavviklinga må gå utan ekstra innleige. Denne perioden er passa inn i høve ferieavvikling til sjåføren. Når sjåføren avviklar ferie har køyring så langt det har latt seg gjere blitt utført av tilsette i administrasjonen. Dette er ein vanskeleg kombinasjon, men innleigebehovet vert minimalt ved å gjere det slik.
Ulemper ved stenging: Kan vere vanskeleg å få inn att demente når tilbodet startar igjen. Dette kan vere sårbare og vanskelege situasjonar for både pårørande/ familie og brukar. Stenging i lengre perioder vil gi auka behov for avlastingsplassar. Nokre pårørande greier ikkje ansvaret døgnet rundt for sine nærmaste i lengre perioder, har dei ikkje dagtilbod må dei ha noko anna. Pr. dato vil dette truleg vere tilfelle for fire personar. Avlastingstilbod er gratisteneste kommunen ikkje kan ta betalt for. Heimetenestene vil merke godt auka etterspurnad etter tenester frå brukarar når dei ikkje kan reise på dagtilbodet(dei er allereie kritiske til dei to stengte vekene). Desse personane må oftare ha besøk frå heimetenestene, og mange vil måtte få levert varm mat heim. Nokre brukarar taper seg fort ved store endringar i kvardagen. Spesielt folk med demens(utvikling) vil kunne takle dårleg lang stenging av dagtilbodet. I nokre tilfeller kan det vere aktuelt å måtte gi korttidstilbod for dei som ikkje har nære pårørande til å ta seg av ein. Spørsmål 12 Reforhandlingar vil kunne starte første kvartal 2013. Fastlegeavtalane gjekk ut i 2011, men vart forlenga med eitt år i påvente av ny fastlegeforskrift. Avtalane er prolongerte i påvente av nye avtalar mellom Volda kommune og fastlegane. Ny fastlegeforskrift kom først hausten 2012 og er gjeldande frå 01.01.13. Ein er i gang med ein gjennomgang av fastlegeavtalane som førebuing til reforhandlingar. Leigeforholdet mellom fastlegane og kommunen som regulerer lokala, utstyr og driftspersonell skal også reforhandlast etter nyttår. Dette er forhandlingar der ein må basere resultatet på semje, og kommunen kan ikkje instruere den andre parten. Kommunen har forventingar til at vi kan få til eit resultat basert på forretningsmessige prinsipp. Det vert gjort ei kartlegging av dei faktiske forholda hos begge partane i forkant av desse forhandlingane. Det vil vere umogleg på noverande tidspunkt å forskottere evt effekt av forhandlingsresultatet. Spørsmål 13 Volda kommune har 9 vaktmeistrar i 100% stilling + 2 stk i delte stillingar til saman 55%. Har i tillegg 2 arbeidarar som stort sett tek seg av alle utleigehus. Det vert synt til vedlikehaldsplanen når det gjeld volum på bygningsmasse, ressursar til vedlikehald og prioritering av vedlikehaldstiltak.
Spørsmål 14 Ein vil ikkje spare automatisk spare vaktmeisterstillingar med ein felles vaktmeisterbase, men tenestene vil verte meir effektive. Dersom ein redusere med 2 vaktmeistrar vil det utgjere kr. 458.000.- x 2 = kr. 916.000.- Ein evt. slik reduksjon må også konsekvensutgreiiast og førebuast med omsyn til gjennomføring. Forvaltning, drift og vedlikehald av sin bygningsmasse bør sjåast i samanheng med ein eigedomsstrategi for kommunen. en vil prioritere leiing og utvikling av eigedomsorganisasjonen i samband med den pågåande OU-prosessen. Spørsmål 15 Viss vi skal ligge akkurat på sjølvkost vil det i prinsippet bety at ein ikkje trenger nokon tildelt ramme. Netto budsjettramme vil då vere 0 for avdelinga. I 2013 er netto budsjettramme på kr. 854.26, og er ein reduksjon på ca kr 200.000 i høve til 2012. Konsekvensar for tiltakshavarar bør utgreiast. Spørsmål 16 Dersom Volda kommune ikkje skal ha ansvar for undervisninga sjølv, må den ut på nytt anbod. Utfallet av dette veit ein ikkje. Viser og til K-styresak 117/12. I 2011 fekk Volda kr. 6.188.00 i tilskot til norskopplæringa og kostnad til Hareid var kr.4.511.860.-. Dette gir Volda eit overskot på kr. 1.6770.040.- Dette gjekk til å finansiere grunnskuleopplæring til innvandrarar. Dette er ei lovpålagt oppgåve utan øyremerka midlar. Avtalen med Hareid for skuleåret 2012/2013 er ein kostnad på. kr. 4.879.606. Når Volda tek ansvar for undervisninga, skal tilskotet til norskopplæring dekke alle utgifter til sjølve norskopplæringa, men utgifter til fullt introduksjonsprogram kjem i tillegg. Det er tidlegare opplyst i kommunestyret at det er inngått avtale for utvida areal til formålet i Hamna 20 sine lokale. Dersom Volda kommune skulle endre strategi og likevel kjøpe denne tenesta, så må tenesta leggjast ut på anbod. Ein vil ikkje vite kva nye vilkår vil verte før ein får inn anboda. I tillegg vil leigeutgiftene i lokala på Hamna løpe.
Spørsmål 17 UTVAL Antal medl. Antal møte Dagens sats ny sats Innsparing KST 27 10 247860 135000 FSK 9 20 165240 90000 Driftsstyret 9 9 63585 34668 Leiargodtgj 15553 8476 Forvaltning 9 9 63585 34668 Leiargodtgj 15553 8476 Eldreråd 5 4 4200 2290 Leiargodtgj 2100 1471,5 Funk 5 4 4200 2290 Leiargodtgj 2100 1471,5 Ungdomsråd 11 8 18480 10076 Leiargodtgj 2100 1471,5 Byggenemnd 3 11 28260 15408 Leiargodtgj 15553 8476 SUM 648369 354242,5 294126,5 Spørsmål 18 Det er budsjettert med kr 225.000 pr år i komande økonomiplanperiode. Avtalen må seiast opp 1. oktober, dvs 1. oktober 2013 for å vere utmeldt frå og med 2015. Spørsmål 19 Ved å kutte eit årsverk på kultur- og næringsavdelinga vil lønnsutgiftene i forhold til budsjett for 2012 bli redusert med kroner 730 000,-. 100% av rådgjevar si stilling og 30% av avdelingsleiar si stilling er i dag belasta tilrettelegging og hjelp for næringslivet. 200 000 kroner av det er finansiert av næringsfondet. Til no har ein i tilegg hatt om lag 120 000 kroner i inntekter som resultat av at rådgjevar har vore fast sekretær for næringslaga og regionrådet. Det meste av dette fell frå i år av bort, då Søre Sunnmøre Regionråd er lagt ned, og Volda Næringsforum har tatt over sekretariatsfunksjonen til næringslaga. 70% av avdelingsleiar si stilling er finansiert over posten andre kulturaktivitetar og tilskot. Kommunestyret har på bakgrunn av eit vedtak i budsjettdebatten i 2011 alt vurdert organiseringa av det næringsretta arbeidet og gjort vedtak om kommunen si rolle i nærings- /samfunnsutviklingarbeidet, sjå sak 59 /12, møte 24.5.12. Dette vedtaket ligg også til grunn for rådmannen sitt forslag til ny administrativ organisering. en har i organisasjonsutviklingsprossen teke omsyn til ei nedjustering av ei stilling ved å overføre ei stilling frå det som til no har vore kalla kultur- og næringsavdelinga til rådmannen sin stab der ei stilling vert redusert frå hausten 2014.
Spørsmål 20 Avdeling for landbruk og naturressursar (Landbruksavdelinga) har no fylgjande hovudarbeidsoppgåver: Forvaltnings- og utviklingssaker innan landbruk (Landbruk = jordbruk, hagebruk og skogbruk), miljøsaker (medrekna vassforvaltning og lov om motorferdsel i utmark m.m.), klimaplanarbeid og vilt- og innlandsfiskeforvaltning. Totalt har avdelinga 2 stillingsheimlar. Ca. 1,5 av desse går til tradisjonelt landbruk (medrekna skog). Pr. no står 0,5 stilling vakant. For landbruk må me difor no mellombels klare oss med ca. 1,0 stilling. Samanslåing av landbrukskontora for Volda og Ørsta er under utgreiing. Parallelt med denne prosessen har rådmannen lagt opp til ei samanslåing av landbruk med arealplanlegging, bygg og oppmåling dersom det ikkje skulle gå mot interkommunalt landbrukskontor. I begge desse alternativa vert det arbeidd for å konsekvensutgreie permanent reduksjon av den halve stillinga som står vakant. Spørsmål 21 Det er per i dag ikkje tilgjengelig næringsareal til sals i Volda kommune. Når næringsarealet på Rotset står ferdig vil kommunestyret måtte fastsette pris per m2. Vanleg praksis ved sal av næringsareal har vore å fastsette prisen til kostpris. Denne praksis har vore eit viktig verkemiddel for å gjere kommunen så attraktiv for næringsetablering som råd. Pris på tilgjengeleg areal har vore vurdert som eit viktig verkemiddel i så måte. Det har og vore eit viktig prinsipp at ein ikkje ynskjer å fastsette prisar som verkar prisdrivande for framtidig kommunalt grunnkjøp. Spørsmål 22 Det er alt foreslått å auke elevbetalinga med 7,14%, frå 1400,- til 1500,- pr. semester. Verknad frå 01.08.2013. Dette gir ei meirinntekt på ca. 33500,- i 2013.Dersom ein innfører auken frå 1. januar 2013, blir meirinntekta ca. 67000. Ein auke på 5% frå 01.08.2013 vil gi kr. 23500,- Dersom ein innfører auken frå 1. januar 2013, blir meirinntekta ca. 47000. Ein auke på 10% gir det dobbelte, altså 47000,- frå 01.08., og 94000,- frå 01.01.2013 Spørsmål 23 Dette er ei sak som snart er 5 år gammal, og var ei sak som skulle inngå som grunnlag for 2009-budsjettet. en vurderer det slik at innsparingsforslaga anten ikkje lenger er tidsaktuelle, er utført er gjort greie for andre stader
Sluttkommentar en vil avslutningsvis vise til strategiprogrammet i formannskapet si innstilling. Samla for 4-årsperioden er det vist reduserte inntekter på kr. 31,7 mill. Da er det ikkje vist at pleie- og omsorg får 3 millionar mindre enn utgiftsbehovet, og som dei må spare inn kvart av åra. I 2013 er det vist ein reduksjon inkl. omdisponeringar på kr 4,9 mill (kr 7,9 mill. når ein korrigerer for nemnde forhold i høve pleie og omsorg) I perioden 2014 2016 er opplegget at ein i løpet av neste skal gå nærare inn og konkretisere tiltak. Det vil her vere naturleg å leggje opp til ein god samarbeidsprosess mellom administrasjonen og kommunestyret. Innspela som Dale har kome med vil vere naturleg å gå nærare inn på og få konsekvensutgreidd i samband med denne prosessen. Det er viktig med politisk engasjement, og det er positivt at ein kan få inn konstruktive innspel i ein tidleg fase. Volda, 14.12.12 Rune Sjurgard Henrik Skovly Økonomisjef