Strategiplan. Tilsyn og sanksjonar etter plan- og bygningslova. Vedtatt i Plan- og miljøutvalet

Like dokumenter
Strategiplan. Tilsyn og sanksjonar etter plan- og bygningslova. Vedtatt i Plan- og miljøutvalet

STRATEGIPLAN FOR TILSYN OG SANKSJONER ( )

STRATEGI FOR TILSYN Hemsedal kommune

Vår ref. Dykkar ref. Dato: 11/234-2/ L50 &58/ /KON Innleiing Tilsynsområde Tilsynsobjekt 2. 5.

HORNINDAL KOMMUNE. Tilsynsplan. Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Hornindal kommune 2011

STRATEGIPLAN FOR TILSYN ETTER PLAN- OG BYGNINGSLOVA

STRATEGIPLAN FOR TILSYN I BYGGESAKER

Tilsyn. Rutiner og erfaringer fra Ringsaker kommune

Strategi for tilsyn og ulovlighetsoppfølging, Stjørdal kommune, byggesak

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Namsos kommune Byggesak, kart og oppmåling Namsos. Tilsyn etter plan og bygningslovens 25-1 Tilsynsplan 2013

FORSLAG TILSYNS- STRATEGI. for bygg- og anlegg i Modum Kommune

TILSYN I PRAKSIS. HELENA LANGELAND Byggesaksdagene

Kommunens(oppgaver( 04 Kommunens saksbehandling. Tilsyn( Lokal(godkjenning(og(4ldeling(av(ansvarsre5(

Definisjonar: Kva slags gjerde og leveggar er søknadspliktige og kva typar er unntatt frå søknadsplikt?

Tilsyn med barnehagar. Kvinnherad kommune 2007/

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Thomas Winther Leira Arkivsak: 2012/1169 Løpenr.: 10878/2014. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Samfunnsutvalet

STRATEGI FOR TILSYN OG ULOVLIGHETSOPPFØLGING I VEFSN KOMMUNE. Plan- og bygningsloven 25-1 og 32-1

Forskrift om gebyrregulativ for sakshandsaming etter Plan- og bygningslova og Lov om eierseksjoner. Hareid kommune

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Tyssevegen 217, 5650 Tysse Tidsrom for tilsynet: 13. og 15. oktober 2015 Kontaktperson i verksemda: Tone Ramsli, rådmann

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

DISPENSASJON. Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE

Tilsyn. Lastet ned fra Direktoratet for byggkvalitet

STRATEGI FOR TILSYN BYGGESAK , rev. 2016

RUTINE FOR TILSYN MED BARNEHAGAR I MIDTHORDLAND KOMPETANSEREGION

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Kva type støttemurar er søknadspliktige og kva er unntatt frå søknadsplikt?

INFORMASJON TIL TILTAKSHAVAR OG SØKJAR 30. juni 2015

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

FASADEENDRING. Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE

Endeleg TILSYNSRAPPORT

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Thomas Winther Leira Arkivsak: 2013/902 Løpenr.: 5585/2014. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Samfunnsutvalet

TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit. Selje kommune

Uavhengig kontroll. SAK10 Versjon

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming. Samnanger kommune

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

TILSYN I PRAKSIS. HELENA LANGELAND Hamar

Strategiplan. Tilsyn og ulovlighetsoppfølging etter Plan- og bygningsloven

TILSYN MED BARNEHAGAR - informasjon

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Bømlo kommune

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging

Avvik 1: Nav Osterøy sikrar ikkje at tenesta kvalifiseringsprogram er tilgjengeleg for alle aktuelle deltakarar.

TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemynde

Rapport frå tilsyn med Nav Øygarden kommune Samandrag

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Fitjar kommune

ØRSTA KOMMUNE Byggesak

TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit. Førde kommune

TILSYNSRAPPORT. Hordaland fylkeskommune

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit. Årdal kommune

Plan for forvaltningsrevisjon

Tilsyn i Sandnes kommune. Kjetil Pedersen Leder tilsyn John Kåre Gabrielsen - tilsyn

Kontroll Direktoratet for byggkvalitet Rose Byrkjeland senioringeniør SAK10

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Interkommunalt byggjetilsyn

ØRSTA KOMMUNE Byggesak og oppmåling

Disponering av avfall fra bygging, rehabilitering og riving

Rogaland Kontrollutvalgssekretariat HJELMELAND KOMMUNE KONTROLLUTVALET PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Vedtak Ordføraren si avgjerd om ikkje å setje saka om kommunereforma på saklista til møtet den er ulovleg og vert vert oppheva.

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Ansvar Prosjekterende og utførende

LISTER BYGGESAKSTILSYN

PRINSIPP FOR DELEGERING I SULA KOMMUNE

Tilsyn med Solund kommune rapport

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Fylkesmannen i Rogaland

Eiendom : Gbnr. 20/51

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

ØRSTA KOMMUNE Byggesak

Tilsynsrapport. Tilsyn med Lærdal kommune. som barnehagemyndigheit. etter. barnehagelova 10, 16 og 18

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Hanne Marie Evensen

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Rapportering til Formannskapet Byplan. 15.mai 2018

Forfall må meldast til utvalssekretær på telefon som syt for innkalling av varamedlemmer. Varamedlemmer møter etter nærare melding.

Å rs pl a n f o r kontrollutvalet Bjerkreim

Plan for forvaltningsrevisjon

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGA

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Å rs pl a n f o r kontrollutvalet Bjerkreim

Ansvarsrett sentral eller lokal godkjenning mv. Hva sier regelverket? Øyvind Bergset regionsjef Maskinentreprenørenes Forbund (MEF)

GEBYRREGULATIV FOR TEKNISK AVDELING I VALLE KOMMUNE Plan, bygge- og delesakshandsaming

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 87/2019 Utval for drift og utvikling PS

Rapport frå tilsyn med Nav Os kommune 2014

Møteprotokoll for Utval for plan og utvikling

TILSYNSRAPPORT. Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging. Modalen kommune Mo skole

Tolkningsuttalelser og avgjørelser

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGA

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE

I møte gjorde Fylkeslandbruksstyret slik vedtak med 5 mot 2 røyster i sak nr. 08/4004:

FYLKESMANNEN I ROGALAND TILSYNSRAPPORT. Tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit

Ansvar, oppgaver og rollefordeling i byggesaker

Rapport frå inspeksjon 24. oktober 2012

Årsplan for kontrollutvalet i Bjerkreim

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

VINJE KOMMUNE MØTEBOK

Transkript:

Strategiplan Tilsyn og sanksjonar etter plan- og bygningslova Vedtatt i Plan- og miljøutvalet 1

Innhald Innleiing... 3 Målsetting... 3 Kommunen si målsetting:... 4 Prioritering... 4 Innsatsområde for tilsyn:... 4 Bygningar som vert prioritert:... 4 Ansvarsområde:... 4 Gjennomføring av føretaks- og byggjeplasstilsyn:... 4 Oppfylging av lovbrot... 5 Varigheit... 5 Organisering, rutinar og samarbeid... 5 Tilsyn... 5 Gjennomføre tilsyn og synfaring... 6 Rapportere, utgreie/vurdere, gjere vedtak... 6 Følgje opp vedtak... 6 Klagehandsaming... 6 Tiltak og sanksjonar... 6 Finansiering og kompetanse... 6 Framgangsmåte... 7 Rapportering... 7 Kommunikasjon/ informasjon... 7 Referansar og lenker... 7 2

Innleiing Strategiplan for tilsyn gjev oversyn over dei mål og prioriteringar som statlege og kommunale styresmakter har gjeve innan tilsynsområdet etter plan- og bygningslova. Strategiplanen skal vidare gjera greie for kva tema, fagområde, sakstyper, mv. ein vil fylgje opp og korleis desse skal prioriterast. Vidare skal planen gjera greie for organisering, ressursar, verkemiddel og finansiering av tilsynsordninga. Alle kommunar i landet er, gjennom endringar i plan- og bygningslova, pålagt å føre tilsyn i byggjesaker. Strategiplanen er utarbeidd etter krav i sakshandsamingsforskrifta SAK 10-15-1. Ny byggjesaksdel i plan- og bygningslova trådde i kraft l. juli 2010 og blant endringane er det vedteke skjerpande krav til kommunen sitt tilsyn i byggjesaker, særleg lovas kapittel 25 og SAK l0 kapittel 15. Kommunen må/skal føre tilsyn i større grad enn tidlegare og det er gjeve reglar om når tilsyn skal førast samt at kommunen skal ha ein strategi for tilsynet. Kommunen sitt tilsyn skal vera eit viktig bidrag til betre kvalitet i bygg, skal avdekke feil, opplæring i tiltak og av tiltakshavarar samt bidrage til betring i byggjenæringa og til at tiltaka er i tråd med regelverket. Kommunestyret vedtok i samband med budsjetthandsaminga i desember 2014 å styrke innsatsen innan tilsynsverksemda. Denne planen er ei konkretisering av korleis rådmannen vil fylgje opp dette vedtaket, og viser korleis arbeidet med tilsyn og sanksjonar skal fylgjast opp i kommunen. Målsetting Målet er å sikre god kvalitet på byggjetiltak i Vinje kommune, førebyggje og redusere byggjefeil samt bidrage til at aktørane i næringa er kjend med og fylgjer regelverket. Kommunen har plikt til å føre tilsyn i byggjesaker for å sjå til at tiltak blir gjennomført i samsvar med gjeve løyve og i samsvar med føresegner gjeve i medhald av plan- og bygningslova, jf. pbl 15-1. I samsvar med plan- og bygningslova 25-1, har kommunen plikt til å føre tilsyn med byggjesaker. Kommunen skal også utforme tilsynsstrategi jf. byggjesaksforskrifta SAK10, 15-1. Kommunen er allereie, jf. plan- og bygningslova 25-1, 2. ledd, pålagd å føre tilsyn i slikt omfang at det kan avdekkje regelbrot og har plikt til å fylgje opp lovbrot utover bagatellmessige tilhøve Jf. SAK l0 15-1, er kommunen pålagd å utarbeide ein strategi for tilsyn etter plan- og bygningslova 25-1, der skal ein klarlegge/ta stilling til: Målsetjing og rutinar for det kommunale tilsynet Organisering, eventuelt samarbeid med andre kommunar, kompetansebehov, ressursbruk og finansiering. Val og prioritering av fagområde, sakstypar, tema, mv. 3

Kommunen si målsetting: Kommunen set opp fylgjande som målsetting/ målkrav til tilsyn: Rask responstid på oppfylging av lovbrot Responstid liv og helse, 1-3 dagar Utføre tilsyn i 5 % av byggesakene pr. år Årleg rapportering Prioritering Etter gjeldande plan- og bygningslov har kommunen, gjennom plan- og bygningslova 25-1, konkret krav om å føre tilsyn i byggjesaker. I tillegg var kommunen pålagt å føre tilsyn med sluttdokumentasjon, avfallsplanar og skildring av miljøsanering som prioritera tilsynsområde (2011-2012). Vidare fokusområde for perioden 2013-2014 var krav til universell utforming og energibruk. I perioden 2011-2014 var det ikkje utpeika fokusområde frå Direktoratet for Byggkvalitet. Kommunane skulle likevel føre tilsyn med områder som var viktige for dei. Frå 2016 og ut 2017 er det igjen innført nye fokusområder: Krav til at kvalifikasjonar er oppfylt i tiltaket Krav til at produktdokumentasjon er oppfylt Det skal utførast 3 typar tilsyn byggjeplasstilsyn, dokumenttilsyn og systemtilsyn. Innsatsområde for tilsyn: Plassering av tiltak ( i samband med t.d. naboprotest, søknad) Avfallhandtering på byggeplass Bygningar som vert prioritert: Fritidsbygg særleg leilighetskompleks og bygningar med fleire einingar. Ansvarsområde: Ansvarleg SØK samt PRO og UTF av ansvarsområde utstikking (plassering av tiltak) Gjennomføring av føretaks- og byggjeplasstilsyn: Tema og årsakstilsyn fordelast som fylgjer: Tilsyn med SØK vedkomande sluttdokumentasjon som samsvarserklæringar, kontrollerklæringar, avviksmeldingar og dokumentasjon - FDV til eigar, jf. SAK l0 15-3, 1. ledd bokstav a. Tilsyn med SØK og PRO før igangsettingsløyve- IG, gjevast vedkomande plangrunnlag, organisering, styringssystem, prosjekteringsgrunnlag, avfallsplanar, universell utforming, energi mv. Årsakstilsyn grunna mangelfulle søknadar, feil og avvik ved prosjektering og/eller utføring. Alle funksjonane er aktuelle for tilsyn. 4

Byggjeplasstilsyn - generelt i siste halvdel av utføringa. Byggjeplasstilsyn plassering av tiltaket. Tilsyn i høve søknad av mellombels bruksløyve eller ferdigattest på større prosjekt og tiltak av samfunnsgagnleg interesse. Tilsyn med avfallsplanar/ miljøsanering, gjeld spesielt rivings- og rehabiliteringsprosjekt og tilsynet skal vere i førekant av prosjektet. Tilsyn ved nybygg og liknande treng ikkje å koma inn i prosjektet før etter at prosjektet er starta opp. Oppfylging av lovbrot Tilsyn skal avdekkje tilhøve som er i strid med plan- og bygningslovgjevinga samt bringe lovbrot til lovlege former, anten ved søknad og godkjenning eller tilbakeføring. Gjennomføring av tilsyn etter lovbrot skal skje etter fylgjande prioritering: l. Prioritet Ulovlege tiltak på verna/ brannfarlege bygg, rasfarlege bygg og prosjekt som må sikrast Tilhøve som kan få samfunnsgagnlege konsekvensar Tilhøve som kan føre til fare for liv og helse Tilhøve ved nye bueiningar, særleg loft og kjellar 2. Prioritet Ulovleg arbeid/ ulovlege tiltak som er under oppføring Oppfylging av fylkesmannen sine vedtak Oppfylging av eksisterande lovbrot 3. Prioritet Ulovleg oppførte terrassar, påbygg, bodar, leveggar og liknande Varigheit Strategiplanen skal evaluerast internt av ansvarleg for byggjesak og saman med årsrapportering reviderast/rullerast årleg av Plan- og miljøutvalet. Organisering, rutinar og samarbeid Alle byggjesakshandsamarane har ansvar for å utføre tilsyn og ulovlegheitsoppfølging. Arbeidstid/arbeidsinnsats avsett til tilsynsarbeidet bør vera minst 5 % av total arbeidsinnsats på tenesteområdet. Tilsynet gjennomførast i hovudsak av byggesakshandsamarane. Kommunen kan, for utbyggar/ tiltakshavar sin kostnad, gjennomføre tilsynet ved bruk av ekstern kompetanse. Tilsyn Sende innkalling til tilsyn, eller gjennomføre umeldt tilsyn. Som regel vil det vere tenleg å førehandsvarsle tilsyn. Då har ansvarlege føretak/tiltakshavar høve til å vere til stades og ha nødvendig dokumentasjon tilgjengeleg. For kommunen vil det også vere ein fordel ved at ein syter for at rett personell er til stades ved tilsynet. Ved ulovlegheitssaker er det ofte tenleg å gjennomføre ei første synfaring umeldt. 5

Gjennomføre tilsyn og synfaring Tilsynet gjennomfører ein gjerne som besøk eller synfaring på byggeplass, men kan i nokre samanhengar med fordel haldast andre stader. Til dømes når tilsynet er eit reint dokumentasjonstilsyn. Rapportere, utgreie/vurdere, gjere vedtak Det skal utarbeidast rapport, etter vedlagte rapportmal, for alle gjennomførte tilsyn og synfaringar. Der det er aktuelt blir saka følgt opp vidare med vedtak og/eller vidare oppfølging. I ein del tilfelle vil eit tilsyn resultere i at saken blir følgt opp som ulovlegheit. Før vedtak om sanksjonar, skal det i mange tilfelle førehandsvarslast, med frist for uttale før sanksjonen blir vedtatt. Følgje opp vedtak Til dømes syte for at eventuelle pålegg blir utført innan fastsett frist, og følgje opp med saksframlegg om tvangsmulkt der fristar ikkje vert haldne. Klagehandsaming Ved klage på vedtak skal saka vurderast på nytt og sendast til Plan- og miljøutvalet for avgjersle og eventuelt vidaresendast Fylkesmannen i Telemark i dei sakene dette er aktuelt. Tiltak og sanksjonar Plan- og bygningslova kapittel 32 - "Ulovlighetsoppfylging"- omhandlar og heimlar tiltak kommunen skal utføre i samband med handheving av plan- og bygningslova med tilhøyrande føresegner. Plan og bygningslova 32-1 pålegg kommunen plikt til å forfylgje brot på tiltak som er omhandla i eller i medhald av plan- og bygningsloven. Viser også til SAK10 - kapittel 16, 16-1, som omhandlar tilhøve som kan føre til overtredelsesgebyr. I rettleiinga til SAK10 er storleiken på overtredelsesgebyr fastsett ut frå kor alvorleg og omfattande lovbrotet er. Utfyllande framstilling i rettleiing til SAK10 - kapittel 16. Kommunen kan avstå frå å forfylgje lovbrot av mindre grad, denne avgjerda er ikkje enkeltvedtak. Finansiering og kompetanse Tilsyn skal, med unntak av der det er trong for ekstern kompetanse, finansierast gjennom dei ordinære byggjesaksgebyra. Sakshandsamarane ved byggjesak har kompetanse på generell bygg- og konstruksjonsteknikk. Sakshandsamarane ved byggjesak manglar kompetanse innan bygningsjuss, VA og geoteknikk. Der byggjesak ikkje har kompetanse har kommunen høve til å leige inn sakkunnig bistand for tiltakshavar sin kostnad, jf. plan- og bygningslova, 25-2, 2. ledd. Kommunen sitt gebyr- og avgiftsregulativ kapittel A, har under punkt «A4 Gebyr for sakkunnig bistand» utfyllande vedtekter som gjeld når ein leiger inn sakkunnig bistand. 6

Framgangsmåte Det skal gjennomførast tilsyn tidleg i prosessen i byggjeprosjekta som prioriterast og det er inga avgrensing for talet på tilsyn i prosjekt-/byggjeperioden. Rapportering Ansvarleg sakshandsamar utarbeider rapport etter gjennomført tilsyn i tråd med SAK10 15-2. Rapporten skal leggjast som dokument i byggjesaka i ephorte. Det skal opprettast tilsynslogg der kvar byggjesakshandsamar loggfører tilsyna som vert gjennomført. Jf. SAK10 15-1. 2. ledd skal det utarbeidast årsrapport for arbeidet den skal vise korleis aktiviteten har vore i høve strategien, og den skal innehalde: Omtale av aktiviteten Oversikt over gjennomførte tilsyn talet på tiltak og type tilsyn Oversikt over ulovlegheitsoppfylgjingar Statistisk- og økonomisk informasjon Forslag til revisjon Årleg rapportering til KOSTRA. I fylgje SAK 10 15-2, 2. ledd vedkomande tilhøve som gjeld sentrale godkjenning for ansvarsrett, skal kopi av rapporten sendast til DIBK. Jf. SAK 10 15-3, 3. ledd, skal kommunen i slutten av kvar 2-årsperiode for tidsavgrensa tilsyn sende oversikt med vurdering av dette tilsynet til departementet. Kommunikasjon/ informasjon Denne strategiplanen vert gjort tilgjengeleg via kommunen sine heime-/nettsider. Referansar og lenker Plan- og bygningslova: http://lovdata.no/cgi-wift/wiftldles?doc=/app/gratis/www/docroot/all/nl-20080627-071.html&emne=bygningslov*&& Byggesaksforskrifta (SAK 10) og rettleiing: http://byggeregler.dibk.no/dxp/content/byggesak/ Forskrift om tekniske krav til byggverk (TEK 10) og veileiding: http://byggeregler.dibk.no/dxp/content/tekniskekrav/ Temarettleiar - Tilsyn: http://byggeregler.dibk.no/dxp/content/tilsyn/ 7

Temarettleiar Tilsyn med kvalifikasjoner i foretak http://dibk.no/no/byggeregler/temaveiledninger/tilsyn-med-kvalifikasjoner-i-foretak/ Temarettleiar Tilsyn med produktdokumentasjon http://dibk.no/no/byggeregler/temaveiledninger/tilsyn-med-produktdokumentasjon/ Betalingssatsar og gebyrregulativ: http://www.vinje.kommune.no/om-vinje-kommune/avgifter-og-gebyr 8