GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET MØTEINNKALLING Møtedato: 01.09.2015 Møtestad: Heradshuset Møtetid: Kl. 09:00 Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er på tlf. 57 88 38 00 (servicetorget i kommunen) slik at varamedlem kan bli innkalla. Varamedlemer møter etter nærare innkalling. Dokument som ikkje er tilsende, kan du få kopi av ved å ta kontakt med sekretariatet på heradshuset. Dokument som ikkje er offentlege, vil bli utleverte i møtet. Dersom medlemene på førehand ønskjer å gjere seg kjent med innhaldet i desse dokumenta, er dei i møtesekretariatet. Saklista, med saksutgreiing og rådmannen sine tilrådingar, ligg også på kommunen si heimeside: gloppen.kommune.no Gloppen kommune 25. august 2015 Per Jarle Myklebust utvalsleiar Olav Fure oppvekstsjef
SAKLISTE: Sak nr. Sakstittel 016/15 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste 017/15 Referat og orienteringssaker 018/15 Løyving til opprusting av badebassenget i Hyen - omdisponering i investeringsbudsjettet
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Oppvekstutvalet 01.09.2015 016/15 Avgjerd av: Oppvekstutvalet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Arkiv: 033 Objekt: Arkivsaknr.: 15/1116-1 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste Møteboka frå oppvekstutvalet sitt møte den 26. mai i år blir lagt fram til godkjenning. Samstundes ber utvalsleiaren om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet. UTVALSLEIAREN SI TILRÅDING: 1. Oppvekstutvalet godkjenner møteboka frå sitt møte den 26. mai 2015 2. Oppvekstutvalet godkjenner innkallinga og møteboka til møtet den 1. september 2015.
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Oppvekstutvalet 01.09.2015 017/15 Avgjerd av: Oppvekstutvalet Saksbehandlar: Olav Fure Referat og orienteringssaker Arkiv: 033 Objekt: Arkivsaknr.: 15/1115 Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 15/5335 U 30.04.2015 Jan Erik Mardal; Elevrådet v/breim skule; Marie Evebø Sætre; Roy Seime; Simona Fraas Johnsen; Jan Arve Søvde; Veronika Kvandal Gjelsten; Torunn Gimmestad; Rita Bente Fløtre Referat frå møtet i Samarbeidsutvalet ved Breim skule 27.04.15 2 15/8266 U 02.07.2015 Flerie mottakarar Referat frå møte i samarbeidsutvalget, Mona barnehage 3 15/5884 U 27.05.2015 Sogn og Fjordane Fylkeskommune Skuleskyss i Vestredalen i Hyen frå hausten 2015 4 15/8417 I 03.07.2015 *** Vedtak etter klage om skuleskyss 5 15/7993 I 25.06.2015 Austrheim barnehage Vedk. støtte til skyss til barnehagar som ikkje ligg i sentrum 6 15/9637 I 17.08.2015 Jølster kommune Retur av signert samarbeidsavtale - opplæring einslege mindreårige asylsøkjarar 7 15/9198 I 04.08.2015 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Informasjon i samband med barnehageåret 2015-2016 8 15/7511 I 16.06.2015 Nordfjordrådet Evalueringsrapport Karriere Sogn og Fjordane Ei av referatsakene er unnateke innsyn etter 13 i off.lova. Møtet må lukkast når dette dokumentet blir referert. Heimelen for å lukke møtet er kommunelova 31, nr 2. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Oppvekstutvalet har ingen merknader til dei refererte skriv og meldingar.
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Oppvekstutvalet 01.09.2015 018/15 Formannskapet Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Odd Arne Kolseth/Olav Fure Objekt: Arkiv: D23 Arkivsaknr.: 15/179-4 Løyving til opprusting av badebassenget i Hyen - omdisponering i investeringsbudsjettet Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 254412 Melding frå verneombod om basseng ved Hyen skule 254464 Bassenget Hyen skule - behov for utbetringar Bakgrunn for saka: Verneomboda for lærarane og driftsoperatøren (vaktmeisteren) som driftar badebassenget i Hyen har bede om at anlegget må settast i ein slik stand at kjemikaliar kan verte handsama på ein trygg og forskriftsmessig måte, og slik at tilsynet med anlegget kan gjerast trygt og etter regelverket. Dei gjev difor beskjed om at desse utbetringane må skje no, og før anlegget vert starta opp att. I klårtekst tyder det at bassenget vert stengt fram til opprustinga av det tekniske utstyret er på plass. For å få til det må det på plass ei tilleggsløyving, eller det må forskotterast som del av opprustninga av skuleanlegget i Hyen. Saksutgreiing: Gloppen kommune driftar i dag badebassenget ved Hyen skule. På grunn av store manglar ved det tekniske anlegget, samt mangel på ventilasjon og universell utforming, vart det framlagt ei orienteringssak for oppvekstutvalet 17. mars i år. Denne orienteringa omtala mellom anna eit tilstandsrapport frå BWT Birger Christensen AS som er eit velrenommert firma innan bassengdrift og som vert nytta for service på dei kommunale bassenga og IKS Trivselshagen bad. Konklusjonen i rapporten var tindrande klar: «Ut fra dagens tilstand er det ikke forsvarlig å drifte bassenget! Utbedringer må gjøres, alternativet vil være å stenge bassenget ved skolen». I forskriftene er det krav om måleutstyr for registrering av vassmengde, sirkulasjonstid, klor/ ph-regulering og doseringsautomatikk. Anlegget i Hyen manglar utstyr for måling av alle desse elementa. Vaktmeisteren tek dei nødvendige målingane manuelt og handterer alle kjemikaliane etter beste evne basert på mange års erfaring. Det har ikkje oppstått nokon situasjon som tilseie at badeforholda i Hyen har vore dårlege, heller tvert imot. Ettersom det meste av drifta av bassenget føregår manuelt, er det vanskeleg å kunne dokumentere dei ulike måleverdiane eksakt. Dokumentasjon er viktig, både i den daglege
drifta og ved uønska hendingar. Det må derfor monterast nytt styreskap for elektronisk oppfølging (SD-styring). Vi ynskjer ikkje å utsette driftspersonale eller påføre brukarane av bassenget skade, og har derfor hatt eit orienteringsmøte med verneomboda og rektor ved Hyen skule. Verneomboda har teke orienteringa til vitande og valt å stenge bassenget inntil vi har fått på plass dei nødvendige tiltaka. Det er også viktig å presisere at dei nemnde strakstiltaka er tiltak for å få bassenget i snarleg drift igjen. Anlegget er framleis utan ventilasjon og universell utforming og vil på ingen måte stette myndigheitskrava på dette område. Vi ser dette som ein del av prosjektet «Renovering av Hyen skule/idrettsbygget» som ligg inne i dagens økonomiplan med planleggingsmidlar i 2016. Konklusjon: På grunnlag i verneomboda si tilbakemelding (sjå vedlagt brev frå verneombod og rektor om basseng ved Hyen skule) vert badebassenget ved Hyen skule stengt til strakstiltaka er på plass. Det vil seie fram til nødvendig måleutstyr for registrering av vassmengde, sirkulasjonstid, klor og ph-regulering, doseringsautomatikk samt nytt styreskap for elektronisk oppfølging (SD-styring) er montert. Bassenget i Hyen vert drifta totalt fem månader i året, to månader om hausten og tre månader om våren. Dersom vi bestiller utstyr og starter oppgraderinga snarast, kan vi få opna bassenget att ved påsketider våren 2016 og soleis kunne få gjennomført naudsynt symjeopplæring komande skuleår. Oppvekstutvalet sitt vedtak den 17.03.2015 var: «Oppvekstutvalet tek utgreiinga til orientering og ber rådmannen skissere alternativ og innarbeide nødvendige tiltak i komande budsjett og økonomiplan». Dersom vi skal vente til januar før vi kan starte arbeidet, vil bassenget ikkje kunne opnast før tidlegast til skulestart hausten 2016. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Kostnadsoverslag inkl mva: Kostnadsoverslag for oppgradering av reinseteknisk utstyr kr 850.000 SD-styring av nytt utstyr kr 200.000 Elektroutgifter kr 300.000 Rørleggjararbeider kr 100.000 Interne kostnader (bygningsmessige arbeider) kr 50.000 Samla kostnadoverslag kr 1.500.000 Det er ikkje sett av pengar til anna enn planlegging av renoveringa av skuleanlegget (inkludert idrettsbygget) i Hyen. Desse planleggingsmidlane ligg i gjeldande økonomiplan i 2016. Arbeidet med å utbetre arbeidsplassane for lærarane ved Nordstranda skule har ei løyving på 3 000 000 innevernande år, men dette prosjektet kjem ikkje langt nok til at store deler av løyvinga vert brukt før i 2016. Ei løysing kan soleis vere å omdisponere ein del av midlane som er avsette til arbeidsplassane ved Nordstranda skule til å vøle bassenget i Hyen. Prosjektet på Nordstranda skule må då «fyllast opp att» i neste års budsjett slik at det kan realiserast som planlagt. Under føresetnad av at rådmannen har forstått dei politiske signala rett når han forstår at Hyen skule og idrettsbygg skal renoverast og universelt utformast i 2016-18, vil eit slikt grep ha marginale økonomiske konsekvensar for kommunen. Det
arbeidet som vert gjort i bassenget no er uavhengig av dei andre tiltaka som må gjerast i idrettsbygget og vil uansett måtte gjerast på eit tidspunkt dersom det skal vere basseng i Hyen. Rådmannen si vurdering: Bassenget i Hyen vert drifta slik det var vanleg å gjere det på små anlegg for 40 år sidan. Regelverket knytt til bassengdrift og kjemikaliehandtering har endra seg drastisk denne tida, og det er takka vere samvitsfullt arbeid frå driftsoperatøren at bassenget har kunne vere ope fram til no. Stoda er likevel slik at ingen har kompetanse til å erstatte han ved t.d. sjukmelding. Forskriftene (og rapporten) er tydelege på at alternativet til å få på plass eit visst minstemål av teknisk utstyr er stenging. Det tekniske utstyret eigedomsavdelinga her ber om å få installere løyser på ingen måte alle utfordringane opp mot bassenget i rapporten, men vil sikre vasskvaliteten og dokumentasjonen på denne. Ventilasjon og universell utforming vil framleis ikkje vere på stell, men det vil vere eit solid steg i rett retning. Rådmannen ser det likevel som ein føresetnad at vi verkeleg vil modernisere heile bade og garderobeanlegget i løpet av nokre få år. Viss ikkje, vil det vere meiningslaust å bruke pengar på dette tiltaket. Framlegget til rådmannen om å finansiere dette tiltaket med pengar frå ramma til Nordstranda skule handlar om at vi ikkje vil makte å bruke løyvinga ved Nordstranda skule i 2015. Dette er låneopptak som allereie er gjorde, og vi kan anten bruke dei til prosjekt vi likevel skal gjennomføre seinare i økonomiplanperioden eller setje dei «på bok» til vi treng dei til prosjektet dei er løyvde til etter jul. Gjer vi det slik, må Nordstranda skule få fylt opp att det som trengs der i neste års budsjett. Når rådmannen seier at dette har tilnærma ingen økonomiske konsekvensar er det med bakgrunn i svært sterke politiske signal om at Hyen skule og idrettsbygget skal rustast opp i løpet av dei næraste åra og at det skal vere basseng i Hyen. Skal det skje, er det ingen veg utanom å ta den kostnaden det her vert bede om løyving til og det vert ikkje rimelegare om vi ventar. Ei stenging av bassenget over lenger tid vil utløyse krav om transport for elevane i Hyen til Sandane for at vi skal kunne oppfylle retten deira til symjeopplæring då kravet til symjeopplæring i grunnskulen har vorte monaleg skjerpa det siste året. Kan vi unngå kostnader til transport, har dette både ein økonomisk og miljømessig vinst i tillegg til at vi slepp at verdfull undervisningstid går til spille på vegen. Dei budsjettmessige endringane blir gjorde ved revisjon av investeringsbudsjettet seinare i haust. --- Dette er ei kommunestyresak, men på grunn av valet og tida som vil gå før eit nytt kommunestyre er konstituert, ber rådmannen formannskapet bruke 13 i kommunelova hasteparagrafen til å avgjere saka. Dette er ikkje fullt ut i samsvar med ordlyden i 13 sidan det råd å kalle inn kommunestyret. Rådmannen tilrår likevel å ikkje gjere dette på grunn av denne eine saka. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Formannskapet godkjenner at kr 1.500.000 av løyvinga på prosjekt 22271 Nordstranda Nordstranda skule, arbeidsplass for lærarar i 2015 blir brukt til oppgradering av bassenget i Hyen. Formannskapet er innforstått med at prosjekt 22271 må tilførast tilsvarande sum i 2016-budsjettet for å kunne fullføre det prosjektet.
Dei budsjettmessige endringane blir gjorde ved revisjon av investeringsbudsjettet seinare i haust. Vedtaket er gjort i medhald av 13 i kommunelova.
Side 1 av9