Styremøte 1/2017 MØTEPROTOKOLL Høgskulestyret Møtedato: 26.01.2017 kl. 11:00:16:35 Møtestad: BK 220 VIP Arkivsak: 15/00052 Møtt: Johann Roppen Jens Standal Groven Kjell Einar Dagfinrud Terje Heggem Endre Brunstad Inger Østensjø Kristin Marie Sørheim Mari Stavdal Nikolai Hannevik Nordlid Bente Mari Afset for Tor-Johan Ekeland Forfall: Tor-Johan Ekeland Janne Heggvoll Protokollførar: Jacob Kjøde jr. Nikolai Hannevik Nordlid forlet møtet kl. 16:25 før endeleg røysting i sak 4/17. Underskrifter: 26.0.2017 - ens Standal Grove cd-la/j. Kjell Einar Dagfinrud
SAKLISTE Saksnr Sakstittel Side ssaker 1/17 Godkjenning av innkalling og sakliste 3 2/17 Godkjenning av protokoll frå styremøte 9/2016 4 3/17 FORELØPIGrekneskap 2016 5 4/17 Strategiplan HVO 6 5/17 Tildelingsbrev 2017 9 6/17 Handlingsplan for inkluderande læringsmiljø 2016-2020 10 7/17 Rapport fra arbeidet i klagenemnda 2012-2016 11 8/17 Ymse Endring av møtedato for styremøte 4/2017 12 Orienteringssaker Status GLU Kristiansund struktur Prosess styringsmodell Protokoll løn høgskuledirektør Sak 4/17 vart handsama til slutt. 2
1/17 Godkjenning av innkalling og sakliste Innkalling og sakliste vart godkjende. 3
2/17 Godkjenning av protokoll frå styremøte 9/2016 Framlegg til vedtak Protokollen frå styremøte 9/2016 vart godkjend. Protokollen frå styremøte 9/2016 vart godkjend med endring av ordlyd i vedtak i sak 94/16. 4
3/17 FORELØPIGrekneskap 2016 Styret tek den interne økonomirapporten per 31.12.2016 til vitande.
4/17 Strategiplan HVO Framlegg til vedtak Framlegg til strategiplan og handlingsplan for HVO 2017-2020 blir vedtatt med dei merknadene som kom fram i møtet. Protokoll strategisaka Sjølve innhaldet i planen: Teksta under visjon: Endre Brunstad kom med framlegg om endringar i teksta: HVO skal i planperioden fornye og vidareutvikle sin posisjon som akademisk kunnskapsverksemd. Satsing på lærarutdanning, journalistikk, sosialt arbeid og kreativ metodikk har gitt HVO sterke fagmiljø knytte til læring, danning og kunnskapsutvikling. HVO skal legge til rette for strategisk utvikling av fagmiljøa for å møte framtidas kunnskaps- og kompetansebehov. Ringverknadene av ei målmedviten satsing vil ha positiv effekt både for profesjonsutdanningane for velferdsstatens yrke og for dei ulike fagstudia, samstundes som høgskulen utviklar verdfull kompetanse i høve fleksible utdanningstilbod. HVO si rolle i det nye UH-landskapet: Endre Brunstad kom med følgjande framlegg til endring i teksta: HVO skal arbeide for å avklare om det er grunnlag for å fusjonere med UiB. Framlegget fekk to røyster og fall. Den opphavlege formuleringa: HVO skal arbeide for å avklare om det er grunnlag for å fusjonere med andre institusjonar vart deretter samrøystes vedtatt. Profil: Kjell Einar Dagfinrud kom med følgjande framlegg til endring i teksta: HVO har ein kompakt campus og legg vekt på verdien av nærleik mellom studentar, tilsette og leiing. Hovudsatsingar: 6
Endre Brunstad kom med følgjande framlegg til endring i teksta under kulepunkt 2: og vidareutvikle Master in Media Practices blir stroke Delmål organisasjon og menneskelege ressursar Kjell Einar Dagfinrud kom med følgjande framlegg til endring i teksta under kulepunkt 1: ha ein personalpolitikk prega av inkludering, tillit, mangfald, samarbeid og likestilling Kjell Einar Dagfinrud, Nikolai H. Nordlid, Mari Stavdal ogjens Standal Groven kom med framlegg om følgjande nytt kulepunkt: i samarbeid med Studentsamskipnaden i Volda utforske og utvikle vidare fortrinna det gir å ha ein kompakt campus med godt og tett studentmiljø, korte avstandar mellom studentar, tilsette og leiing Handlingsplan: HVO skal prioritere følgjande tiltak innafor hovudsatsingane i strategiplanen: Inger Østensjø, Terje Heggem og Kristin Sørheim kom med framlegg om følgjande nytt kulepunkt: med utgangspunkt i ambisjonane i strategiplanen, greie ut muligheiter og utfordringar med å halde fram som ein mindre, veldig skarpt profilert høgskule eller eit forpliktande samarbeid med andre institusjonar i UH-sektoren. Særleg skal forholdet til UiB og HiM greiast ut Bente Afset kom med framlegg om å erstatte kulepunkt 7 med følgjande tekst: sikre og vidareutvikle BA-gradene i praktiske og estetiske fag FoU: Etter diskusjon samla styret seg om følgjande formulering under kulepunkt 4: auke forskingsinnsatsen gjennom meir målretta prioritering av FoU-ressursane Samfunnsoppdrag og kunnskapsdeling: Etter framlegg frå høgskuledirektør vart kulepunkt 3 stroke Organisasjon og menneskelege ressursar: 7
Inger Østensjø, Terje Heggem og Kristin Sørheim kom med framlegg om følgjande tillegg under kulepunkt 3: under dette også organisering, styring og leiing Inger Østensjø, Terje Heggem og Kristin Sørheim kom med framlegg om følgjande kulepunkt: greie ut og avgjere ordning for styring og leiing på institusjonsnivå nytt Inger Østensjø, Terje Heggem og Kristin Sørheim fremja følgjande tilleggspunkt til vedtak: Styret ber om at høgskuledirektøren fremjar sak med framlegg til mandat, arbeidsprosess og framdrift for utgreiing av strukturspørsmålet så snart som råd og seinast i aprilmøtet 2017 Styret ber om at plan, tiltak og resultat blir innarbeidd i den etablerte rutinen for rapportering til styret Styret ber om at høgskuledirektøren til møtet den 8. mars fremjar sak som grunnlag for avgjerd om ordning for styring og leiing på institusjonsnivå. Styret legg til grunn at spørsmålet om ordning for styring og leiing greiast ut grundig i lys av endringar i lovverk, situasjonen i sektoren og dei utfordringar høgskulen står overfor. - samrøystes: Framlegg til strategiplan og handlingsplan for HVO blir vedtatt med dei endringane som det er gjort greie for ovanfor Styret ber om at høgskuledirektøren fremjar sak med framlegg til mandat, arbeidsprosess og framdrift for utgreiing av strukturspørsmålet så snart som råd og seinast i aprilmøtet 2017 Styret ber om at plan, tiltak og resultat blir innarbeidd i den etablerte rutinen for rapportering til styret Styret ber om at høgskuledirektøren til møtet den 8. mars fremjar sak som grunnlag for avgjerd om ordning for styring og leiing på institusjonsnivå. Styret legg til grunn at spørsmålet om ordning for styring og leiing greiast ut grundig i lys av endringar i lovverk, situasjonen i sektoren og dei utfordringar høgskulen står overfor. 8
5/17 Tildelingsbrev 2017 Styret tar tildelingsbrevet 2017 frå Kunnskapsdepartementet til orientering.
6/17 Handlingsplan for inkluderande læringsmiljø 2016-2020 Høgskulestyret godkjenner Handlingsplan for inkluderande læringsmiljø 2016-2020. 10
7/17 Rapport fra arbeidet i klagenemnda 2012-2016 Styret tar rapporten frå arbeidet i klagenemnda til vitende. 11
8/17 Ymse Ei sak vart meldt under Ymse: Endring av dato for styremøtet i juni 2017. Møtet vert flytta frå 8. juni til 1. juni 2017 12