Rapport 2014 Helgjødsel i beite innhald av kopar og kobolt i beitegras Ragnvald Gramstad NLR Rogaland Håkon Pedersen Haugaland LR Desember 2014
Innhald Innhald... 1 Samarbeidspartar... 2 Samandrag... 2 Mål... 2 Bakgrunn... 2 Metode... 3 Omtale av felta... 3 Jordanalysar... 4 Vegen vidare... 6 Samarbeidspartar Prosjektet er eit samarbeid mellom NLR Rogaland, FKRA og Haugaland Landbruksrådgjeving. Prosjektet er finansiert av Norsk Naturgjødsel A/S. Vi hadde eitt prøvefelt hjå Sveinar Vadla i Årdal, eitt prøvefelt hjå Kåre Søyland i Gjesdal og eitt prøvefelt hjå Edvar Kalstø på Karmøy. Samandrag Helgjødsel med tilsetjing av kopar og kobolt har vore brukt som beitegjødsel i mange år. Resultat frå to prøvefelt på Jæren og eitt prøvefelt på Haugalandet i 2014 har vist eit auka innhald av kobolt i beitegras som er gjødsla med denne gjødsla. Det er òg ein tendens til høgare innhald av kopar, men denne forskjellen er liten. På koboltfattige beite kan gjødsling med kobolt vera eit aktuelt tiltak for å dekka behovet til beitedyr. Når det gjeld kopar, er effekten meir usikker, og andre måtar å tilføra kopar på vil vera ein sikrare metode. Mål Kobolt er som kjent eit mikronæringsstoff som har vore tilført beitegraset vårt i mange år. Eit mål med desse prøvefelta var å få avdekka om ei finn att kobolt i plantene etter gjødsling med kobolt gjennom bruk av Helgjødsel. Bakgrunn Helgjødsel tilsett kopar og kobolt har vore brukt som beitegjødsel i mange år. I vårt område har erfaringane vore positive med omsyn til betre vekst hjå sau og lam. Vårt utgangspunkt var å få sjå om gjødsling med kopar og kobolt viste att i auka innhald av desse mikronæringsemna i beitegraset. Difor vart det etablert prøvefelt i kulturbeite våren 2014. Sluttrapport: Helgjødsel i beite innhald av kopar og Kobolt i beitegras 2
Metode Dei tre prøvefelta vart etablert i gjødsla kulturbeite kor det tidlegare ikkje er gjødsla med kopar og kobolt. Det vart etablert smårutefelt på 15x10 m på kvar av dei nemnde gardane. Kvar rute i feltet var 5x5 m og det var tre gjentak med følgjande to ledd (behandlingar). Vårgjødsling: Ledd A = 40 kg/daa Helgjødsel 18-1-10 tilsett 2 kg koboltsulfat/tonn og 15 kg koparsulfat/tonn Ledd B = 40 kg/daa Helgjødsel 18-1-10 utan kobolt og kopar Felta blei gjødsla med mineralgjødsel utan kopar og kobolt etter behov på det enkelte feltet resten av sesongen. Det vart teke ut jordprøvar frå feltet om våren før gjødsling. Det vart teke prøvar av beitegraset frå alle ruter to gonger gjennom beitesesongen. Det vart nytta saks eller liten klyppemaskin kor ein hausta ca. 10 ulike punkt fordelt over heile ruta kvar gong, og i sum ca. 0,5 til nærare eitt kg/ grasprøve. Grasprøvane vart frosne, og i haust etter siste hausting i august, vart beiteprøvane sende til analyse hjå Felleskjøpet RA. Omtale av felta Felt 1: Feltet ligg hjå Edvar Kalstø på Ådland i Karmøy i eit kulturbeite som blir nytta til sau. Arealet er ei flate i eit kupert kulturbeite og kan ha vore hausta i tidlegare tider, men er ikkje tilført kopar eller kobolt dei siste åra. Jordarten er ei moldrik, silthaldig sandjord. Grasartane som veks i dette beite, består i hovudsak av rappartar, og med litt innslag av tradisjonelle grasartar i beite. Felt 2:. Dette feltet vart etablert i Årdal i Ryfylke hjå Sveinar Vadla. Dette var eit representativt område for eit vanleg etablert kulturbeitte kor det tidlegare ikkje har vore gjødsla med kobolt eller kopar. Feltet hadde jamt plantedekke av tradisjonelle rappartar, litt kvein og litt fleirårig raigras. Det var lite kløver i dette beite, og litt innslag av vassarve. Jordarten er moldrik morenejord. Felt 3: Dette vart etablert hjå Kåre Søyland på Søyland i Gjesdal. Dette er også eit felt på delar av eit typisk kulturbeite. Det var heller ikkje på dette området tilført kopar eller kobolt i seinare år. Dei dominerande grasartane i dette feltet var også i hovudsak rappartar og litt kvein. Jordarten er moldrik morenejord. Sluttrapport: Helgjødsel i beite innhald av kopar og Kobolt i beitegras 3
Jordanalysar ph P-AL K-AL K-HNO3 Mg-AL Cu-AL Felt 1 5,4 13 13 34 19 4,3 Felt 2 Felt 3 Foto: Ragnvald Gramstad Beite med gode grasartar og rett bruk av næringsstoff gir god tilvekst. Sluttrapport: Helgjødsel i beite innhald av kopar og Kobolt i beitegras 4
Resultat og vurdering Figur 1: Innhald av kobolt (µg/kg ts) i grasprøvar frå ruter gjødsla med Helgjødsel med og utan tilsetjing av kobolt frå 3 forsøksfelt. Figur 2: Innhald av kopar (mg/kg ts) i grasprøvar tatt ut frå ruter gjødsla med Helgjødsel med og utan tilsetjing av kopar frå 3 forsøksfelt. Sluttrapport: Helgjødsel i beite innhald av kopar og Kobolt i beitegras 5
Figur 1 viser at i felt 2 og 3 har gjødsling med kobolt gitt tydeleg høgare innhald av kobolt i beitegraset. I felt 1 er det ikkje noko forskjell i innhald, men her er innhaldet av kobolt høgt både der det er gjødsla med kobolt og der det ikkje er gjødsla med kobolt. Opptak av kobolt er sterkt påverka av ph i jord og andre faktorar som antagonisme med andre mineral. Ein skal derfor vera forsiktig å konkludera etter få forsøk, men resultata våre stemmer godt med resultata Martha J. Ulvund og Markus Pestalozzi fann på 1980- og 90-talet. Her gav både gjødsling med reint koboltsulfat, kobolt tilsett i Fullgjødsel 15-4-12 og kobolt tilsett i Kalksalpeter (NitraCo) høgare innhald av kobolt i beitegras. Som det går fram av figur 2 er det ikkje noko tydeleg forskjell i innhald av kopar til tross for at det er tilført 600 g koparsulfat/daa. Koparsulfat inneheld om lag 25 % rein kopar, og dette betyr at ein har tilført om lag 150 gram rein kopar/daa. Ved oppdyrking av ny jord har det vore vanleg å tilføra om lag 5 kg koparsulfat/daa, eller omrekna til ca. 1,25 kg rein kopar. Dette var ei behandling som skulle sikra naudsynt forsyning av kopar til normal plantevekst i 8-10 år. Etterpå måtte ein vedlikehaldsgjødsla med kopar. Opptak av kopar er sterkt påverka av andre faktorar i jord. Innhald av molybden (Mo) er ein viktig faktor som påverkar opptak av kopar. På koboltfattige beite kan gjødsling med kobolt vera eit aktuelt tiltak for å dekka behovet til beitedyr. Aktuelle gjødselslag kan vera Helgjødsel 18-1-10 tilsett 2 kg koboltsulfat/tonn eller Helgjødsel 18-1-2 tilsett 4 kg koboltsulfat/tonn. Mengder per daa og per år må innarbeidast i den aktuelle gjødselplanen. Når det gjeld kopar, er effekten meir usikker, og andre måtar å tilføra kopar på vil vera ein sikrare metode. Helgjødsel tilsett koparsulfat kan likevel vera ei aktuell løysing for å dekka plantene sitt behov. Vegen vidare Dette er resultat frå 3 felt på Jæren og på Haugalandet i eitt år. Vi har fått avdekka ein del interessante opplysningar og resultat. Det er tydeleg effekt av at gjødsling med kobolt gir høgare innhald av kobolt i plantene. Resultat frå dette året får leggja eit grunnlag for kva grep vi må gjera med eventuelle fleire forsøk/prøvingar i åra som kjem. Litteratur: Ulvund M.J., Pestalozzi M. 1996. Koboltmangel hos lam. Husdyrforsøksmøte 1996 Sluttrapport: Helgjødsel i beite innhald av kopar og Kobolt i beitegras 6