Rapport 2013- Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa Ragnvald Gramstad Desember
Innhald Innhald... 1 Samarbeidspartar... 2 Fylkesmannen i Rogaland og NLR Rogaland... 2 Samandrag... 2 Mål... 2 Bakgrunn... 3 Miljøavtalar og avlingsnivå med 3 kg fosfor/daa... 3 Metode... 3 Omtale av engareala... 3 Omtale av gardsbruka... 4 Avlingsregistrering... 5 Resultat og vurdering... 5 Vegen vidare... 6 Samarbeidspartar Fylkesmannen i Rogaland og NLR Rogaland Samandrag Avlingsregistrering i 2. og 3. års eng gjødsla med 3 kg P/daa, gav ei avling på om lag 1200 kg tørrstoff/daa i sum for 3 slåttar. Dette er ei normal god engavling i vårt område i ein normal vekstsesong. Årets resultat er mykje lik totalavlinga for 2013. Dei dominerande grasartane på skifta var i hovudsak timotei, engsvingel og fleirårig raigras. All fosfor er tilført gjennom bruk av tynn blautgjødsel frå storfe etter gjeldande regelverk. Nitrogen er tilført som kalkammonsalpeter m/svovel om våren og vanleg kalkammonsalpeter gjennom vekstsesongen. Det er praktisert normgjødsling med nitrogen. Mål Målet med prosjektet var å belysa avlingsnivået i eng på gardar der det over fleire år berre er tilført ca. 3 kg fosfor gjennom husdyrgjødsla. Det er innkjøpt og brukt rein nitrogengjødsel som ammoniumnitrat/kalkammonsalpeter. Norsk Landbruksrådgiving Rogaland. Avlingsregistrering i eng gjødsla med 3 kg fosfor, rapport 2
Bakgrunn Miljøavtalar og avlingsnivå med 3 kg fosfor/daa Miljøavtalar etter Regionalt miljøprogram regulerer gjødsling med fosfor. Til eng på areal med P-Al over 7 er det tillate å gjødsla med inntil 3 kg P/daa. Sjølv om det er godt dokumentert gjennom småruteforsøk at 3 kg P/daa skal vera tilstrekkeleg for god avling i eng, er det interesse i næringa å vita meir om kva avlingsnivå det er på einskilde gardsbruk med miljøavtale. Det er også i lengre tid stilt spørsmål til om avlingsnivå i eng vert redusert med berre å tilføra 3 kg fosfor gjennom husdyrgjødsel i vekstsesongen. På bakgrunn av dette vart det i 2013 og gjennomført praktisk avlingsregistrering på eit representativt engareal på to gardar i Time kommune og to gardar i Skas-Heigre området. Alle desse bruka har praktisert gjødsling med bare husdyrgjødsel og nitrogen til eng over fleire år, og engarealet består av timotei, engsvingel og fleirårig engelsk raigras. Gardsbruka som grenser til Skas/Heigre kanalen har i delteke i 5 år med miljøavtalar i regi av Fylkesmannen i Rogaland. Metode Omtale av engareala Om våren vart alle gardsbruka besøkte. I 2013 vart det plukka ut eitt representativt engareal for garden, og storleiken på skifta varierte frå 15 til vel 30 daa. Det var same engareal som vart nytta også i. Det vart gjennomført ei grov botanisering, og alderen på enga varierte frå 2. og 3. års eng til eldre eng på ein av gardane. På alle bruk er det i utgangspunktet sådd blandingseng av timotei, engsvingel og fleirårig raigras, men med litt ulik fordeling mellom grasartane. Vinteren/våren 2013 var spesiell med omsyn til kulde og uttørking, og tre av engareala vart reparasjonssådde med vel 2 kg fleirårig raigras/daa om våren. Noko av dette spirde greitt i 2013, men våren kunne vi registrera bra tilslag av fleirårig raigras. Det var generell god overvintring av eng vinter/vår 2013-. Det er ikkje teke ut jordprøvar spesielt for desse to vekstsesongane, men dette er landbruksjord som har normal god ph mellom 5,8 til ph vel 6, og dei fleste har fosfortal i jord med PAL 8-15. Altså gammal kulturjord med bra fosfortilstand. Norsk Landbruksrådgiving Rogaland. Avlingsregistrering i eng gjødsla med 3 kg fosfor, rapport 3
Alle engareala vart gjødsla med husdyrgjødsel om våren og etter 1. slått. For bruk som har miljøavtalar, er det i dei siste tre åra teke ut husdyrgjødselprøvar for næringsanalyse. Det er analysetala frå dei tre siste åra som ligg bak gjødslinga i 2013 og. Det er berre lov å nytta 3 kg P i husdyrgjødsel/daa/ år. I praksis er det nytta om lag 3 tonn blautgjødsel/daa om våren, og om lag 2-3 tonn blautgjødsel/daa etter 1. slått. Gjødsling med både husdyrgjødsel og mineralgjødsel vart utført av gardbrukaren. På arealet i Time vart det hjå Vinningland nytta stripe/slangespreiar for husdyrgjødselspreiing, og hjå Folkvord vart husdyrgjødsla spreidd med slange og DGI. Nitrogengjødslinga vart tilpassa forventa verknad av husdyrgjødsla, og det vart praktisert normgjødsling til eng med 3 slåttar. Omtale av gardsbruka Kristian Vinningland, Timevegen, Time kommune. Engarealet ligg sørvendt på god moldrik, sjølvdrenerande morenejord. Dette er 2. års eng i, og med jamt fint plantebestand av timotei, engsvingel og fleirårig raigras. Det var vinterskade på deler av arealet i 2013, og difor vart dette feltet også direkte i-sådd med ca. 2 kg fleirårig raigras/daa. Enga tok seg bra opp utover i sesongen. Som ein ser av avlingstala tabell 1, er dette nærast fullgod engavling for eit normalår. Idar Egeland, Timevegen, Time kommune. Dette engarealet ligg også på god moldrik morenejord som ligg litt mot nord. Dette var relativt gammal eng der kveka hadde byrja å få vel god plass. Dette arealet vart også direkte i-sådd om våren i 2013 med om lag 2 kg fleirårig raigras/daa. Mykje av dette raigraset spirde utover sommaren, men avlingsnivået på dette arealet vart noko mindre enn på areala med nyare eng. Ved botanisering våren kunne vi registrera bra tilslag av det fleirårige raigraset som vart i-sådd våren 2013. Dette viste og att i avlingstala for. Magnus Folkvord, Heigre, Sandnes kommune. Dette engarealet grensar til Skas/Heigre området og består av god moldrik morenejord. Ein stor del av arealet er vendt mot nord. Arealet vart etablert som nytt attlegg med grønfôrerter som dekkvekst våren 2012, og dette var ei jamn fin 1. års eng med fint plantedekke av timotei, engsvingel og fleirårig raigras. Dette arealet vart ikkje i-sådd våren 2013, og enga utvikla seg til ei fin jamn eng utover sommaren. I framstod enga som god med bra plantedekke av i-sådde artar som timotei, engsvingel og fleirårig raigras. Avlingstal er sette opp i tabell 1. Arild Karsten Harveland, Dysjaland i Sola. Dette arealet grenser også til Skas/Heigre kanalen, og ligg med svak helling mot sør/aust. Det er gammal moldrik morenejord, og Norsk Landbruksrådgiving Rogaland. Avlingsregistrering i eng gjødsla med 3 kg fosfor, rapport 4
engarealet er 3-4 år gammal blandingseng med timotei, engsvingel og fleirårig raigras. Dette arealet vart om våren direkte i-sådd med om lag 2 kg fleirårig raigras/daa. Avlingstala er sette opp i tabell 1. Avlingsregistrering Avlingsregistreringa vart gjennomført på alle engareala ved alle 3. slåttane. Vi nytta vårt eige forsøkshausteutstyr. Dette går i praksis ut på at vi gjennomfører slått av 5 forsøksruter på om lag 10 kvadratmeter fordelt over heile arealet. Det vert hausta mest mogleg likt på kvart engareal til kvar slått. Det vart registrert avling i kg gras/rute, og seinare rekna om til grasavling per daa. I tillegg vart det teke ut representativ tørrstoffprøve, og såleis får ein rekna om grasavlinga til tørrstoffavling per daa for kvar slått og i sum for alle tre slåttane. Avlingstala er sett opp i tabell 1. Resultat og vurdering Tabell 1. Avling 2013 og i kg ts/daa 1.slått 2013 1. slått 2. slått 2013 2. slått 3. slått 2013 3. slått Sum alle slåttar 2013 Sum alle slåttar Arild K. Harveland 459 550 502 567 287 277 1248 1394 Idar Egeland 301 556 481 514 292 273 1074 1343 Kristian Vinningland 461 467 527 338 268 344 1256 1149 Magnus Folkvord 592 493 406 217 341 237 1339 947 Gjennomsnitt 453 517 479 409 297 283 1229 1208 Det er viktig å presisera at desse avlingstala i tabell 1 berre representerer avling på eitt skifte på kvar av desse gardane. Resultata fortel likevel ein heil del om avlingsnivå for blandingseng av timotei, engsvingel og fleirårig raigras. Avlingstala samsvarer godt med det som ein kan forventa som ei normal god engavling på Jæren. Det er denne type eng som er mest dominerande i vårt område. Norsk Landbruksrådgiving Rogaland. Avlingsregistrering i eng gjødsla med 3 kg fosfor, rapport 5
Det er interessant å sjå at sum avling i 2013 og er svært like, og i overkant av 1200 kg tørrstoff/daa. Vi kan sjå av tabellen at sum avling i hjå Idar Egeland vart 269 kg tørrstoff høgare per daa enn i 2013. Dette skuldast i hovudsak godt tilslag for reparasjonssåinga våren 2013. Sommaren i var særs varm og tørr i juli og august, og dette slo negativt ut på avlinga hjå Magnus Folkvord. Dette kjem klart fram i 2. slåtten som gir om lag halv avling i høve til i 2013. Det er interessant at det gjennom fleire år på desse gardane berre er brukt husdyrgjødsel av storfe etter gjeldande regelverk. Det er også berre brukt innkjøpt nitrogen utan fosfor i mineralgjødsel. Fosfortala i jorda er vel høge hjå nokre av vertane, men det ser ut som dei har stablisert seg eller og har ein liten tilbakegang. Det kan sjå ut som om at dette er ei form for balansegjødsling når det gjeld fosfor. Jordanalysar frå skiftene ph P-AL K-Al Kristian Vinningland 6,0 21 17 Idar Egeland 6,2 31 10 Arild Karsten Harveland 5,9 12 6 Magnus O. Folkvord 5,8 13 6 Vegen vidare Det er generelt i dag manglande kunnskap og dokumentasjon for avlingstal på den einskilde gard på Jæren og i Rogaland. Det er behov for å gjennomføra fleire avlingsregistreringar på gardsnivå, og i tillegg kunna berekna den faktiske grasavling i kg tørrstoff og i fôreiningar totalt for garden. Det kunne vore interessant med ei vidareføring av avlingsregistrering på skiftenivå og totalt for garden for eit avgrensa tal bruk. Ei anna viktig oppgåve kunne vore å sett utviklinga av P- AL-tal i jord der ein har hatt balansert gjødsling med fosfor over mange år etter gjeldande regelverk for bruk av storfegjødsel. Norsk Landbruksrådgiving Rogaland. Avlingsregistrering i eng gjødsla med 3 kg fosfor, rapport 6