Søknad om forsøk med nytt valfritt programfag innan studiespesialiserande utdanningsprogram - Klima og miljøfag

Like dokumenter
Rapport for Fylkeskommunens hovedmålsetting for tiltaket ( ): Overordna målsettingar: Skule og næringsliv t ek felles samfunnsansvar

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

N OU 2016: 14 Høyring - Meir å hente. Betre læring for elevar med stort læringspotensial

Ny søknad om oppretting av landslinetilbod for skiskyting ved Stryn vidaregåande skule

N OU 2016: 7 Høyring Karriereveiledningsutvalgets sluttrapport

Høring om plikt til tidlig innsats i skolen (saksnr. 17/2988)

Skulebesøket vart avslutta med utviklingssamtale mellom fylkesdirektør og rektor.

Fag Fordyping Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet

Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av:

Audit & Advisory November Forvaltningsrevisjon Sogn og Fjordane fylkeskommune Hordalandsavtalen

Handbok for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Elev- og lærlingombod i HFK

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Læreplan i klima- og miljøfag

Nordfjordrådet. Møteinnkalling. Utval: Nordfjordrådet Møtestad: Selje, Åhjemsbuda i Selje sentrum Dato: 13. mars 2017 Tid: Kl.

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

Inntak til vidaregåande skule for søkjarar med fortrinnsrett, søkjarar med rett til individuell handsaming og minoritetsspråklege søkjarar.

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Tilbakemelding på FT-sak 7/14 Tryggleik og beredskap - Rapport

1. Ressurs til arbeidslivskontakt vert vidareført på skular med yrkesfaglege utdanningsprogram.

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS

Ølen vidaregåande skule

Høyringsframlegget til lokal inntaksforskrift er drøfta med rådgivarar og leiargruppa.


Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

Spørsmålsrunde

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

Bø vidaregåande skule -Vi tek deg til toppen!!

Vedtak i sak som gjeld klage på manglande innsyn etter offentleglova

Tilskotsbrev prosjekt Taredyrkarnettverket for mat

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga

Høyring- revidering av forskrift om hausting av tare i Sogn og Fjordane

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE

Innkalling til møte i arbeidsutvalet for vassregion Sogn og Fjordane

Sjumilsstegkonferanse

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Bø vidaregåande skule -Vi tek deg til toppen!!

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Varsel om tilsyn med Gaular kommune - Bygstad skule, Sande skule og Viksdalen skule

Innkalling til møte i arbeidsutvalet for Vassregion Sogn og Fjordane 25. august 2011

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

Oppfølging etter forvaltningsrevisjon - Innkjøp og oppfølging av kollektivtransport

Bø vidaregåande skule -Vi tek deg til toppen!!

Ny GIV Overgangsprosjektet

Ved handsaminga av arbeidsdokument nr. 3, , konkluderte planutvalet slik:

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste

Frå fint! og flott! til vurdering for læring VFL frå ein skuleleiar sitt perspektiv. Åge Stafsnes Rektor, Halbrend skule

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Dialogmøte. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Skuleåret 2015/2016

Naustdal kommune, Naustdal barne og ungdomsskule. Avslutting av tilsyn.

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Moglegheiter for å opprette ei entreprenørskaps- og innovasjonslinje i Hordaland

HØYRING - JUSTERING AV LÆREPLAN I NATURFAG OG MATEMATIKK

Søknader om fortrinnsrett kan delast i fire grupper, etter følgjande i forskrift til opplæringslova:

Søknadskjema Lokal Agenda 21-midlar, 2011

MØTEBOK. Hovudutval for opplæring. Fylkeshuset, Leikanger (møterom Sygna 1. etg.) Møtedato Kl. 10:00 13:45

Den kulturelle nistepakken

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

PROSJEKTARBEID KVALIFISERING FOR KVINNER UT I ARBEID

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Psykologisk førstehjelp i skulen

Dialogmøte. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Kunnskapsløftet i vidaregåande opplæring Struktur, innhald og fleksibilitet

Retten til spesialundervisning

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

Kommunedelplan for oppvekst

Overgang barnehage barneskule -ungdomsskule

Gjennomføring og val av løp Rett fram eller alternativ modell?

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-17 Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Vågsøy kommune Rådmann

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 14/729 15/ RIF Vedlagt følgjer kommunestyret si handsaming og vedtak i saka.

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Masfjorden kommune. Kompetanseutviklingsplan. for grunnskulen. Kultur. for. læring. Vedteke i kommunestyret den

Detaljreguleringsplan, Tistelteigen på Kaupanger - kulturminnefagleg fråsegn

Sogn regionråd vedtok i møtet partnarskapsavtale for styrka psykisk helse i barnehagar og skular i Sogn.

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Høyring - Forskriftsendringar. Krav til relevant kompetanse i undervisningsfaget m.m.

Transkript:

Opplæringsavdelinga Side 1 av 5 Utdanningsdirektoratet Postboks 9359 Grønland 0135 Oslo Sakshandsamar: Kenth Rune T. Måren E - post: kenth.rune.maren@sfj.no Tlf. : 41530971 Vår ref. Sak nr.: 15 / 12698-2 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 52698 / 15 Dykkar ref. Dato LEIKANGER, 07.12.2015 Søknad om forsøk med nytt valfritt programfag innan studiespesialiserande utdanningsprogram - Klima og miljøfag Med heimel i opplæringslova 1-4 søkjer fylkesdirektøren for opplæring om godkjenning av forsøk med utprøving av nytt valfritt programfag, klima - og miljøfag. Faget vert plassert inn under studieførebuande utdanningsprogram, programområde for språk, samfunnsfag og øko nomi, med ein forsøksperiode på to år. Utdjuping av formålet med søknaden Faget er utvikla for å få ei heilskapleg ramme rundt klima - og miljøspørsmål, som i dag er fragmentert som deler av mange fagplanar. Faget tek utgangspunkt i det tverrfaglege møtet mellom samfunns - og naturvitskapleg tenking, og legg stor vekt på handlingskompetanse. Klima og miljø er sentrale tema for noverande og komande generasjonar. Det blir blant anna slått fast i NOU 2015: 8 «Fremtidens skole». Klimaendringane fører til nye rammevilkår, ny kunnskap og nye jobbar som gjer at komande generasjonar vil leve fundamentalt annleis enn i dag. Klima - og miljøfag skal gje elevane tverrfagleg innsikt i desse endringane, og lære dei å tenkje kritisk og miljøbevisst (jf. opplæringslova 1-1). Faget er tenkt lagt til programområde for språk, samfunnsfag og økonomi, men temaa i læreplanen er tverrfaglege, bygt på samfunns - og naturvitskapleg tenking for å skape ei heilskapleg tilnærming til fagstoffet. Vidare bygger læreplanen opp om sa manhengen mellom teoretisk kunnskap, refleksjon og handling, med handlingskompetanse som eit eige hovudområde for å framheve at ein gjennom faget ikkje berre skal tileigne seg kunnskap, men òg verte trena i å ta i bruk kunnskapar og ferdigheiter (Læreplane n for klima - og miljøfag er lagt ved søknaden). Læreplanen legg til rette for varierte undervisningsmetodar, som til dømes omvendt undervisning, og kan gjennomførast som nettbasert undervisning med samlingar og ekskursjonar. Fagstoffet skal vere tilgjengel eg digitalt og tilrettelagt for nettbasert undervisning. Denne oppbygginga av læreplanen vil gje fleksibilitet og mogelegheit for tilrettelegging for lokale variasjonar og pedagogiske tilnærmingar, i tillegg til at det vil vere tilrettelagt for at fleire s kular kan samarbeide om å tilby faget. Vidare vil det lokale perspektivet i læreplanen gjere at ulike skular i forskjellige delar av landet kan tilpasse temaa til ulike lokale utfordringar og område. Denne oppbygginga av læreplanen gjev rom for djupnelæri ng innafor alle hovudområda. Fylkeshuset Askedalen 2 6863 LEIKANGER Tlf.: 57638000 Bankgiro: 4212 02 02000 postmottak.sentraladm@sfj.no www.sfj.no Org.nr.: NO 941 388 841 MVA

Side 2 av 5 Forhold til andre læreplanar Klima, miljø og berekraftig utvikling er tema som går igjen i fleire læreplanar. I fyrste rekke gjeld det vg1 - faga naturfag, geografi og samfunnsfag. Klima - og miljøfag byggjer vidare på desse lær eplanane. Nokre små faglege overlapp finst, men der vil klima - og miljøfag gå djupare. Vidare har geofag 2 mange kompetansemål om klima og klimaendringar. Men medan geofag 2 går tyngre inn i den naturvitskapelege forklaringa av klimaendringane, tek klima - og miljøfag i større grad for seg samfunnsperspektivet.ein vil også finne små overlapp i andre fag, men klima - og miljøfag skil seg ut ved å samle desse temaa i eitt fag som gjev høve til djupnelæring og heilskapleg tverrfagleg tenking. Dette er naudsynt f or å handsame temaa på ein god måte, i og med at dei i seg sjølv er tverrfaglege. I arbeidet med læreplanen har Sogn og Fjordane fylkeskommune henta hjelp og innspel frå ulike fagmiljø, mellom anna: - Bjerknessenteret ved Universitetet i Bergen - Høgskulen i Sogn og Fjordane - Norges bio - og miljøvitenskapelige universitet - Vestlandsforsking Firda vidaregåande skule Utprøvinga av programfaget er lagt til Firda vidaregåande skule. Skulen har hatt arbeidet med utviklinga av det nye programfaget som eitt av sine sa tsingsområde, og har innleia eit samarbeid med Gloppen kommune for å hauste erfaring med opplæring i berekraftig utvikling gjennom heile oppveksten; frå barnehagen til vidaregåande skule. Alle barnehagane og skulane i kommunen er med på eit prosjekt som pr øver å «nøste ein grøn tråd» gjennom heile opplæringsløpet. Søknaden om å opprette det nye programfaget er ein del av denne heilskapstenkinga i skulane i Gloppen kommune. Samstundes arbeider Høgskulen i Sogn og Fjordane med å opprette eit tilbod for lærara r i grunnskule og vidaregåande skule om vidareutdanning i naturfag med vekt på klima, energi og miljø. Tilbodet er tenkt lagt til Sandane frå hausten 2016. Dersom Sogn og Fjordane fylkeskommune får høve til å etablere eit programfag i klima - og miljøfag, kan Gloppen bli ein viktig forsøkskommune når det gjeld å få det grøne skiftet inn i opplæringa, frå barnehagen til lærarrommet. Samspel med næringslivet Firda vidaregåande skule ligg i Gloppen kommune, midt i Nordfjord. Kommunen er storprodusent av for nybar energi med vel 20 kraftverk og hovudkontor for Sogn og Fjordane Energi og Vestavind Kraft. Gloppen er den største landbrukskommunen i fylket og har fleire bedrifter som har gjort energieffektivitet til si merkevare. Skulen har eit nært samarbeid med næringslivet i Gloppen. I tillegg ligg skulen i eit område med mange brear og store naturområde, inkludert Naustdal - Gjengedalandskapsvernområde og Jostedalsbreen nasjonalpark, som egnar seg som «klasserom» for det nye programfaget. Det er mykje fagsto ff som kunne vore innhald i eit klima - og miljøfag. I arbeidet med fagplanen har vi måtta gjere eit utval. Om forsøket vert vellukka, ynskjer vi å bygge vidare med klima - og miljøfag 2 (vg3- nivå) for komplettering og vidare fordjuping. Vi ser for oss at ho vudområda er dei same som for klima - og miljøfag 1. Ein stikkordskisse med kompetansemål/innhald i klima og miljøfag 2 ligg ved.

Side 3 av 5 Tidsplan Firda vidaregåande skule vil tilby det nye programfage til sine elevar på vg2 og vg3 frå skulestart hausten 2016. Dette føreset at tilbodet er godkjent som forsøk frå og med skuleåret 2016/2017. Med ei forsøksordning på to år får vi prøvd ut programfaget på to elevgrupper. Økonomi Kostnadene Firda vidaregåande skule har hatt med utvikling av programfaga er teke av eiga ramme, med tilskot frå eksterne samarbeidspartnarar. Kostnader knytt til utprøving av programfaget vert dekka innanfor skulen sine eigne rammer, med støtte frå eksterne samarbeidspartnarar. Forankring Søknaden er forankra hos impliserte fagorganisas jonar, hos elevane, alle tilsette og aktuelle samarbeidspartnarar. Sjå vedlegg. Samarbeidspartnarar Firda vidaregåande skule har inngått partnarskapsavtalar med ulike bedrifter og institusjonarsom vil samarbeide og stø opp om eit forsøk med klima - og milj øfag. Vi har til no inngått partnarskapsavtalar med desse bedriftene/institusjonane: - Bjerknessenteret ved Universitetet i Bergen - Bolseth Glass - Brødrene Aa - Frydenbø bilsenter - Gloppen hotell - Gloppen kommune - Høgskulen i Sogn og Fjordane - Nordfjord folkehøgskul e - Nordfjord folkemuseum - Nordfjord Miljøverk I KS - Sogn og Fjordane Energi (SFE) - Vestlandsforsking Plan for evaluering Forsøket vil bli dokumentert, evaluert og rapportert, mellom anna gjennom undersøkingar blant elevane som følgjer faget. I dette arbeidet har vi fått med oss Høgskulen i Sogn og Fjordane som vil bidra med ca. 300 arbeidstimar, knytt til sitt arbeid med for sking og utvikling, noko som difor går utanom budsjettet vårt. vil ha ansvaret for gjennomføringa av arbeidet med evaluering av forsøksordninga, og utprøvinga av ny læreplan i samarbeid med skuleleiinga ved Firda vgs. Foreløpig plan for evaluerings arbeidet: Kva Korleis Tid Ansvarleg Lovverk og læreplanar Analyse av læreplan Haust 16 - Dekker faget og gjennomføringa av faget lovverket, formålsparagrafar og læreplan, generell del og grunnleggande ferdigheiter? Faget sin plass i tilbodsstrukturen i Analyse av læreplanar Haust 16

Side 4 av 5 vgs. - Er det behov for dette faget ved sida av andre fag som har overlappande tema? Eleven si oppleving av faget - Samsvar mellom forventningar og oppleving - Måloppnåing/vurdering/taksonomi - Endring av medvit og kompetanse om klima og miljø Læraren si oppleving av faget - Samsvar mellom forventningar og oppleving? - Måloppnåing - Tilrettelegging, tilpassing, metodikk - Tverrfaglegheit - Taksonomi - Vurderingsarbeidet - Kompetansebehov Skuleleiing - Gjennomføring - Kompetansebehov - Organisering, metodikk, læremiddel - Relevans - Ressursbruk ane m/kontrollgruppe Haust 16 og 17 vil bli gjennomført ved oppstart, undervegs og ved avslutning for kvart år i forsøksperioden, med tilpassa innhald basert på kva ein ønskjer å fokusere på. Høgskulen i Sogn og Fjordane har ansvar for planlegging og gjennomføring av evalueringa i samarbeid med skuleleiinga ved Firda vg s. Sogn og Fjordane fylkeskommune søkjer Utdanningsdirektoratet om godkjenning av forsøk med utprøving av nytt valfritt programfag, klima - og miljøfag i for ein periode på to år. Med helsing Bekka Skaasheim Fylkesdirektør for opplæring Kenth Rune T. Måren teamleiar Brevet er elektronisk godkjent og er utan underskrift Vedlegg: 1. Læreplan i klima - og miljøfag 2. Klima - og miljøfag 2 Kompetansemål/innhald (stikkordskisse) 3. Budsjett og finansieringsplan for forsøk med klima - og miljøfag 4. Dokumentasjon på forankring hjå elevrådet ved Firda vgs. 5. Dokumentasjon på forankring hjå tilsette ved Firda vgs. 6. Partnarskapsavtalar

Side 5 av 5 Mottakar (ar) Utdanningsdirektoratet Kopi til: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Njøsavegen 2 6863 LEI KAN GER Hallgeir Hansen, FI RV