Øyvind Vågnes Sone Z Roman
DeGarve fekk meldinga alt dagen etter at Lil forsvann. Frå no av skulle han arbeide delar av tida si i sone B. Det var Wahl sjølv som kom ned og fortalde han det. Han skulle sjølvsagt framleis ha viktige oppgåver i sone Z. Det kunne Wahl forsikre han om. Det er berre for ei tid, sa han. Gudane skal vite at vi treng ein mann med di erfaring i Z. Men for ein periode vil eg at du skal dele tida di mellom dei to sonene. Eg trur det vil gjere deg godt. Han la ei hand på skuldra til DeGarve. Og du, sa han. Du bør jo ta nokre dagar fri. Ingen hadde venta at du skulle komme hit i dag. Lil hadde gått ut for å få seg litt mat. Mellom eitt og halv to ein gong. Dei var fleire på rettshjelpa som skulle arbeide utover kvelden. Ho kom ikkje tilbake. Ingen visste kvar ho hadde teke vegen. DeGarve hadde ringt Vincents, ein kollega i etterforskingsavsnittet. Dei var i gang, sa han. Men DeGarve skjønte det nok. Det kom til å bli vanskeleg å få saka skikkeleg etterforska. Byen var overvaka døgnet rundt. Likevel var det for mange forsvinningssaker. Politiet hadde ikkje ressursar til verkeleg å forfølgje dei. Dei kom vel til å gå ut ifrå at ein gjerningsmann hadde funne eit tilfeldig bytte. Han hadde klart å utføre udåden usett. DeGarve visste nok til ikkje å klandre dei for det. Lone hadde falle saman då dotter deira vart borte. Om
nokon verkeleg skulle leite etter Lil, måtte det bli han sjølv. Det var han som måtte snakke med venner, kollegaer. Det var han som måtte ta seg inn der, med ekstranøkkelen ho hadde gitt han, og gå gjennom alle eigedelane hennar. Skap og skuffer i alle rom. Han måtte endevende alt, høgst truleg utan å finne noko. Det var ikkje langt å gå. På det vesle kjøkkenbordet stod det ein tom kaffikopp. Ei strikkejakke hang over stolen. Han sette seg ved bordet og såg rundt seg. Det siste møtet deira. Heile rommet var fylt av det. Kor lenge var det sidan? Fleire månader. Over eit halvt år. Hadde det ikkje vore snø i gatene? Han hadde hatt med ein bukett. Ho hadde plassert blomane i ein vase i kjøkkenvindauget. Smurt eit par rundstykke, kokt te. Han hadde sett på henne når ho stelte til måltidet. Der står den vaksne dottera mi, hadde han tenkt. Denne kvinna ved benken, med ryggen til meg. Ein gong var ho ei lita jente. Mi vesle jente. Dei hadde snakka saman, han kunne ikkje hugse om kva. Laust og fast. Og så hadde det hendt. Ho hadde sett rett på han. Så hadde ho stilt spørsmålet. Etter ein slurk te, ut av ingenting. Ho som ikkje hadde vist noka interesse for arbeidet hans før. Tenkjer du nokon gong på dei, sa ho. På menneska, der ved muren. Det hadde vore noko med tonefallet.
Med måten ho såg på han på. Han måtte vike med blikket. Det var dette som var den vaksne dottera hans. Ho på andre sida av bordet. Som han ikkje orka å sjå i auga. Og no var stolen hennar tom. No var ho borte. DeGarve såg på inngangsdøra. Om ho berre kunne komme. Om berre døra kunne opne seg, og ho stod der. Så kunne dei setje seg ved bordet, igjen. Han vart sitjande slik litt og sjå bort på døra. Så vaska han den eine koppen med såpe og vatn, og låste seg ut. Wahl tok feil. Han kunne ikkje ta fri. Det var det siste han ville. Då kom han til å gå under. DeGarve trong nattskifta sine. Dei fekk han ut av soverommet. For det var om nettene dei kom tilbake til han. Dei kvite skuggane. I tankar, i draumar. Enten sov han ikkje, eller så sov han dårleg. Eller så tok han til pillane, igjen. Han hadde sett dei før. Kroppar det menneskelege auget ikkje kunne sjå i nattemørkeret. Men han kunne sjå dei. Det var ikkje lyset kameralinsa hans fanga. Det var varmen. Så lenge dei heldt på kroppsvarmen, dukka dei opp der, på skjermen til DeGarve. Som elektriske signal. I videobilda frå det ubemanna flyet han sat der og styrte, i båsen sin. Han fann dei ved foten av muren dei ville over, som strekte seg langs heile den tynne kyststripa som utgjorde sone Z. Han fann dei i vasskanten, i bølgjene. Kvite
skuggar som steig fram og vart lys i alt det svarte. Han kom heim og gjekk til sengs. Men han enda med å dusje og stelle seg lenge før natta var omme. Det var ikkje første gong han sat fullt påkledd ved kjøkkenvindauget sitt i ellevte etasje og såg på at det lysna ute. Sola kom krypande over betonglandskapet under han, raudt mot grått. Han kunne hugse morgonar då dei hadde fått auge på ei skjor som trippa over karmen. Hadde ikkje Lil gitt fuglen eit namn? Men det var mange år sidan. Dei hadde forsvunne no, alle saman. Kråkefuglane, som sporvane og duene før dei. Det var det same med kvar art. Dei vart borte. Han hadde lese om det før han la merke til det. Dei tolte ikkje lufta lenger, stod det. Byen var tom for fuglar. Då han kom på jobb, fann DeGarve nye vaktlister i hylla si. Han tok dei med seg til pauserommet. For ein gongs skuld var han åleine der. Han henta seg kaffi, fann seg eit bord. Det første nattskiftet i sone B var til kvelden. Han tok ein slurk av koppen. Såg ut i det tomme rommet, kjende på nøkkelen i lomma. Tenkte på strikkejakka der, over stolen. Han byrja der han minst venta å finne noko, men likevel måtte leite. I skuffer og skap på kjøkkenet. Så gjekk han vidare til den vesle korktavla over kjøkkenbordet. Ei
kakeoppskrift, ei rekning. Ingenting av interesse. I veggkalenderen fann han avtalar av ulike slag. Tannlegetimar, frisør. Namn han ikkje kjende til. Kvifor hadde ho skrive Jakob på alle desse datoane i april? Etterpå var ingen Jakob å sjå. Kanskje han skulle ringe Lone? Dei møttest jo frå tid til anna, Lil og mora. Men så fekk han seg ikkje til det. Han visste ho klandra han for det. For brotet med dottera. Han bladde bakover i kalenderen. Der var det. På ein av datoane, i ein av firkantane midt på arket. Han kjende att handskrifta hennar. Far, stod det. Det siste møtet deira. Tenkjer du nokon gong på dei? På menneska, der ved muren? Han hadde løfta blikket til slutt, sett bort på henne. Eg gjer berre jobben min, hadde han sagt. Ho hadde sett på han, utan å seie noko. Så trilla ei tåre ned kinnet hennar. Du gjer berre jobben din, sa ho, og kremta. Eg trur du må gå. Han hadde reist seg, gått ut i gangen. Teke på seg yttertøyet, skoa. Vorte ståande der, i døropninga. Kan eg spørje kvifor, sa han. Kvifor kjem dette no? Men ho svarte ikkje. Sat der berre ved kjøkkenbordet, såg ut av vindauget.
Så gjekk han derifrå. Han hadde vel trudd at ho kom til å ringe han, etter kvart. Men det gjorde ho ikkje. Han hadde forsvunne ut av veggkalenderen. Ut av livet hennar. Og no var ho borte. DeGarve hadde makta å halde dei kvite skuggane på avstand. Videobilda var lydlause. Den eine stumme kroppen likna til forveksling den neste. Dei var alle berarar av temperatur. Det var difor han hadde føretrekt nattskiftet. Men no hadde alt endra seg, etter det siste møtet med dottera. Som om det var ho som tvinga dei på han, no. Det hjelpte ikkje å knipe att auga. Han kunne kjenne at dei var der, at dei omgav han. Ein eller annan stad på vegen hadde dei fått tydelege trekk. Han skjønte jo at fantasien spela han eit puss, men det hjelpte ikkje. Det hadde vorte råd å skilje dei frå kvarandre, dei var alle menneske med sine kjenneteikn. Langt mørkt hår, ei tatovering i nakken, ein stor ring i høgre øyre. Ei flenge etter piggtråden. No var det dei som såg på han. Dei var tause, med opne munnar. Som om dei prøvde å seie han noko, men ikkje fekk det til. DeGarve gjekk bort til kjøleskapsdøra hennar. Nokre fotografi var festa der, med raude, hjarteforma magnetar. Lil var tydelegvis med på eit orienteringslag. På eit av bilda var ho utstyrt med startnummer og panneband. Ho hadde stilt seg opp under trea saman med nokre andre
jenter. Dei smilte raudkinna mot kamera. Orienteringslaget Pan. Han la bildet i jakkelomma. Det hang eit foto av eit barn på døra, ei lita jente. Kanskje fire eller fem år, med langt lyst hår og blå auge. DeGarve ante ikkje kven det var. Han løfta det forsiktig ned, såg bakpå. Ingenting. Eit par andre bilde hadde noko kuriøst over seg, noko internt. Motiva var heilt ordinære. Men det måtte jo knyte seg eit eller anna til dei? Eit minne, kanskje. Det eine var av ein tom benk. Han kunne ikkje heilt sjå kvar det var. Han myste mot steinmuren bak benken og graset der. Kanskje ved Parkplassen? Det andre bildet såg ut til å ha vorte teke frå ein båt, inn mot land. Bak bølgjene kunne han sjå berg, klipper. Skog. Han kunne skimte menneske mellom trea der, meinte han. Om han kom tett nok på. Det stod ikkje noko bakpå desse fotografia heller. Øvst på døra hang det eit nærbilde av Lil. DeGarve plukka det ned, tok det med seg bort til kjøkkenbordet. Ho likna på mor si. Seg sjølv kunne han ikkje sjå i trekka hennar. Dottera såg ut til å ha tulla seg inn i eit badehandkle. Ho sat i lyset frå sola. Det glødde i det raude håret. Fotografen hadde komme så nært at han såg freknene hennar. Kven hadde teke det? Ein elskar, tenkte DeGarve. Det var då han kjende at det sokk i han, tungt. Kva var det han heldt på med? Ho hadde bede han om å gå. Om å forsvinne. Og her var han. Og rota rundt i tinga hennar. Den uønskte
etterforskaren. Han reiste seg og gjekk bort til kjøleskapet, festa bildet til døra igjen. Ingenting av dette kjem til å hjelpe, tenkte han. Han såg opp på bildet av dottera. Det var tarveleg, det han gjorde. Han gjekk ut i entreen, tok på seg yttertøyet sitt, og låste seg ut. Dei hadde bygd eit system som skulle vere vasstett. Kvar rørsle i kvar krok skulle dei få auge på, der på sentralen i sone C. Dei hadde auge og øyre over alt. Data flaut inn, natt og dag, rann som vatn gjennom huset. Men med all teknologien som var samla i bygget, måtte DeGarve likevel alltid vente på heisen som skulle ta han ned under bakken. Eg trur ikkje vi har helst på kvarandre? Mannen stod der brått, bakanfor DeGarve. Dei tok kvarandre i hendene. Clemet, sa han. Og du er DeGarve? DeGarve nikka. Døra opna seg, og dei steig inn. DeGarve festa blikket på kameraet oppe i hjørnet. Clemet vart ståande og sjå på han. Wahl kom og snakka med meg, sa han. Eg må innrømme eg vart overraska. Pausen som følgde, var akkurat lang nok til at DeGarve kunne ha skyte inn noko. Ei forklaring. Men han sa